Tenkende hender
Tromsø husflidslag 1922–2022 Åsa Elstad (red.)
Omslagsbilde: Etter arkivopplysningane skal dette bildet vere av eit husflidslag i Salangen. Det kan også tenkast at damene på bildet viser fram vevnadar frå eit kurs på Sjøvegan. Foto: Ukjent / Sør-Troms Museum
Design: DesignBaltic Trykk: Merkur Grafisk
© Orkana forlag 2022 Orkana forlag as, 8340 Stamsund ISBN 978-82-8104-519-4 www.orkana.no post@orkana.no
DEL 1
Åsa Elstad: Tromsø Husflidslag 1922 – 2022 9
Kapittel 1. Opptakt (ca. 1865–1922) 11
Kapittel 2. Oppstarten: meir alvor enn skaparglede 27
Ingebjørg Hage: Nordskolen
Kapittel 3. Husflidsarbeidet i mellomkrigstida 39
Ingebjørg Hage: Sjøgata 7, Friis-gården
Ingebjørg Hage: Kaffistova Sagatun
Kapittel 4. Etterkrigstid med nye perspektiv (1945–1965) 53 Ingebjørg Hage: Hybelhuset Strandskillet 3
Kapittel 5. Nytt namn og ny giv (1965–1975) 69
Ingebjørg Hage: Sommerlyst ungdomsskole
Kapittel 6. Aktive år i Skippergata (1975–1994) 91
Ingebjørg Hage: Skippergata 11
Kapittel 7. På Tromskysten (1994–2022) 121
Ingebjørg Hage; Kysthospitalet (Kysten), Troms fylkeskultursenter
Kapittel 8. Frå «Hjelp til selvhjelp» til formidling av kulturvern 153 Kjeldebruk kapittel 1–8. Leiarar i Tromsø Husflidslag Æresmedlemmar i Tromsø Husflidslag
DEL 2
Husflid i mange samanhangar 171
Kapittel 9. Kjellaug Isaksen: Den samiske oppstadveven – greneveven ............. 173
Kapittel 10. Torunn Hamran:«Den hvite pesten mest kampen gjaldt». Kvinneforeningene, håndarbeidet og sivilsamfunnet ........................... 189
Kapittel 11. Kari Stangnes: Kvinnebunad for Troms og mannsbunaden for Nordland og Troms ........................................... 207
Kapittel 12. Ellen Berit Dalbakk / Rámavuol Elle Bigge: Utvikling av duodjie....... 221
Kapittel 13. Torunn Sedolfsen: Et vevkurs med bakgrunn i lokal vevtradisjon ble opptakt til en bok ............................................ 237
Kapittel 14. Aslaug Magdalena Juliussen: Tenkende hender ............................. 251
Forfattarpresentasjonar ..................................................................................... 256 Kjelder ............................................................................................................. 258
FORORD
7. februar 1922 ble Tromsø Husflidslag stiftet. Laget ble et av de første lokallagene i Nord-Norge, og ved stiftelsen dominerte menn i fremstående posisjoner. I dag er laget et levende husflidslag med aktiviteter for unge og gamle, men bare med kvinnelige medlemmer.
Da Tromsø Husflidslag ønsket å markere sitt 100-årsjubileum i 2022, fikk styret inn flere ideer om hvordan denne markeringen kunne gjøres. Forslaget om ei egen bok for å markere jubileet ble omfavnet, og hva var vel mer naturlig enn å hente inn en kvinne med særlig interesse for husflid til å redigere og skrive den? Resultatet som du nå holder i hendene, har fått tittelen: Tenkende hender – Tromsø Husflidslag 100 år 1922–2022.
Mye av håndverkstradisjonen og husflidsbevegelsen er beskrevet godt i ulike verk, men det lokale blikket på vår region mangler. Ved å løfte det fram skapes også en mulighet for å revitalisere og etablere et praktisk fellesskap rundt det å videreføre og videreutvikle tradisjonen, og dermed være med å bidra til kulturell aktivitet.
Historiker og husflidentusiast Åsa Elstad er både redaktør og forfatter av boka. Åsa har med seg utøvere og fagfolk innen ulike kunst- og håndverkstradisjoner som bidragsytere.
Tromsø Husflidslag ønsker at jubileumsboka skal inspirere og spre interessen for husflidshåndverk både i vårt lokalmiljø og i fylket for øvrig. Tromsø Husflidslag vil rette en stor takk til redaktør og forfattere som har tatt på seg oppdraget med å dokumentere vår historie for ettertiden.
