2 minute read
Bygger tverrfaglege team
OPPDRETT PÅ LAND: – Det som er litt spesielt med Salmon Evolution, er at vi både driv landbasert industri, samtidig som vi er eit oppdrettsanlegg, fortel Vidar Skjørli. Han leier rekrutteringa i Salmon Evolution som bygger sitt første oppdrettsanlegg på land sør for Bud. Foto: Daniel Krokå
Av: Marius Rosbach
Det trengst langt meir enn nokre røktarar til å drette opp laks på land. Vidar Skjørli har ansvaret for å rekruttere vidt ulike fagfolk.
Før Salmon Evolution har slakta sin første laks er selskapet mellom dei store drivarane for ny sysselsetting på Nordvestlandet. No jobbar dei med å bygge eit av dei største oppdrettsanlegga verda har sett på land. Og det er vel å merke berre første skritt på vegen.
– Vi vil trenge eit mangfald av ulik type kompetanse. Biologien ligg framleis i botnen, men vi rekrutterer folk med ulike bakgrunnar, fortel Vidar Skjørli.
STORT SPENN I STILLINGAR
31-åringen leier arbeidet med å finne nye tilsette for det børsnoterte selskapet.
Han treng alt frå folk med kunnskap om fiskelogistikk og fagbrev i mekanikk og automasjon, til marinbiologar og ingeniørar med spesialkunnskap om datafangst. Folk med bakgrunn frå prosessindustrien står også høgt på ønskelista.
Vidar starta med å rekruttere driftsoperatørar til Indre Harøy og smoltanlegget til
SØKJARAR FRÅ OLJE OG GASS
Ut frå søknadane trur han mange har fått med seg at det er behov for kompetanse frå andre bransjar.
– Vi får alt frå unge som har ferske fagbrev, til dei med masse erfaring, som ønsker å vere med på å utvikle potensialet i landbasert oppdrett av laks. Vi ser også at det kjem ein del søkarar frå olje- og gass- industrien, fortel han. I rekrutteringa vil Salmon Evolution knyte kontakt med NTNU i Ålesund og Trondheim, NMBU på Ås og ulike fiskeriutdanningar. Samtidig jobbar dei med å få på plass internship-program for ulike fagområde.
FEKK OPNA AUGA FOR REGIONEN
Salmon Evolution har ambisjonar om å vekse utomlands. Den første kontrakten på eit anlegg i utlandet kom frå Sør-Korea. Då vil det vere behov for tilsette til å reise ut for å jobbe på prosjektet.
Moldensaren som leier rekrutteringa, har sjølv budd i både Trondheim, New York og London, før han starta å jobbe i Bergen. Valet om flytte heim var enkelt, då han kom til det tidspunktet i livet då det var aktuelt å etablere familie.
– Då fekk eg opp auga opp for alt det spennande som skjer i regionen. Det er faktisk overraskande mykje, og eg kunne ikkje tenkt meg å jobbe i eit kulare selskap uansett kvar eg budde, avsluttar han.