4 minute read
Historia om Førde Torg
Torbjørn Berqvam hadde tomta og Fritz Hjelmeland kunne bygge. Slik starta det.
Torbjørn Berqvam er utdanna ved NTH/NTNU i Trondheim og har arbeidd med betong sidan 1971. Vi torer å kalle han ekspert på betongsamansetninga ved glidestøyp! Frå 1975 arbeidde han i tolv og eit halvt år ved Condeep-anlegget i Stavanger der Norwegian Contractors bygde betongplattformer for oljeindustrien. Bygginga var for ein stor del basert på glidestøyp som er svært effektivt med omsyn til kostnad og byggetid, men medfører ein del ekstra krav til samansetninga av betongen.
Advertisement
Etter 1995 vart det ikkje bygd fleire betongplattformer i Norge, men ekspertisen hans har vore etterspurt og han har i samarbeid med den østerrikske glideentreprenøren “Gleitbau” vore engasjert på anlegg i mange land over heile verda. Erfaringane frå bygging av betongplattformer har gjeve han oppdrag i mellom anna Saudi Arabia, Qatar, Israel, tre land i Nord-Afrika, Chile, Brasil, Russland, Australia, Sør-Korea og mange gonger i Canada og USA. Oppdraga har variert frå 300 meter høgt tårn i Qatar,
motorvegbruer, tankar for flytande naturgass i Algerie, og mange skorsteinar med høgde opptil 200 meter.
Det var sjølvsagt heilt naturleg at han skulle bygge eit stort kjøpesenter i betong i heimbyen Førde.
Torbjørn vart fødd i 1944 og er oppvaksen i Førde. Sjølv om han budde i Stavanger i mange år, 1975–2000, er han ein Førdemann som har vore med på å bygge byen vår.
Kanskje alt starta i 1968, då Torbjørn hadde sommarjobb hos Fritz Hjelmeland som heldt på å bygge internatbygget på Mo Jordbruksskule.
Dei vart kompisar og det var mange treff og mykje prat om gode idear. Slik starta også eventyret om Førde Torg. Torbjørn hadde tomta og Fritz kunne bygge.
Fritz hadde god utsikt til tomta frå kontorvindauget sitt, så han sat nok og ville gjerne bygge på den. Men han sat ikkje lenge. Fritz var som kjent ein utålmodig mann, så når dette vart bestemt gjekk det fort framover, og Førde Torg vart opna 5. september 1996 med stor festivitas og mykje folk til stades. Mange var skeptiske til prosjektet og fleire meinte at tomta burde brukast til eit parkanlegg i staden. Vegvesenet var bekymra for auka trafikk på Rv 5 og meinte at tomta burde nyttast til føremål som ikkje ville medføre noko særleg trafikkauke, f. eks. eit trelastlager/byggevareforretning.
Byggjeprosessen var hektisk og effektiv. Når bygget stod ferdig var nesten 10.000 m2 forretningsareal pluss 3.300 m2 parkeringsgarasje i underetasje bygd til ein pris på kr 53,3 mill. Noko som var svært rimeleg også i 1996. Bygget er oppført i betong og element forblenda med teglstein og er av høg standard. Utførande totalentreprenør for heile byggeprosjektet var Fritz Hjelmeland AS. Parkeringsgarasjen var det første store parkeringsanlegget under bakken i Førde. – Vi hadde ikkje leigetakarar når vi starta og vi fekk litt kalde føter av og til når vi tenkte på at vi skulle fylle 10.000 m2, fortel Torbjørn. – Vi hadde likevel trua og var ikkje redde, Førde var ein god stad å satse. Etterkvart begynte det å komme mange lokale leigetakarar på bana, så var vi ut og kontakta ulike kjeder og blant anna Lindex var veldig interessert. Der fekk vi også veldig god hjelp med innvendige løysingar og hadde eit godt samarbeid med på utforminga. – Som eit morsomt eksempel kan nemnast at Fritz meinte det berre skulle vere ei rulletrapp opp frå første etasje, ingen ned. Om kundane kjem inn og opp, finn dei alltid vegen ut att, sa han. Så vi kan takke Lindex for at vi også har rulletrapp som tek kundane ut av senteret. Vi vil også nemne familien Stenbakk som fylte senteret med fire butikkar når vi opna, det var ei stor satsing av den familien. Det var også bra å få inn Rema 1000 som ein stor butikk som fylte mykje av arealet vårt då dei flytta frå sørsida og inn på Førde Torg.
Det var også viktig for oss å ha parkeringsplassar for kundane. Vi var heldigvis så forutsjåande at vi fekk godkjend parkeringsplassar for ei eventuell utviding på eit seinare tidspunkt. Vurderingane våre var også om det skulle vere 2 eller 3 etasjer, men konklusjonen var raskt at det var økonomisk å bygge 3 etasjer når vi likevel var i gang.
Det var Torodd Os som teikna bygget. – Og eg som godkjende det, ler Jonny Tjønn.
Førde Torg er eit stort bygg som i hovudsak husar butikkar. Før samanbygginga i 2012 var dette eit frittståande bygg. Her ser vi også den nye scena som stod klar i 2021.
– På den tida jobba eg i kommunen, og eg hugsa at eg fekk mykje kjeft for å ha godkjent dette bygget, ler han. – Det var eit utskjelt bygg ja, bekreftar Torbjørn. – Alle meinte at det skulle vore meir vindu, men det er ikkje praktisk i eit kjøpesenter der vinduaga vil vere mot kundar som er inne på senteret. Fritz og meg var rundt omkring og besøkte ulike senter for å finne gode løysingar i kombinasjon med innleigde senterarkitektar. – Eg synest vi har fått eit godt senter. Vi har ein god kombinasjon av lokaleigde butikkar og kjeder og dette gjev eit godt samspel. Vi er lokalpatriotar og gler oss over at dei lokale grundarane har greidd seg så bra. Vi har alltid hatt ein policy om å hjelpe dei som treng det, om det er for å komme i gang eller i ein forbigande periode. Eg trur også at senteret fungerer så godt fordi det er kort vei mellom huseigar og leigetakar. Vi har gjort mykje rett. – Og kjøpesenter i Førde har bidrege til ei god utvikling av byen og har ei god framtid, fastslår Torbjørn. Jonny Tjønn representerer eigarane etter Fritz Hjelmeland, og Torbjørn Berqvam eig 50% i Førde Torg.