Digitaliseringen av husflidslagets arkiv fra 1922 er utført ved DigForsk As i Kirkenes. Tusen takk til dem. Det digitale arkivet har vært en uvurderlig kilde til kapitlene om lagshistoria.
Det er mange frivillige timer som er lagt ned for å administrere og koordinere arbeidet. En stor takk går også til komiteen for bokprosjektet, som har bestått av Ingunn Fagerheim, Janne Gärtner, Inger-Ann Hanssen og Kari Stangnes.
En hjertelig takk til våre medlemmer som har delt bilder og gitt innspill til de hullene i lagets historie som ikke kom fram av protokoller og skriftlig kilder. Takk for at dere delte.
En stor takk til Aslaug Juliussen, som har gitt oss tillatelse til å bruke uttrykket «Tenkende hender» i tittelen på jubileumsboka. Dette er hennes observasjoner/refleksjoner:
Gjennom våre sanser er vi alle forbundet til verden. Den viktigste oppdagelsen for meg, er bevisstheten om at mine hender er forbundet til tenkning, refleksjon og erfaringer. Tenkende hender gir skaperkraft.
Sist, men ikke minst, en stor takk til våre økonomiske bidragsytere. Uten deres støtte hadde ikke boka blitt en realitet. Tusen takk til Odd Berg Gruppen AS, PEAB , Remiks, Sametinget, Stiftelsen til fremme av husflidssaken i Troms, Triko AS, Troms fylkeshusflidslag, Tromsø kommune og UiT Norges arktiske universitet.
Tromsø, mai 2022 Heidi Adolfsen Styreleder Tromsø Husflidslag
Kapittel 1. Opptakt (ca. 1865–1922)
At tromsø og omegns husflidsforening – seinare Tromsø husflidslag – blei stifta tidleg på 1920-talet, var ikkje tilfeldig. Oppstarten hang saman med ei aukande interesse for husfliden sin samfunnsrolle her i landet. Denne utviklinga hang igjen saman med dei store samfunnsendringane frå midten av 1800-talet, med mindre handverk i heimane, aukande pengehushald og meir industriproduksjon og import.
Prismedalje frå utstillinga i Tromsø i 1870. Noreg og Sverige hadde jo felles konge, og når kongemonogrammet på medaljen er CXV, er det fordi kongen var Carl den 15. av Sverige, men altså Carl den 4. av Norge. Frå samlingane til Universitetsmuseet i Bergen museum, BMM00068. Foto: Adnan Icagic © Universitetsmuseet i Bergen Husflidssaka blei stadig meir aktuell. Utgangspunktet var først og fremst økonomisk og patriotisk. Slik var det i Troms også, og husflidsinteressa kom til uttrykk på same vis her som elles i landet, gjennom utstillingar, undersøkingar og etter kvart organisering av husflidslag og -utsal.
Nord-Noreg på utstilling
I august og september 1870 blei det sett opp ei stor utstilling i dei tidlegare bygningane til Hotel du Nord i Tromsø, ei høgt nymala og oppussa hus med flagg på mønsåsen, som ifølgje lokalavisa heva seg «stolt over
de andre Bygninger i de lavere liggende Gader» (Tromsø Stiftstidende 14.08.1870). Interessa for Nord-Noreg var aukande i denne perioden. Både vitskapsfolk og politikarar var opptatte av å få meir kunnskap om Nord-Noreg, og nordområda blei omtala som framtidsland. Utstillinga skulle vise «Alt, hvad der kunde tjene til at belyse Befolkningens Livsvilkaar og Udviklingstrin».
Det var kongen, Carl IV, som hadde tatt initiativ til utstillinga. Han løyvde også pengar til medaljar til utvalde deltakarar. I rapporten om utstillinga er det lange lister med namn på dei som blei premierte. Husflidsavdelinga med gjenstandar frå heile Nord-Noreg må ha vore litt av ei syn. I ein avisreportasje blei det ramsa opp ein del:
Her er Kurve af Spaan og Tæger, Bast og Næver, Tønder, Bøtter, Kister, Løber, Daller, Stamper, Træskaaler, Traug, Borde, Stole, Vugger, Karder osv. hvoraf nogle udskaarne og paa anden Maade smykked. (…) I det næste Værelse forefindes Sengeklæder af alle Slags som Almuen bruger. Der er Fælde af Sau, Rein- Kalve- og Hareskind, Aaklæder til disse, Grener og Ryer i mange smuke Variationer. (Tromsø Stiftstidende 28.08.1870)
I tillegg var der store mengder handspunne garn, vovne stoff av ulike slag og mange ferdige tekstilgjenstandar. Frå det som i dag er Tromsø kommune, noterer vi oss at det blei delt ut premiar for vevde, strikka, hekla og broderte gjenstandar. Mange av desse var det som då blei kalla «Fruentimmernetheder», altså pyntetekstilar. Dei fleste produsentane frå byen hadde tittelen frøken eller frue, noko som vitna om ein viss sosial status. Bidraga frå kvinnene i distrikta rundt om i amtet (fylket) var oftare brukstekstilar, og desse kvinnene var oppførte utan titlar i listene. I rapporten skreiv utstillingskomiteen «naar man fraregner de saakaldte Fruentimmernetheder, da er en større Del af de udstillede Husflidsproducter forarbejdede af Bondekvinder», og dei meinte utstillinga var eit bevis for framgang i veving, spinning og strikking i bygdene. Mennene som fekk medaljar, fekk dei først og fremst for trearbeid. Dei fleste av dei kom frå Målselv, Rana eller Vefsn. Dei fleste av dei medaljevinnande mennene frå Tromsø-området var profesjonelle handverkarar som fotograf, bøkkar, smed og urmakar.
Utstillinga blei omtala av H. Frauberger i det tyskspråklege magasinet Kunst und Gewerbe (Kunst og handverk). Han var utsending frå det austerrikske handelsministeriet og hadde mykje godt å seie om det han såg. Om vevnadane skreiv han blant anna:
I enkelte Tilfælde vare Vævene fra Formens Side udmærkede, i teknisk Henseende mønstergyldige og de ornamenterede besad vel blot primitive Dekorationsformer, men i Regel en frisk varm og harmonisk Farvetone. Mod Kulden beskytter man sig ved tæt vævet Stof (…). Dette er forskjelligfarvet, Garnerne ere ordnede til en bestemt Ornamentsform og i det hele ligesaa solid som skjønt og billigt. (Omsetting i Beretning om den almindelige udstilling for Tromsø Stift)
Han trekte også fram strikka produkt og den samiske saumen, særleg skinnsaumen, som han meinte kunne vere forbilde for Mellom-Europa. Handarbeida til bydamene meinte han var like smaklause som i MellomEuropa, mens broderia til samane og «den lavere Samfunnsklasse» derimot var enkle og smakfulle, «korrekte» i form og farge. Arrangørane av utstillinga var Finnmarkens Landhusholdningsselskab (etabl. i 1859) og Senjens og Tromsø Landhusholdningsselskab (etabl. i 1855). Begge organisasjonane var medlemmar i Det kongelige Selskap for Norges vel, som blei stifta i 1809, men ikkje blei særleg praktisk retta før på 1820-talet. Då blei husflid stadig nemnd i debattar om økonomiske og sosiale spørsmål, og etter kvart utvikla denne interessa seg til ei rørsle. Selskapet arbeidde for auka grad av sjølvberging, ein meinte det var uheldig å basere seg for mykje på utanlandsk import. Folk burde kunne utnytte ledig tid om vinteren til husflid og heimeindustri. I tillegg ville auka husflidsproduksjon ha ein heldig verknad på moralen, medverke til «Vindskipelighed og Tarvelighed» – altså det å vere flittig og nøysam – føre til «overdådigheds Indskrænking» og motverke den «usunde trang til Luxus og Mode». Slike utstillingar som skulle fremje næringslivet, var i vinden i denne tida, i Noreg hadde det vore liknande utstillingar blant anna i Bergen og Ålesund. I invitasjonen til utstillinga stod det at ho skulle vere for «Fiskere, Jordbrugere, Industridrivende og Fjeldfinner». I denne samanhengen blei husflid
inkludert i industriomgrepet. Reindriftssamane hadde ei eiga avdeling på utstillinga, og her blei det vist alt av samisk duodji som høyrde dagleglivet til, og i mange ulike materialar, både tekstil, skinn, tre, bein og horn. I tillegg var det ein eigen «sameleir» på utstillingsområdet.
Utstillinga i 1870 danna grunnlaget for etableringa av Tromsø Museum i 1872. Ein stor del av utstillingsgjenstandane gjekk over til å bli museumsgjenstandar og blei då stilt ut i ei leigd bygning i byen.
Ny utstilling i Tromsø i 1894
I 1894 blei den neste store utstillinga i byen arrangert, denne gongen for å feire byen sin hundreårsdag. Då var museumsbygget (i Muségata 2, dagens Tromsø Kunstforening) ferdig, og utstillinga blei sett opp i og utanfor nybygget. Tromsø Museum skulle seinare bli ein viktig samarbeidspartnar for Tromsø husflidslag i formidlinga av materiell og immateriell kulturarv. Ut frå avisomtalen verkar det som om husflidsdelen av 1894-utstillinga var mindre enn i 1870, sjølv om det denne gongen også
Denne duken, filert av Eilertine Brox frå Hamn i Senja, var på utstillinga i 1894. Tromsø Stiftstidende kommenterte at frøken Brox «udmærker sig i mange Retninger som alsidig begavet Kvinde i Huset». Ho hadde levert «en hel Del Prøver af sine Hænders Gjerninger» i ulike tekstile teknikkar. Foto: Norges arktiske universitetsmuseum
var med gjenstandar frå resten av landet, blant anna treskjerararbeid frå Hallingdal og Telemark. Frå Troms og Tromsø var det med ein del pyntehusflid, som no blei kalla «Damearbeider». Blant dei husflidsarbeida som blei nemnde i avisa var det meir spesielle ting: «1 Violin, Strikkepinder af Ben, Syetuis og Billardkugler (…), en Guitar og en Velociped (…), snekker Arbeider, ligesaa Benskjærerarbeider» (Tromsø Stiftstidende 12.07.1894). Blant gjenstandane blei det også spesielt nemnt eit sybord og ein barnelenestol med bord, broderte skjermbrett og eit nattbord med broderte plater.
Utstillinga hadde også ei eiga avdeling med namnet «Turist- og Antikvitetssager. Finneafdeling». Her stilte to tromsøværingar, O. Skauby og Peder Holm ut «arbeider af hvalrostand». Skauby fekk sølvmedalje, Holm «Hædrende Omtale».
Eilert Sundt: husflid til sjølvberging og som binæring
I 1867–1868 gav teologen og samfunnsforskaren Eilert Sundt ut boka Om Husfliden. Til arbeidets ære og arbeidssomhetens pris. Sundt gav ut ei rekke bøker om folkelivet i Noreg. Ofte hadde den økonomiske og kulturelle eliten vore mest opptatt av å kritisere korleis folk rundt i landet levde, men Sundt reiste rundt og snakka med folk, og var opptatt av å forstå kvifor folk gjorde som dei gjorde, kva som låg bak vala dei tok. Om husfliden var også ein hyllest til det fysiske arbeidet, kroppsarbeidet. Husflid var ei svært viktig sak for Sundt, han meinte den var bra
for både økonomi og moral. Gjennom husflidsarbeid vente folk seg til å bruke ledig tid og til å bli arbeidsame. Han var ikkje særleg opptatt av den kunstnarlege sida ved husfliden.
I boka skilde han mellom to typar husflid. Den eine var den meir alminnelege, «ubemerkede» husfliden til eige bruk som fanst i alle bygder, og som fylte ut dei ledige stundene mellom gjeremåla i hovudnæringar som fiske, landbruk og skipsfart. Dette arbeidet var blitt undervurdert, meinte han, allmugen sin kunnskap og dugleik var ikkje godt nok kjent.
Det å sjølv produsere det ein trong, i staden for å kjøpe det, kunne vere viktig nok for økonomien i kvar enkelt heim, men det var først og fremst den andre typen, salshusflid som binæring, Sundt var opptatt av. Ulikskapen mellom økonomi og næringsforhold i dei ulike bygdene og regionane gav vilkåra for korleis husfliden kunne drivast. For å finne ut meir om dette sette han i gang med å samle informasjon om husflidsarbeidet. Han reiste rundt, men fekk også informasjon gjennom brevveksling med medarbeidarar rundt i landet. Tanken bak denne kartlegginga var å få fram korleis husfliden kunne bli eit middel til å kjempe mot massefattigdommen, det største samfunnsproblemet i samtida.
«…nabo hjelper nabo. Dette er husflidens korte historie hersteds!»
I boka si hadde Sundt informasjon frå tre område i Troms, nemleg Berg og Torsken på Senja og Balsfjord. I alle tre områda måtte folk vere mest mogleg sjølvhjelpne. Avstandane mellom bygdene var lange og kommunikasjonane tungvinte. Det var for få gardar på kvar stad til at det kunne lønne seg for handverkarar å slå seg ned, og så måtte innbyggarane sjølv øve seg opp i dei handverka dei kunne ha talent for. Slik blei det ei naturleg arbeidsdeling, der dei som dreiv med eit handverk på si, kunne selje eller bytte tenester eller gjenstandar med naboane. Det kunne vere tømring, snekring, smedarbeid, garving, skomakararbeid, seglsaum, skreddararbeid, muring, glasarbeid og maling. I Berg og Torsken var det også to menn som spann og strikka for andre, og fire menn batt fiskegarn. Dei aller fleste mennene var fiskarar, og kvinnene hadde mykje åleineansvar for dyrestell og fôrsanking, i tillegg til arbeidet innomhus med matlaging,
Eilert Sundt (1817–1875) skreiv blant anna boka Om Husfliden Xylografi. Foto: Rune Aakvik, Oslo bymuseum
vask og stell av ungar, sjuke og gamle. I tillegg til dette dreiv kvinnene med spinning, strikking og veving, og ein god del sydde også for andre. Sokneprest Holmboe, som utførte undersøkinga i dei to Senja-sokna for Sundt, la stor vekt på tekstilarbeidet. Han fann ut at det blei vove ca. 35 alen (21 meter) vadmål eller stoff (halvullsstoff) og spunne vel fire kg strikkegarn og nesten fem kg vevgarn i kvar familie kvart år, og strikka minimum to par strømper per person og to par sjøvottar per fiskar i året. Dette arbeidet rekna han med tok 80 fulle arbeidsdagar kvart år. I tillegg kom planlegginga, arbeidet med å få tak i det ein trong, oppsettinga av vev og saumen av plagga. Både Holmboe og sokneprest Brun i Balsfjord framheva kor flittige folk var, og at dei hjelpte kvarandre med arbeid som måtte gjerast. Desse bygdene i Troms dreiv altså berre med den alminnelege, «ubemerkede» husfliden til eige bruk, men både Sundt og medhjelparane hans la stor vekt på kor dyktige og arbeidsame folk på Senja og i Balsfjorden var.
For Sundt blei husflidsarbeidet som sagt viktigast som eit middel i kampen mot fattigdommen. Då han skreiv Om husfliden, kunne handlaga produkt enno konkurrere med maskin- og fabrikkframstilte varer. Sjølv om slik husflidsproduksjon ikkje var så utbreidd i dei Troms-bygdene han undersøkte, fanst det andre bygder der folk fekk viktige ekstrainntekter av husflid.
Salshusflid i Troms
Hadde Sundt fått rapportar frå andre delar av Troms, hadde han vore klar over at det også i Tromsø amt fanst salshusflid som binæring. Frå Målselv og Bardu rapporterte amtmannen i 1875 at det blei produsert ein god del trevarer for sal, som auskar, vassbøtter, smørdallar, tønneband og tønnestavar. Dei gode sildefiskeria i denne perioden medverka til auke i produksjonen av tønner.
I Nord-Troms blei det produsert store mengder ullvarer, først og fremst strikkaplagg, vadmål og grener, til marknadane i Skibotn og Bossekop. Her var reindriftssamane viktige kundar for ullvarene. Ullvottane blei for eksempel ikkje strikka så store, fordi dei blei brukte inni skinnvottane. Den siste Skibotnmarknaden var i 1955.
Agnes Joramo (f. 1895) hadde handel på Samuelsberg og fortalde i 1947 til granskaren Anna Grostøl at ho kunne ha med i alle fall 1200–1300 par vottar til Bossekopmarknaden, i tillegg til vadmål og andre varer. Ei av dei som leverte vottar til henne, Anna Lyshaug, fortalde at dei fekk 1,25 kr for eit par mannsvottar i selbumønster, 60–90 øre for kvinnevottar. Joramo selte også kvite og grå arbeidsvottar i Bossekop, og ho fortalde at mor hennar hadde strikka vottar av garn med kuhår i, og
desse blei selde til gruvearbeidarane i Kåfjord, som trong ekstra slitesterke vvottar. Kopparverket i Kåfjord var i drift i periodane 1826–1878 og 1896–1909.
Husflidsvarer blei også omsette lokalt, som for eksempel i Bjørns landhandel i Birtavarre. På 1930-talet strikka kvinnene i bygda tusenvis av par med selbuvottar, ullstrømper og -sokkar, og plukka dessutan kilovis med tyttebær. Dette blei selt til den vesle landhandelen som vidareselde produkta på Skibotnmarknaden. Det hende også at utsendingar frå firmaet reiste til fiskeværa og selde ullvarer til fiskarane der.
«Kunsten, nytten og moralen»
For å ta vare på dei handlaga gjenstandane blei det oppretta kunstindustrimuseum i Oslo (1876), Bergen (1887) og Trondheim (1893). Målsettinga var å hjelpe fram det norske handverket i ei tid med arbeidsløyse, aukande utvandring og stor import av utanlandske varer, og å påverke smaken til både handverkarane og publikum. Kunstindustrimuseet i Oslo engasjerte seg sterkt i husflidssaka. Utover på 1880-talet blei ein meir og meir opptatt av at husfliden skulle vidareføre den nasjonale folkekunsten, både for å ta vare på kunnskapen og for å fremje dei estetiske sidene ved handverket som motvekt til dei «sjellause» masseproduserte industrivarene. Dette var også nokre av ideala i den britiske Art and Crafts-rørsla, som også spreidde seg til Norden: Ein skulle få fram det handlaga og unike i konkurranse med dei nye industriprodukta. Husflidsproduksjonen måtte leiast inn i rett spor, og eit verkemiddel for å få det til var å opprette husflidsutsal. Då meinte ein at betre kvalitet ville tvinge seg fram gjennom konkurransen på marknaden. I 1885 vedtok Indredepartementet at kunstindustrimuseet i Oslo skulle overta styringa av husfliden i landet, blant anna arbeide for å forbetre salshusfliden. Det skulle hjelpe fram norsk handverksproduksjon og påverke den estetiske sansen til både handverkarar og publikum, fremje den «korrekte» stilen i gjenstandane og også å framelske det ekte norske, kort sagt lære landbefolkninga kva som var tradisjonane deira. Museet konsentrerte seg først og fremst om den dekorative husfliden, slik som biletvev, treskjering og rosemåling. Museumsdirektøren, Henrik Grosch,
reiste frå midten av 1880-åra rundt til husflidsskolane og kontrollerte at undervisninga følgde den ønska estetiske praksisen i nasjonal ande. Grosch fekk stor innflyting på husflidsrørsla, også i Troms.
I 1891 var Grosch ein av stiftarane av
Den norske Husflidsforening, som dreiv husflidsutsalet i Oslo og også husflidskurs og opplysningsverksemd. Blant anna gav dei ut lærebøker, som for eksempel Caroline Halvorsen si klassiske Haandbok i vævning. Grosch var i mange år viseformann i Den norske Husflidsforening. Husflidsforeningen dreiv undervisning på faste skolar og arrangerte etter kvart også kurs med vandrelærarar.
Det var altså mange som arbeidde for husflidssaka, og 12. oktober 1910 var fleire av dei samla til eit landsmøte for husflid. Då blei Norges Husflidsforbund stifta, som ei samanslutning av husflidsforeiningar, kunstindustrimuseum og offentlege husflidsskolar. Forbundet skulle arbeide for eit fruktbart samarbeid for å fremje husfliden og få den i «ret spor i økonomisk og æstetisk henseende». Henrik Grosch blei den første formannen i styret for forbundet, Norges Husflidsråd. Frå 1920 fekk forbundet eiga løyving over statsbudsjettet. Organisasjonen endra namn til Norges Husflidslag i 1952 og er i dag paraplyorganisasjon for husflidshandverkarar, nokre husflidsutsal og ikkje minst regionale og lokale husflidslag som Tromsø Husflidslag.
Vevboka til Caroline Halvorsen kom første gong i 1904 og sidan i stadig nye opplag gjennom heile mellomkrigstida. Foto: Åsa Elstad
Kunsthistorikaren Ingeborg Glambæk si bok om kunsthandverk og husflid på 1800-talet har tittelen Kunsten, nytten og moralen, og desse orda kan summere opp den norske husflidsrørsla, også etter hundreårsskiftet. Det nyttige handla ikkje minst om «Hjelp til selvhjelp» – at husflidsarbeid skulle kunne gje inntekter til folk som sat trongt i det.