Jenta til Angelika Klüssendorf er ei heltinne for vår tid, skreiv tyske DIE ZEIT om hovudpersonen i Jenta (SKALD 2013).I Klüssendorfs nye roman April følgjer forfattaren den no såvidt vaksne jenta vidare på si reise for å finne sin identitet i eit splitta Berlin på 1980-talet. Direkte, rått og samstundes finstemt skildrar Klüssendorf erfaringa av å vere ung og med opprørstrong i ein innestengande og autoritær stat. Når ei lita luke i jernteppet så opnar seg, vert hovudpersonen kasta ut i ei anna verd, i Vest-Berlin. April har blitt omtalt som eit nytt meisterverk. Lesaren får eit usminka bilete av korleis det var å vera ung og annleis i Aust- og Vest-Tyskland før murens fall, og Klüssendorfs direkte skildring gjer det relevant og tankevekkjande også for norske lesarar.Boka kan lesast som ein oppfølgjar til den kritikarroste romanen Jenta (SKALD 2013), om ei namnlaus jente sin oppvekst i DDR og i ein valdeleg familie i oppløysing, men April kan også lesast som ein sjølvstendig roman.