bjørg hovland 7888888888888888888888888888888888888888888888888888888889
FOLKEDR AKTER OG BUNADER FR Å SOGN 788888888888888888888888888888888889
Ei reise i tid og landskap
bokbunad: Øystein Vidnes · oysteinvidnes.org Framsidefoto: Oddleiv Apneseth Font: Essay Text, av Stefan Ellmer · ellmerstefan.net Papir: Munken Polar 120 g Trykk: Livonia Print, Riga detaljfoto på kapittelintroane: Lars Asle Vold s. 16: Detalj av rygg på åliv i silkedamask. s. 68: «Gyldenstykke», rose i silkedamask, detalj av rygg på åliv. s. 222: Grøn silkedamask. Detaljfoto av kvinnetrøye på De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum. Forkortinga P.E. er brukt i tydinga «i privat eige». nbf i fotokrediteringar står for Norsk institutt for bunad og folkedrakt. DHS – sf i fotokrediteringar står for De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum Boka er utgitt med støtte frå Norsk kulturfond Luster kommune · Luster Energiverk as · Luster sparebank · Digital Etikett as Skjeldestad Libris· Jostedal historielag· Jostedal spel og dansarlag · Luster bygdekvinnelag Lærdal bygdekvinnelag · Sogndal bygdekvinnelag · Vik bygdekvinnelag · Luster sogelag · Sogndal sogelag Vik husflidslag · Årdal husflidslag © SKALD 2014 e-post: forlag@skald.no www.skald.no isbn 978-82-7959-199-3
Innhald 7888888889
Føreord · 7 Kvinnearbeid og kvinneansvar · 9
historia om bunaden Interessa vaknar · 18 Mitt fyrste møte med alderdommelege kledeplagg · 21 Nasjonaldrakt · 25 Dei fyrste sognebunadene · 28 Den grøne silkeskjorta · 40 Ytre Sogn · 43 Vanskeleg med materiale i mellomkrigstida · 47 Hårbandet · 48 Sognebunad som skulearbeid · 50 Sognedrakt som festplagg · 52 Økonomi og tilgang på materiale blir betre · 55 Konfirmantane · 57 Brurekruner i Sogn i nyare tid · 59 Mannsbunader på 1900-talet · 61 Ny opptur for mannsbunaden · 64 «Spelemannsbunaden» · 65 Rekonstruksjon av mannsbunad for Sogn · 65 folkedraktene – dei gamle kleda
På leit etter gamle klebunader i Sogn · 70 Registrering kjem i gang · 73 Kvifor er det så lite att i private heimar? · 74 Dei gamle kleda · 76 Kunnskap om folkedraktene · 78 Akvarellar, teikningar, maleri · 82 Skifteprotokollane · 86 Fotografi · 87
Kvinneklede på 1800-talet · 89 Serken og skjorta · 93 Trøye med knapping · 94 Snedatrøye/steglatrøye · 98 Spøtatrøye · 100 Åliv – indre og midtre Sogn · 100 Åliv – ytre Sogn · 107 Bringeduk/brystduk · 109 Tradisjonsrik dekor i Sogn · 112 Dos – indre Sogn · 113 Dos – ytre Sogn · 116 Noko om forkle i Sogn · 118 Forkle i indre og midtre Sogn · 120 Forkle i ytre Sogn · 121 Hovudbunad · 122 Hovudbunad for jenter · 124 Hovudbunad for jenter i ytre Sogn · 128 Hovudbunad for koner · 129 Hengjehue · 131 Hornhua/Kvitahua · 132 Hovudbunad for koner i ytre Sogn · 138 Siste del av 1800-talet · 140 Klesskikken endrar seg gradvis · 140 Dagleg bruk · 143 Draktsølv /metall · 144 Belte · 149 Handplagg · 151 Handlin – handringar – vevlingar - pulsvantar · 152 Fotabunad – sokkar, sokkeband og sko · 153 Utanpåplagg · 154 Underklede og kvardagsklede · 155 Barneklede · 156 Rituelle klede – høgtidsklede · 158 Dåp · 160 Konfirmasjon · 163 Bryllaup · 165 Hovudpynt · 165 Bringepynt · 166
Brureklede · 168 Mannsklede på 1800-talet · 170 Mannsskjortene · 171 Forhyse · 173 Trøye · 174 Spøtatrøye · 179 Brok · 179 Vest · 181 Hovudbunad for menn · 182 Spøtahuer · 183 Kollhue · 184 Siste del av 1800-talet – og over i det nye hundreåret · 186 Blåtrøye – stutt-trøye – rundtrøye – snedatrøye · 188 Sko og sokkar · 189 Draktsølv/metall, belte og kniv · 191 Utanpåklede · 191
rekonstruksjon
Rekonstruksjon · 193 Rekonstruksjon må lærast · 195 Å rekonstruera er å velja · 195 Rekonstruerte mannsbunader – vidareføring av eit arbeid · 199 Dei rekonstruerte plagga – ein presentasjon · 201 Tilverking og utføring · 205 praktiske råd
Å skaffa seg bunad · 224 Bunadbruk · 225 Stell og oppbevaring av bunaden · 226 Rettleiing om påklednad · 227 Oppbinding av håret · 228
Ordliste · 231 Litteraturliste · 233
f øre ord
Føreord 788888889
Ingen er barn av i dag Me er barn av dei tusen år – djupt gjennom lag etter lag røtene går
Slik forma Valdres-diktaren Knut Hauge det – at me alle står i ein samanheng, me er rotfeste i ei lang, lang rekke, påverka av skiftande tider og i ulik grad av impulsar frå den store verda. Samfunnet kring oss blir stadig meir internasjonalt og globalisert. Spørsmål om identitet og eigenart kjem når me skal presentera oss for omverda. Bunaden blir ofte trekt fram ved slike høve, og bunad er mote som mest aldri før. Dei fleste jenter og kvinner i Sogn eig ein bunad som er meir eller mindre prega av lokale, tradisjonelle plagg. Gutar og menn kjem etter. Bunaden gjev identitet og hjelper oss med å syna kvar me høyrer til. Kva er rett og kva er feil, vil mange vita, men ingen kan setja seg til doms over det. Berre ved å kjenna bakgrunn og historie får ein innsyn og respekt for materiala, tilpassinga, arbeidet og kulturen. Skrivinga av denne boka kom i gang etter sterk oppmoding frå fleire, men særleg må nemnast Torunn Løne Vinje og Magny Karlberg. Eg byrja med det eg hadde best kjennskap til, dei indre bygdene i Sogn. Etter kvart måtte eg ta med det eg visste om draktskikk i heile Sogn, «frå Sygnefest til Skjoldar». Sjølv om materialet er spinkelt enkelte plassar, så er det kanskje ein spore for andre til å halda fram så historia kan bli fyldigare. Ved å kartleggja draktskikken gjennom eksisterande plagg, skriftleg og
· 7
toppekst
78888888888888888888888888888888889
HISTORIA OM BUNADEN 78888888888888888888888888888888888888888888888889
路 17
22 ·
H I S TO RI A O M BU N A D EN
kvinnetrøye frå talle i Luster, i grøn tett vadmål med brun-svarte fløyelskantar og messingknappar. Saum midt i ryggen og bakovertrekte skuldersaumar. Smale tosaums-ermar med brei fløyelskant. p.e. foto: nbf
det blå ålivet etter Steinor A. Berge (1814–1905). Sydd av tynn silke med roseknoppar, fôra med lin og kvarda med svart rettskoren fløyel. p.e. foto: nbf
hellene på raustloftet, medan det blå ålivet hadde lege på kistebotn. Svigermor hadde brukt det ein gong då ho var med å profilera onkelen si bedrift, Grimstad Gartneri, på jubileumsutstilling i Trondheim i 1930. Frå barndommen hadde eg i bakhovudet den såkalla «Bringe-bunaden» med brodert åliv i gilde fargar. Eg hugsa og eit glimt av ei brurekrune (det var nok Walaker-kruna) i gylt sølv på kvitt sengeteppe på Klokkarhaugen i Luster. Sjølv hadde eg nyss stått krunebrur i nysydd sognebunad og med Stedje-kruna frå Sogndal. Men dette gamle var då noko heilt anna enn det me brukte til bunaden no? Den neste aha-opplevinga eg fekk var då franske Pascale Boudonnel, dukka opp på tv-skjermen og i vekeblad i ein annleis sognebunad. Dette kjende eg eit forunderleg slektskap til, og eg vart endå meir nysgjerrig. Det synte seg at Pascale ville ha ein bunad med lokale røter då ho gifte seg og kom til Undredal i 1986. Sogn Folkemuseum og Bunad- og folkedraktrådet hadde hjelpt med rettleiing og gransking. Pascale gjenskapte ein kvinnebunad frå tidleg 1800-tal, vov sjølv tøy til dos og forkle og sydde drakta si etter originale modellplagg frå indre og midtre Sogn som var på museet. Artiklar i lokalavisene og i Norsk Husflid fortalde om rekonstruksjon av mannsbunad for Sogn, og kjennskap med Gunnvor Urheim og
