BOKMELDING
BOKMELDING TITTEL: I SKOGENS DYPE, STILLE RO – JAKTEN PÅ DEN NORSKE URSKOGEN (2019) FORFATTAR: MIKKEL SOYA BØLSTAD FORLAG: J.M. STENERSENS FORLAG A.S
GLØYMER ME KORLEIS SKOGEN SER UT? Engasjerande bok om jakta på den norske urskogen. Tekst: Jannicke Totland
Det er mange bøker om natur og miljø, men det er lenge sidan eg har lese ei bok som eg både har lært mykje av, men som eg og har fått nytta kunnskapen i praksis. Her leverer Mikkel Soya Bølstad med ei bok om den norske urskogen. Meir enn livlause granplantasjar Ein skulle kanskje tru at folk veit korleis ordentlig gamalskog ser ut. Men eit kjapt søk på emneknaggen #urskog på Instagram viser urovekkjande resultat. I mellom tre som kan minne om urskog finn ein mange bilete av granplantasjar og natur som lyser monokulturelt og livlaust landskap. Under ein halv prosent av den norske skogen seiast å vera urskog og
32
om lag 75 prosent av skogen er flatehogd og erstatta med plantasjeskog. Med andre ord, har gamalskogen blitt så sjeldan at mange av oss ikkje lengre veit korleis den ser ut. Dette er ein tematikk som biolog og forfattar Mikkel Soya Bølstad tek opp i boka I skogens dype, stille ro – Jakten på den norske urskogen.
«PÅ MEISTERLEG VIS KLARER HAN Å FLETTE SAMAN EIGNE OPPLEIVNGAR OG VITSKAPLEG FAGSTOFF» Levande og engasjerande I boka klarer Bølstad å formidle på
ein levande og engasjerande måte, og skriv om den verdifulle skogen me er i ferd med å miste. På meisterleg vis klarer han å flette saman eigne opplevingar og vitskapleg fagstoff, noko som bidrar til at lesaren både får eit eigarskap til det ein les i tillegg til å lære. I utgivinga, blir ein tatt med på jakta på den norske urskogen. I leitinga besøker ein område ein allereie veit eller mistenker inneheld særs verdifulle naturtypar. Det tek ikkje lang tid før det viser seg at ein ikkje treng å reise langt i frå hovudstaden for å finne restane av det som er igjen. I jakta blir lesaren med Bølstad åleine, saman med døtrene eller både