7 minute read

Skrik etter arbeidskraft

Next Article
Møbelopptur

Møbelopptur

REKRUTTERING: Calvin Jack Curtis Miani (nummer to frå høgre) og Casper Hegstad (t.h) fortel om naturbruk-utdanninga til 10. klassing Magnus Myklebust på rekrutteringsarrangementet Karrieredagane i Ålesund. Organisasjonen som arbeider med å koble lærlingar og lærebedrifter ser no mot ungdomskuletrinnet for å fange opp potensielle framtidige fagarbeidarar. T.v. Linda Myklebust, mor til Magnus. Foto: Ogne Øyehaug

Av: Ogne Øyehaug

Bente Anni Ranum har arbeidd med rekruttering på Nordvestlandet i 20 år. Aldri har det vore meir krevjande å få tak i nye tilsette enn no.

- Det som skjer no er at heile Europa skrik etter arbeidskraft, seier ho.

Ranum er sjef for rekrutterings- og bemanningsselskapet Randstad si avdeling på Nordvestlandet, og er tett på tilstanden i arbeidsmarknaden. Så krevjande som det er no å få tak i arbeidskraft har det aldri vore, fortel ho.

Bedriftene er tvinga til å tenke nytt for å få tak i folk, meiner ho. Å lyse ut ei stilling er langt frå nok. - Bedriftene må vere bevisste på å vere attraktive, seier Ranum.

Det handlar om alt frå å vere synleg på sosiale medier til å følgje opp folk og passe på å skape ein arbeidsplass der dei tilsette trivest.

STARTAR TIDLEG

Å gjere seg synleg betyr og å nå unge med informasjon, før dei vel vegen vidare etter grunnskulen.

ALDRI SETT MAKEN:

Bedriftene må vere bevisste på å vere attraktive, seier Bente Anni Ranum, leiar for rekruttering- og bemanningsselskapet Randstad si avdeling på Nordvestlandet. Etter 20 år i bransjen har ho aldri sett maken til rekrutteringsutfordringar. Mange ledige jobbar krev lite formell kompetanse. - Har dei eit trucksertifikat, så klarer vi å få folk ut i jobb, seier ho.

På rekrutteringsarrangementet karrieredagen i Ålesund er andreårselevane på naturbruksutdanninga, Calvin Jack Curtis Miani og Casper Hegstad, i gang med å fortelje 10. klassing Magnus Myklebust om utdanninga.

Myklebust drøymer om å kunne kjøpe seg ein gamal amerikansk bil og er freista av fiskaryrket. Då er naturbruksutdanninga vegen inn i eit yrke som i fleire år har vore eitt av dei best betalte.

Miani sjølv vil inn i oppdrettsbransjen, den andre delen av sjømatnæringa du kan spesialisere deg på i naturbrukutdanninga. Neste haust skal han ut i lære. - Det som er så bra med denne lina er at den kan sikre deg (jobb, red.merk) med ein gang, seier Miani.

Interessa for å ta inn lærlingar er aukande, mellom anna fordi det er blitt tyngre å få arbeidskraft frå utlandet. →

– Vi har vridd om på satsinga dei sist åra, og innsett at det er vanskeleg å få inn fagarbeidarar utanfrå. Difor tek vi inn fleire lærlingar, seier HR-sjef Glenn Paris i skipsverft Stadyard.

SYNLEG OG ATTRAKTIV

Synleg og attraktiv er også stikkorda du kan trekkje ut av intervjua NETT NO-magasinet har med dei som har jobb på Nordvestlandet, eller vaks opp her. Dei fleste er så unge at dei er i sin første jobb og val av jobb har og vore val av kvar dei skal bu.

Å kjenne til, og ha kontakt med, nærings- og arbeidslivet i regionen under skulegang og studiar, aukar sjansen for at Nordvestlandet blir arbeids- og buplass etterpå.

Mari Larsen Sæther hadde ikkje kontakt med arbeidslivet på Nordvestlandet i studietida, fekk nytt nettverk og enda som mange andre NHH-studentar i Oslo etter utdanninga. Elisabeth Haugen hadde vore i praksis hos lakseeksportøren Ocean Supreme i Ålesund, og valde å søkje arbeid i heimbyen etter å ha utdanna seg andre stadar i Noreg og i utlandet.

– Den erfaringa gav meg ein grunn til å kome tilbake, og gjorde valet mitt enklare. Eg trur bedrifter bør vere flinkare til å vere tidleg ute med å ta kontakt med studentar om dei vil ha inn fleire unge, seier ho.

Vidar Skjørli flytta heim til Nordvestlandet då han fekk jobben med å rekruttere til det landbaserte oppdrettsselskapet Salmon Evolution.

– Då fekk eg opp auga opp for alt det spennande som skjer i regionen. Det er faktisk overraskande mykje, og eg kunne Trine Gaaseide Aure er datautviklar ved simulatorsenteret på Norsk Maritimt Kompetansesenter (NMK) i Ålesund, takka vere at utdanninga ho ville ha er å få i Ålesund.

MANGLAR FOLK

Statistikken frå NAV, rapportar frå bransjeorganisasjonar og bedrifter fortel det same. Arbeidsløysa er på veg ned, samfunnet er opna igjen etter koronapandemien og i mange bedrifter og bransjar er det stor mangel på folk.

«Eg trur bedrifter bør vere flinkare til å vere tidleg ute med å ta kontakt med studentar om dei vil ha inn fleire unge»

Samstundes viser den siste fylkesstatistikken for Møre og Romsdal fylkeskommune ei nettoutflytting på 661 personar frå fylket i 2020. 602 av dei er utlendingar. I Møre og Romdal er polakkar og baltarar dei to største innvandrargruppene, og dei har i stor grad kome hit fordi dei hadde jobb som venta. No er det fleire, mellom andre Nav-sjef Stein Veland i Nav Møre og Romsdal, som er usikre på i kor stor grad dei kjem tilbake. Det er heller ingen aukande arbeidskraftreserve blant dei under 19 år som er fødde og oppvaksne på Nordvestlandet. Aldersgruppa 0-19 år har minka dei siste seks åra.

STRATEGISK VIKTIG

Wenche Kjerstad hos Converto arbeider blant anna med rekruttering av leiarar og spesialistar.

Bedrifter oppdagar no at arbeidsmarknaden har stramma seg til, og at det å få tak i og halde på arbeidskraft har blitt meir krevjande. Kjerstad slår eit slag for å knytte tidleg kontakt med studentar og nyutdanna. Sjølv har Converto oppretta to stillingar (internship) for studentar, som arbeider deltid for selskapet, som eit rekrutteringstiltak.

Situasjonen no minner om korleis det var under den verste offshoreboomen, eit par år før oljeprisfallet kom i 2014.

- Her er veldig mange som innanfor eit kort tidsrom no søkjer etter folk samstundes, seier Kjerstad.

Ho har også eit råd til bedriftene.

- Du skal aldri gløyme interne kandidatar. Hovudgrunnen til at bedrifter misser gode talent er at dei ikkje blir sett, seier Kjerstad.

NYE SJANSAR

I ein annan reportasje i NETT NO-magasinet kan du lese om korleis Sykkylven i løpet av få månadar gjekk frå å ha 27 prosent arbeidsløyse til å bli ein kommune der bedriftene støvsugar arbeidsmarknaden etter arbeidskraft.

CONVERTO:

- Du skal aldri gløyme interne kandidatar. Hovedgrunnen til at bedrifter misser gode talent er at dei ikkje blir sett, seier Wenche Kjerstad i Converto.

Situasjonen i Sykkylven er ekstraordinær, men likevel typisk. Det gjer Nav-direktør Stein Veland i Møre og Romsdal optimistisk på vegne av folk som tradisjonelt er i utkanten av arbeidsmarknaden.

- Vi forventar at etterspørselen etter arbeidskraft framleis vil vere stigande og at moglegheitene til å dekke den inn vil vere utfordrande. Ved å strekke seg litt lenger er der arbeidskraft å hente. I Sykkylven har Ekornes rekruttert blant innvandrarar som treng norskkurs for å kvalifisere seg, og gir norskopplæring i samarbeid med Vaksenopplæringa.

Arbeids- og inkluderingsbedrifta Furene i Volda, som mellom anna hjelper folk inn i arbeidslivet, fekk 151 ut i arbeid i fjor, mot 120 året før. Avdelingsleiar Kirsti Gaudestad meiner det ikkje er råd å gi eit klart svar på kvifor, men legg fram tal som tyder på at det kan ha blitt lettare også for denne gruppa.

- Vi har fått ut fleire, og vi har meir å gå på. Arbeidsgivarar ser det same som oss, der er personar som med litt hjelp og støtte kan løyse arbeidsoppdraget, seier Veland.

GYLDEN SJANSE: Stein Veland, direktør for Nav i Møre og Romsdal. Nav ventar aukande etterspørsel etter arbeidskraft framover, og Veland ser det som ein gylden sjanse for å få arbeid til folk i utkanten av arbeidsmarknaden. Han trur ikkje det blir like lett som før å rekruttere arbeidskraft frå utlandet.

KPMG er et av Norges ledende rådgivnings- og revisjonsselskaper.

I KPMG våger vi å stille spørsmål, utfordre, vise nysgjerrighet og si ting rett frem. Kun da forstår vi kundenes utfordringer og muligheter fullt ut, og slik blir vi i stand til å gi bedre råd. Råd som ser mot fremtiden.

Ålesund

Vegard Andorsen, Partner T. 997 28 453

This article is from: