1 minute read
Torgscena
TORGPLASSEN OG
TORGSCENA
Advertisement
«Et torg eller torv er en åpen plass i en by eller et større tettbygd strøk, beregnet for utendørs handel med varer»
Ein Torgplass skapar forventningar om aktivitet. Det er ein marknadsplass der dei som har noko å selge får selt varene sine. Dette merkar vi spesielt om sommaren då det er ein attraktiv stad for bærseljarar og andre. Her set kundane på benkene og ventar på at dei skal komme, og ingen veit når. Dei kjem når dei er ferdig å plukke.
Vi ynskjer at Torgplassen skal vere den naturlege møteplassen i byen vår. Huseigar sitt bidrag til samlingar og aktivitet i sentrum er ei scene på 70 m2 med takoverbygg. Den er tilrettelagt for at dei som vil kan kome å bruke den for det som egnar seg. På denne måten vil vi kunne presentere mangfaldet i byen vår og samstundes underhalde både tilreisande og lokale tilhøyrarar.
Med ei permanent scene vert det også ekstra kjekt å kunne ynskje velkomen til Førdefestivalen, Nattope og andre arrangement.
NATTOPE I FØRDE – EIN FOLKEFEST PÅ TORGPLASSEN
Nattope er det største handelsarrangementet vi har i Førde. Kvart år rundt 10. november har butikkane i Førde langope og vi har trekning av gåver frå næringslivet på rundt kr 200 000,-.
Trekninga går føre seg på Torgplassen kl 21.00 og samlar langt over 1000 menneske framfor scena. Vi fekk ikkje arrangere vanleg nattope i 2020, men i 2019 hadde vi ein omsetnad på 6,6 mill og 15 600 betalande kundar på ein dag.
Hos oss treff du ofte ulike aktørarar som har noko å selje. Nokre av desse er Brito Spekemat, Kvalitet fra Havet, Torghandel, Bondens Marked og faste bærseljarar.
På Torgplassen vil du også oppleve folkefesten når Førdefestivalen har sine konsertar.