5 minute read

Om avskoging

Next Article
Quiz

Quiz

NORSK SKOG:

før, no og fram i tid

Advertisement

Vi høyrer mykje om korleis skogen er ein nøkkel for ei berekraftig framtid, men kor mykje vil vi ofre for å la skogen gjere sin del av jobben?

Tekst: Karina Straume Foto: Linn-Tone Sandnes Skaug

Skogen har i lang tid vore viktig for nordmenn. Den har vorte brukt til brensel, mat, våpen, reiskap og byggematerialer i fleire hundre år. Norge sin eksport av trevirke starta allereie på 1300-talet til store delar av Europa. Når vassaga kom rundt 200 år etterpå gjorde ho det lettare å produsere meir trevirke raskare, og skognæringa i Norge vaks. På 1500-talet ser vi også at dei første politiske restriksjonane i skogbruket kom, både for å sikre vårt eige behov for tre og for å sikre skogen for framtidig bruk. Då sirkelsaga kom i 1840 og framover, skaut sagbruks- og treforedlingsindustrien fart i Norge. Skogen vart no blant anna råstoffkjelde for papirproduksjon.

Satsing på skog

Overgangen til industrisamfunn mot slutten av 1800-talet la samla sett press på skogane i Norge. På starten av 1870-talet eksporterte vi til dømes 2 millionar kubikkmeter tømmer kvart år. Dermed varte det ikkje lenge før «Det Norske Skogselskap» vart danna. Skogselskapa arbeidde blant anna med skogreising og oppretta planteskular. I 1919 vart «Landsskogstakseringen» oppretta, som grunna stor bekymring for tilstanden til skogen i landet skulle måle nett det. Målingane for 20-talet viste at det ikkje stod veldig bra til med den norske skogen.

No vart det sett i gong ei auka satsing på skog. Myndigheitene la eit banebrytande skogpolitisk grunnlag for eit nytt skogbruk i mellomkrigstida. Men det var ikkje før i 1932, då skogvernlova kom, at staten innførte avgifts- og tilskotsordningar for å styrke skogbruket. Større økonomiske tilskot vart i etterkrigstida gitt til blant anna skogkulturarbeid og skogreising langs kysten. No skulle eit skogbruk med planting og pleie av bartre takast i bruk for å sikre tilgangen på trevirke for framtida. Berre på 50- og 60-talet vart det samla sett planta

over 100 millionar tre i Norge årleg.

Industrien endrar skogbruket

Industrisamfunnet effektiviserte skogbruket med motorsag, traktor og skogsvegar i etterkrigstida, og dei første store moderne industriane i Norge var nettopp trelast- og treforedlingsindustrien. Treforedlingsindustrien kunne dessutan bruke heile trestokken i tillegg til stokkar i alle fasongar og størrelsar. Dermed vart det opna opp for andre hogstformer enn berre dimensjonshogst. Gjennom flatehogst og planting kunne ein no få tettare skog med større årleg tilvekst enn før, då tilveksten før hadde vore dårleg grunna mykje gammal skog som ikkje vart teken ut.

Eit døme på eit tiltak som vart sett i verk i etterkrigstida for å styrke skogbruket var skogreisinga langs norskekysten. Frå 1960–1975 var utplantinga av sitkagran, som opprinneleg kjem frå Nord-Amerika, på sitt høgaste. Det vart planta ut nesten 25 000 dekar sitkagran årleg i denne perioda. Mange stadar har sitkagrana spreidd seg ut av dei planta områda og endra tidlegare åpne landskap til tett skog.

Trass i at skogreisinga gjorde jobben sin med å kle norskekysten med skog er det ei negativ side ved ho også. I dag vert det nemleg brukt store ressursar på å fjerne sitkagran frå områder der den truar andre artar eller av andre grunnar bør fjernast. Mange artar som naturleg held til i områda som sitkagrana har vorte planta i, som bjørk og furu, må vike for den robuste grana.

Protest fra naturvernarar

Frå 1970-åra vaks det fram ein motstand mot den plantinga og flatehogsten som skogbruket hadde utvikla seg til å bestå av. Denne motstanden kom frå natur- og miljøvernarar og handla om at det biologiske mangfaldet i skogen måtte bevarast. Sitkagrana er eit godt døme på dette. I dag ser ein at i områder der det er planta sitkagran vert dei lokale klimatiske forholda endra.

Plantinga er til dømes tett, og dermed slepp det lite lys ned til skogbotnen. Sitkagrana har også lengre og fleire greiner enn den norske grana. Derfor vert skogbotnen i mykje større grad dekt av barnåler som etter tid vil forsure jordsmonnet. Slik førar planting av sitka-

«SKOGEN VÅR VEKS ALTSÅ SOM ALDRI FØR, MEN VI STÅR FRAMLEIS OVANFOR NOKRE VANSKELEGE VAL NÅR DET KJEM TIL SKOG.»

Kilde: NIBIO - Landsskogtakseringen 1919-2018 og Statistisk sentralbyrå 1919-2018.

gran, ein framand art, til ei endring i artsmangfaldet der den vert planta også når det gjeld dyre og fugleliv.

Status i dag

Heilt sidan 1950-talet har hogsten av skog lege godt under tilveksten per år. Samla sett har all utplantinga av tre, dei lengre vekstsesongane, den auka boniteten og gjengroinga av kulturlandskapet ført til at det i dag er tre gongar meir skog i Norge enn det var på starten av 1900-talet. I dag er det 978 millionar kubikkmeter tømmer i norske skogar, og i perioden 2014–2018 vart skog tilsvarande 53 prosent av tilveksten hogd. Noko som vil seie at skogen vår er i stadig auke.

Vi har altså ikkje det same problemet i dag som på starten av 1900-talet. At vi høgg meir skog enn vi plantar. Så kva problem står skogen ovanfor i framtida? Og kva kan skogen hjelpe oss med vidare? I 2019 vart det planta 225 000 dekar skogsmark, og om ein følgjer med i nyheitsbiletet får ein eit inntrykk av at vi skal fortsette med å plante skog. «Klimaskog» viser til rolla skogen har fått som karbonsluk og karbonlager når det vert snakka om klimakrisa og tiltak knytt til den.

Skogen vår veks altså som aldri før, men vi står framleis ovanfor nokre vanskelege val når det kjem til skog. Skal vi bruke flatehogst og norsk tømmer til å fase ut ikkje-fornybare ressursar? Skal vi motarbeide kjøp og kast-mentaliteten i dagens samfunn som den store produksjonen av varer underbyggjer, og heller gå tilbake til til dømes plukkhogst? Skal vi plante skog på fjellet og la kulturlandskap vekse att til fordel for karbonlagring, eller skal vi verne om dei økosystema som er att i det eksisterande kulturlandskapet vårt?

Skogen si framtid

Mange meinar at om vi skal bremse klimakrisa må vi ofre nokre ting på vegen. Kanskje blir kulturlandskapet ein slik ting. Om vi skal plante mest mogleg tre for å erstatte ikkje-fornybare materialer må vi kanskje også ofre nokre økosystem til fordel for flatehogst og store areal med skog?

I Regjeringa sin klimaplan for 2021–2030, står det «Ein del av det vi gjer i skogen i dag, har effekt på klimaet dei neste ti åra, men mange tiltak har først og fremst verknad på lengre sikt.» Det viser at dei som styrar landet vårt også ser nødvendigheita av å ofre noko på vegen mot eit leveleg klima. Mitt spørsmål til politikarane er berre om dei vil ofre det tradisjonsrike kulturlandskapet vårt heller enn å ofre det svarte gullet?

This article is from: