NETT NO - ÅRG 9 / UTG 1 / 2021

Page 76

V EKST: Trond Nordstrand blei Bohus Ålesund-sjef i april 2019. På to år har selskapet distansert Skeidar Ålesund i konkurransen om å vere største møbelforhandlar på Nordvestlandet.

MØBELOPPTUR Av: Ogne Øyehaug

- Vi har hatt ein gigantisk opptur, seier Bohus Ålesund-sjef Trond Nordstrand - og oppturen varer enno.

Då Nordstrand la budsjettet for Bohus Ålesund 2021 rekna han med at veksten for møbelhandelen var over i denne omgang, og budde seg på ein nedgang i år. Slik har det ikkje gått. Bohus Ålesund har gått frå 56 millionar kroner i driftsinntekter i 2018 til 79,2 millionar i 2020. Dermed har dei distansert Skeidar Ålesund i konkurransen om å vere største møbelbutikken på Sunnmøre og i Nordfjord. Frå magre overskot har lønsemda også gått opp, til 11,7 prosent av resultatet før

76

NETT NO

skatt i høve til driftsinntektene. Det er over gjennomsnittet for møbelbutikkane på Nordvestlandet. To og ein halv månad før 2021 ebbar ut, ligg salet til Nordstrand og kollegaene godt over 2020-nivået. SNUDDE ETTER FIRE ÅRS NEDGANG

Bohus Ålesund var ikkje åleine om vekst i fjor. Etter fallande driftsinntekter år for år sidan 2015, snudde det for møbelhandlarane på Sunnmøre og i Nordfjord i 2020.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.