Boka presenterer dei mest dramatiske hendingane som har ramma det norske folk opp gjennom tidene.
Forfattar Gaute Losnegård tar lesaren med til både naturkatastrofar for fleire tusen år siden og ulykker og katastrofar i vår tid. Blant dei mest kjende hendingane som er skildra er bybrannane i Bergen og Ålesund, samt Kings Bay- , Scandinavian Star- og Alexander Kielland-ulykkene. Også Tsjernobyl-katastofen og tsunamien i Søraust-Asia i 2004 har fått sin plass i boka sidan dei fekk konsekvensar for så mange nordmenn.
Boka er delt i to. Medan fyrste del tar for seg naturkatastrofar, får vi i andre del eit djupdykk i menneskeskapte ulykker. Denne delen handlar også om korleis menneska har blitt stadig betre på å beskytte seg mot naturen sine farar, samtidig som moderne teknologi og levemåte skaper nye trugsmål og ulykkestypar.
Innbunden med smussomslag, 22,0 x 24,0 cm, 320 sider, nynorsk.
Grafisk design: Øystein Vidnes
ISBN 9788279591962
Kr. 349,-