Julehelsing til dei tilsette 2016

Page 1

Rådmannsgruppa ønsker alle tilsette i Samnanger kommune God Jul og godt nytt år


Samnanger kommune vil takka alle tilsette for den innsatsen de legg ned i arbeidet for kommunen. Kommunen sine tenester er viktige for mange sin livssituasjon. Måten dei vert utførte på kan vera avgjerande for kvaliteten på kvardagen til den einskilde, og tenestene våre kan også vera vesentlege for korleis det framtidige livet til den einskilde vert.

Eit godt arbeidsmiljø, gode leiarar og kollegaer ein trivst saman med er viktig for kvaliteten på jobben som vert gjort. Me er no i innspurten av medarbeidarkartlegginga der de har fått høve til å gje oss som arbeidsgjevar tilbakemelding på korleis de trivst på jobben. Det er svært gledeleg at oppslutninga om undersøkinga er god. På sjukeheimen er svarprosenten heile 100%. Me ser fram til å gå igjennom svara, og me skal fylgja dei opp med nødvendige tiltak.

I 2016 har me fått arbeidd inn den nye organisasjonen med ei rådmannsgruppe på 5 med brei kompetanse og med 12 einingar. Heilskapleg utvikling av kommunen er eit viktig mål for oss, og ein vesentleg føresetnad for å nå dette målet er at alle drar i same retning. Den nye organisasjonen er utforma for å kunne jobba på tvers av einingar og fagområde, og me ser alt no fleire eksempel på at me har lukkast med å få til heilskapleg tenking. Dette skuldast ikkje minst at mange tilsette har engasjert seg i tverrfagleg samarbeid. I rådmannsgruppa er me trygge på at dagens organisering er riktig for å få til ei utvikling av lokalsamfunnet som gjer Samnanger meir attraktiv både for dei som alt bur her, men også med tanke på å trekke nye innbyggjarar til kommunen.


Me kan ikkje takke av for 2016 utan å nemne ein milepæl i Samnanger kommune si historie . I april kunne me endeleg ta i bruk ein toppmoderne sjukeheim til stor glede for brukarar, pårørande og dei tilsette.

Mange spanande oppgåver står framfor oss. Utbygginga på Bjørkheim senter ser me som svært viktig for framtidas Samnanger. Me gler oss mykje over at me snart kan ta i bruk eit moderne bibliotek. «Huset» skal vera ein møteplass for alle, og me forventar at mykje god kultur vil skapast her. Me oppmodar alle om å ta huset i bruk til våren.

Det nye kommunestyret har gitt organisasjonen utfordringar. Dei vil styrka kommunen sitt økonomiske handlingsrom, og for å få det til må utgiftene reduserast. Mange tilsette har i 2016 lagt ned mykje energi for å fylgja opp kommunestyret sitt vedtak. Mykje kreativitet og endringsvilje har vore vist i denne prosessen. Me vil takka for at de har gått inn i desse diskusjonane til tross for dei utfordringane endringar vil gi.

Budsjettet for 2017 er i hovudsak ei vidareføring av 2016. Me har klart å prioritera midlar til vedlikehald både på vegar og bygg, noko som er absolutt nødvendig. Med kommunestyret sitt vedtak om innstramming, kjem me likevel ikkje utanom reduksjonar, men for 2017 vil verknaden for dei fleste verta liten.

Julehelga er ei tid til ettertanke og til sosialt samvær. Ta vare på dagane, bruk fridagar til å slappa av og lada batteria. Spanande utfordringar står i kø i 2017, og desse skal me løysa i fellesskap.



Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.