Informasjonsavis for tilsette i Samnanger kommune - mars 2010
God påske!
Føremålet med avisa er å informera om aktuelle saker, vedtak og reglar for tilsette i kommunen. Det er eining for interne tenester som har hovudansvaret for avisa. Me tek sikte på å gi ut 4 utgåver i 2010. Ta gjerne kontakt med oss dersom du har idear eller tips om stoff til avisa.
Ny skulestruktur Kommunestyret har nyleg gjort to vedtak som medfører at skulestrukturen i Samnanger vert endra frå august 2010. I desembermøtet, då skulebruksplanen var til handsaming, vedtok kommunestyret at dei to barneskulane våre, Gjerde og Nordbygda, skulle slåast saman til ein ny skule. Elevane på Nordbygda skule vert overførte til Gjerde skule som skal byggjast ut til føremålet. I same saka vart det også gjort vedtak om at ungdomsskulen skulle flyttast til Nordbygda skule. I februar hadde kommunestyret sak om fleirbrukshall til handsaming. Her vart det gjort vedtak om at Samnanger ungdomsskule ikkje skulle flyttast til Nordbygda skule som tidlegare vedteke. Sjå temaside på www.samnanger.no for nærare informasjon om dei politiske vedtaka som er gjort i saka. Prosessen med samanslåing av barneskulane er i full gang. Samanslåinga vil gjelda frå og med skuleåret 2010/2011. For å få plass til elevar og lærarar skal det plasserast modular ved eksisterande bygningar på Gjerde skule i ein byggjefase. Engasjementet har vore stort i Samnanger i prosessane kring skulebruksplanen og hallsaka. Utfordringane har vore mange både for politikarar og tilsette. Omstillingsprosessane er godt i gang og mange er involverte i det som vidare skal skje. Det er mellom anna oppretta prosjektgrupper for bygg/ skuleveg, pedagogiske område og personalet.
Namnekonkurranse Kva skal internavisa heite? Me planlegg å gje internavisa vårt eit lite løft. Mellom anna ynskjer me å gje avisa eit nytt namn. No appellerer me til kreativiteten rundt om på dei ulike arbeidsplassane i kommunen; bruk fantasien og kom med framlegg til nytt namn på internavisa. Konkurransen er open for alle tilsette. Namneframlegget kan sendast på e-post til jan.erik.boge@samnanger.kommune.no og må vera redaksjonen i hende innan måndag 19.04.2010. Me premierer vinnarframlegget med 2 flaxlodd.
Lågt sjukefråvær i 2009 Samnanger kommune hadde i 2009 eit samla sjukefråvær på 5,5%. Dette er det lågaste sjukefråværet me har hatt på mange år. Til dømes var sjukefråværet 6,7% i 2008 og 7,6% i 2007. Dei fleste einingane reduserte sjukefråværet sitt i 2009. Det vil vera ein del “tilfeldige svingingar” i sjukefråværet. Dette kan forklara noko av nedgangen i 2009. Men det er oså grunn til å tru at ulike tiltak knytt til arbeidsmiljø/trivsel, organisering av arbeidet, oppfølging av tilsette etc har vore medverkande. Det vert spennande å følgja med på korleis utviklinga I sjukefråværet vert i 2010.
Informasjonsavis for tilsette i Samnanger kommune
-
mars 2010
Nye flyktningar til Samnanger I 2009 vedtok Samnanger kommune å ta i mot ei ny gruppe flyktningar. Utpå hausten fekk me melding om at dei nye flyktningane som skulle koma, ville vera frå Eritrea. Midt i desember månad 2009 fekk me nytilsett flyktningkonsulent på plass på NAV-kontoret; Ho heiter Astrid Foss Berntsen og har erfaring frå liknande arbeid. I desember 2009 kom tre vaksne menn, og i januar 2010 ein vaksen mann til. Desse 4 mennene kom alle frå ulike flyktningmottak i Noreg er no busette i kommunal eigd bustad på Haga. I februar 2010 kom to familiar; til saman 3 vaksne (ein mann og to kvinner) og 6 born i alderen 2-13 år. Desse to familiane kom direkte frå flyktningleir i Adis Abeba og er busette på Tysse i bustader som kommunen leiger hjå Safa. Alle flyktningane er kristne. Oppgåver knytta til flyktningmottak er svært utfordrande for mange tilsette i kommunen, og me har eit stort integreringsarbeid framfor oss. Alle einingane i kommunen vil på ein eller anna måte verta berørt av at me no har teke i mot ei gruppe menneske som på ulike vis vil ha trong for kommunen sine tenester. Samnanger kommune har ein klar intensjon om at integreringsarbeidet skal lukkast, og her er samarbeid på tvers av einingane eit stikkord. Det er alt etablert gode samarbeidsfora som vil arbeida til det beste både for den enkelte og for dei ulike miljøa kring om i
Innkjøpsreglement Samnanger kommune kjøper kvart år varer og tenester for mange millionar kroner. Styresmaktene set strenge krav til offentlege innkjøp. Det er mellom anna krav om: • at offentlege innkjøp så langt som mogleg skal vera basert på konkurranse • klare reglar og rutinar for innkjøp • dokumentasjon på kva som er gjort i innkjøpssaker Samnanger har tidlegare ikkje hatt eit samla innkjøpsreglement, men det har me no fått. Reglementet gjeld frå april 2010 og er lagt ut på kommunen sine heimesider www.samnanger.no. Innkjøpsansvarlege i kommunen vil få opplæring i det nye reglementet. Spørsmål om innkjøpsreglementet kan rettast til stabssjef Jan Erik Boge, tlf. 56 58 74 20.
FAKTA OM ERITREA Eritrea er eit afrikansk land som ligg langs Raudehavet på Afrikas horn. Eritrea omfatter høgland i nordvest og svært varme ørkenområde i aust. Hovudstaden heiter Asmara. Landet har vel 5 millionar innbyggjarar. I Eritrea finn ein både kristne og muslimar Eritrea vart sjølvstendig i 1993, og er ein av dei yngste statane i verda og dei har kjempa hardt for sin fridom. Historia deira har vore prega av mykje krig og konfliktar. Fattigdom, undertrykking, vald, kjønslemlesting og underernæring er utbreidd, og folk flest har ikkje høve til å vera med i politiske beslutningsprosessar. Etter mange år med krig og gjentakande svoltkatastrofar, eksisterer store eritreiske eksilmiljø i ei rekkje land som Sudan, Etiopia, USA, Tyskland, Sverige og England. Etter frigjeringa i 1993 vende mange attende frå eksil, men krigen i 1998-2000 medførte nye store flyktningstraumar, primært til Sudan og i nokon grad til Etiopia. I følgje U.S. Committee for Refugees var 280 000 eritrearar registrert som flyktningar i 2004. Tal asylsøkjarar frå Eritrea til Noreg har auka noko dei seinare åra. Frå 177 personar i 2005, til 789 i 2007, 1799 i 2008 og 1025 i løpet av første halvår i 2009. Kjelde: Landinfo
Bedriftshelseteneste på anbod Frå januar 2010 er det krav om at langt fleire grupper av tilsette enn tidlegare skal ha tilbod om bedriftshelseteneste. I praksis vil kravet gjelda dei fleste tilsette i kommunen. Dette betyr ikkje at alle tilsette skal gå til bedriftslegen for helsekontrollar, men at bedriftshelsetenesta ved behov skal kunne tilby tenester til alle einingar/grupper av tilsette. Samnanger går i desse dagar ut saman med Kvam og Fusa med anbodsførespurnad på bedriftshelseteneste. Målsettinga er å ta avgjerd om framtidig leverandør av bedriftshelseteneste før sommarferien. Inntil vidare er Ytre Hardanger Bedriftshelseteneste kommunen sin leverandør av bedriftshelseteneste.
Informasjonsavis for tilsette i Samnanger kommune
-
mars 2010
Drift og vedlikehald har flytta til Frøland I 2009 vart det vedteke at Samnanger kommune skulle leiga lokale hjå BKK på Frøland for å samla Teknisk drift og vedlikehaldsavdelinga. Tidlegare har avdelinga vore delt; nokre tilsette har hatt sin base på Samnangerheimen, medan andre har vore stasjonert på Tysse (der brannvernet er lokalisert). No har basen for alle vorte flytta til store, funksjonelle lokale på Frøland. Vidar Tveiterås og Magnar Gjerde viser stolt fram dei nye lokala og kan fortelja at dei tilsette no har fått mykje betre arbeidstilhøve. Dei deler kantine med tilsette på BKK, og dette forstår me er til glede for alle. BKK-leiinga og dei BKK-tilsette har vore særs imøtekomande i denne prosessen forstår me og dette
gjer sitt til at arbeidsmiljøet vert triveleg for alle. I tillegg til lokale i den gule store bygningen på Frøland, har også Samnanger kommune fått leiga garasjar på andre sida av vegen og eit område knytta til desse garasjane. No vert dei funksjonane som kommunen tidlegare leigde område til på Ådland (depot for ulike typar massar, kummar, røyr, sesongutstyr til bilar og traktor), flytta til området på Frøland. Kommunen har også overteke saltlageret på Frøland frå Mesta, og dermed har ein fått konsentrert mange viktige funksjonar i same område. Dette er viktig med tanke på effektiviteten i eininga. Flyttinga har også fått ein annan positiv effekt; brannverntenesta har fått betre plass i garasjen på Indre Tysse.
Badetider i symjehallen Tilsette i kommunen har tilod om gratis bading i symjehallen på Tysse på tysdagar kl. 15.45 - 16.45. Tilbodet varer fram til juni og startar vanlegvis opp att i september. Kontaktperson er Bodil H. Øpstebø på ungdomsskulen, tlf. 56 58 99 60.
Nye helsefagarbeidarar Fire “vaksne” tilsette i eining for pleie og omsorg gjekk skuleåret 2007/2008 på helsefagarbeidarlinja på Fusa vidaregåande skule. No har alle bestått fagprøven og eininga har dermed fått fire nye helsefagarbeidarar; Danuta Gjerde, Kjersti Nordvik, Irene T. Haugen og Elin Sakstad.
Informasjonsavis for tilsette i Samnanger kommune
IKT-reglement for tilsette Det vart i februar innført nytt IKT-reglement for tilsette i kommunen. Reglementet gjeld for alle tilsette som brukar datamaskinar, mobiltelefonar etc. i arbeidet sitt. Reglementet inneheld mellom anna reglar for: • kva datamaskinar skal brukast til og kva dei ikkje skal brukast til • bruk og oppbevaring av passord, automatisk låsing av datamaskinar i pausar • tiltak for å unngå datavirus/inntrengingar i datasystemet • lagring av sensitive dokument/sensitiv informasjon Alle tilsette vert oppmoda om å setja seg inn i reglementet. Reglementet skal finnast lett tilgjengeleg i einingane - og er også lagt ut på kommunen sine internettsider, www.samnanger.no.
-
mars 2010
Har du lyst til å vera med på
Jentegangen? Sett då av tysdag 4. mai til å delta på dette saman med kollegaer og andre tilsette i Samnanger kommune. I fjor var over 30 damer frå kommunen som stilte til start, og me håpar at fleire vil vera med i år!! Starten går frå Mulebanen kl. 19.00. Ein går då Fjellveien t/r totalt 6 km. Det er fellesoppvarming og underhaldning frå ca. kl. 18.00. Startkontigenten er kr. 130 ved påmelding innan 23. april. Det er flott deltakarpremie til alle! Når påmeldinga har starta vil alle få melding om korleis det skal gjerast for at dei blir registrert på riktig måte. Einingane må sjølv organisere påmeldinga. Åse Waage Tveit Hovudverneombod
Nye satsar for kilometergodtgjersle Frå 1. mars 2010 er nokre av satsane i det offentlege reiseregulativet auka. Dette gjeld mellom anna satsane for kilometergodtgjersle og kostgodtgjersle.
Som følgje av endringane er kommunen sitt reiserekningsskjema og kjørebokskjema revidert. Oppdaterte skjema er lagt ut på www.samnanger.no.
Kryssord
Flax-lodd i premie Send løysingsorda (orda i dei blå rutene) til fellestenestene på kommunehuset. Svarfrist er 18. mai 2010. Dei som sender inn rett løysingsord vert med i trekninga av to Flax-lodd. Fasit Fasit (utfyllt kryssord) vert lagt ut på kommunen sine internettsider 19. mai 2010, under “For tilsette > Informasjonsavis” i hovudmenyen til venstre på skjermen.