![](https://assets.isu.pub/document-structure/210830082256-e5031cf3b0d4cdbcfd02ba7e3bee63f6/v1/f5c4165226752ac0dfac1f9d420070ff.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
3 minute read
Huseigarane sin representant Jonny Tjønn
Dagleg leiar Jonny Tjønn
Jonny Tjønn er huseigarane sin representant utad og har sidan 2009 vore dagleg leiar for Fritz Hjelmeland sine selskap.
Advertisement
Dette er ei rolle som involverar han i mykje av det som skjer i Førde. I tillegg til drifta av Førde Torg og Elvegården, har han fått Domstolen i nytt bygg på sørsida, og no er også Norec flytta inn i nye og flotte lokale i same bygget. Samstundes har han leia ombygging og oppgradering til stor konferansesal på Sunnfjord Hotell. – Vi er med på veldig mykje spennande i Førde no. Når vi har så mange bygg i sentrum er det naturleg at det vert mykje oppussing og vedlikehald. Dei siste 4-5 åra har vi blant brukt ca 25 mill kr på vedlikehald av Elvegården og Førde Torg, og det vart eit synleg løft når vi fekk ny fasade på Elvegården. –Elles hugsar eg godt samanbygginga av dei to bygga. Det var ein
lang prosess, og det var ikkje gitt at vi fekk det til. For det første måtte vi bli einige om utforminga, og når vi fekk det på plass var det eit styr å få det godkjent. Motargumenta var at det måtte vere gjennomkøyring for bilar og at bygget vart for langt. Nokre meinte også at vi ikkje måtte fjerne muligheten for å sjå Halbrendsnipa i opninga mellom bygga.
I ettertid er nok alle einige om at det var heilt rett å bygge saman Elvegården og Førde Torg og gjere det til eitt senter. – Det siste prosjektet vårt no er sjølvsagt scena på Torgplassen, sier Jonny fornøgd og ser ned på scena frå kontoret sitt. Dette er huseigarane sitt bidrag til kundane og innbyggjarane i Førde. – Vi er opptekne av møteplassar og aktivitet i sentrum og stiller derfor scena til bortimot fri dispensasjon.
Vi er også opptatt av å ha det fint rundt oss og har tilrettelagt med grøntareal og bord og benkar langs elva. Uteområdet vårt vert jamnleg vedlikehaldt gjennom året for å legge til rette for dei som ynskjer å bruke det. – Vi har verdens beste vaktmester! Dersom eg tenker at noko skulle vore gjort, har han alt gjort det. Han kjenner kvar ein krok på bygga og steller det som det skulle vore hans eige. Det er eit uvurdereleg arbeid han legg ned. – Det er ikkje berre bygga og uteområdet som skal vedlikehaldast. Vi er også veldig opptatt av å ta vare på leigetakarane våre. Det er ofte vanskeleg å få inn nye leigetakarar, men når dei først er komt inn blir dei veldig ofte verande. Det er stort å kunne få på plass dei store og kunne skrive langvarige kontrakter. Det er ein huseigar sin draum. – Eg prøver å ivareta Fritz og Torbjørn sin grunntanke om å hjelpe dei som treng det for å komme i gang, seier Jonny. La dei få fotfeste og ei starthjelp om dei treng det. Dette har også gjort til at vi har stabile leigetakarar som vi har eit veldig godt forhold til. Dei opplever at det er kort avstand mellom behovet og beslutninga, og at løysingane kan tilpassast. – Det var ein opplevelse å arbeide i lag med Fritz. Han var ein raus person, men også tøff mot dei som han meinte ikkje gjorde jobben sin. Eg har sjølv gjort eit par tabbar som har kosta mykje og einaste kommentaren til ein fortvila syndar var at «det var dumt, det skulle ikkje du gjort». Og så var vi ferdig med det. Han hadde også ei evne til å vere til stades når det var viktig og stilte alltid dei rette spørsmåla. Han var ein lokalpatriot, og veldig opptatt av lokaleigd næring og lokalstyret er også vårt fortinn i dei selskapa vi har. Eg fekk nokre lærerike år i lag med han før han gjekk bort i 2013.
Mine framtidsutsikter er å fortsatt legge til rette for trivsel og sørge for ei sunn forretning ved blant anna fulle lokaler. Og sjølvsagt tenker eg at det hadde gjort seg med eit tak i ei eller anna form over Torgplassen, smiler Jonny lurt.