4 minute read

Vaktmester Jan Ove Kalstad

Next Article
Frå albumet

Frå albumet

Du har sikkert sett Jan Ove i arbeid enten med å måke snø, klippe plenen, bygge om eit lokale eller på veg frå det eine til det andre. Det er ingen som har så mykje å gjere og likevel er så tilsynelatande avbalansert som han.

I 1981 søkte han jobb hos Entreprenør Fritz Hjelmeland som mobilkranførar. Han fekk jobben med ei prøvetid på 3 månader. – Fritz var ein som eg hadde respekt for, så det føltes bra når eg vart godkjent og fekk fortsette, seier Jan Ove, som no har vore her i 40 år. – Eg har hatt alle moglege oppdrag som mobilkranførar, køyrt hjullastar, kran og gravemaskin. Det har vore mykje maskiner og betongarbeid. Her skyt Jonny inn at det var ingen som var betre

Advertisement

mobilkranførar enn Jan Ove. Når det var vanskelege oppdrag. ringde andre ofte Fritz for å få låne den dyktige mobilkranføraren. Jan Ove bekreftar beskjedent at det kan nok stemme det. – Etter kvart vart eg med på fleire byggeprosjekt. Det starta med forskaling og støyping, men eg lærte mykje av alt eg var med på og etter kvart tok eg del i det meste. Elvegården har vore eit langvarig byggeprosjekt med minst 5 byggetrinn. Det største var nok når vi bygde 4.etasje på 90-talet. Då var det ledig byggekapasitet og Fritz bygde denne etasjen utan å ha leigetakarar. Det stod tomt lenge, men han såg potensialet og fekk rett i det. – Førde Torg er nok det mest hektiske eg har vore med på å bygge. Vi hadde eit veldig tidspress på oss, og mykje skuldast nok Fritz sin effektivitet og enorme struktur på framdrifta. Det var veldig mykje overtid på den tida, minnast Jan Ove. Eit bygg som er bygd av veldig flinke arbeidarar! – Eg er litt usikker på når eg gjekk frå å vere tilsett som mobilkranførar til å bli vaktmester, ler Jan Ove, men det endra seg nok då eg var den einaste tilsette i selskapet og eg fekk ei naturleg rolle som ein slags mellommann mellom Fritz og arbeidarane på prosjekta han hadde. Ofte såg vi andre løysingar når vi jobba enn det som Fritz hadde planlagt, så da var det min jobb å overbevise Fritz om at vi måtte gjere det annleis.

Det har vore ei lærerik og spennande tid å arbeide for Fritz. Han var ein effektiv mann, alt skulle skje veldig fort og vi måtte stå på for å få jobben gjort i rett tid. Han var alltid tett på prosjekta og hadde ei eiga evne til å plutseleg dukke opp på byggeplassen når vi minst venta det, for å

følge prosessen på tett hald. Han var flink til å få folk til å jobbe og han gav seg aldri før vara var levert. Det har vore spesielt å jobbe så tett på ein arbeidsgjevar i så mange år, og eg har nok fått tatt del i jobb,- og privatlivet hans meir enn dei fleste. Så meiner nok familien min at det vart litt for lange arbeidsdagar når ungane var små. – Ei litt morsom historie er då Fritz var på ferie i huset sitt i Spania og då han skulle heim sat han askefast. Som sagt var han ikkje kjent for å vere tålmodig, så når han ville heim så måtte det skje fort. Så då køyrte eg til Spania og henta han med bil. Det var faktisk ein veldig fin biltur, ler Jan Ove – Det har vore ei veldig interessant tid, veldig lærerikt og utruleg kjekt å ha fått vore med på å bygge dette. Eg føler eit visst eigarforhold til desse bygga, og kjenner kvar krok i dei. Det er jo nyttig når det stadig er ombyggingar, ler Jan Ove. Og han avslører at ombygging og oppussing er det kjekkaste han veit!

Jan Ove har ord på seg for å alltid vere smilande og seier aldri nei. – Det kan bli mykje av og til innrømmer han, og eg vil helst nå over alt så då er det berre å jobbe litt overtid så kjem eg i mål.

Mykje har endra seg med åra og eg er ikkje i nærleiken av det arbeidspresset eg har. Eg har fått ein utruleg flott arbeidsgjevar i Jonny og han sørger for at eg også har fritid til å gå fjellturar både vinter og sommar. Han har vel tenkt at eg lyt halde meg i god form skal eg greie jobben min, ler Jan Ove.

Og kva vil så neste byggeprosjekt vere? – Det må vel bli leiligheter på toppen av bygga der eg kan bu og ta heisen ned i kjellaren på jobb, smiler han.

This article is from: