4 minute read
Brønnbåtskipper Ali
– HAR SAGT JA I ALLE SITUASJONAR
Av: Marius Rosbach
Då Ali skifta beite frå oljeservice til laksefrakt, sette han alt inn på å vere fleksibel og positiv.
Som mange andre på øykommunane på ytre søre Sunnmøre, er Ali Gjerde sjømann.
Men det var ikkje sjølvsagt at hareidsdølingen skulle bli skipper på brønnbåt. Etter læretida på sjøen i Island Offshore, og kadettida etter fagskule i same reiarlag, var planen ein karriere i oljeservice. Men i 2016 var offshorebransjen framleis i fritt fall etter oljefallet, og «det var ikkje akkurat flust med jobbar», som han seier.
– Eg gjekk arbeidsledig nokre månader medan eg søkte på alt eg fann. Eg hadde eit ønske om å kome på brønnbåt, som verka spennande og som i tillegg var ei næring i vekst.
VARIERT: Arbeidsplassen til skipper Ali Gjerde (26) på brønnbåten Inter Barents, strekker seg langs heile kysten. Foto: Intership
FÅ KVINNER: Dei fleste om bord på brønnbåtane er mannfolk. – Det hadde vore kjekt med fleire kvinner om bord, seier Ali, som berre har jobba med ei kokke og ein kvinneleg matros. Foto: Intership
KASTA SEG RUNDT PÅ EITT DØGN
Første gongen Ali kom i arbeid på brønnbåt, måtte han kaste seg rundt i løpet av eitt døgn fordi Intership hadde behov for ein vikar.
– Eg opplevde at det var litt vanskeleg å kome seg til fast jobb, men eg fekk inntrykk av at dei ville ha meg med vidare. I 2017 dukka det opp ei fast stilling som styrmann, fortel han.
Då hadde han hatt turar på ulike båtar og vore gjennom fleire vikariat.
– Har ein litt ambisjonar må ein stå på, og det har betalt seg. Eg har sagt ja i alle situasjonar, og har vore så heldig at reiarlaget har gitt meg tillit og trua på meg sjølv. Samtidig har folka eg har jobba saman med sparka meg oppover, fortel han.
«FYK HIT OG DIT LANGS KYSTEN»
Det siste året har 27-åringen vore skipper på brønnbåten Inter Barents, som blei levert frå Vard Aukra i 2018. →
Gagn IoT AS er et datterselskap av Gagn AS, som er et rådgivnings- og konsulentfirma med spisskompetanse innen prosjektledelse, digitalisering og forretningsutvikling.
Få verdifull innsikt med bruk av sensordata!
Gagn IoT AS leverer skreddersydde industrielle IoT-løsninger som din bedrift kjapt kan ta i bruk. Enkelt og kostnadseffektivt!
IoT, eller «Internet of Things», innbefatter sensorer og smarte enheter som er i stand til å kommunisere med en sentral løsning for innsamling, analyse og presentasjon av sensordata. Dette er data som bl.a. kan brukes til å ta bedre beslutninger, spare kostnader, redusere risiko og utvikle nye forretningsmuligheter. Industriell IoT handler om å bruke teknologien på industrielle prosesser og produkter. Har du en satsing i din virksomhet der det kan være aktuelt å ta i bruk IoT, eller bare ønsker ytterligere informasjon? Ikke nøl med å kontakte oss for å høre mer om hvordan vi kan bidra.
Om bord er dei «seks mann og ein lærling» som går vakter på 12 timar medan dei «fyk hit og dit langs kysten for å hente laks». Også då kjem det godt med å vere fleksibel.
– Det er alfa og omega. Vi er få folk, så du vil gjerne ha med dei som bidreg. Vi har ein variert arbeidsdag og med rett kjemi, er det eit fantastisk samhald mellom mannskapet, fortel Ali.
Sjølivet har vore mannsdominert – og er det framleis. Ali har jobba med ei kvinneleg kokke og ein kvinneleg matros.
– Det hadde vore kjekt med fleire kvinner om bord. Dei er litt fleire på merdekanten rundt om på anlegga vi er på, fortel han.
TRENG 1000 NYE SJØFOLK
Frå 2010 til 2020 sank talet på norske sjøfolk med meir enn 5.600, frå 23.278 til 17.640 sysselsette, ifølgje SSB-tal. Ali Gjerde tilhøyrer den delen av maritim bransje som truleg vil trenge mest påfyll av sjøfolk i åra framover. Berre dei neste tre åra har reiarlaga kring 30 nye brønnbåtar i ordre.
– Det betyr 1.000 nye sjøfolk, påpeiker styreleiar Tanja Hoel i Brønnbåteiernes Forening.
Og på lengre sikt har styresmaktene ønske om ei fleirdobling av havbruk langs kysten. Hoel fortel at dei norske brønnbåtreiarane no er i ferd med å gå frå å serve den norske marknaden, til å drifte over heile verda.
– Ingen kan konkurrere med den norske teknologien, meiner ho.
STORT BEHOV: Dei neste tre åra skal brønnbåtreiarlaga bygge kring 30 nye båtar. Det gir eit behov for minst 1000 nye sjøfolk til næringa. Foto: Intership
Lokal tilstedeværelse med global rekkevidde
Aons rådgivere er blant verdens ledende fagfolk innenfor risikostyring, rådgivning og forsikringsmegling. Vi står klare til å hjelpe din bedrift med å ta bedre beslutninger, enten det gjelder å ta vare på bedriftens verdier, tiltrekke og beholde de riktige folkene eller være rustet for suksess i et stadig skiftende marked.
Ålesundsregionen er et viktig satsningsområde for Aon. Våre lokale medarbeidere har solid kunnskap om det sunnmørske næringslivet, om hvilke utfordringer bedriftene i området står overfor, og om menneskene og ressursene som finnes her. Regiondirektør Kristine Hagen og hennes dyktige medarbeidere samarbeider tett med et bredt nettverk av internasjonale kolleger ved Aons kontorer over hele verden. Sammen gjør vi din bedrift best mulig rustet for en uforutsigbar fremtid.
Fra venstre: senior kundeansvarlige Kenneth Søvdsnes og Øivind Braute, regiondirektør Kristine Hagen, nordisk finanssjef Magne Lidemark, nordisk seniormegler Anders Oksnes, seniorrådgiver Torje Rørstad og rådgiver Linn Monsen Lie