Informasjonsbrosjyre om Samnanger kommune

Page 1

Samnanger – nÌrare enn du trur!

www.samnanger.kommune.no


Helsing frå ordførar I hjarta av Hordaland ligg vakre Samnanger og ­speglar seg mellom fjord og fjell. Her har rundt 2500 inn-­ byggjarar funne sitt paradis, og me har plass til fleire. Samnanger ligg landleg og idyllisk til, men likevel svært sentralt. Dei næraste naboane våre er Bergen, Os, Fusa, Kvam og Vaksdal. Storbyen Bergen ligg berre ein snartur unna, og mange samningar pendlar dagleg dit ­på arbeid. Me har eit engasjert lokalsamfunn og eit solid ­utbygd tenestetilbod til innbyggjarar i alle fasar i livet. Eit trygt og godt bumiljø, storslått natur og eit rikt og variert ­fritidstilbod er berre noko av det du vil få hos oss. ­Samnanger er ein kommune i vekst. Me har store ­kraftressursar og eit framtidsretta næringsliv, noko som gjev potensial for både meir bustadbygging og auka næringsverksemd.

Me ønskjer deg hjarteleg velkommen til Samnanger!

Samnanger – nærare enn du trur!


Tysse – den moderne «gamlebyen» Tysse er administrasjonssenteret i Samnanger. Kommunehuset ligg på Indre-Tysse, på nordsida av den mektige Tysseelva. Ytre-Tysse, sør for elva, er sjølve «Gamlebyen». Dette er den historiske tettstaden i Samnanger, og på 1920-talet blomstra turismen her. Internasjonale cruiseskip la ofte til ved Tyssekaien, og spente turistar vart frakta vidare med hest og kjerre for å beundra til dømes Fossen bratte. I dag er Ytre-Tysse eit triveleg samlingspunkt både for turistar og fastbuande. Her kan du gå innom ­ Tysse ­Landhandleri, kjøpa med deg ein kopp kaffi og ferskt bakverk, og så slå deg ned på kaien og nyta det heile – med vakker utsikt til. Kaiområdet på Ytre-Tysse er nytt og flott og har landgang for småbåtar. Den smale ­Tyssegata, som vart miljøgate i 2011, snor seg gjennom Ytre-Tysse. Her ligg gamle, idylliske trehus på rekke og ­ rad i lag med daglegvarebutikk, byggvarebutikk og tusenårspark. Kulturarrangement av ulike slag vert ofte lagt til Tyssekaien. Her kjempar dei sprekaste i bygda om å verta ­ «Årets monster» i det tradisjonelle Monsterløpet, her er det liv og røre under Samningaveko (biletet over er frå Samninga-veko 2017), og her kan ein få med seg både Luciafeiring og julegrantenning. Ved Tysseelva ragar den karakteristiske Safa-pipa opp frå Samnanger Fabrikker sine lokale. Safa har i dag ­administrasjonskontora sine på Ytre-Tysse, medan fabrikkutsalet ligg på Bjørkheim. Tett på elva like ovanfor ­Safa-bygget finn ein også vesle Smio, eit koseleg, gammalt murhus der det vert arrangert kunstutstilling kvar sommar.

Gåve til den som har alt!

Vi skreddarsyr gravering etter ditt behov.

Sans & Samning AS, Bjørkheim 26, Bjørkheim senter, 5652 Årland • Tlf. 56 58 79 00

BLOMSTER, KAFE OG INTERIØR www.sansogsamning.no

www.fjordtynna.no


Bjørkheim – i sentrum av utviklinga Bjørkheim har vorte eit viktig senter i Samnanger. Etter ei ­omfattande opprusting stod området fram i ny drakt ­sommaren 2017. Moderne bibliotek, universelt utforma offentleg park og badestrand, og eit stort, nytt forretningsbygg med butikkar og leilegheiter er noko av det området no har å by på. På Bjørkheim finn du også daglegvarebutikkar, motell med kafé og pub, bensinstasjon og bilsørvis og frisør. Frys du, tek du turen innom Safa sitt fabrikkutsal og finn deg noko mjukt og varmt i ull. Har du lyst på kaffi og kaker, eller kanskje nokre nye blomar til heimen, er trivelege

«Sans og Samning» staden å gå. Kortreist mat og lokalt handverk finn du på Laga. Treng du ny bunad, eller å ordna på den gamle, så kontakt «Bunadsdamene» som også er å finna på Bjørkheim. Bjørkheim er eit av områda i Hordaland med stort utviklingspotensial innan handel og sørvis. Her er det også ledige næringslokale for deg som vil starta eiga verksemd. Vil du ­driva klesbutikk, apotek, bilbutikk eller kanskje noko heilt anna? Då har me plass til deg!


Kvalitet og tryggleik for gammal og ung Køyrer du gjennom Samnanger ein heilt vanleg kvardag i sommarhalvåret, ser du kanskje ein flokk barnehageborn, med knall oransje redningsvestar, langs vegen. Dei er sannsynlegvis på veg ned til fjorden for å undersøkja livet i fjæra i lag med n ­ okon av dei vaksne i barnehagen. I Samnanger er det enkelt å koma seg ut i n ­ aturen, og turar i skogen eller til sjøen står ofte på timeplanen i skule og ­barnehage. Nærleik til naturen er berre eitt av goda born som veks opp i Samnanger, kan nyta godt av. Me tilbyr kvalitet på alle plan. Høg fagleg kompetanse og nye bygg med gode uteområde er noko av det som kjenneteiknar skular og barnehagar i ­Samnanger. Me har tre barnehagar; ein av dei er gards- og friluftsbarnehage. ­Ungdomsskulen vår har rundt 80 elevar, og barneskulen rundt 200 . Barneskulen vart utvida med eit funksjonelt tilbygg og eit idyllisk og leikevennleg uteområde i 2013. Nybygget er eit passivhus. Dei andre bygga har naturleg ventilasjon med oppvarming via jordvarme. Med andre ord er barneskulen vår ein ekte miljøskule. Det skal også vera trygt og godt å verta gammal i Samnanger. Samnangerheimen stod ferdig ombygd våren 2016 og har vorte ein moderne og brukarvennleg sjukeheim med enkeltrom til alle bebuarar. Me har også ei godt etablert heimeteneste slik at eldre som ønskjer å bu heime lengst mogleg, har høve til det. Siste nytt i kommunen vår er innkjøp av drosjesyklar med el-motor til Samnangerheimen. ­ Med desse skal også dei eldre få koma seg ut på sykkeltur, kjenna vinden i andletet og nyta synet av fjord og fjell og grøne bakkar

GRUSTAK

Salg av grus, pukk, sand, singel, fresemasse, jord og bark. Tipp-plass for jord, stein og asfalt. LEVERING ETTER AVTALE MED GRABBEBIL Setravegen 30, 5652 Årland Endre - telefon 901 66 299 Rune - telefon 476 25 608

Åpningstider: Mandag–fredag: 07.00–15.00 eller etter avtale http:// rolvsvageninvest.no


Ei aktiv fritid året rundt Spør du samningane kva dei likar best ved bygda si, kjem den flotte naturen høgt opp på lista. «Og så er det mykje kjekke folk her», legg dei fleste til. For mange er Samnanger ei uoppdaga naturperle. Her kan du gå fotturar eller sykla i vakkert landskap, du kan hiva ut snøret på ein idyllisk fiskeplass, nyta båtlivet eller ta deg ein dukkert i fjorden. Den storslåtte naturen, som rommar alt frå fjord til ­ høgfjell, gjev uendelege moglegheiter for friluftsliv, uavhengig av alder og fysikk. Vil du stå på ski, tek du turen til Eikedalen skisenter. Med 8 heisar, mellom dei den tiande lengste stolheisen i Nord-Europa, er Eikedalen skisenter det største alpinsenteret i Bergensregionen. Er langrenn meir din stil, reiser du til Totræna vinterpark. Området er nyleg rusta opp og har flotte forhold både for turgåarar og ­konkurranseløparar. Samnanger har også gode forhold for ulike typar idrett i sommarhalvåret. ­Sommaren 2017 vart idrettsanlegget i Samnanger oppgradert med både ­kunstgrasbane og friidrettsbane. Vi du ha ei aktiv fritid, er Samnanger plassen å bu.

Nordvikasetret I Samnanger finst det mange fine turområde som byr på eit ­mangfald av naturopplevingar. Eit område som er mykje brukt både sommar og vinter, er ­Fitjavatnet. Ved nordenden av vatnet ligg Nordvikasetret som det er knytt ein lang historie til. Ein gong for året, første helga i juni, møtest samningar og ­vaksdalingar til Nordvikaseterstemna, ei friluftsgudsteneste med over 100 år lange tradisjonar.


Eit engasjert lokalsamfunn I Samnanger finst det rundt tretti frivillige lag og organisasjonar, og over 1500 samningar er medlem av eitt eller fleire lag. Hos oss er det gode moglegheiter for å finna noko akkurat du eller din familie har lyst til å driva med på fritida. Me har eit stort og aktivt idrettslag som tilbyr mellom anna fotball, handball, orientering, alpint, langrenn og ­idrettsskule. Me har skyttarlag, jeger- og fiskarlag, kunstlag, historielag og pensjonistlag. Vil du spela eit instrument, finst det korps både for born og vaksne. Er du glad i å vera ute i naturen, gjer du lurt i å sjekka ut nettsidene til Samnanger turlag. Dei arrangerer turar og aktivitetar for born og vaksne gjennom heile året. Rundt om i dei mange ­grendene i bygda finn du også aktive ungdomslag og velforeiningar. Med ­engasjerte eldsjeler i spissen, dreg dei i gang alt frå festar og konsertar til utstillingar og kurs.


Godt å bu, godt å leva Vel du å busetja deg i Samnanger, har du mange moglegheiter. ­Anten du ønskjer å kjøpa tomt, hus eller leilegheit, finn du gode bumiljø både i sentrumsnære og landlege omgjevnader. Hos oss får du ­fridom til å velja det som passar deg og familien best. Ønskjer du å leiga hus eller leilegheit, er det også høve til det. Me har god plass i denne grøne, vakre bygda vår. I kommuneplanen er det lagt til rette for store tomteområde for bygging av ­einebustadar med både stor hage og ­panoramautsikt. Me har også svært konkurranse­dyktige tomteprisar og eit lokalt næringsliv som står klare til å hjelpa deg med bygginga.


Fossen bratte – ”Brudesløret” Den gedigne Fossen bratte er også verdt ein stopp, både for turistar og fastbuande. Med sitt veldige fall er fossen litt av eit syn, og det er også flott utsyn nedover dalen frå stupet der fossen buldrar utfor.

Notaholmen Den største – og minste – turistattraksjonen i Samnanger må vera vesle Notaholmen, ved Nordbygda inst i Samnangerfjorden. I sommarhalvåret stoppar turistane nesten dagleg for å ta bilete av den idylliske holmen med eit lite hus på. Ved juletider blenkjer det frå eit bittelite juletre ute på ­Notaholmen. Garnhengja på Notaholmen står som eit minne om dei dagar folk rodde fisket. På Notaholmen vart nøtene tørka, bøtte og barka. Det var ein stor fordel å lagra dei ein stad mus og rotter ikkje slapp til – så kva var vel betre enn ein liten holme?

Tombre Gruppen består av 4 selskap og har ein produksjon på ca. 9600 tonn laks/aure i året. Me har pr. 2017, 32 ansatte, Hovudkontor på Drageid i Fusa kommune. Produksjonslokaliteter i Fusa, Kvam, Samnanger, Samnanger Osterøy, Fedje og Høyanger. Me driv ei framtidsretta næring i moderne anlegg.

www.tombre.no

Det knyter seg ei tragisk historie til Fossen bratte. Den 13. juli 1951 var det unge ekteparet Ginette Doux og René Zephir Laigle på bryllaupsreise då dei køyrde utfor vegen øvst ved Fossen bratte. Dei mista begge livet. Nedst i dalen er det sett opp ein minneplakett om hendinga.


Næringsliv i vekst I tillegg til vasskraft har hovudnæringane i Samnanger tradisjonelt vore tekstilindustri, jordbruk, skogbruk og sørvis. I tillegg har me ei rekke ulike bedrifter i bransjar som mellom anna lakseoppdrett, betongindustri og asfaltproduksjon. Kommunen har ei særleg satsing på lokal samfunnsutvikling der utgangspunktet er å nytta lokale ressursar. Det er eit stort engasjement på området gjennom etablering av verksemder knytt til lokal mat, tradisjonshandverk og kulturbasert reiseliv. Samnanger har også eit næringsforum som jobbar med ulike typar næringsutvikling. Forumet satsar mellom anna aktivt på å leggja til rette for å tiltrekkja seg ulike næringsaktørar og internasjonale turistoperatørar. I tillegg arbeider Samnanger kommune svært aktivt med å få etablert eit datasenter, og ligg i dag lengst framme med dette i Hordaland. I Samnanger har me fullt utbygd fibernettverk i sentrale område, og resten av kommunen er på veg. Me har eit ferdig regulert næringsområde med tilgjengelege tomter – for bedrifter med behov for stor plass så vel som for mindre verksemder og kontorarbeidsplassar.

www.eastudio.net Tlf: 474 08 999/ 402 86 252

Foto

Video

Drone


Ver smart - etabler bedrift i Samnanger!

har etablert seg i Rolvsvåg industriområde. Her finst fleire entreprenørar og transportselskap, treindustri ­(innreiing til næringsbygg og kjøkeninnreiing), betongindustri (ferdig­ element), fiskeoppdrett og ei verksemd som leverer grus, pukk og sand. Denne sistnemnde verksemda er også i gang med å byggja eit nytt, moderne asfaltverk.

Med plassering i hjarta av Hordaland er Samnanger ein ­attraktiv kommune både å busetja seg i og å starta eiga næring i. Me ligg sentralt i Bergensregionen, og nye samferdsle­ prosjekt, som til dømes den dobbeltspora jernbanen mellom Arna og Bergen, vil gjera Samnanger endå lettare tilgjengeleg og meir interessant for dei som vil starta eiga bedrift her.

Samnanger har også eit næringsforum som jobbar med ulike typar næringsutvikling. Å trekkja til seg og leggja til rette for ulike næringsaktørar er noko av det næringsforumet arbeider med.

Kommunen arbeidar aktivt med å skapa fleire arbeidsplassar. Etablering av eit stort og framtidsretta datasenter er blant prosjekta det vert satsa på, og kommunen ligg heilt i front på dette området i Hordaland. Vidare satsar kommunen særleg på lokal samfunnsutvikling med utgangspunkt i å nytta lokale ressursar. Det er stort engasjement på området gjennom ­etablering av verksemder knytt til lokal mat, tradisjons-­ handverk og kulturbasert reiseliv. I grenda Rolvsvåg har kommunen ferdig regulert nærings­­ område med tilgjengelege og rimelege tomter både for bedrifter med behov for stor plass og for mindre verksemder. Her er det mellom anna eigen djupvasskai ca. 500 meter frå det regulerte industriområdet. Ei rekke næringsverksemder

Over 70% av jordens overflate er dekket av hav. Kun 7% av matproduksjonen kommer fra havet. I 2050 vil vi være 9 milliarder mennesker.

