2 minute read
Tok ny jobb for å bli
KONTROLLEIAR: Astrid Velle (50) har skifta retning fleire gonger i yrkeskarriera. No sjekkar ho at betongen frå Ulstein Betong er slik den skal vere.
TOK NY JOBB FOR Å BLI I BRANSJEN
Av: Marius Rosbach
Då Astrid nærma seg 50 såg ho at det var lurt å sikte mot ei anna type stilling for å bli i betongfaget.
Astrid Velle (50) har alltid likt å ha ein fysisk jobb der ho kunne vere utandørs. I vaksen alder tok ho likevel grep for å vere sikker på å halde seg i aktivt arbeid framover.
– Det er godt å vere ute med allsidig arbeid, og det er alltid nye erfaringar å ta med seg frå ein kvar byggeplass. Eg synest det er spennande å bygge ting og sjå det ein har vore med i ettertid, legg ho til.
TOK KURS OG FEKK LEIARSTILLING
Astrid har fagutdanning som tømrarog betongarbeidar, etter å og har gått fagskule i Ålesund. Løysinga for Astrid då ho ville ta grep om den vidare karrieren, blei å kurse seg. No jobbar ho som kontrolleiar i Ulstein Betong.
– Eg er kjempefornøgd med å halde fram med betong, og ikkje minst lære meir.
Ho har vore med på svingingar i bransjen, og endra kurs fleire gonger. Då ho starta jobben som tømrar opplevde ho at det var stor manko på betongarbeidarar.
– Eg fann ut at eg like gjerne kunne lære med det, fortel ho. →
ÅTVARA MOT Å STARTE I BRANSJEN
Hareid-kvinna jobbar i ein bransje som framleis er svært mannsdominert, noko ho blei åtvara om før ho starta.
– Eg opplever at eg har blitt teke godt i mot, og har hatt det veldig bra som kvinne i bransjen. Eg er nok ein person som gjerne forsøker nye ting, og har fått prøve meg på veldig mykje, fortel Astrid.
Samtidig trur ho det er lurt for unge kvinner å snakke med andre kvinner som jobbar i liknande miljø.
– Eg opplever at miljøet i byggebransjen er veldig «rett fram» og at det ikkje er noko spel. Det å ha litt kunnskap og delta aktivt i arbeidet aukar også alltid respekten, meiner ho.
– FOR FÅ UNGDOMAR FÅR PRØVE SEG
Betongbransjen har eit stort behov etter fagfolk, og betongarbeidar har vore ein gjengongar av den mest etterspurde arbeidskrafta, når NAV-direktør Stein Veland i Møre og Romsdal, har vore intervjua det siste året.
På spørsmål om kva Astrid trur er årsaka til at ikkje fleire kvinner vel denne type yrke, spør ho tilbake:
– Korleis skal du få ei interesse til eksempel for betongbransjen, om ein ikkje blir eksponert for den? Eg meiner for få ungdomar får prøve seg ute i bedriftene, og sjølv for gutar kan det vere vanskeleg å finne ut kva ein er interessert i, påpeiker ho.
KONTROLLEIAR: Astrid Velle har skifta retning fleire gonger i yrkeskarriera. No sjekkar ho at betongen frå Ulstein Betong er slik den skal vere.