HISTORIA OM BUNADEN
Pascale Baudonnel i bunaden som ho rekonstruere fyrst på 1980-talet. Tøy til dos og forkle vov ho sjølv etter modellar på museet. Pascale har gjort eit banebrytande arbeid, også med lokal osteproduksjon. Foto: Eva Brænd
· 23
38 ·
H I S TO RI A O M BU N A D EN
Forkle som har vore «masjonsførkle». P.e. Fortun Foto: NBF
jenter sydde seg borer som likna på jentebora frå Brekke, men i fargar som dei tykte høvde betre, grønt og svart og pryda med sølvband. Slik pynt rundt hovudet var i samsvar med motebiletet i 1920-åra. I kjeda heng ein mynt med lauv, det som vart kalla «unde gjerd» eller «agnesti» (Agnus Dei, som tyder Guds Lam). Maria og Steinor Dalsøren i fotoboks på jubileumsutstilling i Trondheim 1930. Foto: P.e.
Eit stort silkeplagg sydd og brukt som forkle. P.e. Sogndalsdalen Foto: NBF
likasjonar, eller «fjellkjedeborden» som dominerte, har vorte kjenne teiknet på sognebunaden. Forkle meiner Klara Semb kan vera av både silke og tynt ulltøy, både einsfarga og fleirfarga, men må framfor alt harmonera. Best er eit gamalt og arva forkle. Av og til vart det laga forkle av store silkeplagg som låg i kista, sidan slike ikkje lenger var i bruk.
HISTORIA OM BUNADEN
· 39
På same måte som Hulda Garborg er oppglødd over av at «dei i Sogn har vore meisterar i Kvitsaum» (Noss, 1970: s. 64), så oppmodar også Klara Semb, i avsnittet sitt om skjorte i si skrivebok, jentene om å halda i hevd den vakre «sognekvitsaumen». Og vidare: «Til festbunaden bør det vera skjorte med kvitsaum, til simplare skjorter kan ein bruka korssting anten med fleire fargar eller berre svart.» Om «Håruppsetjing» skriv Klara Semb detaljert om korleis jentene skal vava inn håret i band, for så å binda det opp. Om bora (pynten) utanpå flettene seier ho at «Pannelin er eit rett stykkje ty som vart utsauma med perlur, bandstumpar, tyrosor og anna krimskrams. Det er ein hovudbunad som høver betre for ein indianar enn for ei sognejente.» Medan ho var nøye på enkelte ting, tok ho lettare på andre. Om hennar eige syn på stygt eller fint kjem fram i utsegner som dette, så gjorde ho sitt til at draktmaterialet i Sogn kom i bruk att. Til slutt i det felles avsnittet i skrivebøkene om bunader i Sogn står det å lesa: Når sogneungdomen no skal taka opp att bygdebunaden sin, so må dei ikkje taka den som sist vart bruka, den som er ein samanblanding av bygde og byklede, men dei lyt taka den gamle stilreine bunaden som var i bruk fyrr bymotane kom inn og øydelagde. Vyrdsamt Klara Semb.
Klara Semb var med å prega bunadbruken i heile Sogn, eit utrykk som framleis held seg. Fasongen vart mykje lik, medan fargar og stoff i åliv og forkle varierte etter tilgang og økonomi. «Sognedrakta» kom i bruk frå inst til ytst i Sogn. Årsmeldinga til Vestlandske husflidslag 1950 fortel at det var oppretta ei bunadsnemnd for Hordaland og Sogn og Fjordane. Nemnda var samansett av representantar frå bondekvinnelaga og husmorlaga i dei to fylka, Universitetet i Bergen, Vestlandske Kunstindustrimuseum og Vestlandske husflidslag. Frå Sogn finn me Inga Nitter Walaker, Solvorn som representant for Sogn og Fjordane krins av Norges Husmorforbund. Nevndens første oppgave blir å kartlegge alt det bunadsmateriale som ennå finnes omkring i fylkene, gjemt på loft og på kistebunn.
Denne skjortesaumen frå Heimen Husflid sitt arkiv var mykje utbreidd på 1920–1930-talet. Holbeinsting og korssting i svart moulinegarn, slik Anna Knutsen sin bunad har på halvskjorte og ermelinning (s. 32). Midt-feltet vart sydd både i korssting og i dobbel uttrekksaum.
60 ·
H I STO RI A O M BU N A D EN
«Lustrakruna» er av typen «Strandebarm»-krune og kjøpt på auksjon i Bergen i 1982 av Luster bygdekvinnelag. FOTO: Eva Brænd, Magasinet bunad
heim-sølvet («Staims-sølvet»). Tidleg på 90-talet kjøpte Leikanger husflidslag kruna til Ohnstad-sølvet, som opphaveleg kom frå Aurland. Lærdal bygdekvinnelag samla inn pengar og fekk laga ny krune, bringesølv og drakt i 2012. Frå å vera eit av dei fattigaste landa i Europa for ca. 200 år sidan, er Noreg i dag kanskje det rikaste. Med tilgang på det meste syner det att også i bunadene. Stølebelte og mykje sølvstas som frå gamalt høyrde til brureklednaden for dei aller mest velståande er i dag allemannseige. Dei fleste har høve til å kjøpa det dei vil, når dei vil, og utvalet er stort. Hovudplagget blir oftast ikkje brukt. I staden ser ein søljeliknande øyrepynt, eit ukjent element i gamal draktskikk her i landet.
HISTORIA OM BUNADEN
Lars Lavoll (1907–1947) var skreddar og kan ha vore den som sydde desse fyrste manns bunadene, inspirert av Dreier sin akvarellar der trøyene har knappelist. FOTO: P.e.
Sognekar i steglatrøye på Dreier sin akvarell Handelsbonde af Leyrdal, har knappelist på steglatrøya. Kan denne teikninga har vore førebilete for skreddaren? Under teikninga står det «Udmerket Brutalitet og Ferdighed i norsk Halling-dants. Eigar: nasjonalbiblioteket
Mannsbunader på 1900-talet 88888888888888888888888888888888888889
Då bunadrørsla voks tidleg på 1900-talet, tok ikkje sognekarane i bruk bunad på same måte som kvinnene. Berre nokre av dei mest aktive i folkedans og frilyndt ungdomsarbeid skaffa seg sølvknappa vest, steglatrøye eller stutt-trøye/rundtrøye og knebrok. Hulda Garborg skriv lite om mannsbunad i Sogn i boka om Norsk Klædebunad. Kanskje har ho tenkt at det ikkje var noko sæpreg som skilde seg ut frå andre landsdelar, eller ho ikkje har funne tid og rom for
· 61
84 ·
toppte kst
Hermann Kauffmann: Taufgesellschaft am belebten Fjord (1843).
raude huer, truleg spøtahuer. Kanskje er mannen med hatt av høgare rang, og trøya hans er mørk. På land står ei kvinne og ein mann med ku og hund. Kvinna har «pjanket» sitt i eit knyte. Ho har kvit hornhue, er i berre skjorteermane, og ålivet er utan snøring og pynt. Utanpådosa har ho knytt opp om livet for å spara den for skit og støv, og den raude underdosa syner. Dette var heilt vanleg å gjera. Mannen har knebrok, steglatrøye, raud hue og blå sokkar. På hesten sit truleg ei kvinne innhylla i ei kappe. Ein dokumentasjon i særstilling på landskap, folkeliv og drakter i indre Sogn vart nyleg kjend for meg i form av Kauffmanns maleri: Taufgesellschaft am belebten Fjord (1843). (Klose & Martius 1975)
f olkedr a ktene – dei ga mle kleda
Her er det alt i hop, landskapet med blågrøn fjord, fjell med snø flekker, lys og skugge, kyrkja på høgda, hus, naust, båtar og ikkje minst eit yrande folkeliv i eit mangfald av kledrakter. Eit tidsbilete som samsvarar svært godt med andre kjelder. Me kan freista å setja oss inn i tida, vera med folk på kyrkjeveg denne julisøndagen i 1843 og sjå på kleda deira. Det er preikesøndag og i båtar kjem dei roande frå andre sida av fjorden eller frå andre grender. Sjøvegen var nok lettare framkomeleg enn å gå vegen gjennom tun og over haug og hammar. Særleg ein blank dag som dette, med still fjord. Kyrkja er plassert på høgda, og i nærleiken er sjøbuer og naust. Det store huset med ark kan vera prestegarden. Fåe bønder budde så nær kyrkja og hadde slike store kvitmåla hus. Prestegardshuset på Dale i Luster som er bygd midt på 1700-talet, ser nett slik ut. Ein båt er i ferd med å tømmast, og det som fyrst fell i augo er kvinna som stig på land med dåpsbarn i fanget. Om ho er gudmor eller mor, så er ho gift kone med kvit hue og er kyrkjekledd i full stas. Mannen ved sida stør henne, og i båten bak er fleire både barn og vaksne. Mannen i mørk hatt løfter fram ei småjente med blått liv og brun dos. Han med raud hue ser ut til å halda i båtripi, medan han bøyger seg fram for å sjå nærare på noko den vaksne jenta har i fanget. Kanskje ber ho også eit dåpsbarn? Kanskje er det nær slekt eller naboar, sidan dei kjem i same båten? Jenta er i berre skjorteermane med oppbunde hår, har raud dos og ljost forkle. I bakskuten kan det vera bestemor som har gutungen ved handa. Ho er kledd i kvit hue, grøn trøye, mørkt liv og dos, der litt av forkledet syner i sidene. Guten har raud hue og trøya ser ut til å vera kort. Den næraste båten ligg og «andøvar» og ventar på å få leggja til. I mellomtida kortar småguten tida med å liggja over båtripi og studera sjøbotn, ein mann kler på seg trøya, og gamlefar i bakskuten prøver å stagga eit barn. Dei andre, kona med hue, jenta med oppbunde hår og guten med raud hue og brun kort trøye, sit roleg på tofta. Oppe i vegen kjem ein mann og ei kone på hesteryggen, der kona sit i kvinnesal med småjenta bakpå som held seg i den. Mennene er kledde i knebrok, dei fleste har ljos steglatrøye, og nokre få går i brun kort trøye. Nokre har hatt, men elles dominerer den raude spøtahua. Oppå tømmerlunna sit tre ungar og ser på båtane som kjem roande og jekta med mast som ligg fortøydd lenger ute. Nett slik ungar alltid
Ved å speilvenda biletet får me eit anna perspektiv, der likskapen med maleriet av Kauffmann er slåande. Landskapet er ikkje til å ta feil av.
· 85
138 ·
f olkedr akten e – de i ga m le kle da
H ovudbunad f or kon er i ytre S o gn Det registrerte materialet av huer i ytre Sogn syner at kommunane Høyanger, Hyllestad, Gulen og Solund skil seg ut frå dei andre bygdene og har meir likskap med grannane i Nordhordland og Sunnfjord enn innover i Sogn. «Kvitehue» som er nemnt her, er både hornhue og hengjehue. Kjølhua er samansett av to like halvrunda delar, såkalla tobladshue, og er ferdig sydd. På grunn av fasongen, at den står som ein kjøl bakover, har den tilnamnet «vindkløyva». Somme fekk ilegg av papp for å stå fint. Den kvite kjølhua var til kvardags og helgebruk. Også til kyrkjes, når ein ikkje skulle vera fullt så staseleg og det ikkje kravdest svartehue. Den er laga av kvit kraftig bomull, har blondekant framme, hekla eller kjøpt. «Svartehue» er einstydande med den svarte kjølhua, stashua i ytre Sogn. Både den svarte og den kvite kjølhua er sydde, av to like stykke. Materialet i den svarte hua til høgtids er mønstra silke eller silke sateng med eit mønstra svart band etter framkanten, som på dei yngste
Kvinna på J. M. Calmeyer (1802–1883), si teikning har svartehue og svart trøye utanpå ålivet. Trøya er utan krage. Brøstduken syner i opninga og ho har stølebelte og fangband. Utsnitt av Bønder fra Ytre Sogn. p.e.
Svart kjølhue frå Lavik. EIGAR: DHS – SF. FOTO: Lars Asle Vold
f olkedra ktene – dei ga mle kleda
huene endar i ein ekstra øyreflipp. Den er kanta med bomullsblonde, eller i enkelte tilfelle er den kvite hua inni den svarte. Anna Knutsen skriv at grensa mellom svartehuene og kvitehuene går innafor Lavik på nordsida og Brekke på sørsida av Sognefjorden. Då trur eg ho meiner at også den kvite kjølhua høyrer med her, saman med svartehuene. Den svarte til høgtids og den kvite til ikkje fullt så fint. «På Lavikdalen var det berre innflutte konor som bruka kvithuva. Frå Brekke og innover har dei kvite konehuene vore i bruk langt attende i tid» (Knutsen 1937). Altså var det kjølhuer i ytre delen av Sogn og hornhue innafor Lavik og Brekke. På eit bilete frå ei gravferd i Brekke i 1926 har kvinnene svarte kjolar og kvitehue (Lange 1974). Både den svarte og den kvite kjølhua har hekla blondekant framme og hakeband. Også huene i ytre Sogn blir større framover i tid, slik at dei som er laga rundt 1900 er større enn dei som er sydde nesten hundre år før. Då nasjonaldrakta var mote, kunne den kvite kjølhua av og til vera brukt ilag med den, men aldri den svarte (Lange 1974).
kappe. Til helg og kvardags brukte dei ei kvit enkel kyse, kalla kappe, som dei av og til knytte hovudklut/ plagg utanpå. Kvitehua og kappa var brukte i same tidsperiode, men venteleg er kappa yngre enn kvitehua (Lange 1974). Faksimile frå Brekke- gard og grend (Brekke sogenemnd 1985)
kvit kJølhue. eiGar: dhs – s f. foto: nbf
· 139
144 ·
f olkedr akte n e – de i ga m le kle da
Draktsølv /metall
stettaknapp/halsknapp med «dingsel». foto: nbf
halsknappar i messing bundne saman med krok. p.e. foto: privat
Draktsølvet er ein naudsynt del av påkledninga. Det omfattar alt, frå den enkle knappen eller skjorteringen til den store, glimande bruresølja. Frå knappar til fingerringar, frå skospenne til brurekrune, meir strålande enn noko. Sølvet har vore til nytte og pryd, til vern mot vonde makter og eit teikn på velstand. I det gamle materialet er det like gjerne messing, tinn eller ymse legeringar som det er reint sølv. Bergen var handelsbyen for heile Vestlandet, store delar av NordNoreg og øvre del av dalane austafjells. I Bergen sat også gullsmedane. Difor er det ikkje det minste rart at me finn same type søljer i Sunnhordland, Jølster og Sogn. Same type, men ulike storleikar. Formene har ulike namn med lokal variasjon. Dette kan ein sjå i registreringar, mellom anna av det norske draktsølvet som vart attendeført frå Nordiska Museet til Norsk Folkemuseum midt på 1980-talet (Noss 1985). Halsknappane kunne vera to knappar hekta i hop med eit lekkje eller krok i messing eller sølv. Eller knapp på «stett». «Stettaknapp» har som regel ein knapp med botn lodda til ein kuva enkel knapp med ei stang («stett») mellom. Denne blir tredd gjennom dei to knapphola i halslinningen. Knappen kan vera både med og utan «dingsel» (lauv og lekkje).
