4 minute read

Elvetorget kjøpesenter

Elvegården + Førde Torg = Elvetorget

Elvetorget er kjøpesenteret som består av butikkane i dei to bygga Elvegården og Førde Torg, derav også namnet Elvetorget.

Advertisement

På eit skipingsmøte 25. mars i 2009 vart desse to sentera til eitt ved stifting av Elvetorget Senterforneing, og etter samanbygginga i 2012 vart dei også fysisk eitt heilt senter.

Men kjært barn har mange namn! Framleis er det mange som omtalar oss som Førde Torg, som var namnet då kjøpesenteret opna i 1996. Torget vert også i daglegtalen nytta av mange, noko som vi også sjølv brukar i omtalar som #trivselpåtorget eller #møtastpåtorget. Elvetorget er eit av få privateigde kjøpesenter i Norge. Butikkane er organisert i ei foreining som står for aktiviteten og presentasjonen av kjøpesenteret. Med eit godt samarbeid med ein raus huseigar, gjev dette oss ein frihet men også eit eigarforhold til senteret vårt.

Kanskje nettopp av den grunn har vi stabile leigetakarar som har vore hos oss i mange år! Blant dei aller eldste er som nemnt tidlegare Erdal Sport og Aba`s Inn, men også blant anna Centrum Salong, Bokuben, Yes Leikebutikken, Lindex, Rema 1000 og Chatlet Sport har vore her frå starten av.

Trivsel, godt samarbeid med huseigar og tilhøyrighet er viktige faktorar i denne samanheng. Vi er nok etterkvart ganske unike ved at vi har så mange privateigde butikkar og gründarar hos oss. I tillegg har vi mange som også tilbyr tenester utover dei varene dei sel, som gullsmed og urmakar, sykkelverkstad og reperasjon av klede.

Slik presenterte vi oss før vi vart eitt. I 2018 fekk vi ny logo som symboliserer det å møtast.

Vi er opptekne av trivsel for oss som jobbar her. Det får vi ved å møtast på tvers av butikkane, enten det er til fredagskaffien, frukostmøtet eller dugnaden. Vi driv kjøpesenteret i lag. Det kan høyrst ut som Kardemommeby. Og det er det!

Vi vil at Elvetorget skal vere møteplassen for «folk flest». Det skal vere godt å vere her. For mange er det det daglege besøket på senteret som berikar dagen. Vi vil vere eit folkeleg senter, som er ein plass for alle. Det er her vi skal møtast. Dette ser du i logoen vår, som består av to snakkebobler som symboliserer mennesker som møtast. Det er viktig for oss å ha dei gode og spennande butikkane, gode og varierte matplassar og trivelege lokaler. Det synes vi at vi har greidd.

Vi er stolte over dei gode matplassane vi har hos oss! Aba`s Inn er «still going strong» etter snart 40 år. Dei har nok framleis «byens beste» pizza. Olefine er vårt lokale bakeri og måtte utvide i fjor for å få plass til alle gjestane. Også LunsjKafe måtte utvide. Dei fekk eit mykje større kjøkken, som kjem til nytte når all mat blir laga frå botnen av. Det nye tilskotet vårt er Krut. Det starta med det lokale Sognefjord Kaffibrenneri. Og no har det utvikla seg til mat og drikke med kveldsope i helgene og arrangement som quiz og konsertar. Dette er ei spennande satsing og eit nytt konsept som vi tidlegare ikkje har hatt på Elvetorget.

Vi er veldig heldige som har ein god miks av lokaleigde butikkar og kjedebutikkar. Det gjev oss eit mangfald som vi veit at kundane våre set pris på. Det har vore ekstra spennande å oppleve at dei som har valt å starte ein butikk og har det som sin livsstil, har greidd seg så bra. Vi treng engasjement og satsingar for å vere med på å utvikle ein by og eit senter. Vi er ekstra stolt og synes det er beundringsverdig når Frode Sevaldrud no opnar sin tredje butikk på Elvetorget. I fjor opna han Medvind og i år opnar han Frost og frå før har han Storm. – Du må tore å satse og gjere det ordentlig, er Frode si suksessoppskrift.

Vi treng slike satsingar for å vere interessante både som by og som senter.

Det er også viktig at det skjer noko hos oss. Vi ynskjer velkomne dei som vil ha stand eller andre aktivitetar, så langt det er mogleg. Gjennom året har vi besøk av Brito, Kvalitet fra Havet, Bondens Marked, for å nemne nokre. Vi lagar også eigne arrangement og aktivitetar gjennom året og har alltid med oss ei russegruppe, som blant anna lagar moro for barna.

EIT SENTER I UTVIKLING

I løpet av den siste tida har både Olefine og LunsjKafe utvida og oppgradert for å auke kapasiteten og ha betre plass til kundane. Også Cubus fekk større og ny butikk når Olefine endra litt i lokalet sitt.

NYOPNINGAR

Krut er kaffebaren som serverer eigenprodusert kaffi frå Sognefjord Kaffibrenneri. Krut har samarbeid med blant anna Kinn bryggeri og er ope for arrangement i helgane.

Det var stor spenning knytt til den nye butikken, Medvind, som opna i mars 2020. Det var bevisste valg på interiør og utforming, og eigarane ville sette sitt særpreg på denne butikken. Dette er den andre butikken som Frode Sevaldsrud eig på senteret, og snart opnar den tredje.

This article is from: