SKULEBRUKSPLAN FOR SAMNANGER KOMMUNE 2009-2020
0
FORORD Kommuneplan for Samnanger 2007 – 2017 teiknar, fortel og handlar om framtidsbiletet, draumen og visjonen for Samnanger – der du vil leva og bu. Alle kommunale planar skal ta utgangspunkt i føringane i denne planen. Dette gjeld såleis også for skulebruksplanen - Samnangerskulen fram mot 2020. Planen har vorte til gjennom brei medverknad frå elevar og foreldre, tillitsvalde og tilsette, rektorane og administrativ skuleleiing ilag med politikarar. I Samnanger har grunnskulen visjonen ”Ein god stad og vera, ein god stad å læra”. Me vil så gjerne utvikla denne staden vidare med kvalitet og kompetanse. Det har lenge vore eit politisk ynskje i kommunen om å få utgreidd og reist ein fleirbrukshall og å få lokalisert eit tenleg, moderne og tilgjengeleg bibliotek. Kommunehuset treng rehabilitering, og i samband med det er det kome opp ynskje om å få vurdert nye lokalitetar. Me er i gang med å sjå på nye og meir framtidsretta tilbod til personar med nedsett funksjonsevne. Til det trengst det og nye bygg. Føreståande utbygging av tunnel på Rv 48 bak Ytre Tysse og evt ny kraftutbygging ved BKK medfører store mengder overskotsmassar som kan nyttast ved større utbyggingar. Samnanger er ein av dei mindre kommunane i Hordaland. Når så mange behov og mogelegheiter fell saman i tid, har kommunestyret valt å køyra desse prosessane parallelt med arbeidet med skulebruksplanen. Dette både på grunn av økonomiske omsyn, men også at me ved å halda dei ulike prosjekta saman, kan få realisert meir av det me ønskjer å få til. Ein skulebruksplan omhandlar både innhaldet i skulen, måten kunnskap vert formidla vidare på, bygg og økonomi. Planen skal vera ein viktig reiskap til å leia og utvikla skulen vår inn i framtida. Skulebruksplanen er utarbeidd av Samnanger kommune. Hilde-Lill Våge og Karin H. Steinsland har ført planen i pennen.
Marit Aksnes Aase - Ordførar -
Saknr.
41/09 48/09
Oppdragsgjevar:
Samnanger kommune
57/09 Godkjent dato:
02.10.09
Kommunestyret
Nytt alt. Godkj
05.11.09
Kommunestyret
Vedteken
10.12.09
Kommunestyret
1
SAMANDRAG Dei tre skuleanlegga i Samnanger har ein bygningsmasse på totalt 6.600 m2 og romkapasitet til 434 elevar. Med dagens elevtal i underkant av 300 elevar utnytter ein berre 67 % av romkapasiteten. Skulane har relativt god standard, men treng utbetringar som forbetrar inneklimaet og arbeidsmiljøet til elevane og lærarane. I framskrivinga av elevtalet mot 2020 viser prognosen ein svært liten elevtalsvekst. Ei fortsatt drift i alle tre skuleanlegga vil gje høge driftsutgifter, vera lite miljøvenleg og krevja relativt store investeringar dei næraste åra. Nye krav til kvalitet i skulen er andre svært viktige faktorar som tilseier at Samnanger no bør leggja om skulestrukturen. Kunnskapsløftet og fokus på læringsmål set andre krav til organiseringa og dei fysiske læringsforholda i skulebygga. Med eit elevtal på rundt 300 elevar vil det vera mest optimalt pedagogisk og økonomisk å samla alle trinna på ein skule. Utearealet til Samnanger ungdomskule har ikkje potensiale til å ta imot fleire elevar, og det er ikkje høve for å utvida tomta ytterlegare. Bygget er det eldste og med størst bygningsmasse. Elevtalsprognosen for 8.-10.trinn viser nedgang og år med berre tre ”klassar”. Dette vil gje kommunen store pedagogiske utfordringar med å rekruttera /behalda og ha den fagkompetansen som er nødvendig, spesielt på ungdomstrinnet. Med fokus på læring bør kommunen derfor gjennomføra ei samlokalisering med trinna på barnesteget. Gjerde er den skulen som har svært god standard og potensiale til å vera ein 1-10 skule. Ein skule for 1.-4. trinn og ein kombinasjonsskule for mellom - og ungdomstrinnet kan også gje store nok fagmiljø. Ein 1-7 skule på Gjerde og behalda ungdomstrinnet for seg sjølv vert derfor ikkje eit godt alternativ fagleg sett. Samnanger har eit sterkt ønskje om fleirbrukshall. Skular har svært stort utbyte av å liggja tett opp til ein slik hall og kunna bruka bibliotek, idretts- og kultursalar i opplæringa. På Gjerde er det ikkje stort nok tilleggsareal til å etablera ein fleirbrukshall i nærleiken av skulen. Nordbygda skule har potensiale til å utvide båda skuletomta og skulebygget for eit aukande elevtal og fleirbrukshall. Hallen kan kombinerast tett inntil skulen eller i ein avstand rundt 200 meter frå skulen. Det er 5.-10. trinn som vil ha størt nytte av å bruka hallen anten det er i kombinasjon med idretts-, bibliotek- eller kulturaktivitetar. Med tanke på framtidig bustadbygging er bustadområda rundt Gjerde- og Nordbygda skule mest aktuelle. Ein meir aktiv bustadpolitikk i Samnanger kan gje vekst i elevtalet i eit lengre tidsperspektiv enn denne planen. Ei satsing på to skuleanlegg vil derfor gje kommunen større fleksibilitet og høve til å utvida skuleanlegga etter der behova måtte komma langt fram i tid. Ein fleirbrukshall plassert på Bjørkheim eller i Lauvskarområdet føreset eit heilt nytt skuleanlegg. Gjerde skule er eit svært godt skuleanlegg, og det naturlege ventilasjonsanlegget gjer skulen lite eigna til å andre føremål. Skulen kan fungera svært godt som barnetun for 1.4. trinn, dersom 5.-10. trinn vert i kombinasjon med ein fleirbrukshall. Både skuleanlegget i Nordbygda og på Samnanger ungdomsskule kan omdisponerast og bør verta vurderte som aktuelle ombyggingsprosjekt i samband med t.d. spesielt tilrettelagde bustader eller for ungdomsbustader. På kort sikt, allereie hausten 2010, vert det viktigast å få samla trinna på barnesteget. Dette kan løysast på to måtar innanfor skulane sin kapasitet, og utan større investeringar. Valet av løysing bør verta sett i forhold til val av framtidig skulestruktur og kommunen sine økonomiske rammer. Viktigaste fokus for skulestrukturen må vera eit godt læringsmiljøet og læringsutbytte for elevane, og arbeidsmiljø for dei tilsette.
2
1
INNLEIING
1.1 1.2 1.3
Bakgrunn Organisering av planarbeidet Strukturen i plandokumentet
2
FAKTAGRUNNLAG
2.1
Skildring av dei einskilde skuleanlegga 2.1.1 Nordbygda skule 2.1.2 Gjerde skule 2.1.3 Samnanger ungdomsskule Kapasitet på eksisterande skular og skuletomt 2.2.1 Arealnormer og skulekapasitet 2.2.2 Skjema over kapasiteten på skulane 2.2.3 Oppsummering og vurdering av kapasitet for kvar einskild skule 2.2.4 Kapasiteten på skuletomtene til utbygging av fleirbrukshall 2.2.5 Potensielle område til ny fleirbrukshall med og utan kombinasjon med skule 2.2.6 Skuleanlegg og fleirbrukshall i høve til andre utbyggingsplanar i kommunen Elevtalsutvikling 2.3.1 Folketalsutvikling dei seinare åra -utgangspunkt i prognosane 2.3.2 Elevtalsutvikling i kommunen 2.3.3 Elevtalsprognosar for dei einskilde skulane 2.3.4 Gjerde skule 2.3.5 Nordbygda skule 2.3.6 Samnanger ungdomsskule
2.2
2.3
3
KVALITET I SKULEN – FRAMTIDSSKULEN I SAMNANGER
3.1
Skuleanlegg – krav og mål for utforming og innhald 3.1.1 Lover og forskrifter for skuleanlegg 3.1.2 Framtidas skule 3.1.3 Pedagogiske føringar for dei fysiske løysingane 3.1.4 Trendar i utforming av skuleanlegg 3.1.5 Uteområde 3.1.6 Skulen som nærmiljøanlegg 3.1.7 IKT i opplæringa 3.1.8 Godkjenning etter forskrift om miljøretta helsevern 3.1.9 Vedlikehald 3.1.10 Arealprogram Skulefritidsordninga Utfordringar vidare Skulehelsetenesta Arbeidsplassar for pedagogisk personale Barnetun i Samnanger
3.2 3.3 3.4 3.5 3.6
3
4
FORSLAG TIL TILTAK OG ALTERNATIVE SKULESTRUKTURAR
4.1 4.2
Generell bakgrunn Oppsummering av behov og forslag til tiltak på kvar skule 4.2.1 Kortsiktig løysing - 2010-2014 – Forslag til tiltak 4.2.2 Langsiktig løysing – 2014-2020 – framtidsskulen - Forslag til tiltak 4.2.3 Gjerde skule – konsekvensar ved ulike alternativ 4.2.4 Nordbygda skule - konsekvensar ved ulike alternativ 4.2.5 Samnanger ungdomsskule - konsekvensar ved ulike alternativ 4.2.6 Forslag til nytt alternativ etter høyring hausten 2009 – konsekvensar
5
KOSTNADER
5.1 5.2
5.3
Investeringar ved kortsiktig løysing – Økonomiplanperioden 2010-2014 Investeringar ved langsiktig løysing 2014-2020 – Framtidig skulestruktur Nytt alternativ til investeringar ved langsiktig løysing ca 2012 – framtidig skulestruktur Driftskostnader
6
VEDLEGG
4
1
INNLEIING
Kapittelet seier noko om bakgrunn, organisering og strukturen i planarbeidet.
5
1.1
BAKGRUNN
Folketalet i Samnanger har stagnert dei siste åra, og det er låg aktivitet i bustadbygginga. Elevtalet går gradvis ned. Når skulane vert oppretthaldne på same aktivitetsnivå som tidlegare, gjev det oss ein kostbar skulestruktur. Skulebygga treng ei oppgardering og dagens pedagogikk krev andre romløysingar. Kommunen ønskjer fleire innbyggjarar, og me vil ha ein god og framtidsretta skulestruktur tilpassa kommunen sin økonomi. Det er politisk vedtak om at kulturtilbodet bør styrkast med ein fleirbrukshall, gjerne i kombinasjon med skuleanlegg, nytt bibliotek, tilrettelagde bustader, kommunehus, mm. Innføringa av kunnskapsløftet i skulen fører til nye og meir varierte arbeidsmåtar. Elevgrupper undervisast i varierande storleiker, og skuledagen er utvida med Sfo og andre aktivitetar. Framtidas skule må ha fleksible skulebygg med fleirbruksrom av ulik storleik og vera tilrettelagte for digitale verktøy. Skulebygga skal til ei kvar tid vera i tråd med nye standarkrav for td. inneklima, tekniske styringssystem, IKT, universell utforming, arbeidsplassar både for elevar og lærarar og kantine/pauserom. I den seinare tid er det også sett fokus på kvaliteten og storleiken på uteområda til skulane og korleis dei skal stimulera elevane til aktivitetsfremmande aktivitetar. Ut frå nyare KOSTRA - tal bruker Samnanger ein høgare andel av totalbudsjettet på skuleområdet enn andre kommunar det er naturleg å samanlikna seg med. Kommunen ønskjer no å tilpassa driftsnivået til skulane til kommunen sin økonomiske situasjon ved å vurdera skulestrukturen. Kravet til fagkompetanse i skulen er svært viktig for læringa til elevane. Dagens skulestruktur gir (for) små fagmiljø og det igjen gir oss problem med å rekruttera rett kompetanse til ei kvar tid. Skulebruksplanen søkjer på ein mest mogleg objektiv måte å gje eit samla oversyn og vurdering av skuleanlegga slik dei framstår i dag, samt å gje framlegg om nødvendige endringar og investeringar i meir framtidsretta skulebygg . Målet med planen er å sikra eit godt skuletilbod i tråd med kunnskapsløftet, eit godt arbeidsmiljø for både elevar og tilsette og tenlege bygg for kultur- og fritidsaktivitetar. Fakta om dei ulike skulane er basert på synfaring av skuleanlegga, samt byggavdelinga på teknisk og rektorane sine vurderingar. Arealoversiktane og karta er målt ut frå digitale teikningar frå Geodata. Elevtalsprognosane er utarbeidde med grunnlag i folketalsoversikter frå SSB. Planen har eit kortsiktig tidsperspektiv, 2010-2014, og eit langsiktig tidsperspektiv fram mot 2020. I det langsiktige perspektivet er skule vurdert kombinasjon med fleirbrukshall. Planen bør rullerast med jamne mellomrom etterkvart som det vert endringar i elevtal. Handlingsprogrammet i planen følgjer økonomiplanen som vert rullert kvart år.
6
1.2
ORGANISERING AV PLANARBEIDET
Kommunestyret i Samnanger vedtok i desember 2008 å setja i gong arbeidet med skulebruksplanen. Kommunen har som intensjon å få ein framtidsretta skule tilpassa kommunen sine økonomiske rammer. I arbeidet skulle elevar, foreldre og tilsette saman med skuleeigar delta aktivt. Det vart oppretta eit ad hoc - utval for arbeidet med planen. Formannskapet/personal- og økonomiutvalet (PØ) vart styringsgruppe for arbeidet. Styringsgruppa gav ad hoc-gruppa mandat til å vurdera ulike alternative modellar der ein samlar klassetrinna. Det skal leggjast fram forslag på ei snarleg / kortsiktig løysing – 2009 – 2014 - innan vedteken økonomiske ramme og ei løysing for ein framtidsretta skulestruktur. I denne vurderinga skal det og koma fram forslag på alternative løysingar for å kombinera skule og fleirbrukshall /bibliotek / kommunehus, jfr. Kulturplan 2009-2013. Planarbeidet er organisert i denne strukturen: Kommunestyret Ordførar rapporterer Vedtak juni 2009
INNBYGGARANE Ordførar/PØ
PØ/formannskap Styringsgruppe Ass.rådmann rapporterer vedtek arb.prosess og mandat
Teknisk eining Ass.rådmann bestiller/rapporterer Byggtekniske spørsmål-avklaringar
OPPVEKST og OMSORG Leiar OO melder/informasjon
Ad Hoc gruppe Leiar: Ped.kons medl: Rektorane, leiar OO, medl.OO, HTV, ass.rådmann Fordelar arb.oppg, prosesstyre Nordbygda skule Rektor rapporterer til adhoc utv
FAU/SU Foreldre
Elevråd Elevar
TPA tilsette HTV Rapporterer til adhoc
Utdanningsforbundet lokalt
Gjerde skule Rektor rapporterer til adhoc utv FAU/SU Foreldre
Elevråd Elevar
TPA Tilsette Samnanger ungdomsskule Rektor rappoterer til ad hoc utv FAU Foreldre
Elevråd Elevar
TPA Tilsette
Informasjon og kommunikasjon er svært viktig i slike prosessar. Det har vore lagt opp til ein brei involvering. Skulemiljøutvalet, elevrådet og tilsette fekk tidleg i prosessen informasjon frå rektor, og dei har fått kome med innspel til kva for skulestruktur dei ser for seg i framtida. Forslaga er lagt til grunn i dei ulike alternativa. Ad hoc-gruppa er leia av pedagogisk konsulent, Karin H.Steinsland. Ass.rådmann Hilde-Lill Våge har vore prosjektansvarleg og har hatt ansvar for å rapportera til styringsgruppa. Rektorane Marit Kulild, Kjersti M.Bruvik og Solvor Aadland har hatt ansvar for å informera og kjøra arbeidsprosessane med tilsette, elevar og foreldre ute på skulane. Katja Oberle har som hovudtillitsvalt representert Utdanningsforbundet i ad hoc-gruppa. Kristian Jørgensen og Harry Foss har delteke frå utvalet Oppvekst og Omsorg (OO).
7
Ad hoc-utvalet har hatt 6 møte i 2009 og det er rapportert til styringsgruppa til kvart møte i PØ.. Skulane har gjennomført arbeidsmøte med tilsette, elevar og skulemiljøutvala.
1.3
STRUKTUREN I PLANDOKUMENTET
Kapittel 2 legg faktagrunnlaget for planarbeidet. Kvart einskild skuleanlegg vert skildra og elevkapasiteten på den enkelte skule vert vurdert. Elevtalet vert vurdert etter elevtalsprognosar fram til 2020. I kapittel 3 tek ein først føre seg lover og forskrifter som set dei nasjonale rammene for kvalitet i skulen. Så vert pedagogiske føringar for utforming og kvalitet i skuleanlegga presenterte, med trendar og prinsipp for utforming. Her vert òg presentert status for vedlikehald på skulane i dag, samt ein tabell med arealnorm for skuleanlegg i Samnanger kommune. I resten av kapitlet tek ein føre seg lærararbeidsplassar, skulehelsetenesta, skulefritidsordning og barnetun. Føremålet er å greia ut kva kvalitetsnivå det er Samnanger kommune vil leggja til grunn i planlegginga av ein framtidsretta skule. I kapittel 4 vert det sett opp ulike forslag til kortsiktige løysingar i eksisterande skulebygg og ulike forslag til framtidig skulestruktur. I eit eige punkt vert det lagt fram forslag på korleis skulane kan kombinerast med ein evt. fleirbrukshall / bibliotek / kommunehus. Vidare i kapittel 5 er det sett opp investeringsprogram for dei ulike alternativa.
8
2.
FAKTAGRUNNLAG
Kapittelet har til føremål å leggja fram det empiriske faktagrunnlaget for forslaga til tiltak i planen. I kapittel 2.1 blir kvart skuleanlegg skildra og vurdert for å synleggjera status for skuleanlegga i kommunen. I kapittel 2.2 er det gjort utrekningar av skulane sin elevtalskapasitet i dag, og i kapittel 2.3 blir elevtal og elevtalsprognosar presenterte.
9
Kap 2.1
SKILDRING AV DEI EINSKILDE SKULEANLEGGA
I Samnanger er det like under 300 elevar i grunnskulen fordelt på dei tre skuleanlegga: Nordbygda, Gjerde og Samnanger ungdomsskule 2.1.1 NORDBYGA SKULE Skuletype: Femdelt barneskule 1.-7.årssteg Kapasitet: 90 %: ca 103 elevar 100 %: ca 114 elevar Brutto bygningsareal: 1557 m² Tomteareal: 8393 m² Tilrettelagt / planert areal: 2400 m² Nøkkeltal for skuleåret 2008/09: Tal elevar: 86 Tal barn (gj.snitt) i SFO: 9 / 12 brukarar Pedagogisk personale: 14 Årsverk ped.personale: 8,3 Andre tilsette: 5 Lokalisering og opptaksområde Nordbygda skule ligg ved Bjørkheim inst i Samnangerfjorden. Samnanger kommune nyttar nærskuleprinsippet som opptakskriterium, jfr. OPL § 8-1 . Skulen tek inn elevar frå områda på vestsida av Samnangerfjorden; Nordbygda, og frå Li, Hisdal, Trengereidfjord og Rolvsvåg. Nordbygda barnehage er næraste nabo. Bygningar Bygningar Gamlebygget - 2. etg
Gamlebygget - 1. etg
Nye bygget - 1.etg
I Underetasjen
Innhald Administrasjon, møterom, arbeidsrom, toalett, pause/personalrom m. kjøkken Sløyd, reinhaldsrom, Musikk/Scene, Gymsal, Garderobe/wc, 1 klasserom 5 klasserom, 1 kl.rom/SFO, toalett, kontorSFO, Bibl., Skulekj, Gr.rom/helsesøster, Tilfluktsrom
Byggjeår 1966
1966
1983
Organisering av skulen sine areal • Allment læringsareal Skulen har 3 gode klasserom som kvar kan ta 27 elevar og 2 mindre klasserom kvar med plass til ca 10-elevar. 1.årsteg har eige stort klasserom som òg er i sambruk med SFO. Alle romma er ordinære og lukka klasserom, med tradisjonell innreiing og møblering. Skulekjøkkenet vert nytta som klasserom til 6.trinnet. I alle klasseromma er det i gjennomsnitt 3 Pc-ar, og 4 av klasseromma har digitale tavler. Skulen har berre 1 grupperom / barakke, og helsesøster sitt kontor vert også brukt som grupperom.
10
• Spesialisert læringsareal Gymnastikksalen er liten til ein del aktivitetar i kroppsøving. Salen fungerer som skulen sitt allrom, og den har også scene som fungerer som musikkrom. Den er for liten når heile mellomtrinnet er samla. Garderobane er adskilte og nyoppussa. Skulekjøkkenet er nyleg oppussa og tilrettelagt med fleksible løysingar slik at det også kan nyttast til andre aktivitetar. Skulen har godt utstyrt og tilrettelagt sløydsal; den er mykje nytta i sambruk med uteskulen. Biblioteket vert også nytta til undervisning / grupperom. På biblioteket er det 7 Pcar og 1 digital tavle. Biblioteket har vore på ”vandring” i fleire år. Det er no del av eit klasserom som kan delast av med skyvedør. • Stolpane skulehus Det gamle Stolpane skulehus vart flytta til Nordbygda skule i 2007, og det ligg fint til mellom skulen og barnehagen. Huset er på 57 m2, sjølve skulestova i 1.etasje er på ca 35 m2, og det er hems/loft over. Skulehuset har kjøkken og er historisk innreia. Skulen nyttar huset svært lite. • Administrasjon og personale Lærarane sine arbeidsplassar ligg i gamlebygget i 2.etg. Det er ikkje heis i bygget. Arbeidsrommet er eit kontorlandskap, og det er noko trongt når 8 lærarar delar på 32 m2. To lærarar deler eit lite kontor ved sida av pauserommet. Pauserommet har nyare kjøkken og fungerer også som møterom i tillegg til møterommet ved sida av. Administrasjonen består av rektor og sekretær. Desse har eigne tilfredsstillande kontor innanfor eit lite forkontor som er brukt til post, arkiv og oppbevaring. • Tomt og uteområde Tomten har svært tilfredstillande lokalisering og storleik. Skulen sitt uteområde ligg i eit skogsområde med ein godt tilrettelagt skuleplass med ballbinge og leikeapparat. Skulen har også tilrettelagt for sosiale aktivitetar med grillplass, aktivitetsløype og ute-undervisning. Skulen nyttar uteområdet sitt som læringsarena og stimulerer til fysisk aktivitet. I tillegg har skulen inngått avtale med privat grunneigar, og fått opparbeida nærmiljøanlegg i skogsområdet som ligg ved skuletomta. Det burde vore betre drenering ved inngang til hovudbygget, der det fløymer over. Andre brukarar av anlegget Kulturskulen og lokalbefolkninga nyttar skulen og uteområdet på kveldstid. Tilstand på bygningar og teknisk anlegg Det er naudsynt med ny kledning mot vest og skifte av vindauge i gymnastikksalen. Det manglar òg ventilasjon på spesialromma.Det tekniske anlegget er tilfredsstillande. Noko variasjon i temperatur er det på kalde dagar med vind. Driftsmessig kostbart å driva.
11
Nordbygda Skulebygget
Vedlikehald utomhus Relativt nymåla, tak på nybygget må rehabiliterast.
Uteområde/- plass Leikeapparata er slitne, det faste dekket burde vore skifta, drenering ok. Trafikksikring Treng fysisk skilje mellom gåande og kjørande, bortsett frå gongstien bak huset Miljøtiltak Begge bygga burde hatt solavskjerma vindauge. Dette er delvis gjort. Universell Mindre ting som utforming kunne vore retta på, t.d. små kantar som er ugreie å koma over.
Innvendig vedlikehald Toalett- og korridor i gamlebygget vert rehabiliterte i 2009. Skulekjøkken er rehabilitert, elles treng alle rom opp-pussing.
Nybygging/ ombygging Tak på nybygget (1983) er flatt, og fare for lekkasje med alvorlege konsekvensar.
Gongsti bak huset burde vore rusta opp.
Nybygget og adm. har ventilasjon. Gamlebygget har kun delvis avtrekksventilsasjon. Adm og gymsal er ikkje tilpassa rørslehemma.
Spesielt gamlebygget, men òg det nye, er dårleg isolert og ”lek” varme. Heis nødvendig til gymsal og 2.etg.
Godkjenning - forskrift om miljøretta helsevern i skular og barnehagar Nordbygda skule er godkjent etter § 6 i forskrift om miljøretta helsevern i skular og barnehagar. Det er ikkje forhold i ny kartlegging som seier at godkjenninga vil verta trekt tilbake. Hovudproblemstillingar slik skulen ser det – rektor og tillitsvald: • I år fungerer skulen heilt utmerka på alle måtar. Skulen er 5-delt. • Nordbygda skule kan greitt ta 4 store klassar à 27 elevar i klasserom og 1 klasse med maks 16 elevar på skulekjøkkenet brukt som klasserom; 5 klassar. Då har ein att 3 mindre rom som kan brukast til grupperom • Utifrå forventa elevtal kan Nordbygda skule ta imot elevar frå 1.-3.trinn frå heile kommunen fram til 2014. I 2014 vert det 6 klassar, og det har ein ikkje rom til.
12
2.1.2 GJERDE SKULE Skuletype: Fulldelt barneskule 1.-7.årssteg Kapasitet: 90 %: ca 130 elevar 100 %: ca 144 elevar Brutto bygningsareal: 1962 m² Tomteareal: 12800 m² Tilrettelagt / planert areal: 1400 m² Nøkkeltal for skuleåret 2008/09: Tal elevar: 116 Tal barn (gj.snitt) i SFO: 16 / 24 brukarar Pedagogsikk personale: 16 Årsverk ped.personale: 11,9 Andre tilsette: 9 Lokalisering og opptaksområde Gjerde skule ligg på ei høgde like ved bustadfeltet på Lønnebakken. Dråpeslottet barnehage ligg like ved. Samnanger kommune nyttar nærskuleprinsippet som opptakskriterium, jfr. OPL § 8-1. Skulen tek inn elevar frå dei austlege delane av bygda frå dei tidlegare krinsane Steinsland, Tysse, Frøland, Tveit, Grønsdal, Høysæter, Eikedal og Sandvik. Bygningar Bygningar/Bygning Bygg 2 administrasjonsbygg
Bygg 3-4: Plan 0
Bygg 3-4: Plan 1
Bygg 1: Plan 1 og 2
Innhald forkontor/ resepsjon, rektorkontor, 4 arbeidsrom, konferanserom, personalrom m kjøkken, bibl., datahems Tekn. rom, lager, El-sentral garderobar og dusjar, forming Gymsal, scene, apparatrom, storlager, musikk/lager, tekstil/mus, skulekjøkken m kjøl/lager, grupperom/helsesøsterkont. 6 klasserom med hems, 1 klasserom/SFO med hems 7 garderobar med toalett i kvar av dei, 7 grupperom
Byggjeår 1998
1998
1998
1998
Organisering av skulen sine areal • Allment læringsareal Skulen har 7 godt tilrettelagte klasserom som alle har hems. Ved klasseromma er det tilgang til 7 grupperom. Kvart klasserom har eigen inngang og toalett. 1.årsteg har eit stor klasse rom i sambruk med SFO. 3 klasserom har digitale tavler, og det er ca 40 Pc-ar fordelt i klasseromma. Elevane på 7.trinn har kvar si maskin.
13
• Spesialisert læringsareal Spesialromma på skulen er svært tilfredstillande. Gymsalen er stor med gode garderobefasilitetar i underetasjen. Skulekjøkkenet har fleksibel løysing og kan kombinerast med undervisning. Det er eige musikkrom kombinert med tekstilforming og eigen sløydsal / formingsrom. Biblioteket har høg kvalitet og er godt tilrettelagt for ulike aktivitetar. ”Datahemsen” med 8-10 Pc-ar ligg tilknytta biblioteket.
• Administrasjon og personale Skulen har 4 lærararbeidsrom à 16 m2, der 4-5 lærarar deler på kvart av dei. Det er for trongt etter norma. Konferanserom og personalrom ligg i tilknyting til arbeidsromma og vert nytta til møterom/samarbeid. Administrasjonen består av tilfredstillande forkontor og rektorkontor. Inspektør har ikkje eige kontor. Forkontoret er godt synleg og lett tilgjengeleg for publikum. • Tomt og uteområde Skulen si tomt er svært stor og ligg fint til med lett tilgang til naturområda rundt. Det er godt tilrettelagt for ulike aktivitetar, spesielt ballaktivitetar. Skulen kan framleis gjera meir med tanke på å nytta uteområdet sitt som læringsarena. Hausten 2009 har skulen oppretta eit fast uteområde etter avtale med grunneigar. Skulen disponerer også området der Gjerde barnehage låg. Skulen har gode bakkar for skileik.
Andre brukarar av anlegget Kulturskulen, idrettslaget og lokalbefolkninga nyttar skulen og uteområdet på kveldstid.
14
Tilstand på bygningar og teknisk anlegg - Gjerde Gjerde skule har ein god bygningsmessig og teknisk standard. Vedlikehald Gjerde Innvendig vedlikehald utomhus Skulebygget Godt vedlikehalden. Normal slitasje, bl.a. Malt i 2009 golv er slipte og lakka/ skal slipast. Elles ok vedlikehald. Uteområde/- plass Drenering og murar ordna 2009. Stort arbeidskrevjande grøntomr. Trafikksikring Gåande og kjørande er delvis fysisk skilde. P-plassar ved ballbinge og RV-7 er for lite nytta. Miljøtiltak Få mindre trafikk nær (Miljøbygg med skulen. naturleg ventilasjon) Universell Relativt Relativt tilfredstillande. utforming tilfredstillande.
Nybygging/ ombygging
Plass til bossdunkar i 2009.
Ein ny skilt-plan for heile Steinsland / Lønnebakken / Gjerde er under utarbeiding. Tiltak er sett i gong haust 2009. Berre eit handicaptoalett (gymsalen) for elevar.
Godkjenning - forskrift om miljøretta helsevern i skular og barnehagar Gjerde skule er godkjent etter § 6 i forskrift om miljøretta helsevern i skular og barnehagar.
Hovudproblemstillingar slik skulen ser det – rektor og tillitsvald: Vår største utfordring er arbeidsrom for lærarane. Det er for få arbeidsplassar. Kvart arbeidsrom er planlagt for tre arbeidsplassar. Slik det no er sit det fire eller fem på kvart rom. Det er også for få grupperom. Dette er delvis på grunn av auka behov for rom til spesialundervisning og delvis på grunn av endra undervisningsmåtar etter Kunnskapsløftet 06. Alle disponible rom på skulen er i bruk heile dagen. Om 1. trinn har årskull som er større enn 20 barn, er garderoben for liten og trong. Elevane får ikkje plass til oppstilling eller til tøyet sitt. Gjerde skule fungerer svært godt til undervisning. Ved skulen har ein lagt vekt på Ikt i undervisninga. I tillegg har me eit godt bibliotek. Elevundersøkinga 09 ved skulen viser skårar langt over landsgjennomsnitt når det gjeld arbeidsmiljøet til elevane, dvs klasserom, spesialrom, toalett og uteområdet. Under 2 % sjukefråvær indikerer at det også er eit godt arbeidsmiljø for dei vakse.
15
2.1.3 SAMNANGER UNGDOMSSKULE Skuletype: Ungdomsskule 8.-10.årssteg Kapasitet: 90 %: ca 158 elevar 100 %: ca 176 elevar Brutto bygningsareal: 3140 m² (til saman for begge bygga) Tomteareal: 8100 m² Tilrettelagt / planert areal: 4000 m² Nøkkeltal for skuleåret 2008/09: Tal elevar: 91 Pedagogisk personale: 18 Årsverk ped.personale: 13,6 Andre tilsette: 6 Lokalisering og opptaksområde Skulen ligg på Ytre Tysse. Den er einaste ungdomsskule i kommunen og tek opp elevar frå heile kommunen. Bygningar Bygningar/Bygning Gamlebygget – 2.etg.
Gamlebygget – 1.etg. –
Underetasjen: Utan tilgang m heis: - i 2.etasje: - i underetasje Nybygget – 1.etg. 2.etg. 3.etg.
Innhald Administrasjonsdel med gang, forkontor, rektor-/ inspektør-/rådgjevarkontor, mat.rom, konferanserom, Personalrom med tekjøkken, gard., toalett. Arbeidsrom m/hems, elrom, Kl.rom 6. Hovudinngang /vestibyle, HC-wc, gymsal, elevtoalett, Gard./dusj/WC, reinhald, 3 kl.rom, 2 store gr.rom Musikkrom/bibl., skulekj. Naturfagsal m.lager, Kantine m te-kjøkken, 3 gr.rom, (mat./ konf./ bandrom), elevtoalett. Helsesøsterkontor / gr.rom, WC. Pauserom vaktm./reinh ”Gml folkebad”-garderobe og dusjanlegg Hovudinng., basseng 7*12 m,gard./dusj/ badstu. 1 kl.rom/tresløyd, 1 kl.rom /metallsløyd, side/malingsr. 1 kl.rom/tekstil m/mat.rom, 1 kl.rom + 2 gr.rom
16
Byggjeår 1963, nytt arbeidsrom i 1997
1963, ny hovudinngang og heis i 1997
1971
Organisering av skulen sine areal • Allment læringsareal Skulen har 4 klasserom som kan ta rundt 26 elevar. 2 klasserom med tilhøyrande grupperom som kan ta opp mot 30 elevar, der naturfagsalen er eitt av desse. 2 grupperom kan nyttast til mindre gruppe rundt 10-13 elevar. I nybygget vert tekstilrommet også nytta til klasserom. Hovudinngangen er som ein stor foaje, og den vert nytta til felles opphaldsrom mellom undervisningsøktene. Rommet kunne vore utnytta meir til ulike elevaktivitetar og undervisningsføremål. Utanfor klasseromma er det store korridorar som vert noko nytta til ulike elevaktivitetar. Det er behov for tiltak for å dempa klangen i korridorane, då lydnivået kan verta høgt. • Spesialisert læringsareal Naturfagrommet er godt utstyrt og tilrettelagt. Skulekjøkkenet er stort, godt utstyrt med tradisjonell fast innreiing fordelt på fire arbeidsstasjonar. Dette gjer rommet lite fleksibelt til anna bruk. I den same etasjen har skulen velfungerande elevkantine på 113 m2. Støy frå gymsal i etasjen over gjer rommet lite eigna til undervisningsføremål. Bandrommet ligg ved kantina og er i sambruk med bibliotek/musikkrom. Biblioteket er flytta mange gongar og er no lite samlokalisert med klasseromma, og det fungerer ikkje som mediatek. I tillegg vert lokale for helsesøster og 2 andre mindre rom nytta til grupperom i samband med elevråd / konferansar og musikkaktivitetar. ”Nybygget” ligg på den andre sida av skuleplassen og inneheld 3 spesialrom for tresløyd, metallsløyd og tekstil i tillegg til bassenget. • Administrasjon og personale Administrasjonsdelen ligg i 2.etg i gamlebygget og består av kontor til rektor, inspektør og forkontor. Rådgjevar har også eige kontor. Personalrommet vert også nytta til møterom. Arbeidsrommet til lærarane er relativt nytt og svært bra. 14 lærarar, assistentar og IKT-ansvarleg deler på 160m2. • Tomt og uteområde Skulen sitt uteområde ligg fint til med flott utsikt over Samnangerfjorden. Tomta er i minste laget ved ein evt. elevtalsauke. Uteområdet med ballbinge er godt tilrettelagt for ulike aktivitetar i ballspel og klatring, og mindre tilrettelagt for ulike typar sosial aktivitet. Tomta ligg med lett tilgang til både sjø, elv og skogområde, og ungdomsskulen kan framleis gjera
17
ein god del meir med tanke på å nytta uteområdet som læringsarena og stimulera eigenorganiserte aktivitetar. Andre brukarar av anlegget Kulturskulen, idrettslaget og lokalbefolkninga nyttar skulen og uteområdet utanom skuletid. Tilstand på bygningar og teknisk anlegg – Samnanger ungdomsskule Samnanger ungdomsskule Skulebygget
Vedlikehald utomhus Rimeleg bra. Nye vindauge, og nymåla bygg. Grunnmuren på nybygget under jord er dekka av eternittplater, som teng nytt blybeslag på toppen, samt ei oppreinsking bak platene. Uteområde/- plass Plassen vert grusa 2009. Grøntområde og gjerde rundt skulen treng oppgr. Trafikksikring Dårleg. Ingen skilje mellom gåande og kjørande. Tidvis trafikk over skulepl. Uoversiktleg Miljøtiltak Sykkelparkering under tak monterast 2009.
Universell utforming
Inngangsparti i gamlebygget er ok, heis i gamlebygget til adm.sjon og arbeidsrom, og nye toalett tilrettelagt for rørslehemma.
Innvendig vedlikehald Behov for opp-pussing av mange rom. Dårleg ventilasjon i delar av gamlebygget. Ventilasjonsanl. som kun er avtrekksanlegg.
Nybygging/ ombygging Oppgradering av ventilasjonsanlegget. Hindre uvedkomande tilgang til taket på bassenget med gjerde/vegg. Elles kan det medføra alvorlege skader / lekkasjar. Grøft til /frå høgdebasseng skal leggast over plassen. Trafikk over skuleplassen er forbode på dagtid. Burde vore det same kveld og helg.
Store fyringskostnader. Stort potensiale i energiøkonomisering, Ventilasjonsanl. i gamlebygget treng oppgradering. Manglar heis-tilkomst til garderobar i underetg. og 2.etg (helsesøsterktr/gr.rom) Nyebygget manglar heis og Hc-toalett i klasseromsdelen.
Godkjenning - forskrift om miljøretta helsevern i skular og barnehagar Samnanger ungdomsskule er godkjent etter § 6 i forskrift om miljøretta helsevern i skular og barnehagar.
18
Hovudproblemstillingar slik skulen ser det – rektor og tillitsvald: Skulen er i rimeleg god stand etter omfattande opprusting siste åra. Heile bassengavdelinga, gym-sal, garderobe og dusj i kjellaretg. og nye toalettanlegg for gutar og jenter i hovudbygget er pussa opp. . Elevar har med hjelp av lærarar, foreldre og vaktmeister måla korridor, kantine, elevrådsrom som no også vert nytta til konferanserom, og toalett i nybygget. Me har store bygningar, men alle rom er i bruk. Mange rom vert nytta til elevar med ekstra trong for tilrettelegging. Kommunen si datasatsing har gjeve oss mange PC-ar. Ei av dei største utfordringane våre er å få alle datamaskinene til å fungera. Me har 9-10 stk i klasseromma, klassen på fysikksalen får tilgjenge ved å byta rom, og særleg dei berbare PC-ane er svært ustabile. I tillegg til vanleg bruk i mange timar, er me avhengige av at alt fungerer ved nasjonale prøver, elevundersøkingar, på tentamen, prøveeksamen og eksamen, både munnleg og skriftleg. Elles tek me gjerne imot fleire elevar, og denne hausten er elevtalet kome opp i 101.
19
2.2 KAPASITET PÅ EKSISTERANDE SKULAR 2.2.1 AREALNORMER OG SKULEKAPASITET Begrepet elevkapasitet for ein skule seier noko om kor mange elevar ein skule teoretisk sett skal kunne ta imot. Den teoretiske elevkapasiteten er ein funksjon av tre forhold: Kva kvalitetsnivå kommunen ønskjer å leggje opp til Kva arealnorm det valde kvalitetsnivået genererer Kva metode som skal nyttast for å berekna kapasitet Kvalitetsnivå Kommunen kan bestemme kvalitetsnivået på skulane gjennom skulebruksplanen og vedtak om pedagogisk plattform. Kvalitetsnivået vil dermed vera styrande for evt. storleik på ulike rom og funksjonar i framtida… Kunnskapsløftet legg opp til tilpassa opplæring og bruk av varierte arbeidsformer i skulen og organisering av elevane i ulike grupper. I tradisjonelle ”klasseromskular” kan dette vera utfordrande å få til. I framtidas skulebygg må det derfor leggast opp til fleksible areal og løysingar som ikkje hindrar praktisk organisering av kvardagen på skulen. Arealnorm Gjennom val av arealnorm for skuleanlegga bestemmer kommunen ” kvalitetsnivået ” på skulebygget. Det er ikkje statlege normer på dette feltet; kommunen må sjølv setje nivået . I opplæringslova § 9 a-1 les me; ”Alle elevar i grunnskoler og vidaregåande skoler har rett til eit godt fysisk miljø og psykososialt miljø som fremjer helse , trivsel og læring.” I rettleiaren til forskrift for miljøretta helsevern i barnehagar og skular vert det gjeve retningsliner for areal pr elev i klasserommet. Arealnorma må sjåast i samanheng med inneklimaet i rommet, rommet si utforming og rominnhald. Arealnorma i vanlege klasserom er på minimum 2 m2 pr. elev. Når det skal leggast til rette for varierte aktivitetar som kunst og handverk, mat og helse eller kroppsøving, bør arealet vera større, td 2,5 m2 pr. elev. Areal til tilsette kjem i tillegg. I skulebruksplanen for Samnanger kommune har ein valt å leggja arealnorm frå Bergen kommune og Os kommune til grunn for utrekning av elevkapasitet. Dette er ein relativ nøktern norm sjølv om ande kommunar ligg på minstenorma i forskrifta. Arealnorma etter Bergensmodellen vurderer det totale læringsarealet pr. elev som heilskap. Ei samla arealnorm pr. elev i denne norma er frå 11-13,5 m2 i skulen sett under eitt. I figuren nedanfor og arealtabellen for romprogram i kap. 3.1.10, vert dei ulike arealnormtal for dei ulike skuletypane vist. Bergensnorma legg til grunn 28/30 elevar pr. ”klasse” som basis for uttrekning av dei ulike skuletypane sitt elevtal. Samla elevtal er utgangspunktet for inndeling i skuletypar og ikkje organiseringa av elevane. Areal pr.elev vert lågare når elevtalet aukar. Skuletypane (S04, B07, B14, ect. ) er valt ut frå kva som er i Samnanger i dag og kva som kan vera alternativ i framtida. Ved denne måten vil areal i skulebygga som ikkje er allment læringsareal ikkje verta rekne med. Alternativt kunne utrekningane vore gjort ut frå storleiken på klasseromma eller samla bruttoareal.
20
Oppsummering av arealnorm for læringsareal:
Maksimalt elevtal Sum allment læringsareal: Sum allment læringsareal pr. elev Sum spesialisert læringsareal Sum spesialisert læringsareal pr. elev Sum læringsareal Sum læringsareal pr. elev
S04 112 823 7,35
B07 196 1254 6,4
B14 392 2268 5,8
U03 90 626 6,96
U06 180 1037 5,76
K06 174 1032 5,93
K12 348 1710 5,98
K10 286 1895 5,45
K20 572 3255 5,7
115 255
430
215 395
330
430
330
550
1,03 1,3
1,1
2,39 2,19 1,90 1,50 1,0
1,0
938 1509 2698 841 1432 1362 2140 2225 3805 8,4 7,7 6,9 9,35 7,95 7,83 7,48 6,45 6,7
Forklaring til tabellen: Kodane S04, B07,B14, U03, osb. står for ulike skuletypar/skuleslag. Bokstavane S = småskule 1-4 årssteg, B = barneskule 1-7 årssteg, K = kombinert skule110 årssteg og U = ungdomsskule 8-10 årssteg. Talet som følgjer viser kor mange klassar skulen har. S04 = småklule for 1-4 trinn med 4 klassar og maksimalt elevtal på 112 elevar. B07 = barneskule 1-7 trinn med 7 klassar og B14 har to parallellar på kvart trinn dvs 14 klassar. U03 = ungdomsskule med ein klasse pr trinn. K06 = kombinert skule frå 5-10 trinn med ein klasse pr trinn. K12 har to parallellar. K10 = kombinert 1-10 skule med ein klasse pr trinn og K20 har to parallellar, totalt 20 klassar. Elevtettleiken har betydning for trivsel, helse og læring. Det er vanskeleg å setja ei absolutt grense for kor mange elevar kvar skule har plass til. Arealnorma er ein rettesnor, og kommunen må vurdera kva som er både helsemessig og pedagogisk forsvarleg. I arealnorma er det mogleg å redusera noko på arealet på spesialisert læringsareal som kunst og handverk, mat og helse ved å ta desse i bruk som allment læringsareal (klasserom). Dette vil derimot gje mindre fleksibilitet, og det vil vera vanskelegare å driva tilpassa undervisning. Kulturskulen og andre lag nyttar ofte skulen til ulike aktivitetar, og skulen fungerar ofte som eit nærmiljøsenter. I romprogramnorma i kap. 3.1.10 er det td. sett av 100m2 netto til dette føremålet for å dekkja behov for areal til td utstyr og aktivitetar. I dag er samarbeidet basert på gode sambruksløysingar, og enkelte rom er lite eigna for dei ulike aktivitetane. Metode Modellen for utrekning av kapasitet på dei ulike skuleslaga er basert på eit rekneark utarbeidd av Bergen kommune. Skulen sitt netto læringsareal vert fordelt på allment læringsareal og spesialisert læringsareal og dividert på normtalet for areal pr. elev for den aktuelle skuletypen. Ut frå dette blir det rekna ut kor mange elevar skulen teoretisk har plass til i kvar av arealkategoriane. Areal som ikkje er læringsareal, td. trafikkareal/tilfluktsrom/lager/ bakgangar, etc er trekt ut. Areala som er nytta er målt digitalt av teknisk eining i kommunen ut frå digitale kart og teikningar. Talmaterialet gjev ei vurdering av den samla kapasiteten på skulane. Store tradisjonelle spesialrom gjev ei skeivfordeling mellom allment og spesialisert læringsareal. I den samla vurderinga av kapasitet er det føresett at nokre av spesialromma kan bli omdisponert til allment læringsareal.
21
Modellen tek i utgangspunktet ikkje omsyn til storleik på dei einskilde rom/planløysing, etc. I første omgang er det berre areal (m2) som vert vurdert, ikkje om areala er eigna som læringsareal. Dette må sjåast på, når utviklingspotensialet og avgrensingar for dei aktuelle skulane skal diskuterast. I modellen/reknearket vert også bruttoarealet til skulen vurdert opp mot nettoarealet for å sjekka ut kor godt kapasiteten til skulebygget er utnytta. Det er kostbart og lite energivenleg å ha for store bygg i høve til tal elevar. Administrasjons- og personalareal, samt kroppsøvingsareal og alle spesialavdelingar er ikkje med i kapasitetsutrekninga på dagens skular. Dette fordi denne typen areal ikkje verker direkte inn på elevkapasiteten. I utrekningane for framtidige skulemodellar (kap 3.1.10) er derimot arealnorma for desse med i arealprogrammet. Kapasiteten på uteområdet til skulen er lagt inn i modellen for å visa kva potensiale skulen har i framtida ved evt. utviding av elevtalet. Til dette er det nytta normtal for ulike skulestorleikar i rettleiar frå helse og sosialdepartementet. I norma er minimumsareal ved; små skular, dvs. færre enn 100 elevar, ca. 5000 m2.. middels store skuler, mellom 100 og 300 elevar, ca. 10 000 m2. store skuler, dvs fleire enn 300 elevar ca. 15 000 m2. og for kvar elev over 300 kjem eit tillegg på 25 m2. Ved utrekning skal bygningsmassen skal trekkast i frå slik at det er nettoarealet til disposisjon for elevane som vert grunnlaget for kapasiteten til uteområdet.
2.2.2 SKJEMA OVER KAPASITETEN PÅ SKULANE Nedanfor viser skjema kapasiteten til Nordbygda skule, Gjerde skule og Samnanger ungdomsskule.
22
Skule: Utrekna kapaistet allment læring Utrekna kapasitet spesialrom: Utrekna kapasitet alt: Normert tal elevar 1 parallell barne skule totalt:
Nordbygda 698 167 865 196
A:ALLMENT LÆRINGSAREAL B:SPESIALISERT LÆRINGSAREAL
NORM (1 parallell) Areal Areal 1234 270
1.KAPASITETSBEREKNING ift. Nettoareal Rom Areal A:ALLMENT LÆRINGSAREAL Klasserom (2,3,4,5,7 trinn) Grupperom Ekstra arbeidsplassareal (Spe.behov) Elevgarderober/toaletter Bibliotek/mediatek Naturfag Nærlager Praksis/aktivitetsrom/gang Formidlingsrom 1.klasse /Base SFO SFO kontor Elevråd Sum allment læringsreal
NORM (1 parallell) Registrering m2/elev Sum Elevkapsitet 430 207 75 51 49 0 130 7 60 95 0 0 30 20 280 230 60 0 100 88 10 0 10 0 111 1234 6,30 698
Rom: B: SPESIALISERT LÆRINGSAREAL Heimkunnskap/klasserom 6 trinn Musikk/drama Naturfag Kunst og handverk Sum spesialrom
NORM (1 parallell) Registrering m2/elev Sum Elevkapsitet 80 61 110 44 20 0 60 62 270 1,38 167 121
EKSISTERANDE ANLEGG Allment læringsareal Spesialisert læringsareal Sum læringsareal
Areal
Registrering Elevkapasitet 698 111 167 121
NTA eksis.bygg Elevtal 2009 m2/elev 2009 m2/elevnorm Diff.eksisterar 698 86 8,12 6,30 1,82 167 86 1,94 1,38 0,56 865 86 10,06 7,67 2,38
2. KAPASITETSUTREKNING ift. Bruttoareal BTA Hele anlegget BTA eks.idrett Elevtal Eksisterande skuleanlegg 1557 Norm 2677 Differanse eksisterande bygg-norm
m2/elev 86 196
18,10 13,66 4,45
Tal elevar ift. eks.BTA/norm 114
3.KAPASITETSUTREKNING ift. Uteareal Skuletomt Areal Elevtal m2 pr elev Tal elevar ift. eks.NTA/norm BTA Heile skuletomta 8393 Bygningar,parkering 1557 Eksisterande netto uteområde 6836 86 79 137 Norm 5000 100 100 Diff. eksist.uteområde-norm 1836 *) middels store skular med elevar mellom 100-300 minimumsareal 10.000m2
23
Skule: Utrekna kapaistet allment læring Utrekna kapasitet spesialrom: Utrekna kapasitet alt: Normert tal elevar 1 parallell barne skule totalt:
Gjerde 859 237 1095 196 NORM (1 parallell) Areal Areal 1234 270
A:ALLMENT LÆRINGSAREAL B:SPESIALISERT LÆRINGSAREAL 1.KAPASITETSBEREKNING ift. Nettoareal Rom A:ALLMENT LÆRINGSAREAL Klasserom (2-7 trinn) Grupperom Ekstra arbeidsplassareal (Spe.behov) Elevgarderober/toaletter Bibliotek/mediatek Naturfag Nærlager Praksis/aktivitetsrom Formidlingsrom 1.klasse /Base SFO SFO kontor Elevråd Sum allment læringsreal Rom: B: SPESIALISERT LÆRINGSAREAL Heimkunnskap Musikk/drama Naturfag Kunst og handverk Sum spesialrom
Areal
Areal
Registrering Elevkapasitet 859 136 237 172
NORM (1 parallell) Registrering m2/elev Sum Elevkapsitet 430 405 75 66 49 0 130 151 60 109 0 0 30 15 280 22 60 0 100 92 10 0 10 0 1234 6,30 859 136 NORM (1 parallell) Registrering m2/elev Sum Elevkapsitet 80 60 110 110 20 0 60 67 270 1,38 237 172
EKSISTERANDE ANLEGG Allment læringsareal Spesialisert læringsareal Sum læringsareal
NTA eksis.byg Elevtal 2009 m2/elev 2009 m2/elevnorm Diff.eksisterar 859 116 7,40 6,30 1,11 237 116 2,04 1,38 0,66 1095 116 9,44 7,67 1,77
2. KAPASITETSUTREKNING ift. Bruttoareal BTA Hele anlegget Eksisterande skuleanlegg Norm Differanse eksisterande bygg-norm
BTA eks.idrett Elevtal 1962 2677
m2/elev 116 196
16,91 13,66 3,26
Tal elevar ift.eks. BTA/norm 144
3.KAPASITETSUTREKNING ift. Uteareal Skuletomt Areal Elevtal m2 pr elev Tal elevar ift. Eks. NTA/norm BTA Heile skuletomta 12800 Bygningar,parkering 1962 Eksisterande netto uteområde 10838 116 93 217 Norm 10000 100-300 50* 300 Diff. eksist.uteområde-norm 838 *) middels store skular med elevar mellom 100-300 minimumsareal 10.000m2
24
Skule: Samnanger ungdomsskule Utrekna kapaistet allment læring Utrekna kapasitet spesialrom: Utrekna kapasitet alt: Normert tal elevar 1 parallell ung.skule skule totalt:
937 360 1297 90
NORM (1 parallell) Areal 626 215
A:ALLMENT LÆRINGSAREAL B:SPESIALISERT LÆRINGSAREAL 1.KAPASITETSBEREKNING ift. Nettoareal Rom A:ALLMENT LÆRINGSAREAL Areal Klasserom Grupperom Ekstra arbeidsplassareal (Spe.behov) Elevgarderober/toaletter Bibliotek/mediatek Naturfag Nærlager Praksis/aktivitetsrom/elevkantine Formidlingsrom 1.klasse /Base SFO SFO kontor Elevråd Sum allment læringsreal
NORM (1 parallell) m2/elev 180 30 21 60 80 40 25 120 60 0 0 10 626
Rom: B: SPESIALISERT LÆRINGSAREAL Areal Heimkunnskap Musikk/drama Naturfag Kunst og handverk Sum spesialrom
NORM (1 parallell) m2/elev 80 55 20 60 215
EKSISTERANDE ANLEGG Allment læringsareal Spesialisert læringsareal Sum læringsareal
Registrering Elevkapasitet 937 135 360 151
Areal
NTA eksis.bygg
Sum
6,96
Sum
2,39
Elevtal 2009
937 360 1297
90 90 90
2. KAPASITETSUTREKNING ift. Bruttoareal BTA Hele anlegget BTA eks.idrett Elevtal Eksisterande skuleanlegg 3140 Norm 1602 Differanse eksisterande bygg-norm 3.KAPASITETSUTREKNING ift. Uteareal Skuletomt Areal Elevtal BTA Heile skuletomta 8100 Bygningar,parkering 3140 Eksisterande netto uteområde 4960 Norm 5000 <100 Diff. eksist.uteområde-norm -40 *) små skular med elevar opptil 100 har minimumsareal 5.000m2
25
Registrering Elevkapsitet 295 65 0 41 0 82 38 405 0 0 0 10 937 135 Registrering Elevkapsitet 99 54 0 206 360 151
m2/elev 2009 m2/elevnorm Diff eksisterar 10,41 6,96 3,45 4,00 2,39 1,61 14,41 9,34 5,07
m2/elev 90 90
34,89 17,80 17,09
m2 pr elev
90
Tal elevar ift. Eks BTA/norm 176
Tal elevar ift. Eks NTA/norm
55
99 100
2.2.3 OPPSUMMERING OG VURDERING AV KAPASITET PÅ KVAR SKULE På lang sikt er det lite reelt å planlegge med 100% kapasitetsutnytting av skulane. Elevar flyttar mellom skular, og ein stappfull skule gjev lite fleksibilitet. Det er vanleg å definera reell kapasitet til å vera 80-90% av berekna kapasitet. På kortare sikt kan ein derimot leva med overfylt skule i påvente av betre løysingar. Nedanfor ser me elevtalet i skulane i 2009 og talet på elevar ved ei kapasitetsutnyttinga på 8090%. Tala er henta frå skjemaet ovanfor på areal til allment læringsareal på skulane. Alle tre skulane har god romkapasitet til å ta imot evt. elevtalsauke i skulebygga. Figuren viser også kapasiteten til uteområda på skulane. I følgje norma for uteområde har skulane i Samnanger ulik kapasitet til å ta imot elevtalsauke. Ungdomsskulen sitt uteområde har ikkje kapasitet til meir enn 100 elevar. Skulebygget er derimot overdimensjonert i høve til uteareal og har romkapasitet til 176. Gjerde skule har myke uteareal med kapasitet til 300 elevar. Romkapasiteten er avgrensa til 150 elevar. Nordbygda skule har romkapasitet til 114 elevar. Uteareal på Nordbygda kan nyttast av opp til 175 elevar.
Kapasitet læringsareal og uteområde skulane i Samnanger 250
Elevar
200 150 100 50 0 Samnanger ung.skule
Gjerde skule
Elevtal 2009 unytta kapasitet uteområde 80% elevkapasitet
26
Nordbygda
Kapasitet uteområde 90% elevkapasitet
Samnanger ungdomsskule På ungdomsskulen er det 90 elevar, og skulen utnytter ca 60% av kapasiteten til læringsarealet i skulebygget. Skulen har kapasitet til å ta imot 151-135 elevar under føresetnad av at noko spesialisert læringsareal gjerast om til allment læringsareal. Skulearealet kan med ei ombygging utnyttast lagt betre. Med 80% kapasitetsutnytting er det plass til om lag 120 elevar i skulebygget. Skulen har ein god gymsal med gode garderobeforhold. Symjehallen inkludert garderobar ligg også på ungdomsskulen. Den er ikkje med i kapasitetsberekninga. Tomta til ungdomsskulen er liten, 4960 m2. Skulen utnyttar i dag 90% av kapasiteten på uteområdet i dag. Det er kapasitet til ca 100 elevar. Gjerde skule På Gjerde er det 116 elevar, og skulen utnyttar 67 % av læringsarealet. Skulen har kapasitet til å ta imot 172-136 elevar. Til liks med ungdomsskulen kan noko av spesialisert læringsareal gjerast om til allment læringsareal. Med ei utnytting på 80 % kan skulen ta inn opp mot 140 elevar. Gymsalen på Gjerde skule er relativt stor med gode garderobeforhold og scene. Gjerde skule har eit stort uteområde og utnyttar om lag 55 % av kapasiteten til uteområdet på skulen. Gjerde skule har den største tomta. Legg ein m2 pr elev til grunn har uteområdet kapasitet til opp mot 217 elevar. Utrekning etter norma for nettoarealet for tomta, 10.838 m2, er det kapasitet til 300 elevar, og høve for evt. utbygging. Nordbygda skule Nordbygda har 86 elevar i dag og utnyttar 71 % av læringsarealet i skulebygget. Skulen har kapasitet til å ta imot 121-111 elevar. Med ei kapasitetsutnytting på 80 % er det plass til 97 elevar. Gymsalen er liten og med tronge garderobar. Med elevtalet til skulen i dag vert 63% av kapasiteten uteområdet utnytta. Legg ein m2 pr. elev til grunn kan uteområdet ta rundt 137 elevar. Nyttar ein norma for små skular til grunn og og legg til 25 m2 pr elev kan Nordbygda med eit nettoareal på 6836 m2 ta imot opp mot 175 elevar. Ei evt. utbygging av læringsarealet er mogleg på tomta til skulen.
27
2.2.4 KAPASITET PÅ KVAR SKULE TIL UTBYGGING AV FLEIRBRUKSHALL Samnanger kommune ønskjer å vera ein ”bulystkommune” og få vekst i folketalet. Kulturtilbod i kommunen vert då viktig. Mange lag og organisasjonar driv ulike aktivitetar i dei mange grendahusa som fins i Samnanger. Kommunen manglar likevel ei ”storstove” der dei typiske hallaktivitetane, handball, fotball og turn kan ha konkurransar innandørs. Innbyggjarane har gjennom arbeidet med kulturplanen gitt fleirbrukshall første prioritet og nytt bibliotek kjem på andre plass. Hallen bør av ulike grunnar kombinerast med andre tiltakt som t.d. skuleanlegg / bibliotek / bustader / kommunehus mm. Ein fleirbrukshall eller idrettshall i kombinasjon med skuleanlegg skal erstatta skulen sin gymsal og garderobeanlegg. Desse kan då nyttast evt. ombyggast til læringsareal eller administrasjonsbygg. Tomta til skulane og høve for utviding av arealet avgjer om det er mogleg å kombinera ein av dagens skular med ein ny fleirbrukshall. Avstanden frå skulen til ein hall som erstattar gymsal og td skulebibliotek bør ikkje vera lenger enn 200 meter. (jfr. Rettleiar). Arealet til ein rein idrettshall, inkludert parkering, bør vera på minimum 4000 m2. I tillegg bør tomta vera så stor at det er potensiale til å utvida skulebygga og hallen med andre aktivitetar, som td fysioterapi, bibliotek, svømmebasseng og kunstgrasbane med meir. Nedanfor er det vist flyfoto av tomtene på dei tre skulane og potensiale for å byggja hall ved skulane. Eigedomsgrensene på bildet er ikkje rettsgyldige og kan ikkje nyttast til andre føremål. Kapasiteten for både utbygging av fleirbrukshall og nytt skuleanlegg på ulike dei ulike tomteområda vert også vurdert. Potensiale til skuletomta ved Samnanger ungdomskule Heile skuletomta til ungdomsskulen er på 8100 m2. Bygningsmassen (3140m2) tar ein stor del av tomta slik at nettoarealet tilseiar eit elevtal på 100 elevar. Ei evt utviding av tomta må skje mot sør, mellom skuleplassen og privat hustun. Området er i dag innmark på ca 5400 m2, fordelt på to grunneigarar. Ein ny hall bør ha eit areal på minimum 4000 m2. Potensialet for å leggje ein fleirbrukshall til ungdomsskulen er svært avgrensa og av fleire grunnar er arealet her lite eigna. Området er i reguleringsplanen merka som dyrka mark.
28
Potensiale til skuletomta ved Gjerde skule Gjerde skule har ein stor og god skuletomt på totalt 12.800 m2. Nettoarealet utgjer 10.838 m2, og skulen kan ha eit elevtal på litt over 300 elevar. Ved bygging av ny hall kan det skje i kombinasjon med å utviding av eksisterande gymsal mot aust eller nytt bygg. Utviding av skuletomta kan skje mot aust og nord. Tilgjengeleg areal er på rundt 5.500m2, og det er i dag innmark fordelt på fleire grunneigarar. Ved plassering av ein hall bør tomta vera så stor at den også har potensiale til eit framtidig basseng. Ein ny hall i dette området vil resultera i omlegging av fleire vegar ved skulen, og auka trafikkbelastninga gjennom bustadområdet på Gjerde og Steinslandfeltet. Tomta til Gjerde skule ligg i dag godt til rette for mindre utvidingar av skulebygga. Dersom ein hall vert bygt ved skulen er det små utvidingsmoglegheiter for eit framtidig basseng eller idrettsanlegg.
Potensiale til skuletomta ved Nordbygda skule Skuletomta til Nordbygda skule er totalt på 8393 m2, og ligg fint til i eit utmarksområde. Skulen nyttar det til uteskule. Bygningane utgjer 1557 m2, og nettotomta er på 6836 m2 tilpassa ca. 137 elevar. Ved bygging av ein hall kan det skje mot nord, i eit stort utmarksområde med potensiale opp mot 30.000 m2. Det er tre grunneigarar i dette området, avhengig av storleiken på tomta som evt skal nyttast. Ei utbygging av ny hall vil resultera i auka trafikk og nødvendig omlegging av veg til skulen.
29
2.2.5 POTENSIELLE OMRÅDE TIL NY FLEIRBRUKSHALL - EVT. I KOMBINASJON MED SKULE Fleirbrukshall i kombinasjon med bibliotek, kommunehus og andre funksjonar bør liggja i område som kan generera tettstadutvikling. Bjørkheim har i dag ei rekkje sørvisfunksjonar som kan utviklast og området vert styrka som Samnanger sitt handel- og sørvissenter. Dei næraste åra vil bustadbygginga skje gjennom fortetting i etablerte område i Nordbygda, Lønnebakken og Steinsland. Dersom Nordbygdaskulen skal ha nytte av ein hall og bibliotek er det anbefalt at fleirbrukshallen ikkje bør liggja i større avtand enn 200meter frå skulen. I rett luftlinje er det om lag 275 meter til grendahuset i Nordbygda, ca 375 meter til Reistadmyrane og 800 meter til Bjørkheim. Arealnorma til skulebygga for ein kombinert skule for 5.-10. trinn er på 2.400 m2. I tillegg kjem uteområdet på minimum 8.000m2 og areal til idrettsanlegg. For ein 1-10 skule (K10) med eitt trin pr. klasse bør bygningsmassen liggja på 3.800 m2 og eit uteareal på 10.000m2, medan det for to parallellar (K20) bør vera 6.200 m2. På sistnemnde bør netto utearealet vera på 15.000 m2. I tillegg bør ei ny tomt ha areal tilgjengeleg for evt. utving av hallen, basseng, utandørs idrettsanlegg som kunstgrasbane, sandvollyball, bowling mm. Totalt bør ei ny tomt ha eit areal på minimum 30.000 m2.
B A
C
D
30
A: Grendahuset - Reistadvika Avstanden frå Nordbygda skule til grendahuset er i lengste laget og det føreset gangsvegsystem mellom bygga dersom dette alternativet vert valt. Det er fleire areal som kan vera aktuelle ved grendahuset. Her kan det også tenkjast ei utbygging der grendahuset inngår i planane. På haugen ovanfor er det ein utmarkstomt på opp mot 11.000 m2 og nedom huset er det eit areal, Pøyla, dersom utfylling vert aktuelt på om lag 6.000m2. Areala er sett av til bustadområde i kommuneplanen. B: Reistadmyra Avstanden mellom skulen og ein hall her kan verta for lang til at fleirbrukshallen skal erstatta gymsal og bibliotek på Nordbygda skule. Resitadmyra kan ha eit potensiale på 32.000m2. Området kan også ha potensiale som utandørsanlegg ved ein evt. hall ved grendahuset. Området er sett av til LNF område med tillate spreidd bustadbygging. C: Bjørkheim På Bjørkheim er det i dag etablert butikksenter, bensinstasjon, kro og motellverksemd. Området er sett av til bebyggelsesområde i kommuneplanen og det er vedteke reguleringsplan for området. Det er for lang avstand å kombinera ein fleirbrukshall her med Nordbygda skule. Ein fleirbrukshall på Bjørkheim føreset ny skule dersom skulen skal få nytte av bygget. Arealet til ein ny skule bør ha ein storleik opp mot 15.000 m2 i tillegg til hall på 3000 m2. Det er areal på Bjørkheim til dette ved evt. utfylling eller omdisponering av campingplass. Det er uklart om det er nok areal til ei vidare utbygging med basseng og utandørs idrettsaktivitet. D: Lauvskarsområdet Lauvskarsmarka er eit innmarks- og utmarksområde på om lag 100.000 m2 som også kan vera aktuelt til ny skule kombinert med fleirbrukshall. I utmarka på Lauvskar er det også andre område som kan vera aktuelle. Desse vert ikkje vurdert i denne omgang. Området er sett av som LNF-område i kommuneplanen.
2.2.6 SKULEANLEGG OG FLEIRBRUKSHALL I HØVE TIL ANDRE UTBYGGINGSPLANAR I KOMMUNEN Kommuneplanen 2020 har med som hovudfokus å få fleire folk til å leva og bu i Samnanger. Arealplanen skal reviderast og skulebruksplanen vil verta eit viktig grunnlag for framtidas plan for bustadbygging. Samnanger kommune har under planlegging fleire store prosjekt der mange av dei inneber nye bygningar. Nokre av desse prosjekta kan kombinerast med ein idrettshall, Andre kan vera aktuelt å vurdera i samband med etterbruk av ledige bygg. Nedanfor følgjer ei ikkje-prioritert oversikt over planlagde utbyggingsprosjekt; • • •
Kulturplanen for 2008-2012 (2020) - fleirbrukshall og nytt bibliotek. Plan for vaksne med nedsett funksjonsevne (2008) - etablera eit senter, som skal innehalda både bueiningar og dagsenter. Bueiningane kan vera eigd av bebuarane. Pleie og omsorgsplanen 2008-2011 - utbygging av sjukeheimen jfr. ”einsengsreforma”, ønske om eit godt, tilgjengeleg og universelt utforma bibliotek.
31
• • •
Trafikksikringsplan (2003) - planfri kryssing av vegen (RV7) på Bjørkheim, gang og sykkelveg på gamlevegen (FV 136) frå Bjørkheim til Tysse og trafikk- sikringstiltak på skulevegen (komm.veg) til Nordbygda skule. Kommunedelplan - anlegg og område for idrett og friluftsliv 1997-2000 (2008) – fleirbrukshall; samfunnsbygg, der mange brukargrupper skal sleppa til. Kunststoff dekke/-grass på ulike banar. Vedlikehaldsplan – rehabilitera kommunehuset eller etablera seg i nytt hus.
Med gode, kreative løysingar og kombinasjonar kan det vera mogleg å realisera fleire av prosjekta innanfor kommunen sin økonomiske handlefridom. I klimaplanen til Samnanger vert det vist til CO2 målingar på kommunale bygg. Særleg ungdomsskulen har høge verdiar for høg energibruk. I framtidige kommunale bygg bør det verte lagt vekt på mest mogleg miljøvenleg energibygg og -bruk.
32
2.3
ELEVTALSUTVIKLING
Samnanger kommune fekk ein sterk vekst i folketalet rundt 1900 talet med etableringa av fabrikken på Ytre Tysse. Folketalet låg då rundt 3000 innbyggarar, før det gradvis minka igjen heilt fram til midten av syttitalet. Utover åttitalet tok det seg oppatt igjen og ligg no på rundt 2400 innbyggarar. Gode kvalitative prognosar for utviklinga av elevtalet i kommunen er svært viktig i høve til planlegging av skulestruktur og dimensjonering av skuleanlegga. Det kan kosta kommunen dyrt å sitja med overdimensjonerte skuleanlegg, når elevveksten ikkje kjem eller elevtalet går drastisk ned. Dette er uheldig for både drifta og funksjonaliteten. I denne utgreiinga av folketalsutviklinga fram til 2020 i Samnanger kommune har det vore sett nærare på den historiske utviklinga (SSB) og tal pr. januar 2009 (SSB). Det er gjort ein gjennomgang av demografiske faktorar som spelar inn på folketalsutviklinga i kommunen. Dette saman med aktiviteten i bustadbygging gir eit grunnlag for å seia noko om elevtalsutviklinga. I Samnanger vil folketalet mest truleg halda seg stabilt framover. Dette kan sjølvsagt slå feil, og ei jamnleg rullering av prognosane vert viktig for å korrigera kursen og planlegginga av skuleanlegga. Framtidig bustadutbygging er ein av dei viktigaste faktorane for kor og når ein evt. elevtalsvekst kan komma.
2.3.1 FOLKETALSUTVIKLING DEI SEINARE ÅRA (utgangspunkt i prognosane). Figuren nedanfor viser folketalet frå 1951 fram til 2009. Sentralisering og nedbygging av industriarbeidsplassar førte til rask tilbakegang i folketalet ut på syttitalet. Vegutbygging og kortare reisetid til Bergen resulterte til noko oppgang utover på 80-talet og folketalet har sidan stabilisert seg. Nettoinnflytting og fødselsoverskot 1984-2008 Samnanger kommune
Utvikling folketal 1951-2009 Samnanger kommune 40
2600
30
2500
20
2400
10 0
2300
-10
2200
-20
2100
-30
2000
-40
Fødselsoverskot
Nettoinnflytting
Eit positivt fødselsoverskot (tal fødde minus tal døde) og positiv nettoinnflytting (tal utflyttainnflytta) gjev auke i folketalet. Nettoinnflytting og fødselsoverskot frå 1984 -2008 har store variasjonar for kvart år. For Samnanger har det resultert i eit stabilt folketalet framfor ein befolkningsvekst lik dei andre omlandskommunar til Bergen. 90-talet bar preg av høg nettoutflytting og fødselsunderskot, medan det i frå 2000 og utover har vore gode år med høg nettoinnflytting og noko fødselsoverskot.
33
2008
2007
2006
2005
2004
2003
2002
2001
2000
1999
1998
1997
1996
1995
1994
1993
1992
1991
1990
1989
1988
1987
1986
1985
19 51 19 54 19 57 19 60 19 63 19 66 19 69 19 72 19 75 19 78 19 81 19 84 19 87 19 90 19 93 19 96 19 99 20 02 20 05 20 08
1984
-50
1900
Samnanger hadde i 2007 det høgaste nettoinnflyttinga og i 2008 den høgaste fødselsoverskotet på 25 år. Innflyttinga viste seg dessverre ikkje å halda fram og mange flytta ut av kommunen året etterpå . Netto innflytting til Samnanger dei neste åra vil m.a vera avhengig av kor mange bustader som vert bygt og kor attraktiv kommunen er for nyetablerarar. Fordeling av befolkninga i aldersgruppa pr. 1.jan 2008 16 14 12 Prosent
10 8 6 4 2 0 0-5
6-12 13-15 16-19 20-29 30-39 40-49 50-59 60-69 70-79 80+ Aldersgruppe Hordaland
Samnanger
Landet
I figurane er befolkninga fordelt på ulike aldersgruppene og samanlikna med fylket og landet. Samnanger har ein større del av befolkning i godt moden alder (rundt 40 -60 år). Det gjev færre barn i barnehage- og grunnskulealder enn i landet for øvrig. Kommunen får dermed ikkje den veksten i elevtalet i skulane våre som på åtti- og nittitalet, då andelen av yngre befolkning var høgare. Det er store variasjonar på årskulla i skulane, og barnetalet har gradvis gått ned siste åra. Det betyr at ungdomsskulen (13-15 åringane) kan få redusert elevtalet med 1/5 allereie dei neste fire åra. Barn i førskule- og grunnskulealder 1986 - 1.1.2009
Befolkning etter alder pr 1.jan 2009 50
300 40
250 200
30
150 20
100 50
10
0 1986
1988
1990
1992
1994
1996
1998
2000
2002
0 0 år
10 år
20 år
30 år
40 år
50 år
60 år
70 år
80 år
90 år
0-5 år
6-12 år
13-15 år
Samnanger hadde til liks med heile landet eit høgt fødselsoverskot i 2008. Dette skyldast i stor grad utsett barnefødsel pga. utdanning. For Samnanger gjev det vekst i aldersgruppa 0-5 år. Det vert viktig å sjå om denne positive utviklinga vil halda fram eller om det var naturleg opphoping.
34
2004
2006
2008
Bustadbygging Samnanger kommune skal rullera sin arealbruksplan i kommuneplanen i løpet av hausten 2009. Bustadbygginga i noverande planar (brunt på kartet nedanfor) er lokalisert til Lønnebakken og fortetting på Gjerde, Steinsland og Haga. Elevar i desse områda nyttar Gjerde skule. Mindre bustadfelt er lokalisert til Ådland/Nordbygda og Rolvsvåg. Elevar i desse områda nyttar Nordbygda skule. I år 2000 vart det starta ei utbygging av rundt 60 bustader på Lønnebakken og om lag 15 bustadar på Helgatona. Her er det framleis ledige tomter ( om lag 10). Vidare utbygging på Lønnebakken er førebels sett på vent.
Bustadbygginga som no vert gjennomført vert i mindre felt og i privat regi. Med denne satsinga på bustadbygging og innflytting kan elevtalet i beste fall halda seg stabilt. Ein snarleg og aktiv plan for bustadbygging kan vera med å snu denne utvikling i meir positiv elevtalsutvikling.
35
2.3.2 ELEVTALSUTVIKLING I KOMMUNEN I dei fleste kommunar er det slik at det samla elevtalet for skulane ligg noko lågare enn tal på barn i aktuelle aldersgruppe registrert i kommunen. For Samnanger er det så få som nyttar andre skuletilbod at dette ikkje har noko å seia for prognosane. Elevtalsprognosane som vert vist her, er det faktiske elevtalet på skulane og det kan avvika litt i høve til statistiske tal (SSB). Elevtalsprognosane er utarbeidd av Samnanger kommune våren 2009 og basert på SSB sine elevtalsprognosar, 2009, for høg nasjonal vekst (HHMH), middels nasjonalvekst (MMMM) og låg nasjonal vekst (LLML). Elevtalsprognosane er fordelt på barnesteget, 6-12 år og ungdomssteget, 13-15 år. Det er også tatt med framskriving av tal førskulebarn for å synleggjera variasjonen i dei ulike prognosane. Frå år 2000 og fram til i dag visast det faktiske elevtalet. Her vist som historiske tal. Uansett graden av framskrivinga ser elevtalet på barnesteget ut til å ta seg oppatt på same nivå som tidleg i 2000-åra. I framskrivinga er det lagt inn ein liten vekst i fødselsoverskotet. I 2009 var det 205 elevar på barnetrinnet, og legg ein middels vest til grunn i prognosen kan ein få opp til 234 elevar i på barnetrinnet i 2020.
Elevtalsprognosar for barnesteget i Samnanger kommune 300 250 200 150 100 50
Historisk
MMMM
36
LLML
HHMH
2020
2019
2018
2017
2016
2015
2014
2013
2012
2011
2010
2009
2008
2007
2006
2005
2004
2003
2002
2001
2000
0
For ungdomssteget vil dei låge årskulla som no er på barnesteget resultera i gradvis nedgang i elevtalet, med diverse årskullsvariasjonar. Elevtalsprognose for ungdomssteget i Samnanger kommune 120 100 80 60 40 20
Historisk
MMMM
LLML
2020
2019
2018
2017
2016
2015
2014
2013
2012
2011
2010
2009
2008
2007
2006
2005
2004
2003
2002
2001
2000
0
HHMH
I framskrivinga av førskulebarn er det større variasjon på dei ulike prognosane. Kva vekst kommunen kan få, vil vera avhengig av bustadpolitikk og fødselsoverskot. Framskriving førskulebarn i Samnanger kommune 250
200
150
100
50
Historisk
MMMM
37
LLML
HHMH
2020
2019
2018
2017
2016
2015
2014
2013
2012
2011
2010
2009
2008
2007
2006
2005
2004
2003
2002
2001
2000
0
2.3.3 ELEVTALSPROGNOSAR FOR KVAR SKULE Med utgangspunkt i eksisterande skulestruktur, folketalsprognose og faktisk elevtal i skulane, er det nedanfor utarbeidd elevtalsutvikling for den einskilde skule fram til 2014 og fram 2020. I utrekningane er det lagt til grunn ei låg (LLMM) prognosevekst fordi: - faktisk folketal har i dag ein lågare vekst enn låg forventa folketalsvekt etter SSB sine prognosemodellar - låg utbyggingsaktivitet i eksisterande bustadområde - eksisterer ikkje plan for aktiv bustadbygging i eksisterande og nye bustadområde for denne perioden Elevtalet dei neste 4 neste åra, fram til 2014, byggjer på faktiske tal på førskuleborn og elevar i kommunen. På barnesteget vil elevtalet gå ned dei to neste åra før det stig opp igjen til litt over dagens elevtal. Elevtalet i ungdomssteget går derimot nedover i denne fireårsperioden. Totalt sett går talet på grunnskuleelvar ned og vil liggja på rundt 280 elevar i 2014.
Elevtalsutvikling på skulane i Samnanger 2008-2014 140 120 100 80 60 40 20 0 2008
2009
2010 Gjerde
2011 Nordbygda
2012
2013
2014
Samnanger
2.3.4 GJERDE SKULE Gjerde skule opna i 1998. Skulen har 116 elevar fordelt på 7 fulldelte trinn med svært varierande elevtal pr. klasse. I figuren nedanfor viser elevtalet fordelt pr. trinn fram til 2014. Årstrinna har svært varierande elevtal, alt frå 10 elevar til 26 elevar pr. klasse . Gjennomsnittleg elevtal i Samnanger pr. barnetrinn er 9,9 elevar (kostratal). Maksimalt elevtal i ein klasse / gruppe på barnetrinnet er 28 elevar.
38
Elevar på Gjerde fordelt på 1-7 årstrinn
7
6
5
4
3
2
1 0
5
10
15
20
25
30
Tal elevar pr. trinn 2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014
Med ein låg vekstprognose i elevtalet fram til 2020 vil elevtalet på Gjerde skule auka opp til over 140 elevar. Romkapasiteten på skulen vil då verta sprengt om vi følgjer arealnorma som er lagt til grunn pr. trinn. Ei anna utfordring for skulen er dei varierande årskulla og fordeling av klasserom.
Gjerde skule 1-7 trinn. Historiske elevtal og lav vekstprognose 2009-2020 160 140 120 100 80 60 40 20 0 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020 Historisk Elevkapasitet 90%
39
Elevtalprognose Elevkapasitet 100%
2.3.5 NORDBYGA SKULE Nordbygda skule er ein fådelt skule, med 5 klassetrinn frå 1.-7. årssteg. Store variasjonar i årskulla fører til lite stabile klassestorleikar og samansetjing. Desse kan variera frå år til år og mange syns det er ei stor utfordring å gå saman med fleire årskull. I dag går 1. og 2.trinn saman, og 3.og 4.trinn saman. Maks elevtal på kvart trinn i fådelt skule når to trinn går saman, er 24 elevar. Årskulla varierar frå 7 til 16 elevar fram til 2014.
Elevtall på Nordbygda skule 1-7 årstrinn
7
6
5
4
3
2
1 0
5
10
15
20
Tal elevar pr.årstrinn 2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014
Med ein låg prognosevekst i elevtalet går elevtalet på Nordbygda ned før det ser ut til å stabilisera seg rundt dagen nivå, mellom 80-90 elevar. Skulen har god kapasitet til elevtalet. Det er ei pedagogisk utfordring å driva fådelt skule med samanslegne trinn, særleg etter at Kunnskapsløftet har sett klare kompetansemål i faga etter 4. og 7.trinn på barnesteget.
40
Nordbygda skule 1-7 trinn. Historiske elevtal og lav vekstprognose 2009-2020. 120 100 80 60 40 20 0 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020 Historisk Elevkapasitet 90%
Elevtalprognose Elevkapasitet 100%
2.3.6 SAMNANGER UNGDOMSSKULE Alle ungdomsskuleelevane i kommunen er samla på Samnanger ungdomsskule. Skulen har 91 elevar i dag. På ungdomssteget utløyser over 30 elevar klassedeling. Elevtalet pr gruppe varierer frå 15 til 29 elevar, og ein vil framover ha fleire årskull med berre ein klasse pr. årssteg. Allereie i 2014 kan det verta berre 1 klasse pr. årstrinn på ungdomssteget. Elevtal pr trinn Samnanger ungdomsskule
10
Årstrinn
10
9
9
8
8 0
5
10
15
20
25
Elevtal 2009
2010
2011
41
2012
2013
2014
30
I prognoser fram til 2020 vil ungdomssteget få færre elevar og fleire år med berre 3 klassar. Skulen med sin store bygningsmasse er overdimensjonert for dette elevtalet. Eit elevtal ned mot 70 elevar vil verta ei pedagogisk utfordring med tanke på å rekruttera den fagkompetansen som kunnskapsløftet krev.
Samnanger ungdomsskule Historiske elevtal og prognose for 2009-2020 160 140 120 100 80 60 40 20
Historisk
Elevtalprognose
Elevkapasitet 90%
42
20 20
18 20
16 20
14 20
12 20
10 20
08 20
06 20
04 20
02 20
20
00
0
Elevkapasitet 100%
3.
KVALITET I SKULEN - FRAMTIDSSKULEN I SAMNANGER
Kapittel 3 tek for seg skuleanlegga â&#x20AC;&#x201C; krav og mĂĽl for utforming og innhald, inkludert lover og forskrifter. Vidare vurderer ein skulefritidsordninga, pedagogiske utfordringar, skulehelsetenesta, arbeidsplassar og barnetun.
43
3.1 SKULEANLEGGET - KRAV OG MÅL FOR UTFORMING OG INNHALD Kva kvalitet skulane skal ha, er i stor grad sett i dei nasjonale rammene gjennom lover og forskrifter. Kapittel 3 tek føre seg desse, og deretter kva pedagogiske føringar og normer for utforming og kvalitet i skulen som skal gjelda i Samnanger kommune. 3.1.1 LOVER OG FORSKRIFTER FOR SKULEANLEGG Opplæringslova § 9-5: ”Kommunen skal sørgje for tenlege grunnskolar” ”Til vanleg bør det ikkje skipast grunnskolar med meir enn 450 elevar.” § 2-3: ” Grunnskolen er delt i eit barnetrinn og eit ungdomstrinn. Barnetrinnet omfattar 1.-7.årstrinn og ungdomstrinnet 8.-10.årstrinn.” I samband med innføringa av Kunnskapsløftet er grunnskulen igjen todelt. Det er likevel ingenting i vegen for at kommunane av ulike årsaker kan etablera skular for t.d.1.-4.trinn, evt organisert saman med barnehage i eit barnetun. Dei fleste læreplanane i faga har kompetansemål etter 4., 7. og 10.trinn.
§ 8-2: ” Organisering av elevane i klassar eller basisgrupper. I opplæringa skal elevane delast i klassar eller basisgrupper som skal vareta deira behov for sosialt tilhør. For delar av opplæringa kan elevane delast i andre grupper etter behov. Til vanleg skal organiseringa ikkje skje etter fagleg nivå, kjønn eller etnisk tilhør. Klassane, basisgruppene og gruppene må ikkje vere større enn det som er pedagogisk og tryggleiksmessig forsvarleg. Klassen eller basisgruppa skal ha ein eller fleire lærarar (kontaktlærarar) som har særleg ansvar for dei praktiske, administrative og sosialpedagogiske gjeremåla som gjeld klassen eller basisgruppa og dei elevane som er der, mellom anna kontakten med heimen.” § 9-a-1: ”Alle elevar i grunnskolar og vidaregåande skolar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.” § 9a-2 Det fysiske miljøet (utdrag): ”Skolane skal planleggjast, byggjast, tilretteleggjast og drivast slik at det blir teke omsyn til tryggleiken, helsa, trivselen og læringa til elevane. Det fysiske miljøet i skolen skal vere i samsvar med dei faglege normene som fagmyndigheitene til kvar tid anbefaler. Dersom enkelte miljøtilhøve avvik frå desse normene, må skolen kunne dokumentere at miljøet likevel har tilfredsstillande verknad for helsa, trivselen og læringa til elevane. Alle elevar har rett til ein arbeidsplass som er tilpassa behova deira. Skolen skal innreiast slik at det blir teke omsyn til dei elevane ved skolen som har funksjonshemmingar.” Kommunehelsetenestelova ”Forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skoler m.v.” s om er heimla i kommunehelsetenestelova.
Arbeidsmiljølova Arbeidstilsynet kan gripa inn for å ivareta dei tilsette sine miljøkrav etter Arbeidsmiljøløva. Plan og bygningslova Aktuelle lover og regelverk for skulebygg, jfr. Rådgivingstjenesten for skoleanlegg: http://www.skoleanlegg.utdanningsdirektoratet.no/
44
3.1.2 FRAMTIDAS SKULE Kultur for læring Kunnskapsløftet vart innført i 2006. Den generelle læreplanen er vidareført. Intensjonen er at norske elevar skal verta sett betre i stand til å møta kunnskapssamfunnet med sine utfordringar. Fem grunnleggjande ferdigheiter skal integrerast i alle fag og på alle nivå: - å kunne uttrykkje seg munnleg - å kunne lese - å kunne uttrykkje seg skriftleg - å kunne rekne - å kunne bruke digitale verktøy •
• • • •
”Skapande læring” er Kunnskapsdepartementet sin Strategi for kunst og kultur i opplæringa 2007-2010. Eit enda betre samspel mellom grunnskulen og kulturskulen er under offentleg utredning: ”Et mer omfattende kulturskoletilbud i tilknytning til SFO/skole” er det kalla. Det er ønskjeleg at opplæringa og oppvekstmiljøet skal syast enda tettare saman. Bibliotek /mediatek som læringsarena: det betyr at skulane må ha tilgong til fullgode bibliotek. Matematikk- og teknologi-”rom” – inne, ute og virtuelle, må tilretteleggjast for å styrka realfags-interessa og - kompetansen til born og unge. Lærarrolla og lærarutdanninga skal styrkjast. For framtida vil lærarutdanninga verta meir spesialisert, ikkje ei generell allmennlærarutdanning for grunnskulen. Lærarar skal spesialisera seg for anten 1.-7.trinn, eller med fordjuping i fag for 5.-10.trinn. For framtida vil rekruttering av lærarar vera styrt meir inn mot spesialisering.
3.1.3 PEDAGOGISKE FØRINGAR FOR DEI FYSISKE LØYSINGANE Kunnskapsløftet gir føringar for den fysiske ramma /utforminga av skuleanlegga. Desse pedagogiske måla bør leggjast til grunn for den vidare utviklinga av skuleanlegga i Samnanger kommune: • Skapa eit godt fysisk og psykososialt arbeids- og læringsmiljø som fremjar helse, trivsel og læring. • Blikk for den enkelte – sikra at eleven som positiv ressurs får utvikla sine evne og talent både individuelt og i samarbeid med andre. • Fremja tilpassa opplæring der eleven sitt behov bestemmer korleis skuledagen vert utforma. • Fokusera på måloppnåing, ikkje arbeidsmengde, og nytta varierte arbeidsmetodar som hjelper eleven å nå måla. • Skapa eit læringsmiljø basert på tillit og medansvar. • Leggja til rette for reell elevmedverknad og at elevane kan ta bevisste verdival og val av utdanningsveg. • Leggja til rette for at elevane får utvikla evne til å visa omsorg og samarbeida om det som er til det beste både for enkelteleven og for fellesskapet. • Skapa rom for godt samarbeid mellom heim og skule, og sikra dei føresette sitt medansvar i opplæringa. • Sikra at lokalsamfunnet vert involvert i opplæringa. • Leggja til rette for internasjonalt samarbeid.
45
Følgjande pedagogiske føringar kan leggjast til grunn for ombygging, tilbygging og nybygging for å nå dei skisserte måla: o Areala i skulebygga må vera fleksible, slik at ulike organisasjonsformer, undervisningsopplegg og arbeidsmåtar enkelt kan tilpassast nye læreplanar og endringar i elevtal, og kan tilpassast ulike pedagogiske trendar. o Skuleanlegga skal gje høve til å utnytta alle menneskelege og materielle ressursar best mogleg. o Skuleanlegga i Samnanger skal ha arkitektoniske løysingar som er tilpassa vårt klima og er inspirerande arbeidsmiljø for tilsette og elevar. o Skuleanlegga må ha universell utforming, slik at alle innbyggjarane har tilgong. o Det bør kunna skapast identitet og tilhøyre for dei ulike aldersgruppene på ulike stader i skuleanlegget. o Læringsareala må utformast slik at det kan tilretteleggjast for arbeid både individuelt og i små og større grupper. o Uteareala skal tilretteleggjast både for eigenaktivitet og for styrte aktivitetar for tilpassa opplæring. o IKT skal fungera som hjelpemiddel for alle på heile skuleanlegget.
3.1.4 TRENDAR I UTFORMING AV SKULEANLEGG Skulane i Samnanger er bygde i ulike epokar. Bygga frå 60-talet har ein stiv struktur som gjer det vanskeleg å nytta det totale arealet fleksibelt. Kunnskapsløftet krev at det er muleg å driva tilpassa opplæring og nytta ulike metodar, slik at elevane får utvikla seg best mogleg. I nye skulebygg vert dette lagt til grunn for pedagogisk og funksjonell inndeling av arealet: o Allment læringsareal inneheld rom med arbeidsplass for kvar elev i gruppa, fellesareal, møte – og grupperom, lærararbeidsplassar, nærlager, garderobar, toalett og helst eigne inngongsparti. o Spesialisert læringsareal, som skulekjøkken og kunst og handverksrom. 46
o Samlingsrom og fellesareal: Amfi og musikkrom er areal som bør planleggjast som fellesareal nær foaje / inngongsparti. Kantinekjøkken bør vera - eller enkelt kunna verta omgjort - etter krav for storkjøkken dersom servering av varmmat til elevane vert innført. o Administrasjon-, personal- og støttefunksjonar. Resepsjon /forkontor bør vera nær inngongspartiet. Ungdomssteget bør ha samla tenestene for skulehelsetenesta, rådgjevar/sosiallærar, elevråd m.m. i eiga avdeling. Dei ulike trinna eller elevgruppene bør ha eigne inngongsparti og garderobar. o Areal til andre brukarar: skulen som nærmiljøanlegg gjer skulen til ein sterk identitetsskapar. Kor stort areal ein treng avheng av nærleik til andre faciliteter, som t.d. ein fleirbrukshall.
Skåredalen skule-, idrett- og kultursenter.
3.1.5 UTEOMRÅDA Status for uteområda ved skulane pr i dag - sjå kap.2.1. Uteområda til skulane har fleire viktige funksjonar å stetta, både til leik, som sosial møteplass og som fagleg læringsarena. Utforminga skal ta omsyn til særpreget for området, og la borna få bruka eigen fantasi og kreativitet i leiken. Ein annan innfallsvinkel er at ein godt utrusta skolegard, med rom for positive aktivitetar, er sentral i arbeidet for å redusera mobbing (jfr Olweus programpakke mot mobbing, ECICSB 1998). Studier viser at gode uteareal reduserer mengde vold, mobbing og uro blant elevane og stimulerer trivsel, motivasjon og læringsevne Kvaliteten på skuleområda kan betrast ved: o Å behalda og nytta det lokale særpreget, som t.d.bekkar, tre og bakkar. o vidareutvikla bruken av område utanfor skulen til uteskule o leggja til rette for uteundervisning, t.d. med overbygd amfi o utvikla system for gang-, sykkel- og kjørevegar som sikrar god trafikksikkerheit, med eigne område for parkering o leggja til rette for soner for ulike aldersgrupper o å etablera slitesterke areal, som kan nyttast i sambruk med andre
47
3.1.6 SKULEN SOM NÆRMILJØANLEGG Skuleanlegga er svært viktige faktorar for å skapa eit heilheitleg oppvekstmiljø. Det optimale for born og unge er å ha tilgong til skule, kultur og idrett samla på ein plass. Skuleanlegga er viktige møteplassar, og kan òg spela ei rolle i å skapa god kontakt mellom generasjonar. Skulane er møteplassar også utanom skuletid. Idrettslaget nyttar delar av året gymsalane til trening for ulike aldersgrupper, og kulturskulen bruker skulane til øving og framsyningar. Dersom det kan føregå fleire aktivitetar i same område på både dag- og kveldstid, og om helgane, for fleire brukarar, vil alle areala verta meir brukte. Sambruk mellom skule, kultur og idrett vert difor sett på som både driftsmessig gunstig og identitetsbyggjande for innbyggjarar i alle aldrar. I Samnanger er det eit heller desentralisert tilbod av små og større forsamlingslokale for grendafolket i tillegg til skulane. Det er fleire ungdomshus / grendahus og bedehus. I tillegg er idrettsanlegget i Hagabotnane, skyttarlaget sitt anlegg i Gaupholmsmarka, Totræna skianlegg og Eikedalen alpinanlegg òg viktige møteplassar for særskild interesserte.
3.1.7 IKT Informasjons- og kommunikasjonsteknologi er ein del av kvardagen og naturlege hjelpemiddel i opplæringa. Å kunna bruka digitale verktøy er ein av dei grunnleggjande dugleikane. Skulane i Samnanger har satsa på bærbare PCar til alle lærarane, og trådlaus tilkobling til internett er installert på dei tre skulane. Skulane har etter ein opptrappingsplan stor pc- tettleik for elevane, og læringsplattforma it’s learning er innført. God kvalitet på maskinvare, og opplæring i relevant pedagogisk programvare er grunnleggjande for å ha nytte av pc som eit hjelpemiddel. Fokus på etiske haldningar, på sikkerheit og på fordelar og ulemper ved bruken av IKT, er svært viktige tema i opplæringa generelt. I samband med
48
forskriftsendring om individuell vurdering for læring, kan læringsplattforma nyttast til dokumentasjon og samarbeid med heimen.
Datahemsen på Gjerde skule
3.1.8 GODKJENNING ETTER FORSKRIFT OM MILJØRETTA HELSEVERN I SKULAR OG BARNEHAGAR Samnanger kommunestyre godkjende i 1999 alle skulane etter § 6 i forskrift om miljøretta helsevern i skular og barnehagar. Skulane dokumenterer årleg gjennom kommunen sitt HMTsystem evt. avvik, jfr. § 4 i forskrifta.
3.1.9 VEDLIKEHALD Teknisk eining har i dette kapitlet utarbeidd vurderingar og kostnadsanslag på vedlikehaldet av skulane. Desse er basert på byggfaglege vurderingar. Skulebygga ligg til teknisk eining sitt fag- og ansvarsområde. Dei tre skulane har totalt ein bygningsmasse på 6659 m2 og 7800m2 tilrettelagt uteareal. Dess eldre bygga er dess større utfordringar er vedlikehaldet, planløysingar og kravet til ventilasjon.
Samnanger ungdomsskule Ungdomsskulen har ein bygningsmasse på 3140m2 fordelt på to bygg, ein eldre del frå 1963 og ”nybygget” med bassenget frå 1971. Dette er om lag dobbelt så stor bygningsmasse som dei to andre skulane til saman. Skulen vart i 1996 bygt på med nye arbeidsrom for lærarane og i 2005 kunne elevane ta i bruk eit nyrehabilitert bassenget og garderobar. ”Gamlebygget” har dei fleste klasseromma. Desse treng ei oppgradering og det er dårleg ventilasjon i bygget. I ”nybygget” manglar det heis. Bygningsmassen gjev høge energikostnader. Bassenget har minstestandard med 7m *12m.
49
Nordbygda skule Skulen har ein bygningsmasse på 1557m2 bygt i 1996 og eit tilbygg frå 1983. Den eldste delen har flatt tak som treng skiftast. Skulen treng generell oppussing innvendig med betre universell utforming. Skulen manglar heis til kontor i 2. etg og til gymsalen.
Gjerde skule Skulen er av nyare dato og vart tatt i bruk i 1998. Den har ein bygningsmasse på 1962m2 og nyttar naturleg ventilasjon. Skulen er svært tilfreds med både luft, temperatur og planløysingar. Behov for vedlikehald er knytt til normal slitasje.
Kostnadsoverslag Norma for vedlikehaldskostnader pr. år er omlag 120-150 kr./m2, for å halde bygningane vedlike på eit forsvarleg nivå. Dette utgjer om lag ein årleg kostnad på kr. 800.000. Samnanger kommune nyttar ikkje norma og gjev løyvingar til byggvedlikehald i samband oppståtte faktiske behov. Vedlikehaldsrapporten som er utarbeidd i dette dokumentet er første ledd i framtidig vedlikehaldsplan for skulebygga. Totalkostnaden for framtidige vedlikehald av skulebygga i tråd med lov og forskrift kan estimerast til om lag 11 millionar.
Planlagt vedlikehald 2009-2020 Fordelast vedlikehaldet av skulebygga over dei neste ti åra vil det derte behov for ei årleg løyving på kr. 1.1million kroner. Det er Nordbygda skule treng størst opprusting og totalt ei løyving på kr. 6 millionar, medan Samnanger ungdomsskule treng ei opprusting på om lag 5 millionar. Oversikta viser bygningane sin tilstand. Det er brukt trafikklys for å formidle fare/behov for tiltaket. Graderinga frå 0-3 seiar kor god/dårleg situasjonen er. 0-1 = bra, 2 = middels og 3 = dårleg. Dess høgare tal, dess større er trongen for utbetringar.
50
51
3.1.10 AREALPROGRAM FOR SAMNANGER KOMMUNE Samnanger kommune legg til grunn arealnorma som både Bergen og Os kommune nyttar i sine skulebruksplanar. Norma tek utgangspunkt i 28 elevar i ”klassen” på 1.-7. årssteg og 30 elevar i ”klassen” på 8.-10. årssteg. Det er det samla elevtalet, og ikkje organiseringa av elevane på skulen, som er utgangspunktet for inndeling i skuletypar. Norma er relativt nøktern, sjølv om nokon kommunar ligg lågare. Samla areal pr. elev i denne norma er frå 11-13 m2 i skulen som heilskap. Ei godt tilpassa arealnorm vil ha positive konsekvensar for læringsutbyte; o gjennomføra tilpassa opplæring o ro i undervisningssituasjonen o lite intern flytting i skuleanlegget og meir effektiv tidsbruk o gode sosiale relasjonar
Samnanger kommune legg til grunn romprogrammet som visast nedanfor.
Forklaring til tabell for arealprogram Talkilde: Skulebruksplan for Bergen og skulebruksplan for Os kommune S04= småskule 1-4 trinn 1 parallell B07= barneskule 1-7 1 parallell U03= ungdomsskule 1 paralllell S08=småskule 1-4 trinn 2 paralleller B14=barneskule 1-7 to parallerer U06=ungdomsskule to paralleller K06=kombinert skule 5-10 trinn 1 parallell K10=kombinert skule 1-10 trinn 1 parallell K12=komb. Skule 5-10 to paraller K20=komb.skule 1-10 trinn 2 paralleller
52
53
3.2
SKULEFRITIDSORDNINGA
Skulefritidsordninga – SFO – er eit omsorgs- og fritidstilbod for born frå 1.til og med 4.trinn, og for born med særskilde behov til og med 7.trinn. SFO skal følgja skulen sine mål og hjelpa til å utvikla borna sine kreative sider. 3.2.1 LOVFORANKRING AV SFO Skulefritidsordninga vart lovfesta 1.1.1999, med forankring i Opplæringslova § 13-7. Krav til eit godt fysisk og psyko-sosialt miljø gjeld òg i skulefritidsordninga, Opplæringslova § 9a-8. Vedtektene for SFO i Samnanger kommune vart fastsette i kommunestyret 12.06.2003 og reviderte i desember 2008. 3.2.2 STATUS FOR SFO I SAMNANGER hausten 2009 SFO i Samnanger har følgjande godkjende areal / plassar: Gjerde SFO Areal 116+40 m2 Plassar: 58+20 Nordbygda SFO Areal 126 m2 Plassar: 63 Det er framleis få som brukar SFO-tilbodet i Samnanger samanlikna med andre kommunar. Av totalt 110 elevar i 1.-4.trinn skuleåret 2009-2010, er det kun 31 born som nyttar seg av tilbodet, flest born frå 1.trinn og færrast frå 4.trinn. Barneskulane har organisert heildagstilbodet om onsdagane samla på ein av skulane, med byte annakvart år. For skuleåret 2009-2010 vert det organisert på Nordbygda skule. Bruk av SFO tilbodet skuleåret 2009/10: Gjerde SFO - Totalt 21 born/elevar Dag
Mm Me Tm Te
Tal barn 10
12
10
Onsdag
12
Tm Te 8
10
13
Fm Fe 14
Elevar frå 4.trinn på Gjerde skule må ha skyss til felles SFO på Nordbygda om onsdagane, etter 3 timar på skulen. Nordbygda SFO -
Tal barn
Totalt 10 born /elevar.
Mm Me Tm Te
Onsdag Tm
8
20
9
8
9
8
9
54
Te 8
Fm Fe 9
D Grunnskole Diagram L: Skole fritidsordning 70,0
30 000
27 916
60,0
25 000 21 045
20 614
50,0
19 321
18 863 17 182
20 000
16 907
40,0 13 504
15 000
30,0 10 000 20,0 5 000 58,1
57,7
40,0
45,5
53,1
64,7
49,6
25,9
10,0 -
20 07
07
O sl
o
nd G j.s
ni
tt la n
G j.s
de t
ni
ut en o
tt Ho r
m
da la
02 up pe eg r un m om tt k
ni G j.s Andel innbyggere 6-9 år i kom m unal og privat SFO, prosent
20
20 07
07 20 ei m st rh Au
ks Va
Fu s
a
da l
20 07
07 20 ge r na n Sa
m
20 07
-
Korrigerte brutto drifts utgifter til s kolefritids ordning, per kom m . bruker
3.2.3 ENDRING AV ORGANISERINGA AV SKULEDAGEN Føresette har kome med innspel om at dei yngste elevane bør gå 5-dagars veke. Dei vil då få fordelt opplæringa på fleire økter/dagar. I Samnanger har dei yngste elevane ”fulle” skuledagar og ein fridag i veka, noko som dels er vald pga skuleskyssen. Pedagogisk sett er dette ikkje ideelt, sjølv om læring gjennom leik er mykje brukt. Skuledagane kan organiserast med ein lang pause/midttime midt på dagen, og/eller leik /SFO etter at undervisninga er ferdig. Det er ytra ønskje om å få lagt inn kulturskuleaktivitetar, leksehjelp, fri leik og idrettsaktivitetar og lengre matøkt i skuletida. Organiseringa av skuledagen må tilpassast nye føringar frå staten om talet på timar for dei ulike trinna. Ei omorganisering av skuledagen for dei yngste (1.-4.trinn) må kunna gjerast utan å endra start- og sluttida for skulen for å unngå utgifter til ekstra skuleskyss. Alternativ: A Kort skuledag (ikkje full skuledag) – 5 dagar i veka – med SFO etterpå. B Midttime/lang pause midt på dagen – 4 dagar i veka, halv skuledag 1 dag. Ei alternativ løysing til dagens ordning er å organisera opplæringa for alle i 1.-7.trinn over 4,5 vekedag. Politiske signal er at dei yngste elevane vil få enda fleire årstimar i framtida med evt gratis deltid på SFO. Organiseringa kan då enklast gjennomførast med lang pause / ”midttime” for dei yngste, og ulike tilbod vert integrert i skuletida. I praksis vil desse alternativa seia at 1.-3.klassingane i tid må vera ca 3 timar pr veke meir på skulen enn med noverande organisering. Samnanger kommune vil vurdera endra organiseringa av skuledagen og skuleveka for dei yngste elevane når det vert nasjonale føringar om fleire undervisningstimar eller delvis fritt SFO-tilbod.
55
Det er føringar i læreplanane, jfr kompetansemåla i fag, som seier at ein kan ikkje ”flytta” årstimar mellom småskuletrinnet (1.-4.trinn) og mellomtrinnet (5.-7.trinn)
3.3
UTFORDRINGAR OG VEGEN VIDARE o Vatn – kreative krefter. For Samnanger er det naturleg å satsa på å nytta vatn aktivt i opplæringa. Med vårt våte klima og med oppbygging av kompetansesenter for småkraft i kommunen, bør ein frå barnehagen til ungdomssteget bruka regnet og produksjon av fornybar energi aktivt for å auka interessa for og kompetansen i naturog realfag. Opplevingar skal vera ein viktig motivator i opplæringa. Tilgjenge til naturen og spisskompetanse på utnytting av vasskraft må brukast i opplæringa.
o Det 13-årige løpet – Kunnskapsløftet viser samanhengen mellom ungdomssteget og vidaregåande i dei gjennomgåande fagplanane. Det er no sett i gong prøveprosjekt med sikte på å byggja opp felles ungdoms- og vidaregåande skular, altså felles skular for aldersgruppa 13-19 år. Ein god overgong til vidaregåande skule frå ungdomssteget avheng av aktiv utdannings- og karriererettleiing og hospitering på vidaregåande skular i regionen. Gjennom langsiktig samarbeid med partane i arbeidslivet kan det utviklast utdanningstilbod som fremjar regional utvikling både i form av verdiskaping og samfunnsutvikling generelt. Det er eit mål å få betre samsvar mellom verksemndene sine kompetansebehov og elevane sine ønskje. o Ungdomstrinnet har med innføringa av Kunnskapsløftet vorte meir teoretisk, men med høve til stor metodefridom. Behov for meir praktiske fag er blitt påpeika. Det er sett i gong eit nasjonalt prøveprosjekt for å prøva ut arbeidslivsfag, som er eit nytt, praktisk fag på ungdomstrinnet. Samnanger vil prøva ut ulike metodar og delta i prosjekt for å få til ei meir praktisk opplæring for elevane o Lærlingar – Kommunen treng kvalifiserte barne- og ungdomsarbeidarar, fagarbeidarar, i skulen. Det bør tilretteleggjast for at tilsette som er ufaglærte får tilbod om etter-/ vidareutdanning innan faget. o Samarbeid med universitet og høgskule tilfører det pedagogiske personalet diskusjon og refleksjon omkring pedagogisk teori, metode og praksis. Skulane i Samnanger skal 56
vera positive til samarbeid, prøveprosjekt og utviklingsarbeid med både UH-sektoren og med utdanningsdirektoratet. o Kontakt mellom skulane og lokalmiljøet er godt i Samnanger. Skulane kan verta enda meir aktiv i samarbeidet med næringslivet og ulike organisasjonar Her er potensiale for skulane til utvida samhandling. o Sambruk skule - fleirbrukshall Sambruk mellom skule og idrettshall eller fleirbrukshall vert kalla ”eit columbi egg”. For å lykkast i arbeidet med tilpassa opplæring for alle elevane og auka bruken av meir elevaktive metodar, vil nærleik mellom skulen og ein idretts- eller fleirbrukshall vera avgjerande. Når ein bruker ulike læringsstrategiar og kan nyttiggjera seg forskjellige typar areal, kan enkeltelevar få utvikla alle sine evner og anlegg. Fysisk aktivitet er no forskriftsfesta 2 timar for veka i 5.-7.trinn og kjem i tillegg til faget kroppsøving. Registrert vektauke blant born og ein meir og meir stillesitjande kvardag òg for born og unge, er utløysande faktorar for at fysisk aktivitet skal prioriterast i skulen. o Basseng: Symjeopplæring er lovpålagt. Å symja er ein livsviktig ferdigheit og i tillegg god fysisk aktivitet for folk flest. Etter fagplanane for kroppsøving skal elevane vera symjedyktige i 4.klasse. I Samnanger er det ei ekstra utfordring for organiseringa av denne opplæringa at bassenget ikkje ligg ved barneskule. Skyssen til eller frå bassenget tar tid frå andre fag/tema, og betyr i tillegg ekstra driftsutgifter.
3.4
SKULEHELSETENESTA
Alle grunnskular og vidaregåande skular som omfattast av opplæringslova skal ha ei skulehelseteneste. Føremålet med skulehelsetenesta er å fremja elevane si fysiske og psykiske helse, fremja gode miljømessige forhold og førebyggja sjukdommar og skadar. Skulehelsetenesta skal vera eit lavterskeltilbod for born og føresette med tanke på oppfølging av born si fysiske, psykiske og sosiale helse. Elevar, foreldre og lærarar kan ta kontakt ved behov. Ein viktig del av skulehelsetenesta er å gje helseopplysning og gjera elevane ansvarlege slik at dei kan ha ein helsefremmande livsførsel. Dette vert gjort gjennom individuelle samtaler, gruppesamtaler eller undervisning av heile klassar etter førespurnad frå skulen. Helsesøster har krav på eigna lokale, helst med venterom og toalett i nærleiken. Når rommet vert nytta til andre føremål, er det krav om låsbare skap. Ved ombygg / nybygg skal tenesta tilgodesjåast med eigna areal og dei pålagde dataprogramma. Tenesta er lovpålagd gjennom: o Lov om helsetjenestene i kommunen av 19.11.1982 nr.66 o Lov om pasientrettigheter av 02.07.1999 nr 63 o Veileder for kommunens helsefremmende og forebyggende arbeid i helsestasjonen, IS 1154, 12/2004 o Forskrift om kommunens helsefremmende og forebyggende arbeid i helsestasjons- og skolehelsetjenesten av 03.04.2003. 3.4.1 STATUS FOR SKULEHELSETENESTA I SAMNANGER • Helsesøster held til på kvar av skulane ein dag i veka. På alle 3 skulane er behovet for grupperom presserande i periodar, og sambruk av lokala er det vanlege. • Plan for skulehelsetenesta i Samnanger vert følgd, med vaksinering, samtalar og rettleiing. Men helsesøster ser det er for lite tid til førebyggjande arbeid. Det er også under utarbeiding retningsliner vedk. vektmålingar i skulen. Truleg vil dette bli gjort i 3., 7. og 10. klasse i framtida.
57
•
3.5
Skulane saknar eit system for samarbeid med skulelegen.
ARBEIDSPLASSAR PEDAGOGISK PERSONALE
Skulen er både ein læringsarena for elevane og ein arbeidsplass for lærarane. Debatten om storleiken på og plasseringa av lærararbeidsplassar går stadig i skulen, og særleg i byggeprosjekt når ein ny/ombygd skule skal utformast. Dette underkapitlet tek føre seg bakgrunn for debatten om storleik og utforming av lærararbeidsplassar, kva arealnorm Samnanger kommune vel å leggja seg på, samt kva situasjonen er på skulane i dag. 3.5.1 Bakgrunn – nye rammevilkår Frå gammalt av har lærarane si arbeidstid blitt definert ut frå den tida undervisninga skulle vara. Dette kallast undervisningsplikt eller leseplikt. Utover på 1900-tallet vart undervisningsplikta i Noreg regulert uavhengig for kvart skuleslag. Dette var grunnlaget for dagens leseplikt som er forskjellig for skuleslag og kva fag ein underviser i. Lærarane si arbeidstidsberekning er i dag basert på dei tre faktorane undervisningsplikt, bunden tid og total arbeidsplikt som definerer eit arbeidsår på lik linje med andre arbeidstakarar. Framleis er i hovudsak lærarane sitt arbeidsår bunde til 39 veker der 38 skal være innanfor elevane sitt skuleår. Frå 01.05.2004 vart lærarane overført til KS forhandlingsområde, og deifekk ny arbeidstidsavtale gjeldande frå 01.08.04. Denne inneber at lærarane skal ha meir av arbeidstida si på skulen. For å følgja opp avtalen sine ord om binding av arbeidstid til arbeidsplassane, krov det kontorarbeidsplassar av tilfredsstillande kvalitet. Med dei siste endringar i avtalen mellom arbeidsgivar representert ved KS, er forhandlingar av arbeidstidsavtalen flytta ut til den enkelte kommune. Dette vil føra til at me etter kvart vil sjå forskjellige avtaler frå kommune til kommune, mogleg og med meir binding til arbeidsplassen. Endringar frå den sentrale avtalen skal vera basert på lokale utviklingsmål i den enkelte kommune. Det einaste som ligg fast er årsverket på 1687,5 timar. Bortfall av unntak for minstearealnorm for lærararbeidsplassar Lærarane sine arbeidsplassar er omfatta av Arbeidsmiljølova § 8 nr.1. Norm for kontorarbeidsplass er 6 m2 for lærarar som for andre yrkesgrupper. I rettleiinga til forskrift om arbeidsplassar og arbeidslokale på arbeidstilsynet sine nettsider (http://www.arbeidstilsynet.no) står følgjande om storleik på arbeidsrom: Volum: Ethvert arbeidsrom for varig opphold skal i følge tekniske forskrifter (TEK) til plan- og bygningsloven § 10-31 ha et volum på minst 15,0 m³. Gulvareal : I alminnelighet bør arbeidsrom ha et gulvareal på minst 6,0 m² pr. arbeidstaker. Det må i alle fall vurderes om arbeidet kan utføres innenfor det gitte areal under hensyn til de arbeidsoppgaver som skal utføres og uten at arbeidstakeren får en helsemessig belastning. Når det gjelder rom hvor det bare utføres kortvarige arbeidsoperasjoner, vil det normalt ikke være samme behov for gulvareal. Romhøyde: Veiledningen til tekniske forskrifter (TEK) til plan- og bygningsloven utdyper krav til romhøyde i arbeidsrom i §10-31: Netto romhøyde i arbeidsrom bør ikke være under 2,7 m. I arbeidsrom som har skråtak, bør den midlere romhøyden ikke være under 2,7 m. Romhøyden skal dog ikke være under 2,2 m. i de deler det er påregnelig at mennesker skal stå oppreist. Undervisningsrom bør ha netto romhøyde ikke
58
under 2,7 m. I undervisningsrom som har skråtak, skal den midlere romhøyden ikke være under 2,7 m. Undervisningsrom som ikke er over 40 m², rom hvor det ikke regelmessig undervises og rom i barnehage, fritidshjem og småbarnskole kan ha midlere romhøyde ned til 2,4 m.
3.5.2 MINSTEAREALNORM FOR LÆRARARBEIDSPLASS o Me legg til grunn at norma for lærararbeidsplassar skal vera 6 m2 pr lærar. o Dette kan inkludera evt lærarbibliotek, kopirom og anna areal som berre er nytta av lærarar. I skjema for status i dag er berre arbeidsromma tekne med. o Kontor til administrasjonen: rektor, inspektør, sekretær og sosiallærar kjem i tillegg til lærararbeidsplassane. o Likeeins kjem pauserom /lærarrom, konferanserom og garderobe for dei tilsette i tillegg til arealet til arbeidsplassen. o Talet på lærarar vil variera frå eit år til eit anna både avhengig av skulen sitt behov og tal deltidsstillingar. Fleksibileitet i høve til tal lærararbeidsplassar er derfor naudsynt. Personar / stillingsstorleikar. Det er også her behov for fleksible løysingar – då talet lærarar vil variera år for år, avhengig av både stillingsstorleik for den enkelte tilsette, med elevtalet og med ev tildelte ekstraressursar.
3.5.3 STATUS LÆRARARBEIDSPLASSAR Tabell for areal lærar arbeidsplassar, norm og differanse SKULE TYPE m2 lærararb. m2 norm Differanse i plass i dag lærararb.plass m2 status / norm Gjerde B 07 64 90 - 26 Nordbygda B 05 40 64 - 24 SUS U 06 159 84 + 75 Samnanger K 20 263 samla 270 -7
59
Diff. Status / norm i plassar - 5 plassar - 4 plassar + 12 - 1 plass
3.5.4 OPPSUMMERING Dagens situasjon for arbeidsplassar for lærarane og assistentane, er at ungdomsskulen har ledig kapasitet, Gjerde og Nordbygda manglar areal. Dette er sett med utgangspunkt i norm for ein 7-delt og ein 5-delt barneskule og ein to-parallellars ungdomsskule. Tal elevar og tilsette vil variera frå år til år. Med ein to-parallellars 1-10 skule vil behovet etter norma vera 270 m2 for totalt 45 lærararbeidsplassar. Dess fleire deltidsstillingar dess større vert behovet for å gå over normtala. Lærartettleiken i skulane i Samnanger i høve elevtalet har historisk sett lagt over snittet for kommunar me samanliknar oss med. Dersom det vert vidareført, tilseier det at me treng fleire arbeidsplassar enn norma tilseier.
3.6
BARNETUN o Frå 2006 har barnehage og skular vore samla i eit felles Kunnskapsdepartement. Grunntanken bak det var heilskapstenking rundt borna si utvikling, slik er også tanken for etablering av barnetun. o Definisjon: Barnetun er barnehage og småskule- eller evt barnetrinna- samla fysisk nær kvarandre – i eit tun- og med felles drift. o Grunnen til å oppretta barnetun, kan anten vera for å halda oppe grendaskulen og barnehagen, for spara administrasjonsressursar eller med ein pedagogisk tanke om livslang læring. o Med eit barnetun vil borna opphalda seg og utvikla seg i eitt og same nærmiljø frå dei startar i barnehagen til dei er ferdige med 4. trinn, evt 7.trinn. o Gjerde skule og Dråpeslottet barnehage ligg nær kvarandre og har potensiale til å kunna utviklast til barnetun, Uteområdet er og godt tilrettelagd for mindre born. Det er òg noko tilgjengeleg areal på eksisterande tomt til ei evt utviding i bygningsmassen. o Nordbygda skule og Nordbygda barnehage ligg òg fysisk nær kvarandre, med gamle Stolpane skule plassert mellom dei. Her er det òg mogleg å utvikla eit barnetun. o Graden av integrasjon mellom barnehage- og skuled varierer mykje, frå rein administrativ organisering, til tett pedagogisk samarbeid. o Det er ingen planar for barnetun i Samnanger i dag.
60
4 FORSLAG TIL TILTAK OG ALTERNATIVE SKULESTRUKTURAR
Denne delen av planen lister opp ein oversikt over kva alternativ kommunen har med dei ulike skuleanlegga med og utan kombinasjon med fleirbrukshall og kva oppgradering som er nødvendig. Alternativa byggjer på data presentert i kapittel 2 og 3 om eksisterande skuleanlegg, forventa elevtalsutvikling, kvalitets- og arealkrav, kapasitet på skulebygg og tomt.
61
4.1 GENERELL BAKGRUNN Elevtalsutvikling Legg ein SSB sine prognosar om ein middels vekst (MMMM) i elevtalsutviklinga til grunn, kan det gje 234 elevar på barnetrinnet i 2020. Prognosen for elevtalet på ungdomstrinnet vil med same vekstframskriving gje ei negativ elevtalsutvikling med berre 88 elevar i ungdomstrinnet. Totalt kan ein middels elevtalsvekst gje 322 elevar i grunnskulen i Samnanger i 2020 mot 295 i 2009. Skulestruktur Med ny barneskule på Gjerde i 1998 samla ein elevar frå Steinsland, Frøland og Tysse. Steinsland var då småskule for 1.-3.trinn og Frøland var grendaskule for 1.-7.trinn. Samnanger ungdomsskule var ein kombinert barne- og ungdomsskule for 4.-10.trinn. Skulekrinskulturen er sterk, sjølv om det er relativ liten avstand mellom dei tre skulane. Skulestrukturen har vore politisk sak fleire gonger, siste gong i 2003 då plasseringa av eit evt. nytt basseng skulle avgjerast. Nytt basseng på Gjerde skule var den gong aktuelt. Det var liten politisk vilje til strukturendringar då og valet vart å rehabilitera bassenget på ungdomsskulen. Eit relativt lågt elevtal fordelt på tre små skular har siste åra ført til for høgt driftsnivå. Dette saman med framtidas krav til undervisninga, behovet for å rekruttera kvalifisert pedagogisk personale og ønskje om fleirbrukshall har resultert i politisk ønskje om å få vurdert skulestrukturen. Eit akutt behov for å spara pengar har ført til at planen er del i eit snarleg og kortsiktig perspektiv fram til 2014, og eit langsiktig mot 2020. Kostnadsnivå Teknisk eining legg til grunn ein kvadratmeterpris på kr 30.000 for nybygg. Dette inkluderer mva, men ikkje inventar og tomtekjøpskostnader. Inventaret utgjer om lag 7-10 % av prosjektkostnadene. Dette er stipulerte overslag som det kan knytast stor uvisse til, og det er vanleg å rekna med om lag +/-25 % usikkerheitstillegg.
4.2 OPPSUMMERING AV BEHOV OG FORSLAG TIL TILTAK PÅ DEI EINSKILDE SKULANE I dette kapitlet er det gjort ei oppsummering av aktuelle tiltak bygd på dei fakta som er komne fram i kapitla framfor. Når det gjeld dei langsiktige løysingane, er ulike kombinasjonar av skulemodellar og fleirbrukshall vurderte. Lav elevtalsprognose er lagt til grunn i utrekninga av arealbehov. Dei ulike alternativa er ikkje sett opp i prioritert rekkjefølgje og dei tek utangspunkt i dagens skulestruktur. Alternativa er omtala nærare for kvar skule.
62
4.2.1 KORTSIKTIG LØYSING - 2010-2014 – FORSLAG TIL TILTAK Alt 0: Status quo. Ein held fram med dagens struktur med tre skular; ein ungdomsskule, ein barneskule på Gjerde for 1.-7. trinn og ein fådelt skule på Nordbygda for 1.-7. trinn. Alt 0.1: Samla trinna på dagens tre skular A: På Gjerde samlar ein 1.-4. trinn i ein småskule (S04), og på Nordbygda samlast mellomtrinnet, 5.-7. trinn (B03). B: Alternativet kan også gjerast omvendt med å samla 5.-7. trinn på Gjerde (B03) og ha småskule for 1.-4.trinn på Nordbygda (S04) C: Samnanger ungdomsskule held fram som rein ungdomsskule for 8.-10. trinn (U03) Alt 0.2: Samla trinna på dagens skular tilpassa kapasiteten på skulane Nordbygda vert småskule for 1.-3. trinn (S03) Gjerde vert barneskule for 4.-7. trinn (B04) Ungdomsskulen vert rein ungdomsskule for 8.-10.trinn (U03)
Elevkapasitet i 2014 ved Nordbygda og Gjerde skule ved ulike skulemodellar 300
250
200
150
100
50
0 S04
B03
S03
B04
B07
K06
Elevtal skuletype
Elevtal i Samnanger 2014
100% kapasitet Nordbygda
100% kapasitet Gjerde
63
K10
Elevkapasitet ved Samnanger ungdomsskule ved ulike skulemodellar 300
250
Elevar
200
150
100
50
0 U03
K06
Elevtal skuletype Kapasitet uteområde
4.2.2
K10 Elevtal i Samnanger 2014 100% kapasitet læringsareal
LANGSIKTIG LØYSING – 2014-2020 – FORSLAG TIL TILTAK – FRAMTIDSSKULEN
Alt 0: Status quo. Ein held på dagens struktur med tre skular. Alt 1: Utan Hall: • Alt 1.1 Gjerde kombinert skule for 5.-10.trinn (K06) Nordbygda småskule for 1.-4.trinn (S04) • Alt 1.2 Gjerde kombinert skule for 1.-10.trinn (K10) Alt 2: Fleirbrukshall i kombinasjon med skule • Alt 2.1 Gjerde vert barneskule /barnetun for 1.-4.trinn (S04) Nordbygda vert kombinert skule for 5.-10.trinn (K06) med fleirbrukshall/bibliotek innanfor ein avstand rundt 200 m frå skulen.
64
Alt 3: Ny skule i kombinasjon med fleirbrukshall • Alt 3.1 Ny kombinert 1.-10.skule (K-10) etablert saman med fleirbrukshall. • Alt 3. 2 Gjerde skule vert barnetun for 1.-4.trinn (S04). Ny kombinert skule for 5.-10.trinn (K06) vert bygt i kombinasjon med fleirbrukshall i Nordbygda/Bjørkheimsområdet/Lauvskar/Haukaneset.
Ulike skuletypar, elevprognosar 2020 og romkapasitet på Gjerde og Nordbygda skule 350
300
250
200
150
100
50
0 S04
B07
U03
maks elevtal skuletype middels elevtalprognose Kapasitet Nordbygda
K06
K10
lav elevtalprognose Høg elevtalprognose Kapasitet Gjerde
4.2.3 GJERDE SKULE – KONSEKVENSAR VED ULIKE ALTERNATIV Gjerde skule er ein relativt ny skule (1998). Skulen er spesiell på den måten at han har naturleg ventilasjon og eit svært godt inneklima. Alle klasseromma har eigen inngang med toalett. Det er grupperom ved kvart klasserom. Spesialromma fungerer godt, og gymsalen er stor. Det er for trongt og for få arbeidsplassar for lærarane. Elles er skulen svært godt eigna til å gjennomføra måla i kunnskapsløftet.
65
Uteområdet er stort og har kapasitet til 300 elevar. Det er godt tilrettelagt og har potensiale for ulike aktivitetar. Gjerde skule har god romkapasitet til å ta imot elevtalet som er i kommunen fram mot 2014, og elevtalet i fleire av dei ulike skulemodellane. I den kortsiktige løysinga er det lagt til grunn ei 100% kapasitetsutnytting. Val av kortsiktige tiltak - 2010-2014 – konsekvensar på Gjerde • Forslag til tiltak ved alternativ 0 – Status Quo Arbeidsromma til lærarane må utvidast med 26 m2. Tilstrekkeleg kapasitet fram til 2014.Styrt elevopptak til Gjerde og Nordbygda skule der det er ledig kapasitet. • Forslag til tiltak ved alternativ 0.1 – Mellombels samla trinna Alt. A: 1-4 trinn Arbeidsromma til lærarane må utvidast med 26 m2. Gjerde har kapasitet til å samla 1.-4.trinn (S04). I 2014 vert det 132 elevar i småskulen. Alt B: 5-7 trinn Skulen har svært stor kapasitet og mykje areal tilgjengeleg for ein barneskule for 5.-7. trinn (B03). I 2014 er det 76 elevar på desse trinna. • Forslag til tiltak ved alternativ 0.2 - Ny mellombels gruppering Skulen har kapasitet og mykje areal tilgjengeleg for ein barneskule for 4.-7. trinn (B04). Det vil vera 99 elevar på desse trinna i 2014.
Val av langsiktige tiltak – 2014-2020 – Framtidas skule på Gjerde • Forslag til tiltak ved alternativ 0 – Status Quo Forventa låg prognosevekst i elevtalet tilseier eit elevtal på rundt 145 elevar i opptaksområde etter nærskuleprinsippet. Opptaket kan styrast etter kapasitet mellom dei to barneskulane. Dersom ein held fast på dagens opptaksområde, må læringsareala utvidast med to klasserom, ca 120 m2. Elles har skulen kapasitet til dette elevtalet. • Forslag til tiltak ved alternativ 1.0 - Uavhengig av Hall Alt 1.1 – 5-10 trinn Gjerde har nok areal til å verta ein kombinert skule for 5.-10. trinn (K06). Med ein lav elevtalsprognose vil det vera 196 elevar i 2020 på desse trinna. På nokre av trinna kan det verta to parallellar, då må skulen utvidast med 763 m2 læringsareal og administrasjon. Alt 1.2 - 1.-10. trinn Gjerde har nok areal til å verta kombinert skule for 1.-10. trinn (K10). Med lav vekst gjev det ein prognose på 314 elevar. Skulen må aukast med 1863 m2 læringsareal og administrasjon utan det treng gå ut over uteområdet. Det kan skje ved bygging i høgda. Utearealet må evt. utvidast dersom bygningsmassen tek for stor del av uteområdet.
66
•
Forslag til tiltak ved alternativ 2.0 – Fleirbrukshall i kombinasjon med Gjerde skule Alt: 2.1 - Småskuletrinn Me viser til vurderingar ovanfor om kapasiteten til at Gjerde ved ei løysing med slkule for 1.-4.trinn her (S04). På sikt bør skulen berre utnytta 90 % av læringsareala. Fram mot 2020 bør læringsareal vurderast på nytt for å korrigera for evt. auke i folketalet.
4.2.4 NORDBYGDA SKULE – KONSEKVENSAR VED ULIKE ALTERNATIV Nordbygda skule vart fådelt skule frå 1966; skulen vart utvida 1983. Skulen er ein tradisjonell skule med korridorar med tilhøyrande klasserom. Læringsarealet er på eit plan. Skulen treng vesentleg vedlikehald og nytt tak, samt heis og universell utforming av gymsal. Skulen er elles godt eigna til å gjennomføra måla i kunnskapsløftet. Uteområdet ligg slik til at det er kort veg til friluftsområde ved skulen, og det er svært godt eigna til undervisnigsføremål. Uteområdet på skulen har kapasitet til om lag 175 elevar. Skulen har svært god romkapasitet til å ta imot elevtalet som kjem i 2014. I den kortsiktige løysinga er det lagt til grunn ei 100% kapasitetsutnytting. Val av kortsiktige tiltak - 2010-2014- konsekvensar på Nordbygda • Forslag til tiltak ved alternativ 0 – Status Quo Arbeidsromma til lærarane må utvidast med 24 m2. Det er tilstrekkeleg kapasitet fram til 2014 med å fortsetja som fådelt barneskule for 1.7.trinn med dagens opptaksområde. Heis ned til gymsal og til administrasjonen, samt div andre tiltak knytt til krav om universell utforming. Nytt tak på gamlebygget. Energitiltak; Isolera gamlebygget. • Forslag til tiltak ved alternativ 0.1 – Mellombels samla trinna Alt. A: 5.-7.trinn Arbeidsromma til lærarane må utvidast med 24 m2. Nordbygda skule har kapasitet til å samla 5.-7.trinn (B03). I 2014 vert det 74 elevar på mellomtrinnet. Alt B: 1.-4.trinn Nordbygda skule vil få eit elevtal på 132 om småskulen (S04) vert samla der. Dette er 21 elevar meir enn skulen har kapasitet til. Læringsarealet inkl. lærararbeidsplassar må då utvidast med 771 m2 gjennom evt. midlertidige eller meir permanente løysingar. Uteområdet har kapasitet til denne elevmassen. •
Forslag til tiltak ved alternativ 0.2 - Ny mellombels gruppering Skulen har god kapasitet og areal tilgjengeleg for ein samla småskule for 1.-3.trinn (S03). Denne delinga splittar sfo-tilbodet på 2 skular, og fører til noko ekstra skysskostnader.
67
Val av langsiktige tiltak – 2014-2020 – Framtidas skule på Nordbygda • Forslag til tiltak ved alternativ 0 – Status Quo Nordbygda skule vil ha ledig kapasitet. Lærararbeidplassarealet må aukast med 24 m2 • Forslag til tiltak ved alternativ 1.0 - Uavhengig av Hall Alt 1.1 – 1.-4. trinn Viser til alt. 01. alt B. ein småskule (S04). Skulen må utvidast med 439 m2. Vedlikehalstiltaka vert gjennomført i samband med utbygging: Heis, nytt tak, energitiltak. Alt 1.2 - 1.-1.0. trinn på Gjerde Elevane vert flytta til Gjerde skule. Nordbygda skule vert nytta til andre føremål enn skule, gjennom ein etterbruksplan (t.d. bustader for ulike målgrupper, barnehage etc.) •
Forslag til tiltak ved alternativ 2.0 – Fleirbrukshall i kombinasjon med Nordbygda skule Alt: 2.1 - Kombinert skule fleirbrukshall Elevtalsprognosen for 5.-10. trinn på Nordbygda gjev eit elevtal på 198. Nordbygda skule sitt areal må med denne løysinga aukast opp med 896 m2. Vedlikehadlstiltaka vert gjennomført i samband med utbygging: Heis, nytt tak, energitiltak. Uteområdet må utvidast opp mot 30.000 m2 i tillegg dersom hall vert bygt ved skulen. På sikt bør skulen berre utnytta 90 % av læringsareala. Fram mot 2020 bør læringsareala vurderast på nytt for å korrigera for evt. auke i folketalet.
4.2.5 SAMNANGER UNGDOMSSKULE – KONSEKVENSAR VED ULIKE ALTERNATIV Samnanger ungdomsskule vart bygt i 1963 som ein barneskule for Tysseområde og framhaldskule for heile kommunen. Sidan 1966 har skulen også vore ungdomskule for heile kommunen. Det var på det meste opptil 10 klassar på skulen og alle romma var i bruk. I 1971 vart skulen påbygt med ”nybygget”, med spesialrom og basseng. Skulen har svært store korridorar og trappegangar med tilhøyrande klasserom berekna for ca 25 elevar. Hausten 2006 vart bassenget rehabilitert. Skulen treng nytt ventilasjonsanlegg i gamlebygget, heis i nybygget og sperringar for tilgang til tak over bassenget. Skulen er berre delvis eigna til å gjennomføra måla i kunnskapsløftet. Skulen manglar grupperom og fleksible klasserom. Uteområdet har kapasitet til 100 elevar, og er i dag hovudsakleg tilrettelagt for ballspel. Skulen har overkapasitet i høve til elevtalet som kjem framover mot 2020. I den kortsiktige løysinga er det lagt til grunn ei 100 % kapasitetsutnytting. Skulen har i dag 91 elevar og har maksimal romkapasitet til 176 elevar. Val av kortsiktige tiltak - 2010-2014- på ungdomsskulen • Forslag til tiltak ved alternativ 0 – Status Quo Heis i nybygget, samt div. tiltak knytt til universell utforming.
68
Rekkverk på tak over bassenget Energitiltak; nytt ventilasjonsanlegg i gamlebygget Val av langsiktige tiltak– 2014-2020 – Framtidas ungdomsskule • Forslag til tiltak ved alternativ 0 – Status Quo Heis i nybygget, samt div tiltak knytt til universell utforming. Rekkverk på tak over bassenget Energitiltak; nytt ventilasjonsanlegg i gamlebygget. • Forslag til tiltak ved alternativ 1.0 - Uavhengig av Hall Alt 1.2 - 1.-10. trinn på Gjerde Elevane frå ungdomsskulen vert flytta til Gjerde skule. Samnanger ungdomskule vert nytta til andre føremål, t.d. bustader • Forslag til tiltak ved alternativ 2.0 – Fleirbrukshall i kombinasjon med skule Alt: 2.1 - Kombinert skule fleirbrukshall Elevane på ungdomssteget vert flytta til ein 5-10 skule (K06) på Nordbygda som gjev eit elevtal på 198. Etterbruksplan. 4.2.6 FORSLAG TIL NYTT ALTERNATIV ETTER HØYRING HAUSTEN 2009 – KONSEKVENSAR Val av kortsiktige tiltak - 2010- ca 2012 - konsekvensar • Forslag nytt alternativ – ”Rein” ungdomsskule. Elevane vert på ungdomsskulen fram til Nordbygda skule er ombygt for ungdomssteget (U3) og rehabilitert, bl.a nytt tak. • Forslag til nytt tiltak - Ein ”rein” barneskule. Elevane på Nordbygda skule 1-7 trinn vert flytta til Gjerde skule. Moduler på Gjerde under utbygginga. Val av langsiktige tiltak – ca 2012 – konsekvensar • Rein ungdomsskule på Nordbygda (U3) Elevane flyttar til Nordbygda skule (U3). Føresett hall i gangavstand, som erstattar skulen sin gymsal. Etterbruksplan for Samnanger ungdomsskule. • Ein barneskule på Gjerde (B7) Utbygging av klasserom, arbeidsplassar og fellesrom.
69
5
KOSTNADER
Kapittelet viser ei oversikt over investeringsbehov i skuleanlegga ved val av ulike alternativ. Tiltaka er delt inn i ein kortsiktig tidsperiode frå 2010-2014 og ein langsiktig frå 2014-2020. Utrekningane byggjer på alternativa og romprogram omtalt i kap. 4. Økonomiplanen for 2010-2014 gjev ramma for driftsbudsjetta til skulane for denne perioden.
70
5.1
INVESTERINGAR VED KORTSIKTIG LØYSING – ØKONOMIPLANPERIODEN 2010 – 2014 -
Nedanfor er vist oversikt over investeringskostnader ved val av ulike alternativ. Kostnad på vedlikehaldstiltak (jfr. s. 51) er ført opp i alt. 0 i økonomiplanperioden 2010-2014, under føresetnad av at dagens struktur vert oppretthalden fram til 2020. Alt.0 kan også kombinerast med andre alternativ i det langsiktige perspektivet. Ein del av vedlikehaldet kan utsetjast og gjennomførast i samband med evt. på-/nybygg i neste økonomiplanperiode. Ved val av alt. 0.1 og 0.2 vert det føresett ei gradvis endring av skulestrukturen mot 2020 og vedlikehaldet vert sett i samanheng med evt. utvidingar. Både læringsareal og arbeidsplassar for lærarar inngår då i totalsummen til dei ulike alternativa for ny-/på bygg i frå 2010-2020. Mindre trafikksikringstiltak og vedlikehald av uteområde bør gjennomførast på Nordbygda i økonomiplanperioden, uavhengig av alternativ.
Skule
Kortsiktig løysing 2010-2014 Alt. 0.1 Alt.0
Tiltak Gjerde utvida arbeidsrom lærarar utvida læringsareal universell utforming
A 1-4 trinn 780 000 0 60 000
0 0 60 000
B 5-7 trinn 0 0 60 000
Alt. 0.2 4-7 trinn 0 0 60 000
Nordbygda utvida arbeidsrom lærarar utvida læringsarealet inkl lærararb.r. vedlikehald skulebygg vedlikehald uteområde trafikksikring miljøtiltak universell utforming/heis
720 000 0 1 500 000 40 000 750 000 2 500 000 700 000
5-7 trinn
1-4 trinn 1-3 trinn 0 0 0 23 130 000 0 0 0 40 000 40 000 750 000 750 000 0 0 0 0
Samnanger vedlikehald skulebygget uteområdet miljøtiltak universell utforming
8-10 trinn 8-10 trinn 8-10 trinn 3 150 000 3 150 000 3 150 000 3 150 000 150 000 150 000 150 000 150 000 600 000 600 000 600 000 600 000 1 100 000 1 100 000 1 100 000 1 100 000
SUM 12 050 000 5 850 000 28 190 000 5 850 000 Alt. 0.1 og 0.2 : større vedlikehald vert gjennomført i samband med utbygging under langsiktige tiltak.
71
5.2
INVESTERINGAR VED LANGSIKTIG LØYSING 2014 - 2020 – FRAMTIDIG SKULESTRUKTUR
Nedanfor viser oversikt over investeringane på skulebygg eksklusiv idrettsanlegg/gymsal ved val av ulike alternativ. Det er ikkje teke med kostnad på tomtekjøp eller sal av bygningar. Kostnad med bygging av sjølve fleirbrukshallen vil koma fram i eige ”hallprosjekt”.
Alt. 0 - status quo
Skule Tiltak 2014-2020 Gjerde utvida arbeidsrom lærarar utvida nettoareal vedlikehald utvida tomteareal Etterbruksplan Sal av skulebygg Nordbygda utvida arbeidsrom lærarar utvida nettoareal vedlikehald utvide tomteareal Etterbruksplan Sal av skulebygg Samnanger utvide vedlikehald Etterbruksplan sal av skulebygg Ny skule * **
Alt. 1 - utan hall alt. 1.1 alt. 1.2 K06: 5-10 K10: 1-10
780 000 3 840 000 1 412 640
23 000 000
Alt. 2 -hall & skule alt. 2.1 S04: 1-4
56 000 000
Alt. 3 - ny skule m hall alt. 3.1 alt 3.2 S04:1-4
4 000 0000
4 000 000
250 000 ** S04: 1-4 720 000 0 1 121 040
K06: 5-10
13 000 000
27 000 000 * 250 000 **
250 000 **
0 2 260 800 250 000 **
**
**
tomtekjøp ikkje tal for sal av bygg
72
** ** K10:1-10 K06: 5-10 95 000 000 64 000 000 * *
NYTT ALTERNATIV TIL INVESTERINGAR VED LANGSIKTIG LØYSING ca 2012 - FRAMTIDIG SKULESTRUKTUR Nedanfor viser oversikt over investeringane på Gjerde og Nordbygda skule ved ein ungdomskule og ein barneskule. Alternativet er spelt inn under høyringa og kommunestyret har i møte 5.nov sak 48/09 vedteke å legge det inn i skulebruksplanen som eige alternativ. Det er ikkje teke med evt. utgifter og inntekter ved eit sal av Samnanger ungdomsskule. Bruk av Nordbygda skule føresett utbygging av hall som erstattar gymsalen ved skulen. Kostnad med bygging av sjølve fleirbrukshallen vil koma fram i eige ”hallprosjekt”.
Skule
Alt. 0 - status quo Kr
Nytt Alt. Skule & hall Kr
Tiltak ca 2012-2020 Gjerde K07: 1-7 utvida arbeidsrom lærarar 780 000 33 000 000 utvida nettoareal 3 840 000 60 000 vedlikehald 1 412 640 Nordbygda U03: 8-10 Ombygge læringsarealet og lærararbeidsplassar 0 Ikkje rekna vedlikehald skulebygg 1 500 000 1 500 000 vedlikehald uteområde 40 000 40 000 trafikksikring 750 000 750 000 miljøtiltak 2 500 000 2 500 000 universell utforming/heis 700 000 700 000 Føresett Hall * * Samnanger vedlikehald skulebygg 2 260 800 Etterbruksplan 250 000 sal av skulebygg **
73
5.3
DRIFTSKOSTNADER
Skulane i Samnanger har høge driftskostnader samanlikna med andre kommunar, jfr historiske kostra-/rekneskapstal og økonomiplan for Samnanger kommune 2010-2014. Økonomiplanperioden 2010-2014 Tala utarbeidd av ADI på oppdrag av Samnanger kommune viser at driftsnivået på skulane kan reduserast med kr. 3,5 millionar ved å samla trinna på dei to barneskulane. I økonomiplanen er det lagt inn ein reduksjon på 3 millionar. Det er ikkje realistisk å gjennomføra denne reduksjonen med å halda fram med dagens struktur. Dersom ein vel status quo på kort/lang sikt, må skulane få ”tilbake” store delar av det som er sett som innsparing på skuleområdet i driftsbudsjettet i økonomiplanen. Driftsnivået mot 2020 Samnanger vil først få ein ytterlegare reduksjon i administrasjonskostnadane om ein samlar skuleadministrasjonen på ein eller to skular. Driftsnivået til byggvedlikehald, straum og reinhald på skulane får kommunen kun ned ved å redusera den store bygningsmasssen til færre bygg som er meir miljøvenlege og mindre energikrevjande. Den store bygningsmassen gjenspeglar dei høge reinhaldsutgifter. I 2008 kosta reinhaldet på skulane 1.7 millionar. Straumutgiftene på Gjerde ligg på kr. 137 000 i 2008. For ungdomsskulen eksl. basseng, kosta det kr. 214.000, medan på Nordbygda skule var prisen kr 182.000. Skuleanlegga sine vedlikehaldsutgiftene i framtida avhenger av kva bygg me har. Forset ein med dagens struktur vil kommunen måtte rekna med nærare 12 millionar i vedlikehalds/ombyggingskostnader - hovudsakleg til ungdomsskulen og Nordbygda skule. Reduksjon i talet skulebygg vil kunne resultera i eit meir effektivt reinhald og lågare totale energikostnader. Lavenergibygg er framtida, og nye påbygg eller nye skulebygg må ha desse standardane. Gjerde skule med naturleg ventilasjon gjev låge driftskostnader og svært gode helsemessige forhold for elevar og lærarar som igjen viser seg i eit lågt sjukefråvær.
74