Kjøler seg til suksess! Bremnes Seashore har alltid vore kjent for å levere laks av god kvalitet. Med nytt Live Cold Fish-anlegg (LCF) tek ein dette eit nivå vidare.
Ein liten rundtur i LCF-anlegget i Kvednavikjo vil imponere dei fleste som kjenner til mottak og slakting av laks. Her er det investert over 100 millionar for å sikre marknadens beste kvalitet på sluttproduktet. – Me meiner at me alltid har levert gode produkt til kundane, og det ligg i ryggmargen vår at me må utvikla oss for å halda vår posisjon som leverandør av kvalitet på aller øvste nivå, fortel utviklingssjef Simon Nesse Økland.
– Me skal tilbake til den kvaliteten me hadde på 1990-talet, sa han. Og slik vart det. Og kanskje enno betre. For LCF-anlegget som prosesserte 8 000 tonn fisk i fjor har imponert fagfolk, forskarar og internasjonale kundar. – pH-en me oppnår i muskel på slaktefisken er betre enn det Sintef trudde var mogleg. Og våre kvalitetsbevisste japanske kundar fortel at dei opplever at vår fisk er blitt enno betre, seier Økland vidare.
Imponerte fagfolk
Levande nedkjøling
Kanskje var det akkurat det som var utslaget for kommentaren konsernsjef Olav Svendsen kom med i eit møte for eit par år sidan.
Leiar for opptaksanlegget, Stine Djuvik, er stolt av å arbeide ved nybygget som er eineståande i sitt slag i verda.
6
BREMNES FRYSERI ÅRSMELDING 2018
Ho fortel om eit anlegg der ein tek i mot laks direkte frå brønnbåt, og der laksen vert levande nedkjølt i ein spesialbygd tank som er utvikla internt i bedrifta. Nedkjølt laks vert mindre stressa og får merkbart betre kvalitet etter slakting enn tidlegare. Det gjev også betre fiskehelse i siste del av livsløpet til laksen. – No er me elleve fast tilsette her. Og mange er nye ved bedrifta. Eg synes dei alle fortener skryt for korleis dei har stått på og fått dette til. Dette er jo avansert å drifte, og ulikt alle andre anlegg i bransjen. Eg er imponert, avsluttar Djuvik.