2 minute read
Regnskapssentralen AS og Sæle AS – dei første leigetakarane
DEI FØRSTE
LEIGETAKARANE
Advertisement
Dei to første leigetakarane i kontordelen av Elvegården var Regnskapssentralen AS og Sæle AS. – Eg begynte hos konsulentfirma Oddvar Sæle i 1972 og då hadde firmaet vore etablert i lokala i Elvegården sidan hausten 1971, fortel Sæmund Bjørset. – Regnskapssentralen flytta inn her i 1971, fortel Asbjørn Steen. Eg fekk kontor vegg i vegg med kontoret til Fritz’en så det var kort vei når eg skulle inn og diskutere noko, ler han. – Vi var i kvar vår ende av bygget den gong, fortel Bjørset. – Men vi har flytta mange gonger her. Vi var små så det var lett å flytte oss vidare når han fekk tak i dei store statlege leigetakarane. Handelsskulen heldt til her ei stund og så kom NVE.
Førde har hatt ei fantastisk utvikling
SÆMUND BJØRSET
– Elvegården var eit av dei første store bygga i Førde og Fritz tenkte langsiktig når han bygde dette. Førde var ei bygd i vekst og området her hadde gode parkeringsmoglegheiter, sjølv om det på den tid omtrent ikkje fantes biltrafikk i sentrum og det var mange ledige parkeringsplassar. Sentrumområdet i Førde har hatt ei fantastisk utvikling, konkluderer Bjørset. – Når eg starta i firmaet som ung ingeniør var det ikkje så mange konsulentselskap i området så vi hadde mykje å gjere, både i Førde og i andre delar av fylket. Vi har hatt mange oppdrag både for Elvegården og andre byggeprosjekt som Fritz jobba med, så vi har alltid hatt eit tett samarbeid med huseigar. Også Regnskapssentralen har hatt eit tett samarbeid ved at dei den seinare tida førte rekneskapa til alle selskapa. – Eg var også formann i bygningsrådet i ein periode og behandla mange av byggesakene på den tida, så eg hadde styring på kva han heldt på med, smiler Asbjørn. Det var ikkje alt han fekk som han ville.
Latteren sit laust, og historiane og minna er mange når desse to byrjar å fortelle. Det er lett å drøyme seg tilbake til gamle tider i ei lita bygd der arbeidsverktyet var teiknebrett, reknestav, blyant og linjal og store maskiner med magnetkort. Overgang til ny teknologi var kostnadskrevjande og omfattande. – Vi har flytta ein gong sidan vi kom her. Eg trengte meir plass og Fritz ville ikkje gje frå seg kontoret sitt, så då måtte vi heilt bort i andre delen av bygget. Det var krevjande! Vi fekk tak i vektløftargruppa i Naustdal for å flytte døra til safen. Vi fekk oss eit veldig flott lokale med gode kvalitetar. Kanskje han ville bøte på at han ikkje gav frå seg kontoret sitt, smiler Asbjørn. – Fritz var ein tydeleg person. Vi visste alltid kvar vi hadde han, men det mangla ikkje på diskusjonar. Eg hugsar spesielt ein gong det vart oppheta stemning når vi krangla om 4 m2. Då slo eg i bordet og forlangte ny kontrakt innan 1 time. Og det fekk eg. Fritz var ein god huseigar. Han var tydleg og ryddig og eit ord var eit ord. Bjørset nikkar og er heilt einig i denne beskrivelsen. – No er Førde der framsynte politikare på 60-talet ville vi skal vere, avsluttar Bjørset. Når sjukehuset vart bygd og handelssentera er etablert, er Førde blitt den trafikkmaskina vi vil vere.
Så avsluttar vi før vi begynner å diskutere løysingar for trafikken i dagens sentrum.