RE K RU T T E R IN G : Calvin Jack Curtis Miani (nummer to frå høgre) og Casper Hegstad (t.h) fortel om naturbruk-utdanninga til 10. klassing Magnus Myklebust på rekrutteringsarrangementet Karrieredagane i Ålesund. Organisasjonen som arbeider med å koble lærlingar og lærebedrifter ser no mot ungdomskuletrinnet for å fange opp potensielle framtidige fagarbeidarar. T.v. Linda Myklebust, mor til Magnus. Foto: Ogne Øyehaug
- SKRIK ETTER ARBEIDSKRAFT Av: Ogne Øyehaug
Bente Anni Ranum har arbeidd med rekruttering på Nordvestlandet i 20 år. Aldri har det vore meir krevjande å få tak i nye tilsette enn no. 12
NETT NO
- Det som skjer no er at heile Europa skrik etter arbeidskraft, seier ho.
- Bedriftene må vere bevisste på å vere attraktive, seier Ranum.
Ranum er sjef for rekrutterings- og bemanningsselskapet Randstad si avdeling på Nordvestlandet, og er tett på tilstanden i arbeidsmarknaden. Så krevjande som det er no å få tak i arbeidskraft har det aldri vore, fortel ho.
Det handlar om alt frå å vere synleg på sosiale medier til å følgje opp folk og passe på å skape ein arbeidsplass der dei tilsette trivest.
Bedriftene er tvinga til å tenke nytt for å få tak i folk, meiner ho. Å lyse ut ei stilling er langt frå nok.
STARTAR TIDLEG
Å gjere seg synleg betyr og å nå unge med informasjon, før dei vel vegen vidare etter grunnskulen.