1 minute read
Elvetorget Gym – eige treningssenter for tilsette
ELVETORGET
GYM
Advertisement
I 2014 flytta Puls ut av lokala som dei nytta i Elvegården. Dette førte til at vi hadde ledig eit areal som høvde godt til treningssenter.
Vi valde difor å tilby eit eige treningssenter til butikkar og kontor som leiger lokale i Fritz Hjelmeland sine kontor og forretningsbygg. Målet var å bygge ein «stille gym» der ein har individuell trening med utstyr av høg kvalitet. Samstundes skulle det vere så billeg som mogleg. Dette skulle ikkje vere noko vi som huseigar tente pengar på, men noko som skulle vere med å auke trivsel og helse til våre leigetakarar. Tilsette og familie kunne få trene til ein billeg penge og vi kalkulerte med 300 medlemmar og ein pris på kr 150,- for dei som jobbar her og kr 250,- for familien eller treningskompisen. Det har vi klart og prisane har vi halde på dette nivået frå 2015 fram til i dag. Så for kvart år har det vorte billegare og billegare å ha eit treningsabonnement på Elvetorget Gym.