3 minute read
Bokmelding: Urskog
BOKMELDING
Advertisement
TITTEL: I SKOGENS DYPE, STILLE RO – JAKTEN PÅ DEN NORSKE URSKOGEN (2019) FORFATTAR: MIKKEL SOYA BØLSTAD FORLAG: J.M. STENERSENS FORLAG A.S
GLØYMER ME KORLEIS SKOGEN SER UT?
Engasjerande bok om jakta på den norske urskogen.
Tekst: Jannicke Totland
Det er mange bøker om natur og miljø, men det er lenge sidan eg har lese ei bok som eg både har lært mykje av, men som eg og har fått nytta kunnskapen i praksis. Her leverer Mikkel Soya Bølstad med ei bok om den norske urskogen.
Meir enn livlause granplantasjar
Ein skulle kanskje tru at folk veit korleis ordentlig gamalskog ser ut. Men eit kjapt søk på emneknaggen #urskog på Instagram viser urovekkjande resultat. I mellom tre som kan minne om urskog finn ein mange bilete av granplantasjar og natur som lyser monokulturelt og livlaust landskap.
Under ein halv prosent av den norske skogen seiast å vera urskog og om lag 75 prosent av skogen er flatehogd og erstatta med plantasjeskog. Med andre ord, har gamalskogen blitt så sjeldan at mange av oss ikkje lengre veit korleis den ser ut. Dette er ein tematikk som biolog og forfattar Mikkel Soya Bølstad tek opp i boka I skogens dype, stille ro – Jakten på den norske urskogen.
Levande og engasjerande
I boka klarer Bølstad å formidle på ein levande og engasjerande måte, og skriv om den verdifulle skogen me er i ferd med å miste. På meisterleg vis klarer han å flette saman eigne opplevingar og vitskapleg fagstoff, noko som bidrar til at lesaren både får eit eigarskap til det ein les i tillegg til å lære.
I utgivinga, blir ein tatt med på jakta på den norske urskogen. I leitinga besøker ein område ein allereie veit eller mistenker inneheld særs verdifulle naturtypar. Det tek ikkje lang tid før det viser seg at ein ikkje treng å reise langt i frå hovudstaden for å finne restane av det som er igjen.
I jakta blir lesaren med Bølstad åleine, saman med døtrene eller både
Mikkel Soya Bølstad
organiserte og hobbykartleggjarar på leit etter gamle tre og artar som trives i dei tilhøyrande, men sjeldne miljøa. Her blir ein godt kjent men namn som lappkjuke, huldrestry og storpora flammekjuke. Det skin gjennom at Bølstad er glad i skogen, og etter å ha lese denne boka er sjansen stor for at lesaren også blir det.
Nyttig kunnskap
Det er lenge sidan eg har lese ei bok som eg har lært så mykje av. Og eg faktisk har klart å anvende kunnskapen i praksis. Når eg har gått i skogen i etterkant, og gjerne i område i krinsar som Bølstad skildrar i boka, har eg vore ekstra merksam på omgjevnadane. I tillegg til å gje ei grundig innføring i kvifor skog og skogvern er viktig, blir også spørsmål som bioenergi og om skog kan vera løysinga på klimakrisa tatt opp. Det gjer at det ein lærer synes relevant både til turbruk, men og for å få ei breiare forståing av skogpolitikk- og kva som er lurt å gjere i praksis.
Eit av tiltaka han føreslår er: «Vi må markant redusere både energibruken generelt og bruken av fossile brensler spesielt, samtidig som vi ser oss om etter en annen løsning enn å bruke tre fra boreale skoger til avansert biodrivstoff de neste viktige tiårene. Det må en massiv snuoperasjon til. Et paradigmeskifte, og ikke bare symptombehandling.»
Gjerne ei breiare målgruppe
Sjølv om boka er ein godbit, fullspekka av kunnskap, kunne den med fordel vore litt kortare, og delane som fokuserer på rein faktaformidling kunne blitt formidla på ein enklare måte. Det trur eg ville gjort kunnskapen meir tilgjengeleg for folk flest, særleg om den var meir tilpassa ei målgruppe som ikkje kan mykje om tematikken frå før av.
Likevel, om du kan mykje eller nestan ingenting om skog vil eg garantere deg at du vil lære noko nytt. Det gjer at eg vil tilrå boka til alle unge vaksne og oppover, uavhengig av bakgrunn.