sølJe/halsrinG/bursrinG. Lauv på gamle søljer er oftast gylte. foto: nbf
f olkedr a ktene – dei ga mle kleda
I skjortesplitten sat som regel ei eller to søljer, eller enkle «skjorteringar», også kalla «bursring». Desse var ofte graverte eller med knoppar, og dei kunne vere med eller utan lauv. I skjortesplitten kunne det vera ei eller fleire større eller mindre søljer, eller berre enkle ringar. I det gamle materialet finst fleire variantar og storleikar, med og utan lauv. Dei kan vera både pressa og støypte med gravert mønster. Skål-lauv har ei djup skålform og er utan trådkant, krosslauv kan vera graverte og ha knuppar. Begge typar er ofte gylte og plasserte annakvar på sølja. Rombeforma lauv finn ein helst på stølebelte. Foto på denne sida syner ein ny skjortering med gravert mønster. Med knapphol og primhol i skjorta var søljene festa med laus tann («tonn») som sat godt. Tanna er tverrstolpen inni sølja. Sølja blir festa ved å stikka tanna gjennom den eine og den andre sida av splitten på skjorta eller serken. Veldig vanleg og mykje brukt var «glibb-sølje» og «spore-sølje». Då kjolemoten fekk overtak på slutten av 1800-talet, vart tanna lodda fast, og søljer og halsknappar fekk pålodda nål på baksida. Slik kunne dei festast på fleire typar tøy, så som ullkjolar med linning i halsen. I gamle
ny skJorterinG med laus tann. foto: nbf
pressa oG Gylte glibb-/ ansiktsøljer med lauv. Raudstein er truleg sett inn over den gamle «tonna» då søljene fekk pålodda nål. foto: nbf
GlibbsølJe med lauv festa til kjolen med nål. foto: privat
· 145
220 ·
re konstruks jon
blokabrok med trepunkt selar og messingbeslag. Kopi av selar og beslag frå Lavik (sjå s. 180). p.e.
oriGinal: Brudgomsvest frå Kaupanger med bomullframstykke, fôra med blå/sauesvart toskaft. Bakstykke av vadmål. eiGar: dhs – s f. foto: nbf
kopi av vest frå Kaupanger. Bomulls trykktøy, mørkblått/grønt. Messingknappar. Sekskanta kalott/kollhue. På biletet: Dagfinn Hovland. foto: b.s.h. hauGen.
rekonstruksjon
oriGinal: Frå eit utett raustloft fekk Bergheimsvesten koma ut i dagen for å gjera nytte som modell for nye vestar. Den har rygg av ufarga vadmål og framstykke fôra med lin. Knappane har kome i bruk på eit anna plagg. Holbragd på framstykka er ein arbeidskrevjande vevteknikk. På ein time veks arbeidet ca. ti cm. Enno finst nokre få dugande veversker som kan kunsten. p.e. foto: nbf
kopi av vesten i holbragd. Sølvknappar med initialar laga av Hildur Øygarden. Linskjorte med dobbel sølv halsknapp og skjortering i splitten. Klokkekjede. På biletet: Gunnar Hovland. foto: b.s.h. hauGen.
soGninG Med vest av stripete fløyel. foto: privat
liten Mann i ny steglatrøye og skinnbrok. På biletet: Fabian Kibsgaard-Petersen. foto: privat
· 221
Aldri før har så mykje kunnskap om folkedrakter og bunader frå Sogn blitt samla i eit verk.
⁂ Bjørg Hovland (f. 1941) er frå Luster og sterkt engasjert i kul turarbeid, husflid og handverk. Hovland har drive registrerings arbeid i indre- og midtre Sogn, har rekonstruert fleire drakt plagg og skrive artiklar i både fagblad og bøker. Ho syr bunader og har halde mange kurs i bunadsaum og om hovudplagg. Bjørg Hovland er tildelt Norges Husflidslags «Gullnål med Diplom», og ho fekk Luster kommune sin kulturpris i 1996.
ISBN 978-82-7959-199-3
9
788279 591993 ISBN 978-82-7959-199-3
bjørg hovland 7888888888888888888888888888888888888888888888888888888889
FOLKEDRAKTER OG BUNADER FRÅ SOGN
Ho tek oss med tilbake til då nasjonalromantiske må larar oppdaga fjord, fjell og folk på Vestlandet, og viser oss korleis sogningane kledde seg til høgtids på den tida. Ho fortel også korleis bunaden og bruken av den endra seg på 1900-talet og om arbeidet med å rekon struera den gamle klesskikken. Også mannsbunaden har fått sin fortente plass i denne skattekista av ei bok.
BJØRG HOVLAND
Dei vakre bunadene og folkedraktene i Sogn har vore ei livslang interesse for forfattar Bjørg Hovland. I boka har bunadskjennaren kartlagt draktskikken gjen nom eksisterande plagg, skriftleg og munnleg over levering, teikningar, måleri og foto frå 1800-talet og fram til i dag.
FOLKEDR AKTER OG BUNADER FR Å SOGN 788888888888888888888888888888888889
Ei reise i tid og landskap