N OMI N E RT TI L D E U TSC H E R BUC H P R E I S 2 011
Men jenta veks opp i ein familie i oppløysing. Mora orkar ikkje å vere mor, og den alkoholiserte faren er fråverande. Broren er for liten til å gi opp håpet om at alt ein dag skal bli betre. Jenta prøver å rømme frå det som omgir henne: familien sitt tyranni, dei systemtru lærarane, den autoritære staten.
*** «Ein av dei mest radikale og rørande oppvekst romanane i det tyske språket. Ingen tvil: Jenta til Angelika Klüssendorf er ei heltinne for vår tid.» ALEXANDER C AMMAN, Die Zeit
ISBN 978-82-7959-189-4
f o rfat tarfo to : Hans Peter Scha efer
j e nta
A nge l i k a K lü s s en do rf (f. 1958) er fødd i Ahrensberg (Hamburg) og er i dag busett i Berlin. Frå 1961 til ho utvandra til Vest-Berlin i 1985, budde ho i Leipzig i Aust-Tyskland. Klüssendorf var ein aktiv motstandar av DDR-regimet og ein av redaktørane bak det opposisjonelle, handlaga litteraturtidskriftet Anschläge. I 1990 debuterte ho som forfattar og har sidan utgitt fleire romanar og novellesamlingar. Klüssendorf har motteke fleire stipend og prisar.
I forfattaren Angelika Klüssendorfs litteratur møtest ytterpunkta, det sterke treff det svake, det støyande det stille. Jenta er skjør og samstundes brutal, historisk og aktuell.
a nge li k a k lü sse ndorf ·
I Angelika Klüssendorfs kritikarroste oppvekst roman frå DDR møter vi ei namnlaus tenåringsjente. Ho er tøff og den raskaste i klassa i langdistanse. Jenta elskar bøker, kan fortelje historier og får dei andre til å le. Ho er forelska i ein eldre gut, akkurat som dei andre jentene.
ang e li k a k lü sse nd orf
JENTA roman
«Med sin uredde prosa, fortalt i umiddelbar notid, er Klüssendorfs roman ei meisterleg oppvising i presisjon.» Times Literary Supplement «Denne romanen viser korleis ein kan hamne utanfor samfunnet, utan å romantisere den utanforståande si rolle.» Süddeutsche Zeitung «Litteraturen framstår hos Angelika Klüssendorf som eit overlevingsmiddel, noko som kan gi indre støtte.» FRIEDMAR APEL, Frankfurter Allgemeine Zeitung