I 2002 ga SKALD forlag for første gong ut den vesle boka om den store Flåmsbana, den spektakulære togreisa som har vorte ein av dei største turistattraksjonane i Norge. Over 600 000 passasjerar tek den verdskjende togturen årleg. Boka om Flåmsbana er utgitt på sju språk, i 30 000 eksemplar og har blitt ein klassikar i suvenirboksamanheng.
Den populære turistboka kjem no ut på nytt i engelsk utgåve, fullstendig revidert, i ny design og denne gongen med foto av Thomas Morel. Han har gjennomført fleire spennande fotoprosjekt i inn- og utland og fekk sitt gjennombrot med fotoserien av dansarane frå Nasjonalballetten.
I boka fortel Johs. B. Thue kortfatta og lettlest om jernbanehistorie, Flåmsbygda, anleggskunst og rallarliv. Boka gir innsikt i dei historiske, kulturelle og tekniske sidene ved den kjende togreisa. Med Morel sine fantastiske bilde frå ulike årstider vil boka halde fram som klassikar i mange år.