FRAMTIDEN ER HAVET Ubegrensede globale karrieremuligheter! Vi er alltid på leting etter dyktige og kompetente menneske. Se våre nettsider for ledige stillinger, eller send oss din CV og åpen søknad. Vi i Lerøy jobber i framtidens næring og er et avlandets ledende sjømatselskap med over 110 års erfaring. www.leroy.no


Lokalmiljø og historie Antons kulturhistoriske senter På den nedlagte Frøland skule held Anton Drønen til med alle sine gamle ting. Her kan du snusa inn lukta av gamle bilar og drøyma deg tilbake til 50- og 60-talet. Antons kulturhistoriske senter er eit nostalgimuseum. Underetasjen er vigd til gamle køyretøy, medan det i etasjen over er utstilling av ulike ting som vart brukte i kvardagen for ein del tiår sidan. Du treng ikkje vera så frykteleg gammal for å oppleva eit plutseleg sus av ­nostalgi når du besøkjer Antons museum; det er fort gjort å stå der ­framfor ei lita Solo-glasflaske frå syttitalet og verta reint blank ­ i augo. Målet for Anton Drønen har vore å laga til ein stad der folk kan treffast og mimra litt frå ei tid som er forbi, la tida stå litt stille i eit nostalgisk miljø. Antons kulturhistoriske senter har òg etter kvart vorte eit populært utfluktsmål for ulike motorhobby- ­entusiastar som til dømes veteranvognklubbar, amcarklubbar og ulike merkeklubbar. Kyrkje sidan 1200-talet I Samnanger har kyrkja lange tradisjonar. Rundt år 1200 vart det første kyrkjebygget reist. Det var ei stavkyrkje. Som mange andre stader i landet vart også Samnanger hardt råka av svartedauden. I 1519 var det berre 11 skatteytarar att i Samnanger, og berre ca. 100 menneske budde her. Men etter reformasjonen kom det oppgangstider også i Samnanger. I 1652 stod ei ny kyrkje reist i bygda – på same staden som kyrkja i dag står. Men i 1721 vart kyrkja seld, for då var danskekongen i pengeknipe. Etter å ha vore i ulike eigarhender, vart kyrkja i 1834 gjeven tilbake til bygdefolket. På 1700- og 1800-talet var det stor folkevekst også i Samnanger. Kyrkja vart for lita. I 1851 vart difor den tredje kyrkja reist på Ådland. Så kjem du innom kyrkja på Ådland no, møter du ei kyrkje med lang og spennande historie, og med ­gjenstandar frå dei eldre kyrkjene. I dag har Samnanger to kyrkjer. Den moderne kyrkja på Haga rommar kontor og mykje av dei faste aktivitetane, som barne- og ungdomsarbeid. Tradisjonelt handverk – bøkring og bøkkertradisjon på Vestlandet For dei fleste småbruka på Vestlandet er attåtnæring naudsynt. Tradisjonelt har dette vore innan fiske, jakt og handverk. Bøkring var heilt sentralt: Tønner vart nytta til oppbevaring, konservering og som emballasje. Såleis er verksemda på garden til ­ Johannes Tysse i tråd med gammal tradisjon. På same måten som eit små- bruk i det norske fjordlandskapet har vist evne til å overleva i hundrevis av år, har tønnene overlevd inn i vår tid og får no nye bruksområde. Eldsjelene på Fjordtønna tek i vare handlingsboren kunnskap og tradisjonar. Familien Tysse har lagt vekt på å føra vidare det beste frå den gamle bøkkarverksemda med å laga små og middels store tønner i høg kvalitet – no tilpassa marknaden i vår tid. Dette arbeidet har gjeve Fjordtønna Bygdeutviklingsprisen for Hordaland og heiderleg omtale i samband med Hordaland fylkeskommune sin Oppfinnarpris.


Vilje, tru og mykje galskap At det er fullt mogleg å etablera og driva ei ­suksessbedrift i vesle Samnanger, er Osteriet på Tveit eit godt eksempel på. Høyr berre på denne historia: I 2005 overtok Bente Getz og familien ­­Guleiks­garden på Tveit, garden der mormora til Bente vaks opp. Garden var overgrodd og til nedfalls etter 50 år utan folk på tunet. Men Bente hadde ein plan, og ho skulle visa seg å vera kvinne til å gjennomføra han. Trass i at ho aldri hadde mjølka ei ku eller teke mot ein kalv før, vart to drektige kyr kjøpte inn i 2008. Valet fall på jerseykyr, ein rase som er kjent for å gje svært rik og god mjølk. Og så var ­­osteeventyret i gang. I dag viser Bente at det går an å leva av tre kyr og åtte sauer. Ho driv osteproduksjon i millionklassen og leverer både til Samnanger sitt lokalmatutsal Laga på Bjørkheim og til dei finaste restaurantar i Bergen. I tillegg til ost, vert det også produsert yoghurt, bakverk av ulike slag, syltetøy og ­­ kjøtprodukt på Guleiksgarden. Vilje, lyst, tru og mykje galskap er det som må til for å starta med eit slikt prosjekt og få det til, meiner Bente Getz. Alt kan lærast berre ein er villig til å prøva.

Tlf: 90 60 94 99 • E-post: fanebustbyggas@gmail.com

Utfører alt innan tømrartjenester

Rehab, nybygg, tilbygg og små oppdrag. Godkjent for litex våtromssystem. Utleige av stillas med montering og godkjenning.


Med full kraft inn i framtida Allereie for over 100 år sidan starta ei storstilt ­kraftutbygging i Samnanger, som har bidrege til vekst og utvikling i ­kommunen. Det har vore produsert kraft frå Samnangervassdraget sidan 1912, og den lokale kraftindustrien har alltid vore ei viktig hjørnesteinsbedrift. Produksjon av miljøvenleg vasskraft har stått og vil stå ­sentralt i utviklinga av Samnanger. Gjennom kommuneplan og klima- og energiplan har Samnanger teke mål av seg til å vera ein føregangskommune på miljøretta energi.

Det vert fokusert på gode klima- og miljøtiltak basert på alt frå tradisjonell vasskraft til moderne vindkraft og solenergi. Det er mellom anna etablert eit kompetansesenter for ­småkraft, for alle som fokuserer på småskala energiløysingar. Samnanger kommune fokuserer på grøn energi, og tenkjer alltid framtidsretta og berekraftig.

ELEKTRIKEREN I SAMNANGER Vi utfører El-installasjoner i alle typer bygg som boliger, forretningsbygg og industribygg. Vi har egen svakstrøms avdeling som utfører årskontroller og tar serviceavtaler på brannalarm og nødlys. Vi har serviceavtaler, årskontroller og El-sjekk på alle typer elektriske installasjoner.

Jordalsveien 42, 5105 Eidsvåg i Åsane

www.eismann.no ernst@eismann.no • Telefon: 56 58 77 30 - 55 33 37 30


Moglegheitsmasta – informasjon og kunnskap For verkeleg å synleggjera at me er ein kraftkommune, har Samnanger i samarbeid med Statnett og BKK bygd ”Moglegheitsmasta” på Bjørkheim. ”Moglegheitsmasta” er eit monument og ein paviljong som både skal vekkja nysgjerrigheit og gje informasjon. Bodskapen vert formidla delvis gjennom informative tekstar, delvis som spørsmål til dei besøkjande. Veggane i ”Moglegheitsmasta” vert påverka av ­omgjevnadane gjennom energikjeldene vind, sol og vatn. Vinden vil blåsa i lamellane, sola vil gje utslag på ein energimålar, og vatnet vil renna langs veggane og vindauga. Ta turen og opplev!

ODLAND MASKIN A/S TRANSPORT - GRAVING • post@odlandmaskin.no


Hovudleverandør av bilete er EAstudio

Kontakt oss Telefon 56 58 74 00 e-post postmottak@samnanger.kommune.no

Samnanger

www.samnanger.kommune.no

– nÌrare enn du trur!

Følg oss pü facebook

www.samnanger-nĂŚring.no

• 106068 • www.jsnorge.no

Samnanger kommune


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.