3 minute read
Erdal Sport 50 år
FAMILIEBEDRIFTA ERDAL SPORT
Arne Erdal starta Erdal Sport i dei lokala som dei framleis er i, 5. november 1971 og feirar i år 50 år.
Advertisement
– Alt starta med at eg hadde denne tomta som Fritz Hjelmeland gjerne ville bygge på. Så gjorde vi ein avtale med at han bygde og leigde tomta og eg leigde lokale, fortel Arne. – Eg var aktiv innan friidrett og hadde interesse for sport, og syntes det var bruk for ein sportsbutikk i Førde. På den tida var butikkane på sørsida, der også Førde Sport heldt til. Så vi var ganske åleine her. Ikkje var brua her då og veien gjekk ikkje lenger enn hit. Det har vore ei enorm utvikling i Førde, stadfestar han. – Det var ikkje lett å drive butikk. Eg jobba døgnet rundt og tok ikkje ut lønn på mange år. – Det var min jobb vi levde på dei første åra, fortel Ruth Erdal. – Eg dreiv butikken åleine den første tida, fortel Arne. Det viktigaste var at butikken måtte overleve. Når eg skulle hente varer måtte eg henge opp lapp på døra at det var stengt, og når eg var sjuk sat eg gøymt inne i butikken og håpte at det ikkje kom kundar, ler han. – Rådet frå legen var at eg ikkje skulle sjekke kor mykje eg hadde i feber. – Når Ankerløkken kom vart det ein vesentleg forskjell på aktiviteten. Vi var den første butikken i dette bygget, men etter kvart kom det fleire og vi vart ein del av eit større butikkmiljø. Det er mange som har vore innom her. Den første naboen vår var Ford, i tillegg har bygget husa lokale leigetakarar som Erling Gjelsvik og Erling Nesse for å nemne nokre av dei første som var her. – Dette er ikkje ein jobb, men eit liv, seier han. – Heile familien har delteke i denne bedrifta, og han fortel om Herman som stod på ein krakk bak kassa og solgte varer når han var 4 år gamal. – Og her er eg framleis, smiler Herman.
Arne starta ei våpenavdeling i sportsbutikken. Herman fatta interesse for jakt og konkurranseskyting og utdanna seg til børsemakar og tok med seg våpenavdelinga på loftet. Dermed vart Våpenloftet til. I år feirar dei 30 år! – Som sportsbutikk var vi ein av dei første som vart med i G-sport-kjeda. Vi var likevel veldig opptatt av å vere lokale og har alltid presentert oss som Erdal Sport. Det personleggjer det vi driv med og vektlegg dei verdiane som alltid har vore viktige for oss, fortel Arne og får bekreftelse frå Herman som no representerer desse kvalitetane. – Det er viktig å finne sin nisje, seier han. Vi må spesialisere oss og ha fag-
Nokre av dei som var med frå tidlegare tider: Stein Erik Øvrebø, Ole Johan Hegrenes, Lauge Mandelid og Arne Erdal. Vi kan nemne at den første tilsette var Steinar Sæterlid.
Herman Erdal ved opninga av Våpenloftet for 30 år sidan.
kunnskap. Dette har vi merka veldig tydeleg på Våpenloftet, men også innan fiske og ski for å nemne noko. Og så strekk vi oss veldig langt for å betjene kundane våre!
Framleis treff vi heile familien Erdal på jobb. Ruth er innom kvar dag og tek noko av papirarbeidet. Irene kan bekrefte at dette er blitt ein livsstil for heile familien, og med to aktive og dyktige idrettsutøvarar i familien, Karoline og Ole Martin, er det sport som gjeld døgnet rundt. – Eg følger framleis med og er innom så ofte det passar, fortel Arne. Det er godt å sjå at det vert drive vidare i familien. Eg ville gjort det same ein gong til om eg skulle valgt igjen.
I det vi avsluttar vil han få lov til å skryte av den tilrettelegginga som Jonny Tjønn gjer på vegne av huseigar. Det å ivareta både huset og leigetakarane og samarbeide om å sjå løysingar, opplever han som ein veldig viktig faktor for stabilitet og trivsel. – All honnør til huseigar, avsluttar Arne.
Familien Erdal. Arne, Ruth, Herman og Irene.