3 minute read

Ein enorm aktivitet

Next Article
Møbelopptur

Møbelopptur

Veit du kor mange bedrifter på Nordvestlandet som omset for meir enn 100 millionar kroner? Og kor mange av desse veit du namnet på?

Dette kunne vore gode quiz-spørsmål. Truleg hadde mange bomma på det første spørsmålet, for det rette svaret er at det i nordvest finst heile 245 bedrifter som omset for meir enn 100 millionar kroner.

Av desse er det 19 bedrifter som omset for meir enn ein milliard kroner. Dei fleste kjenner nok til mange av desse, som Vard Group, som er størst med ei omsetning på 6,5 milliardar kroner, eller Bunker Oil som omset for 4,8 milliardar.

Men det er ikkje sikkert at så mange hadde tippa at Coast Seafood i Måløy er tredje størst med ei omsetning på 4,6 milliardar.

Og går ein lenger ned på lista, er det ikkje sikkert at ein klarer så mange namn, og det er nettopp det å løfte fram det enorme mangfaldet av bedrifter på Nordvestlandet som var ei av hovudårsakene til at NETT NO vart starta. For det er ein enorm aktivitet, og området frå Gloppen i sør til Vestnes i nord er av dei mest aktive og spennande næringslivsregionane i landet.

LOKOMOTIVET ÅLESUND

Faktisk er det her 2.530 selskap som omset for meir enn fem millionar kroner, og som er med i våre statistikkar. 1.344 av desse omset for over ti millionar kroner, tal som viser at det trass i enkelte store bedriftslokomotiv er hovudtyngda små og mellomstore bedrifter. Det store næringslivslokomotivet er Ålesund, med bedrifter som samla omsette for over 76 milliardar kroner. Det er litt mindre enn året før, men likevel imponerande. I Herøy gjekk inntektene derimot opp - til 10,7 milliardar. Fleire andre kommunar hadde også auke i eit år mange spådde ein nedtur på grunn av koronautfordringane. Aller mest auka Sula-bedriftene som samla steig med 1,2 milliardar kroner til totalt 8,9 milliardar. Her dreg H I Giørtz & Sønner opp med 3,7 milliardar i omsetning og gode resultat, men Sula har også andre store bedrifter som Cflow Fish Handling og Tripleline Vedde.

FISKEPENGAR I MÅLØY

Ser ein på driftsinntekter per innbyggjar er Kinn klart i tet med solide 1,6 millionar kroner per innbyggjar (vi har med kun tal for gamle Vågsøy). Her dreier det meste seg om fisk, med Coast Seafood som den dominerande aktøren, men bak kjem andre Måløy-selskap som Star Seafood, Domstein Fish og det raskt veksande Selstad-konsernet.

Bak Kinn kjem Herøy, Stranda og Ålesund – alle med over ein million per innbyggjar, medan i andre enden av statistikken finn ein Stad, Fjord og Volda.

Men det er uansett botnlinja som er viktigast over tid, og ser ein på statistikken over gjennomsnittleg resultat per bedrift før skatt, er det Vanylven som kjem best ut, føre Sykkylven og Sande. Både Herøy- og Ulstein-bedriftene kjem ut med minustal. Det såg endå verre ut i Ulstein i 2019, medan Herøy-tala for 2020 er sterkt prega av eit stort minus for Havila Ships.

Herøy og Ulstein kjem også dårleg ut i statistikken over resultatgrad for selskapa. Her er det bedriftene i Stad, Gloppen og Volda som kjem best ut.

Herøy er derimot på topp i bedrifter i høve til folketalet, føre Stryn og Ulstein. På botn finn ein Hareid, Volda og Vanylven.

SULA-ETABLERINGAR

Talet på nyetableringar viser at folket i nordvest slett ikkje har mista trua på framtida. Tvert imot. Hittil i år har det vore flest nyetableringar i Sula i høve til folketalet med 7,6 nye selskap per 1.000 innbyggjarar. Sula er også av kommunane som har størst framgang på fleire av statistikkane. Rett bak Sula kjem Vanylven og Stryn, medan det hittil i år har vore labrast nyetableringsaktivitet i Sande, Sykkylven og Hareid.

Tala fortel berre ein del av historia. Bak kvart tal finst det spennande historier, ikkje minst historier om oppturar og nedturar. I NETT NO skriv vi om begge deler, men aller helst det første.

This article is from: