PUTSJ #2/2021 – SKOG

Page 9

SKOG I NORGE

NORSK SKOG: før, no og fram i tid

Vi høyrer mykje om korleis skogen er ein nøkkel for ei berekraftig framtid, men kor mykje vil vi ofre for å la skogen gjere sin del av jobben? Tekst: Karina Straume Foto: Linn-Tone Sandnes Skaug

Skogen har i lang tid vore viktig for nordmenn. Den har vorte brukt til brensel, mat, våpen, reiskap og byggematerialer i fleire hundre år. Norge sin eksport av trevirke starta allereie på 1300-talet til store delar av Europa. Når vassaga kom rundt 200 år etterpå gjorde ho det lettare å produsere meir trevirke raskare, og skognæringa i Norge vaks. På 1500-talet ser vi også at dei første politiske restriksjonane i skogbruket kom, både for å sikre vårt eige behov for tre og for å sikre skogen for framtidig bruk. Då sirkelsaga kom i 1840 og framover, skaut sagbruks- og treforedlingsindustrien fart i Norge. Skogen vart no blant anna råstoffkjelde for papirproduksjon. Satsing på skog Overgangen til industrisamfunn mot slutten av 1800-talet la samla sett press på skogane i Norge. På starten av 1870-talet eksporterte vi til dømes 2 millionar kubikkmeter tømmer kvart år. Dermed var-

te det ikkje lenge før «Det Norske Skogselskap» vart danna. Skogselskapa arbeidde blant anna med skogreising og oppretta planteskular. I 1919 vart «Landsskogstakseringen» oppretta, som grunna stor bekymring for tilstanden til skogen i landet skulle måle nett det. Målingane for 20-talet viste at det ikkje stod veldig bra til med den norske skogen. No vart det sett i gong ei auka satsing på skog. Myndigheitene la eit banebrytande skogpolitisk grunnlag for eit nytt skogbruk i mellomkrigstida. Men det var ikkje før i 1932, då skogvernlova kom, at staten innførte avgifts- og tilskotsordningar for å styrke skogbruket. Større økonomiske tilskot vart i etterkrigstida gitt til blant anna skogkulturarbeid og skogreising langs kysten. No skulle eit skogbruk med planting og pleie av bartre takast i bruk for å sikre tilgangen på trevirke for framtida. Berre på 50- og 60-talet vart det samla sett planta

9


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.