NETT NO - ÅRG 9 / UTG 1 / 2021

Page 24

FANN «ALT» HO TRENGDE I HEIMBYEN Av: Marius Rosbach

I Ålesund fann Trine både draumejobben og utdanninga som tok henne dit.

Trine Gaaseide Aure starta nyleg i jobben som datautviklar ved simulatorsenteret på Norsk Maritimt Kompetansesenter (NMK) i Ålesund. 28-åringen er tilsett i Augment City, dotterselskapet til Offshore Simulator Centre (OSC), men gjer arbeid for begge selskapa. For tida jobbar ho med å utvikle brukargrensesnittet til eit produkt for smartby-løysingar. – Tittelen er «Unity developer», som viser til verktøyet vi brukar. Enkelt sagt programmerer eg funksjonar som folk kan bruke på ei datamaskin, legg ho til.

24

NETT NO

Undervegs i utdanninga har Trine vore eitt år i Bergen og i Trøndelag, men reiste til heimbyen for å fullføre utdanninga med ein master i simulering og visualisering ved NTNU Ålesund – den einaste i sitt slag i Norge. JOBBAR MED Å GJERE BYAR SMARTARE

Allereie i 2019 kunne simulatorsjef Joel Mills vise korleis dei kunne nytte verktøyet til å halvere utrykkingstida for brannbilane i byen, ved å endre opningstider på SFO og barnehage. →


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.