![](https://assets.isu.pub/document-structure/210830082256-e5031cf3b0d4cdbcfd02ba7e3bee63f6/v1/97d7f38dd559ae6a3d28cf4822b2691d.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
1 minute read
Magne Aase 70 år
MAGNE AASE ER POWER
Vi har også med oss på laget ein som er eldre enn oss. Power Sunnfjord starta som Balestrand Elektriske i 1951, av Magne Aase, og vart i 1957 etablert i Kyrkjevegen 4 som Magne Aase. Det er nok den tv,- og kvitevareforhandlaran ein heil generasjon har eit nært forhold til. Magne Aase selde sitt første fargefjernsyn 29. januar i 1970 og sidan den tid har det vore ei enorm teknologisk utvikling.
Advertisement
Steinar er også ein del av denne historia. Han starta si karriere som 7-åring med å levere brev. – Slik meinte mor mi at vi kunne spare litt på portoen sidan løna mi var lågare enn prisen på frimerket, ler Steinar. Han arbeidde i butikken frå 1981 og overtok som dagleg leiar i 1993. – Eg har prøvd å ta Magne Aase-sjela med meg, fortel Steinar. – Vi skal vere gode på kundetilknyting og service, følgje opp og ta vare på kundane våre og ha eit ansvar for vara vi har selt. Vi høyrer framleis at kundar seier «vi har alltid handla alt på Magne Aase». Den tilliten skal vi ta godt vare på, seier han. – Vi skal også ta godt vare på dei tilsette. Det er grunnlaget vårt for å gje kunden det beste. I den enorme teknologiske utviklinga er det ingen som kan alt, vi har kvar vårt område som vi har ein lidenskap for, og såleis er vi også veldig avhengige av kvarandre. Mitt interessefelt er, og har alltid vore, kvitevarer. Når vi valde å vidareføre Magne Aase i Power, var det eit bevisst val. Livet er sett saman av epokar, og det var naturleg for oss å bli med i noko større som hadde marknadskraft og kunne gje oss den drahjelpa som vi trengde. Vi fekk etablert oss på Elvetorget 11. april i 2019 og er overbeviste om at vi fekk den beste beliggenheita i Førde og med ei kjede som Power i ryggen er vi klar til å framleis vekse inn i framtida. Med Magne Aase-sjela med oss. Steinar Aase, son til Magne Aase og dagleg leiar i Power Sunnfjord.