1 minute read

Samanbygginga av Elvegården og Førde Torg

Samanbygging 2012 To blir ein

Det er mykje historie i desse veggane. Torbjørn og Fritz var to ulike personlegdomar: begge var sta og målbevisste, men i lag har dei vore med å bygge eit av dei store sentera mellom Ålesund og Bergen i handelsbyen Førde.

Advertisement

Etter mange år som to bygg vart Førde Torg og Elvegården bygd saman i 2012. Dette vart ein suksess for både Førde Torg og Elvegården og det felles namnet, Elvetorget, starta etablere seg.

Elvetorget har i denne perioden gått godt økonomisk og satsinga som eigarane gjorde viste seg å vere riktig. Eigarane har bidrege til at det skal vere eit interessant senter og det skal vere godt å vere leigetakar her. Mange har fått den starthjelpa dei trengde for å få hjula i gang, og rause huseigarar og eit senter som blir godt drive, har gjort til at her er stabile leigetakarar som gjer det bra.

Konkurransen i Førde innan handel er sterkt aukande. For Elvetorget gjeld det å vere dyktig nok, slik at vi klarer å hevde oss blant dei beste. Dette klarer vi gjennom dyktige og solide leigetakarar, med høg kompetanse og god økonomi, gjennom gode parkeringstilbod, eit konkurransedyktig leigenivå, og ei profesjonell marknadsføring via Elvetorget.

Samanbygginga engasjerte mange og fekk store medieoppslag. Faksimiler frå Firda.

Før samanbygginga.

Etter samanbygginga.

Slik ser det ut der biltrafikken tidlegare gjekk gjennom. Krut kaffebar har fått eit attraktivt og fint lokale. Det er god plass til å samlast på Torgplassen når vi fjerna biltrafikken mellom sentera.

This article is from: