2 minute read

Aba`s Inn

Next Article
Frå albumet

Frå albumet

BYENS ELDSTE GATEKJØKKEN

ABA`S INN

Advertisement

Andreas Vilnes var styrar på Firdatun Kafé der Fritz Hjelmeland pleidde å ete middag. Andreas hadde alltid hatt lyst å starte noko for seg sjølv og spurte difor Fritz om han hadde eit ledig lokale til han. Såleis starta eventyret til Aba`s Inn i Elvegården 27. desember 1983.

Kanskje det er nokon som lurer på kva namnet betyr? Bjørg kan avsløre at det det er initiala til familien Andreas, Bjørg og Aleksander. Trond vart fødd i 1985, og Bjørg spøker med at dei skulle vel tatt med han også og endra namnet til Taba`s Inn. – Både Fritz og Andreas hadde til felles at dei var nøysommelege og sta begge to. Dei kom likevel godt overeins og Andreas fekk laga seg eit greitt lokale i Elvegården. På den tida var Elvegården eit frittliggande bygg og vi hadde luke der du handla. Så vart vi det første gatekjøkkenet som du kunne gå inn i. Fritz likte også slik vi innreia det og sa at vi hadde fått det fint til, fortel Bjørg. Og då er det ingen grunn til å endre på noko, ler ho etter 38 år i same lokalet. – Første dagen var omsetnaden ca kr 400,-, og sidan har det auka på. Vi har klart oss bra. Og vi har jobba mykje. Det har stort sett vore 12 timarsdag på oss begge i alle år. Vi har likt arbeidet vårt og det har vore kjekt å treffe folk og prate med alle. Av og til syntest Andreas at eg prata for mykje og meinte eg måtte få gjort litt arbeid og. Eg synest det er viktig å snakke med folk, ha godt humør og yte god service. Menyen er også den same, ler Bjørg. – Det vi held på med er så gamaldags at det er ingen andre som vil begynne med det, det er vel difor vi sel så bra. Også dei som veks opp no vil ha det same som vi andre ville for 30 år sidan. Brulandsporsjonen som var ein slager på 80-talet står framleis på menyen. I Firda fekk vi omtalen med «byens beste pizza».

No vil også dei som er like gamle som meg og eldre, ha hamburger og pommes frites. Det var ikkje vanleg før, vi er blitt meir ungdomelege. Og så lagar vi ikkje alt mulig. Har vi ikkje det dei spør etter må dei kjøpe det vi har eller gå andre stader, smiler Bjørg. – Vi har funne vårt konsept, og så kan andre gjere det på sin måte. Vi er opptekne av at det skal vere god mat, rask levering og god stemning. Og så kan kundane velje kva dei vil ha på og kor mykje dei vil ha. Vi kastar oss ikkje på nye trendar men held fram slik vi alltid har gjort. Eller det vil sei, eg har vegetarburger også altså, ler Bjørg.

Bjørg driv framleis Aba´s Inn slik ho har gjort det i 38 år.

This article is from: