SAMNANGER KOMMUNE Sektor for Helse og omsorg
Kreftomsorg og lindrande behandling i Samnanger kommune
Samnanger kommune ønskjer å kunna;
tilby god kompetanse og omsorg til pasientar og pårørande ved alvorleg sjukdom. koordinera tenestene til det beste for pasient og pårørande.
Ressurssjukepleiar:
Samnanger kommune har tilsett sjukepleiar som har kompetanse og definerte oppgåver innanfor kreftomsorg og lindrande behandling.
Tverrfagleg team:
Ved alvorleg sjukdom vil pasient og pårørande kunna ha behov for hjelp og bistand frå andre ressurspersonar i kommunen. Ressurssjukepleiar vil i samråd med pasient og pårørande kunne formidla behovet til den eller dei som er aktuelle.
Tilbod: - Heimebesøk med samtale, kartlegging og oppfølging - Råd og hjelp til lindring av smerter og plager - Informasjon - Bidra med informasjon om kva rettar pasient og pårørande har - Støtta pasient og pårørande - Samarbeide med fastlege og spesialisthelsetenesta - Omsorg ved livets slutt - Særleg oppfølging av barn som pårørande med å tilby kontakt med helsesøster som er barneansvarleg - Tilrettelegging i forhold til hjelpemiddel - Oppfølging av fysioterapeut
Medlemmane i teamet: Ressurssjukepleiar Kari Dyrhovden 95464221
Lege Kristian Jansen 94501822
Fysioterapeut Ă…se Waage Tveit 91641497
Helsesøster Kari Anne T. Boge 90213706
Psyk. Sjukepleiar Ingrid Tvedt Raknes
NAV Magne Djuvik
Prest David Vogel
Sjukepleiar Anette Hyttel
For ytterlegare informasjon ta kontakt med ressurssjukepleiar Kari Dyrhovden Telefon 56 58 98 50 / 95464221 kari.dyrhovden@samnanger.kommune.no
I Helse Vest har ein bygd opp nettverk av ressurs personar i kreftomsorg og lindrande behandling. Målet med nettverka er kompetanseheving og samhandling slik at kreftpasientar og andre pasientar med behov for lindrande behandling, samt deira pårørande, opplever god kvalitet og tryggleik i alle nivå av helsetenesta. Frå Samnanger kommune er Kari Dyrhovden med i sjukepleienettverket og Åse Waage Tveit med i fysioterapinettverket.
Nyttige lenkjer; www.helse-bergen.no Kompetansesenter i lindrande behandling Helseregion Vest www.haraldsplass.no Sunniva senter for lindrande behandling www.kreftforeningen.no