Gulatinget og gulatingslova

Page 1


INNHALD

6

GULATINGET – EIN MØTESTAD

10

ATTENDE MOT OPPHAVET

15 17 20 23 30 37 39 43 44

Offisielle lovbøker eller private «rettsbøker»? Magnustekst og Olavstekst Den fyrste skriftfestinga av Gulatingslova Grunnlegginga av Gulatinget Frå allting til lagting Ting og lov under Olav Tryggvason og Olav Haraldsson Det munnlege lovstadiet Sedvanerett og lovskaping Samlande riss av den tidlege ting- og lovutviklinga

48

TINGORDNINGA I GULATINGSLAG

49 52 60 63 66 71 75 81

Fleire lagtingstader Den fyrste tingstaden i Gulen Den andre tingstaden Kyrkje på Flolistranda? Representasjonstinget Lagtingssamlinga Lagting og underordna ting Kva skjedde på tinga?

84

HEMN, FORLIK ELLER TINGDOM?

85 88 91 93 96 97 98 100 102 104

Hemn eller bøteforlik? Best om vitne veit Skiladóm i økonomiske tvistar Bøteforlik i straffesaker Tingdommen Dom i bøtesaker Utlegdssakene Draps- og tjuverisaker og kroppsleg straff Verjing med eid og gudsdom Samlande riss av den gamle rettargangen


106

MELLOM FJØRE OG FJELL

107 112 114 117 121 126 129 133 134 138 141

Jordbruk og fiske Attåtnæringar Garden Odelsbønder Leiglendingen – den vanlege bonden? Trældomen Frå træl til frimann Dei som fall i armod Ætt og arv Ekteskapet Kvinner og menn – ulike rettar

146

LANDSHERREN OG BØNDENE

147 148 152 156 157 161 161 167 169

Konge og ting Kongens ombodsmenn Kongedømets oppgåver i rettshandhevinga Sakefall og såttmål Kongen skal rå for utferdene våre Allmenn verneplikt og kongeleg mobilisering Skip og mannskap Fordelinga av leidangspliktene Eldre lag i utgjerdsbolken

176

KYRKJA I BONDESAMFUNNET

178 180 182 185 189 193 196 200 204

Den eldste kristenretten Engelsk påverknad på dei eldste kristenrettsreglane? Kristendomshaldet – mange forbod Heilage dagar og tider Frå vogge til grav Biskopen Biskopens rett til straffebøter og andre inntekter Kyrkjene Prestane

208

KYRKJE, KONGEMAKT OG BONDESAMFUNN – EIT OVERSYN

221 227 232 233

Notar Forkortingar, kjelder og litteratur Biletliste Register


G U L AT I N G E T – E I N M Ø T E S TA D

6

GULATINGET


Det er opphavet til lovene våre at vi skal bøye oss mot aust og be til den heilage Krist om godt år og fred og om det at vi kan halde landet vårt busett og landsherren vår heil. Han vere vår ven, og vi hans, og Gud ven til oss alle.

Slik lyder opningsorda i den eldre Gulatingslova. Dei syner oss med ein gong dei tre samfunnskreftene som sette kvarandre stemne på Gulatinget i kristen tid. «Vi» i lova er tingmennene frå dei ulike tingfylka. Det er dei som gjennom godkjenning på tinget har gjort føresegnene i Gulatingslova til gjeldande rett i lovområdet, Gulatingslag. Desse lovreglane speglar i mangt det vestnorske bondesamfunnet som tingmennene representerte. Dei syner kva rettskloke menn meinte trong særleg regulering i dette samfunnet, slik at folk kunne leve i rimeleg fred med kvarandre og livnære seg under naturvilkår som kravde mykje. Slik kastar dei lys over økonomiske og sosiale tilhøve i dei vestnorske bygdene og det kommunale samlivet mellom bøndene der. Den andre parten som med ein gong stig fram i Gulatingslova, er den kristne kyrkja. Den fyrste bolken i lova handlar etter overskrifta om «kristendomshaldet vårt», dei ytre reglane for kristen åtferd og ytingar til kyrkja. Og det var etter kyrkjas lære tingmennene skulle byrje

Utsyn inn over Gulafjorden frå lufta i vest. Gammalnorsk Guli, i dag Gulen, var opphavleg truleg eit namn på fjorden som i den eldre Gulatingslova var overført på området omkring. Der, i Gula, kom Gulatinget saman etter tingordninga i lova.

I

GULATINGET – EIN MØTESTAD

7


tingsamlinga med å bøye seg mot solrenninga i aust, der Herren skulle stå fram med domen på den siste dagen. Dette var eit brot med den heidne skikken å vende seg mot nord. Den innleiande bøna i lova gjeld ikkje berre velferda til tingmennene sjølve og landet deira, den nemner òg den kongelege landsherren – lánar dróttinn. Måtte han haldast heill – velberga, uskadd og lukkeleg. Kongen var den tredje hovudparten på tinget. Han og ombodsmennene hans spela sentrale roller både i organiseringa av Gulatinget og i dei lovreglane som vart vedtekne der. Og når kyrkja stod så sterkt som ho gjorde, var det ikkje minst av di ho hadde kongen i ryggen. Delar av Gulatingslova har form av ein kontrakt mellom tingmennene på den eine sida og kongen og kyrkja på den andre, med ytingar og motytingar som er fastsette etter forhandlingar mellom partane på tinget. Dette gjeld særleg føresegnene om eit landevern under kongeleg leiing, om utøvande oppgåver for kongen og ombodsmennene hans i rettslivet, og om kyrkje og kristendom. Det meste av lovstoffet gjeld likevel indre tilhøve i bondesamfunnet. Det handlar om ulike slag økonomiske avtalar og tvistemål, ekteskap, trælehald og trælefrigjeving, jordleige og jordbruksdrift, arv og odel, sosial lagdeling, fysisk skade på liv og eigedom, og tjuveri. Føresegnene om dette kan nok vere farga av kongelege og kyrkjelege interesser. Det meste synest likevel å springe ut av bondesamfunnets eigne behov, og det er ein tendens i lova til å verje seg mot at kongemakt og kyrkje skal gripe for sterkt inn i retts- og samfunnslivet. Etter lova er det bonderepresentantane på Gulatinget som har det avgjerande ordet om kva som skal vere gjeldande rett, og det er tinglyden av bønder som dømmer både her og på lokale ting. Konge og biskop skal søkje sakene sine på tinget. Her har nok kongens ombodsmenn organiserande og utøvande oppgåver, men dei skal halde seg unna sjølve domsavseiinga både på tinget og i dei private

8

domsnemndene som vart nytta til å klargjere og om mogeleg avgjere saker utanfor tinget. Samlande kan ein difor seie at Gulatingslova tildeler kongedømme og kyrkje viktige oppgåver i bondesamfunnet, samstundes som ho gjev uttrykk for vilje i dette samfunnet til å styre seg sjølv. Vi er på eit stadium i samfunnsutviklinga der det norske riket enno er ei samling av regionale einingar, kvar med si lov og tingordning, der bøndene sjølve løyser mange offentlege oppgåver under ein sams konge. Kongedømet har enno ikkje bygd ut eit styringsapparat som femner om heile riket, og nådd ei maktstilling som gjer kongen til den øvste dommaren og den eigenlege lovskiparen. Kyrkja har på si side enno ikkje vorte den langt på veg sideordna statsmakta ho seinare er i mellomalderen, med domsmynde i sine eigne saker og ei indre lovgjeving som grip inn i vanlege folks liv. Det er under denne synsvinkelen Gulatinget og Gulatingslova vil verte granska i denne boka. Tinget vert sett som ein sams møteplass for det vestnorske bondesamfunnet og dei to offentlege maktene som søkte å organisere dette samfunnet under seg i mellomalderen – kongedømet og kyrkja. Og lova vert studert og kommentert som eit vitnemål om tilhøva i bondesamfunnet og dei rollene konge og kyrkje spela der, før eit sterkare rikskongedøme og ei meir uavhengig kyrkje tok over og det vart trong for nye lovbøker. Fyrst er det likevel naturleg å kartleggje i hovudtrekk kva ein veit og kva det elles ligg nær å tenkje seg om sjølve opphavet til Gulatinget og Gulatingslova. Lova er hovudkjelda til både si eiga og tingets historie, og difor er det naturleg å ta utgangspunkt i henne slik ho ligg føre i dag. Derifrå leiter vi oss i det fyrste kapitlet stegvis attende i tida mot opphavet. I dei to neste kapitla ser vi nærare på tingskipnad og rettargangsordning i Gulatingslag. Dermed skulle grunnlaget vere lagt for dei tre siste kapitla – om det vestnorske bondesamfunnet som lova speglar, og om den stillinga kongedøme og kyrkje hadde i dette samfunnet.

GULATINGET


Det må med ein gong understrekast at vi her gjev oss ut på ei oppdagarferd som krev mykje og ofte berre gjev heller uvisse resultat. Men den som verkeleg er interessert i å setje seg inn i kva Gulatinget og Gulatingslova var, kan ikkje vere nøgd med ei framstilling der hypotesar og gissingar vert gjevne ut for historiske sanningar, og der historiske problem vert gøymde bak ei yte av tilsynelatande grei kronologisk utvikling og einfelt rettssystematikk. Difor vert lesarane bedne med på ei forskingsferd og ikkje ei turistferd. Der noko vert framstilt som sannsynleg eller berre mogeleg – og det vil skje ofte – er det viktig å halde auga opne for alternative løysingar til dei forfattaren endar med å falle ned på. Og vi tek altså til med Gulatingslova slik vi kjenner henne i dag.


I

AT T E N D E M O T O P P H AV E T

Fyrste sida i Rantzauboka. Den raude overskrifta lyder slik i omsetjing: «Her tek Gulatingsboka til. Den første bolken i denne boka er om kristendomshaldet vårt». Så følg jer opningsorda om «opphavet til lovene våre» (ovf. s. 7).

10

GULATINGET


I mellomalderen vart det sett saman fleire lovbøker for Gulatingslag – lovområdet som høyrde under Gulatinget. Det er den fyrste av dei som er Gulatingslova i denne framstillinga (G i tilvisingar). Denne «eldre» Gulatingslova var gjeldande rett i Vest-Noreg fram til 1267, då kong Magnus Lagabøte fekk godkjend ei ny Gulatingsbok (NG) på Gulatinget. Denne «nyare» Gulatingslova, der berre kristenretten er bevart, vart i 1274 avløyst av Landslova (L), ei lovbok for heile riket som var sett saman av lovstoff frå dei eldre landskapslovene og i tillegg hadde viktige nye innslag. Landslova henta meir frå den eldre Gulatingslova enn frå dei andre gamle norske landskapslovene – den trønderske Frostatingslova (F) og dei austnorske lovbøkene Eidsivatingslova (E) og Borgartingslova (B). Ho hadde ei eiga tingordning for kvart av dei eldre lovområda, og vart som dei to eldre lovbøkene kalla Gulatingsbok i Gulatingslag. Landslova var då den tredje Gulatingsboka i mellomalderen. Denne framstillinga samlar seg om den eldre Gulatingslova. Den nyare Gulatingslova og Landslova vil i nokon mon verte trekte inn til samanlikning for å syne hovuddrag i den vidare retts- og samfunnsutviklinga, der kongemakt og kyrkje styrkte seg i høve til bondesamfunnet. Men det er ikkje noko mål å gjere greie for den seinare utviklinga i seg sjølv. Det er retts- og samfunnstilhøva i Vest-Noreg fram til omkring midten av 1200-talet, då den eldre Gulatingslova var gjeldande rett, som er emne for denne boka. Så godt som heile den kjende eldre Gulatingslova er nedteikna i eit pergamenthandskrift frå omkring 1250, den såkalla Rantzauboka (Codex Rantzovianus på latin), som i dag ligg i Universitetsbiblioteket i København

I

ATTENDE MOT OPPHAVET

(arkivnummer DonVar 137 4°). Namnet har ho fått av di ho ei tid på 1600- og 1700-talet var i eige hjå den danske grevefamilien Rantzau. Språkføringa i Rantzauboka tyder på at skrivaren nytta ei nordvestlandsk målform, og han skreiv truleg i Bergen, som på denne tida var hovudsentret for konge og riksstyring i Noreg. Her var det følgjeleg trong for avskrifter av lova.1 Kan hende kom Rantzauboka i stand som ein lekk i den samlinga og systematiseringa av dei norske landskapslovene vi må tru førebudde dei omfattande lovrevisjonane som tok til mot slutten av regjeringstida til kong Håkon Håkonsson (1217–63) og vart fullførte under sonen Magnus Lagabøte (1263–80). Rantzauboka er den einaste nokolunde heilslege utgåva av den eldre Gulatingslova. I tillegg finst nokre små brotstykke av tre eldre handskrifter. Restane av to av desse er i dag i den arnamagnæanske handskriftsamlinga ved Universitetsbiblioteket i København (AM 315 e fol., heretter kalla 315 e, og AM 315 f fol., heretter 315 f ), medan bitane av det tredje ligg i Riksarkivet i Oslo (NRA 1 B, heretter 1 B). Også desse brotstykka ser ut til å vere skrivne i ei nordvestlandsk målform. Forskarane er samde om at dei alle er eldre enn 1250, men ikkje om kor mykje eldre dei er. Dei særdraga i skrift og språk som vert nytta til å tidfeste handskrifter, kan berre gje omtrentlege år, og her er rom for skjøn. Den siste som samlande har granska alle handskriftene av Gulatingslova, norrønfilologen Magnus Rindal, meiner at alle dei eldre fragmenta er skrivne i tidsrommet 1200–1250 og at 315 f er det eldste, tidlegast frå omkring 1200.2 Andre forskarar har likevel vilja føre både 315 f og 1 B attende til slutten av 1100talet, 1 B så langt som til omkring 1180.3 Om

11


fragmenta er frå byrjinga av 1200-talet eller tidlegare, har vi å gjere med dei eldste lovnedteikningane som ligg føre i Norden. Frå lenger ut i fyrste helvta av 1200-tallet finst det òg brotstykke av Frostatingslova og ei austnorsk lovbok,4 medan dei eldste bevarte nedteikningane av islandske, danske og svenske lover er yngre. Fragmenta i 1 B er funne som innbinding i ryggen på lensrekneskapar frå Bergenhus tidleg på 1600-talet. Bergenhus var kongsgard og styringssentrum i det norske riket på 1200-talet, og fragmenta stammar truleg frå eit handskrift som fanst der frå gammalt, og kan ha vore ført i pennen der. Den nordvestlandske språkforma kan tyde på at også dei andre eldre brotstykka er restar av handskrifter frå Bergen. Her var det truleg heller vanleg å skrive av Gulatingslova frå seint 1100-tal og ut gjennom fyrste helvta av 1200-talet. I tillegg til dei nemnde nedteikningane frå mellomalderen finst heile kristendomsbolken i Gulatingslova i eit handskrift frå fyrste halvdelen av 1300-talet, AM 309 fol. (heretter 309). Det ligg vidare føre fleire yngre papiravskrifter av Rantzauboka og nokre mindre yngre brotstykke eller utdrag av Gulatingslova. Dei siste kan på einskilde punkt utfylle det biletet dei eldre handskriftene gjev av innhaldet i lova.5 I dei bevarte handskriftene og handskriftfragmenta er Gulatingslova delt inn i kapittel. I mellomalderhandskriftene er desse kapitla vanleg skilde ut med raude overskrifter og store farga initialar (fyrstebokstavar). Kapitla

Eit av dei fire bevarte brotstykka av det gamle lovhandskriftet NRA 1 B. Forma viser at det vart skore opp og nytta til innbinding i ryggen på lensrekneskapen for Nordhordland 1616. Innhaldet er frå kristenretten av den eldre Gulatingslova, og vi ser to av dei raude intialane som innleier kapittel: «Blot er oss og

12

GULATINGET

forbode»; «Udådsverk er oss alle forbodne». Nedst skil raude bokstavar mellom Olavstekst (Ol.), tilskrive Olav den heilage, Magnustekst (M) frå lovrevisjonen til kong Magnus Erlingsson, og tekst som var med i begge desse lovutgåvene (bað, for gammalnorsk báðir – «begge»). Jf. tilsvarande i Rantzauboka s. 18.


er utan nummer i handskriftene, men i dei trykte utgåvene av lova er kapitla i Rantzauboka nummererte 1–320. Når ein viser til den eldre Gulatingslova, gjer ein det vanleg med forkortinga G og kapittelnummer. Starten på eit kapittel er gjerne språkleg utheva med eit hypotetisk «no» (nu): «No er folk usamde om sæter eller marketeig ...» (G 86), «No er det to brør og den eine døyr før far deira ...» (G 294) og så bortetter. Forsterkande kan det heite: «Det er no dernest ...» eller «Det er no vidare ...». Etter den innleiande vilkårssetninga som skisserer eit tenkt rettstilfelle, kjem så den rettsregelen som dekkjer tilfellet. No-målet vert òg brukt til å markere avsnitt i kapitla, det vi i dag ville kalle paragrafar. Både i kapittel og paragrafar møter ein dessutan stundom eit innleiande «men om» (en ef). Dette er likevel vanlegast i underavsnitt under no-avsnitta: «Men om ei skuld-kvinne [gjeldstræl] ligg med ein træl ...» (G 71), «Men

I

ATTENDE MOT OPPHAVET

Bergenhus i dag, den bergenske kongsgarden i mellomalderen. Fragmenta av den eldre Gulatingslova i NRA 1 B (sjå førre sida) stammar truleg frå eit handskrift av lova som vart skrive her, og det same galdt kan hende Rantzauboka. Då den vart nedteikna omkring

1250, kan dei nett ha teke til å bygg je Håkonshallen heilt til venstre på biletet, medan den delen av Rosenkrantztårnet som vender mot sjøen til høgre, fyrst vart reist som eit festningstårn av kong Magnus Lagabøte omkring 1270 (jf. modell av kongsgarden omkring 1300 s. 51).

om ein mann gjev frå seg gods som ein umyndig eig ...» (G 115) og så bortetter.6 No-målet og men-om-målet tener ei kasuistisk framstillingsform, det vil seie at lova gjev føresegner om konkrete einskildtilfelle og berre i liten grad samlar slike tilfelle under meir generelle rettssetningar. Av Rantzauboka og kristenretten i 309 ser ein at det i skrivne utgåver av Gulatingslova var

13


vanleg å samle kapitla i bolkar av varierande storleik. Kristendomsbolken eller kristenretten står som nemnt fyrst. Så følgjer kjøpebolken om ulike slag økonomiske avtalar. Hit høyrer òg reglar om ekteskap (G 51–54), der den økonomiske sida var viktig, og den såkalla «løysingslova» om trælehald og frigjeving av trælar (G 57–71). Dei neste bolkane er landsleigebolken, som handsamar leige av jord som ein del av meir vidfemnande økonomiske tilhøve i jordbrukssamfunnet, og arvebolken. Så langt er bolkinndelinga i Rantzauboka grei. Men etter arvebolken følgjer eit avsnitt av svært blanda innhald og utan bolknemning.

Det ser ut til at ein her har søkt å samle i ein sekk ulike lovreglar som fall utanfor bolkane. Etter dette er det eit tomrom på halvanna pergamentside i Rantzauboka. Det tyder på skrivaren bygde på eit førelegg som slutta med desse spreidde reglane, og at han ikkje fann det naturleg å ta med resten av det lovstoffet han kjende på det same pergamentbladet.7 Det er uklårt korleis skrivaren gjekk vidare av di det her er skore ut eit pergamentblad av Rantzauboka. Ein del av den bortkomne teksten finn ein truleg att i eit utdrag av Gulatingslova i eit papirhandskrift frå omkring 1700 (AM 146 4°),8 men sjølve byrjinga av den særleg omfattande bolken som tok til her, kjenner vi ikkje.9 Dei følgjande kapitla gjer det klårt at det dreier seg om reglar om rettargang og bøter ved drap og annan fysisk skade på folk. Bolken vert gjerne kalla mannhelgebolken etter dei bolkane i Frostatingslova og Landslova som har det tilsvarande lovstoffet.10 Etter dette kjem tjuvebolken, ein eigen bolk om odelsløysing og, som den siste ordinære bolken i Rantzauboka, utg jerdsbolken om leidang og landevern. Heilt til slutt er hengt på «det nye saktalet som Bjarne Mårdsson skipa» – ei liste med nye satsar for dei mannebøtene som ulike slektningar av ein drepen mann hadde rett til. Lista endar med innleiingsorda i det såkalla trygdemålet (G 320), ei poetisk farga oppmoding til å halde bøteforlik. Trygdemålet finn ein fullt ut, men litt annleis forma, i den islandske fristatslovboka Grágás.11 I og med at trygdemålet bryt av midt i eit ord sist på eit fullskrive pergamentblad, ser det ut til at til at slutten av Rantzauboka er skoren bort, utan at det lèt seg avgjere kor mykje som

Nedst på denne sida i Rantzauboka tek utg jerdsbolken til med raud overskrift: Her hefr upp utgerðar bolk – «Her tek utg jerdbolken til». I den følg jande teksta er er det innleiande ordet Konongr (kongen) framheva med ein særleg forsegg jord

14

GULATINGET

initial – K. Lenger oppe på sida vert to kapittel i den føregåande bolken om odelsløysing innleidde på vanleg vis med eit Nu (no), med stor raud eller grøn N. Dette «no-målet» er typisk for den eldre Gulatingslova.


er tapt.12 Men ettersom Bjarne Mårdssons saktal med trygdemålet tydeleg er eit ungt tillegg til den eldre lova, truleg frå tidleg på 1200-talet (sjå nedanfor), kan vi rekne med at Rantzauboka, med unntak av det bortskorne bladet i byrjinga av mannhelgebolken, inneheld heile den Gulatingslova som var kjend fram til då. Det er så som så med systematikken i lovstoffet i Rantzauboka. Ikkje berre vantar kapittelnummerering og kapittelregister, som ein finn i seinare norske lovutgåver frå mellomalderen. Den kasuistiske framstillinga verkar òg med til å gje lova ei lite samla preg, og det er ein god del som er underforstått eller uklårt i lovas uttrykksmåte. Det siste ser ein klart når ein samanliknar med den meir gjennomlyste og systematiske utforminga av dei same føresegnene i Landslova. Bolkane i Gulatingslova rommar kvar for seg lovreglar der innhaldet til dels sprikjer i høve til dei overordna bolknemningane. Eldre og yngre føresegner som strir mot kvarandre, kan dessutan stå saman i same bolk eller kapittel. Såleis er det spor av tre ulike saktal i mannhelgebolken.13 Og i kapitlet om «ættleiding» (G 58), det vil seie legitimering av ein son med ufri mor, finn ein til dømes både eldre føresegner som tek ætta med på ei slik avgjerd, og yngre føresegner der faren avgjer aleine, eller bror og syster om faren er avliden.14 Det sterkt blanda avsnittet og det følgjande tomrommet midt i Rantzauboka, mellom arvebolken og mannhelgebolken, verkar med til å gje boka eit litt uryddig preg. Den brestande systematikken i Rantzauboka vitnar om eit heller tidleg stadium i den norske lovutviklinga, og heng nok for ein del saman med at lovstoffet opphavleg vart formulert og overlevert munnleg, i stykke og bitar. Dette munnlege stadiet i utviklinga av Gulatingslova vil verte drøfta meir inngåande til slutt i dette kapitlet. Før vi tek til med å arbeide oss attende mot den opphavlege rettssituasjonen, er det viktig å gjere seg opp ei meining om kva status dei bevarte mellomalderlege oppteikningane av Gulatingslova hadde.

I

ATTENDE MOT OPPHAVET

I N N H A L D E T I R A N T Z A U BO K A

Kristendomsbolken (G 1–33) Kjøpebolken (G 34–71) Landsleigebolken (G 72–102) Arvebolken (G 103–30) Avsnitt av blanda innhald (G 131–50) Mannhelgebolken (G 151–252) Tjuvebolken (G 253–64) Odelsløysing (G 265–94) Utgjerdsbolken (G 295–315) Bjarne Mårdssons nye saktal (G 315–20)

OFFISIELLE LOVBØKER ELLER PRIVATE «RETTSBØKER»?

Alt tyder på at det før midten av 1200-talet fanst offisielle norske lovbøker, der gjeldande rett i det einskilde lovområdet var overført til ei skriftleg form som var tenkt å vere bindande i rettslivet. Når tingmennene på Gulatinget i slutten av utgjerdsbolken fortel at dei har sett landevernet sitt i «skrå» (oppskrift, bok), vitnar det om ei offisiell skriftfesting (G 314). I same retning peiker det at både Rantzauboka og 309 kallar seg «Gulatingsbok» i dei innleiande overskriftene sine: Her hefr upp Gula þings boc (her tek Gulatingsboka til).15 Til samanlikning opplyser Are Frode i si islandshistorie frå 1120-åra, Íslendingabók, at dei islandske fristatslovene vart skriftfesta etter vedtak på Alltinget i 1117 og godkjende på neste tingsamling i 1118.16 I Noreg fortel Sverres saga at det i Trondheim omkring 1190 fanst ei lovbok, Grågås, som kong Magnus Olavsson (1035–46) hadde late skrive. Denne lovboka er og nemnd i seinare kongesagaverk, og var etter alt å dømme ei offisiell trøndersk lovbok.17 Det er uvisst om ho verkeleg var nedteikna så tidleg som i Magnus Olavssons dagar, men det er ingen grunn til å tvile på at ho fanst i Trondheim seinast frå midten av 1100-talet. I den reviderte

15


Dei innleiande linene av Gulatings kristenrett i handskriftet AM 309 fol. frå fyrste halvdelen av 1300-talet. Dei fyrste orda, «Her tek Gulatingsboka til» (Her hæfr vp gula þings bok) viser her som i Rantzauboka (ovf. s. 10) helst til ei offisiell Gulatingsbok.

Frostatingslova frå erkebiskop Øysteins dagar (1161–88) er det uttrykkjeleg nemnt ei lovbok som det skulle dømast etter på Frostatinget så langt ho rakk (F I 1–2). Dette var no heilt klart ei offisiell Frostatingsbok, som det etter råd og bod frå erkebiskopen var sett ein prest til å rå for og tyde under lagtingssamlinga.18 På Borgartinget i 1223/24 vart kardinal Nicolaus Brekespears forordning om gåverett frå 1152/53 vedteken («lovteken») og sett inn i ei «bok» eller «skrå» som må ha vore den offisielle og autoritative i Borgartingslag.19 Vi treng då ikkje vere i tvil om at det òg fanst ei offisiell lovbok for Gulatingslag som vart nytta på Gulatinget og elles i rettslivet i lovområdet. Ei anna sak er om dei bevarte nedteikningane av Gulatingslova verkeleg gjev att ei slik lovbok. Den tyske rettshistorikaren Konrad Maurer argumenterte i si tid mot dette, og fekk i Noreg følgje av Ebbe Hertzberg og andre. Etter deira meining gjev dei bevarte handskriftene og handskriftfragmenta av landskapslovene snarare att private nedteikningar av folk med særleg interesse for rett og rettshistorie, såkalla «rettsbøker». Maurer la vekt på at handskriftene av Gulatingslova ikkje er like i innhald og inndeling og at dei inneheld reglar frå ulike stadium i rettsutviklinga. Det må likevel understrekast at både Maurer og Hertzberg meinte at dei eldste rettsnedteikningane gjekk tilbake på dei munnlege lovføredraga til særleg rettskyndige «lagmenn», og såleis kunne referere gjeldande lov.20

16

Nett det siste var avgjerande for rettshistorikaren Absalon Taranger. Han tok utgangspunkt i det Are fortel om nedskrivinga av de verdslege islandske lovene 1117–18. I og med at ingen «mælte imot» resultatet på Alltinget i 1118, var det å rekne som godkjent. Seinare kom det nye islandske lovskråer med tillegg, klargjeringar og endringar i høve til den fyrste, oppskrifter som var i eige hjå biskopar og andre framståande menn. Difor gjev fristatslovboka Grágás reglar for kva ein skulle gjere når det ikkje var samsvar mellom dei ulike skråene. Men det var i alle høve det som stod i skråene, det skrivne lovmålet, som skulle vere lov i landet. Slik må det etter Taranger òg ha vore i Noreg etter at lovene var skriftfesta. Dei eldste norske lovhandskriftene gjev att autentisk lovstoff slik det vart gjort gjeldande på lagtinga, eit par stader viser til dømes Rantzauboka beinveges til noko gulatingsmennene var samde om (G 15, 314). Om dei ikkje er offisielle, autoriserte lovbøker, gjev dei likevel att gjeldande rett og vart truleg nytta som kjelder til slik rett, sjølv om innhaldet kunne variere noko som i dei islandske lovskråene. Dei var med andre ord meir enn private rettsbøker, og av di dei stod dei offisielle lovføresegnene nær, ville Taranger heller kalle dei «folkelovbøker».21 Særskilt gjekk Taranger imot at blandinga av eldre og yngre lovreglar i Gulatingslova var eit teikn på at dei bevarte handskriftene stod fjernt frå gjeldande rett. Han viste her til ei

GULATINGET


islandsk føresegn i Grágás om at «nymæle», det vil seie nye lovreglar, i utgangspunktet berre skulle gjelde for tre somrar, som var den perioden den offisielle islandske lovtalaren, «lovseiemannen», var vald for. Om dei ikkje vart framsagde på ny på Alltinget kvar tredje sommar og deretter på lokale ting, var dei å rekne for oppheva. Ein slik framgangsmåte vart praktisert på Island i erkebiskop Øysteins dagar.22 Utforminga av dei to hovudhandskriftene av Grágás, som er av ulik alder, kan etter Taranger tyde på at nymæle fyrst vart markerte som slike i lovboka, og så redigerte inn i den gjeldande lovteksten når dei hadde fått hevd og var endeleg godtekne. Taranger rekna med ein tilsvarande framgangsmåte ved lovendringar i Noreg. Han viste til at tronfølgjelova frå 1160-åra står som «nymæle» i Rantzauboka og 309, medan ei sein avskrift av Frostatingslova kan tyde på at denne lova med tida fekk status som gjeldande lov i Frostatingslag23 og like eins i Eidsivatingslag. Og han fann gjennom samanliknande gransking av handskriftene av Gulatingslova at brotstykka av 1 B tyder på at dette handskriftet har teke vare på meir Olavstekst enn den yngre Rantzauboka. Det kan tyde på at Olavsteksten vart mindre aktuell etter kvart som sedvanen gjorde nymæla i Magnusteksten til gjeldande lov. Slik Taranger såg det, kunne då ei attgjeving av gjeldande rett godt innehalde både eldre rettsreglar og nymæle som endra desse, så lenge dei eldre reglane ikkje var heilt antikverte.24 Ein lyt gje Taranger rett i at blandinga av eldre og yngre lovreglar i Rantzauboka og andre nedteikningar av Gulatingslova ikkje bindande peiker desse handskriftene ut som privatarbeid. Det kan dei i og for seg vere, men då på det viset at dei gjev att offisielt gjeldande rett i slik skriftleg utforming som han hadde i andre helvta av 1100- og fyrste helvta av 1200-talet. Når det gjeld Rantzauboka har vi alt vore inne på at ho kan ha kome i stand som ein lekk i det kongelege lovarbeidet i Bergen i siste delen av Håkon Håkonssons regjeringstid. I så

I

ATTENDE MOT OPPHAVET

fall må ho reknast for ei offisiell attgjeving av det som tidlegare hadde vore lov i Gulatingslag. Om ho likevel var eit meir privat arbeid, noko som ikkje kan utelukkast, er det grunn til å rekne med at ho i det store og heile gjev att den Gulatingslova som galdt før den nyare Gulatingsboka vart vedteken i 1267. Dei eldste brotstykka av Gulatingslova syner at det har funnest eldre nedteikningar av Gulatingslova enn Rantzauboka; dei går som nemnt attende til byrjinga av 1200-talet eller slutten av 1100-talet. Det er heller ingen tvil om at det fanst endå eldre skrivne utgåver av lova. Kor langt attende i tida finst det spor av slike?

MAGNUSTEKST OG OLAVSTEKST

Til slutt i Rantzauboka står som nemnt det nye saktalet til Bjarne Mårdsson (G 316–19). Sverres saga nemner Bjarne Mårdsson som ein framståande mann frå Hålogaland som i 1198 stod på baglesida i innbyrdesstriden, og i Håkon Håkonssons saga er han ein av dei kongelege lagmennene som møtte frå Frostatingslag på det store riksmøtet i Bergen i 1223.25 Det nye saktalet har han truleg utforma ein gong i dei to fyrste tiåra på 1200-talet. Dette er eit vitnemål om at Gulatingslova vart kontinuerleg revidert, og no tydeleg gjennom skriftlege tillegg. Ein mykje større revisjon skjedde tidlegare i regjeringstida til Magnus Erlingsson (1161– 84). På eit stort riksmøte, truleg i samband med kroninga av kong Magnus i Bergen i 1163 eller 1164, vart det samtykt ei tronfølgjelov og nye strenge straffeføresegner som skulle tryggje freden i samfunnet. Slik landefredslovgjeving henta førebilete frå Europa i samtida, og er både i Noreg og i dei to andre nordiske kongerika den eldste kongelege rettsskipinga vi kjenner for heile riket under eitt. Også andre delar av Magnus Erlingssons lovrevisjon kan ha vorte fremja på det same riksmøtet. Dei nye lovreglane vart sende dei regionale lagtinga til endeleg vedtak med autoriteten til

17


Fyrste delen av lagtingsordninga i Rantzauboka syner klart korleis skiljet mellom Olavstekst og Magnustekst er markert i raudt med O og M. Tekst som var med i begge utgåvene, er merkt bað for báðir – «begge». Tilsvarande i det eldre brotstykket i AM 309 fol. (ovf. s. 12).

kongen og riksmøtet i ryggen. Slik kom dei inn i Gulatingslova, der vi særleg finn dei markerte i kristendomsbolken, naturleg nok i og med at det var kyrkja som under erkebiskop Øystein Erlendsson var pådrivar for både tronfølgjelova og landefredslovgjevinga. I kristendomsbolken vart òg sjølve organiseringa av Gulatinget endra saman med fleire andre føresegner. Mellom anna var det no tiendbetaling til kyrkja vart lovfesta. Det finst òg nokre nedslag av Magnus Erlingssons lovrevisjon i den verdslege retten i Gulatingslova.26 Vi er i stand til å skilje ut dei nye lovføresegnene frå 1160-åra av di dei er tydeleg markerte

18

i Rantzauboka og dertil i kristenretten i 309 og dei gamle brotstykka i 1 B. Her vert det peikt ut eldre reglar gjevne av «Olav», yngre reglar frå «Magnus», og reglar som «begge» var samde om. «Magnusteksten», som han gjerne vert kalla, skriv seg frå Magnus Erlingssons lovrevisjon, medan den Olav som vert nemnd som opphavsmann til «Olavsteksten», ikkje kan vere nokon annan enn Olav Haraldsson den heilage.27 Det er tydeleg at lovrevisjonen i 1160-åra skapte trong for ei skriftleg utforming av Gulatingslova som gjorde nærare greie for tilhøvet mellom eldre Olavstekst og yngre Magnustekst. Munnleg ville det vere mest umogeleg å halde dette klart. Det må vere ei slik utforming, frå 1160-åra eller litt seinare, som ligg til grunn for skiljet mellom Olavstekst og Magnustekst i 1 B, Rantzauboka og 309. Når føresegner i lova frå før 1160-åra vart tilskrivne Heilag-Olav, heng det saman med den sterke stillinga helgenkongen i ettertida hadde fått i norsk trusliv og politikk – «Noregs evige konge» (rex perpetuus Norwegiæ) som han vert kalla i den latinske verket Historia Norwegiae frå andre helvta av 1100-talet. Vi skal seinare sjå at mykje tyder på at Olav Haraldsson i levande live verkeleg stod bak nye lovføresegner på visse område. Men parallelt med den aukande helgendyrkinga av han i ettertida var det òg ein tendens til å forstørre den lovskapande verksemda hans, og frå siste helvta av 1100-talet vart han langt på veg identifisert med alt som var godt i eldre norsk rett. Han var i ferd med å verte ein mytisk lovgjevar som i si tid hadde fremja overordna, guddommelege rettsprinsipp til rettesnor for all seinare lovgjeving, «den eigenlege stiftaren av all rett i Noreg».28 Då låg det òg nær å tilleggje han konkrete eldre lovreglar som han neppe sjølv hadde fastsett. Dette var eit syn erkebiskop Øystein gjorde særleg mykje for å fremje. Han gjorde Olav til idealtype for den rettvise og fredelege kristne kongen som utøver eit styringsembete han har fått frå Gud. Som motstandar av Øystein og kong Magnus utvikla kong Sverre den politiske

GULATINGET


olavsideologien vidare ved å framstille seg sjølv som Heilag-Olavs rette arvtakar, i motsetnad til Magnus, og ved å identifisere Heilag-Olavs lover med rettstilstanden i Noreg før kongedømet gav kyrkja viktige nye rettar ved grunnlegginga av erkebiskopsstolen i Nidaros i 1152 eller 1153 og seinare under kong Magnus.29

I

ATTENDE MOT OPPHAVET

Det er i utviklinga av ein politisk olavsideologi i andre helvta av 1100-talet, i vekselverknad med Olavs aukande helgenry, vi må søkje forklaringa på at Gulatingslova etter 1160-åra kom til å skilje mellom Olavstekst og Magnustekst. Men dermed er det altså ikkje sagt at alt som no vart merkt ut som Olavstekst, verkeleg

19

Eit av dei gamle brotstykka i AM 315 f. som innheld rein Olavstekst. Her står føresegner om frendebøter frå mannhelgebolken.


skreiv seg frå Olavs dagar. Sikkert kan vi berre seie at desse føresegnene går lenger attende enn 1160-åra. Det krevst andre og betre haldepunkt for å avgjere kor mykje eldre desse og andre reglar i Gulatingslova kan vere. Det fyrste spørsmålet som då melder seg, er kor lenge før 1160-åra det kan ha lege føre skriftlege utformingar av lova.

DEN FYRSTE SKRIFTFESTINGA AV GULATINGSLOVA

Lovbrotstykka i 315 f tyder i alle høve på at det fanst skriftlege versjonar eldre enn Magnus Erlingssons lovrevisjon. Dei gjev nemleg att rein Olavstekst, utan Magnusreglar. Det var òg ei utbreidd oppfatning frå andre helvta av 1100-talet at lover var nedteikna i regjeringstida til Olav Haraldsson. I erkebiskop Øysteins latinske utforming av Olavslegenden (Passio Olavi) heiter det at helgenkongen lét skrive ned og kunngjere rettvise lover som seinare vart overhaldne. Munken Theodoricus, som omkring 1180 skreiv kongehistorie på latin i miljøet rundt erkestolen i Nidaros, meinte å vite at Olav lét skrive desse lovene på morsmålet.30 Seinare fortel som nemnt Sverres saga og andre kongesagaer at det i Trondheim fanst ei lovbok, Grågås, som kong Magnus Olavsson hadde late skrive. Etter samanhengen inneheldt denne boka lovene til Heilag-Olav. Tradisjonen om at Heilag-Olavs lover var skrivne ned etter hans eige eller sonens initiativ, må likevel takast med ei klype salt, i og med at helgenkongens lover i andre helvta av 1100-talet vart tekne til inntekt av begge partar i dragkamp og strid mellom kongedømme og kyrkje. Som riksstyrarar nytta både Magnus Erlingssons far, Erling Skakke, og kong Sverre den gamle trønderske lovboka som motvekt mot kyrkjelege krav, medan erkebiskop Øystein tok Heilag-Olav til inntekt for si kyrkjelege rettsoppfatning. Ein kan då ikkje sjå bort frå at tilbakeføringa av skrivne lover til helgenkongen og sonen hans meir skuldast trong til

20

GULATINGET


å utnytte Olavs autoritet til politiske føremål i samtida enn påliteleg kunnskap om alderen på dei eldste norske lovnedteikningane. Tradisjonen frå erkebiskop Øysteins og Sverres dagar gjev såleis ikkje noko solid haldepunkt for å føre skrivne lover, det vere seg for Frostatingslag eller Gulatingslag, attende like til fyrste helvta av 1000-talet. Fleire rettshistorikarar og filologar som i nyare tid har granska alderen til dei gammalnorske lovene, har då òg drege denne tradisjonen i tvil.31 I staden har hovudtendensen i forskinga på 1900-talet vore å rekne med at Gulatingslova fyrst vart skriftfesta i andre helvta av 1000-talet, og då helst i regjeringstida til kong Olav Kyrre (1067–93).32 Kva grunnar kan tale for dette? Den einaste direkte opplysninga om skriftfesting av Gulatingslova finn ein i avslutninga av utgjerdsbolken: «No har vi sett landevernet vårt i skrå, og vi veit ikkje om det er rett eller rangt. Men om det er rangt, skal vi ha det lovmålet om utreidslene våre som Atle sa fram for mennene i Gulen» (G 314). Dette var truleg den same Atle som var talsmann for bøndene i tingingar med kong Magnus Olavsson omkring 1140, på eit møte i Langøysundet nord for Kristiansund der kongen oppheva forhatte pålegg frå Svein Alfivassons regjeringstid.33 Ein har rekna med det som står i Gulatingslova om Atles lovmål, vart skrive ned medan han endå var ein velkjend mann, og då ikkje seinare enn i siste fjerdedel av 1000-talet. Nedteikninga av utgjerdsbolken, som står sist i Gulatingslova, skjedde truleg etter at dei tidlegare bolkane var skriftfesta. Omtalen av Atles lovmål gjev likevel inga fast bakre grense for skriftfestinga av utgjerdsbolken; kjennskapen til dette lovmålet kan ha halde seg etter Olav Kyrres tid.34 I og med at Atle truleg var aktiv omkring 1040, kan lovmålet hans òg ha vorte omtalt i ei skriven Gulatingslov før Olav Kyrres regjeringstid. Til støtte for ei skriftfesting av lova i Olav Kyrres regjeringstid er det òg drege inn at hallvardsmesse står mellom dei eldste kyrkjelege festdagane i kristenretten (G 18), og

I

ATTENDE MOT OPPHAVET

at lista over slike dagar då ikkje kan vere sett opp før helgendyrkinga av Hallvard tok til over midten av 1000-talet. På den andre sida er tiendbetaling ikkje lovfesta i Olavsteksten av Gulatingslova, og dette har ein nytta til å skyve denne teksten bak 1111, då Sigurd Jorsalfare vende heim frå krossferda si og etter tradisjonen i kongesagaene tok til å innføre tiend. Mellom desse to tidspunkta vart dei fyrste faste bispeseta i Noreg grunnlagde under Olav Kyrre, og ettersom Olavsteksten av kristenretten i Gulatingslova føreset ein fast biskop i lovområdet, har ein sett dette som nok eit teikn på at lova fyrst vart skriven ned i Olavs regjeringstid.35 Strengt teke fortel likevel lovføresegnene om hallvardsmesse og tiend berre om alderen på desse føresegnene og ikkje noko om når dei fyrst vart nedteikna. Hallvardsmesse kan dessutan vere lagd til ei eldre liste over helgedagar utan at dette vart spesielt markert, og gjev såleis ikkje noka klar fremre grense for den eldste regelen om kyrkjelege festdagar i Gulatingslova. På den andre sida er det lite truleg at tiendbetaling vart gjort gjeldande over heile landet alt i 1111. Kongesagaene fortel nemleg berre at Sigurd Jorsalfare «fremja» (framði) tiend etter ein lovnad under krossferda.36 Og når ei gammal biskopsrekkje opplyser at biskop Simon i Trondheim, som levde på Sigurds tid, var den fyrste som innførte tiend i Noreg,37 kan det tyde på at opptakten vart gjort i Nidaros bispedøme og at resten av landet berre gradvis følgde etter, Vestlandet ein gong før tiend vart lovfesta i Magnusteksten av Gulatingslova i 1160-åra. Ei bakre grense for Olavstekstens påbod om slike kyrkjelege avgifter som vart avløyste av tienda, kan då ikkje setjast så tidleg som 1111. Det vantar altså sikre haldepunkt for å feste den fyrste nedteikninga av Gulatingslova til Olav Kyrres regjeringstid. Vi kan ikkje sjå bort frå tidlegare skriftfesting, under Heilag-Olav sjølv eller sonen hans, slik det vart hevda i andre helvta av 1100-talet. Dei engelske misjonærane som verka i Noreg i Olav Haraldssons dagar, var vane med å nytte det latinske

21

Motsett side: Slik vart Heilag-Olav midt på 1200-talet framstilt i ein måla treskulptur frå Fresvik kyrkje i Sogn. No i Universitetets Oldsakssamling, Oslo.


Dette bladet av eit latinsk messehandskrift (missale) frå Sogn er truleg skrive i andre helvta av 1000-talet, og vitnar om tidleg skriftbruk i Noreg. Skrifta er såkalla minusklar (små bokstavar) og syner engelsk påverknad. Skrivaren kan ha

22

vore ein engelsk geistleg som verka i Noreg, eller kan hende ein norsk geistleg som skreiv etter engelsk modell. Dei tidlegaste norske lovnedteikningane kan ha kome på pergament med slik skrift i Olav Kyrres dagar, om ikkje enda tidlegare.

alfabetet til å skrive sitt eige morsmål, og dei kan òg ha vore i stand til å skrive ned dei eldste kristne lovføresegnene på gammalnorsk, slike som dei reglane om kristendom og kyrkje som Olavsteksten uttrykkjeleg fører attende til Olav og Grimkjell på Mostertinget (G 10, 15, 17). Det er nok grunn til å mistenkje den seinare tradisjonen om lovnedteikning under Olav og sonen hans for å vere uhistorisk, men det lèt seg ikkje bindande avvise at slik skriftfesting var mogeleg så tidleg. Dette er då òg halde fram av fleire forskarar.38 Når eg likevel hallar til at ei samlande Gulatingsbok ikkje vart skriftfesta før under Olav Kyrre, er det på grunn av eit synspunkt som er nemnt ovanfor: at lova i Olavsteksten føreset ein fast biskop i Gulatingslag. Dette er så gjennomgåande i kristendomsbolken, truleg den fyrste som vart skriftfesta, at det vanskeleg kan vere tillegg til ein eldre skriven bolk der ein slik biskop endå ikkje fanst. Når lova taler om biskopen «vår» som skal yte folk kyrkjelege tenester over heile lovområdet (innan laga varra – G 8–9, 15), er vi på eit steg i den kyrkjeorganisatoriske utviklinga som neppe vart nådd før biskop Bjarnhard tok fast sete på heilagstaden Selja i byrjinga av Olav Kyrres kongstid, og seinare flytte til Bergen.39 Skriftfestinga av kristenretten kan etter dette sjølvsagt òg ha skjedd seinare enn i Olav Kyrres regjeringstid, men neppe seinare enn den fyrste skriftfestinga av dei islandske lovene i 1117–18. Før dette synest regjeringstida til den kyrkjevenlege Olav Kyrre meir sannsynleg enn styringstidene til den krigerske Magnus Berrføtt (1093–1103) og sønene hans (1103–). At den fyrste fulle nedteikninga av Gulatingslova skjedde under Olav Kyrre hindrar likevel ikkje at einskilde føresegner om kristendom og kyrkje kan vere førte i pennen i Heilag-Olavs dagar, slik at det var ei viss dekning for det erkebiskop Øystein og munken Theodoricus seinare hevda om Olavs skrivne lover. På den andre sida ser det ut til at dei rettane som Olav skal ha gjeve islendingar i Noreg, vart overleverte munnleg til dei vart skrivne ned i Olav Kyrres dagar.40 Slik kan det

GULATINGET


òg ha vore med dei nemnde lovføresegnene om kristendom og kyrkje som kong Olav og biskop Grimkjell fremja på Mostertinget og som seinare vart tekne inn i Olavsteksten i Gulatingslova. Alt i alt synest dette rimelegare enn at det låg føre skrivne kristenrettsreglar alt i Olavs dagar. Då skulle ein nemleg vente at det var større samsvar i ordlyd og redaksjon mellom kristenrettane i dei ulike norske landskapslovene enn tilfellet er. Slik desse lovbolkane ligg føre, ser dei heller ut til å vere innbyrdes uavhengige utformingar av eit kyrkjeleg program som i innhald var mykje det same, men som ikkje på førehand var fast utforma i skrift på morsmålet, og som slo igjennom i ulik grad i dei ulike lovområda. Konklusjonen på denne innfløkte drøftinga vert då at heile Gulatingslova helst vart skriven ned fyrste gongen i Olav Kyrres regjeringstid. Om innhaldet i dei eldre og tapte lovnedteikningane vi kan rekne med frå då og fram mot lovrevisjonen i 1160-åra, veit vi likevel mindre. Det er ingen grunn til å tvile på at den markerte Olavsteksten i handskriftene er ein god del eldre enn 1160-åra. Og ein må tru at lova sjølv har rimeleg påliteleg grunnlag for å føre einskilde lovreglar attende til 1000-talet, slike som lovmålet til Atle om landevernet, rettarbøter frå Magnus Olavsson og Håkon Toresfostre (G 148), og dei kristenrettsreglane som vert tilskrivne Heilag-Olav og biskop Grimkjell på Mostertinget. Alderen på føresegnene i det meste av lova kan ein likevel berre indirekte gjere seg opp ei meining om, ved å sjå på innhaldet, der somt gjennom samanlikning syner seg å vere eldre enn anna, og halde det saman med det ein elles meiner å vite om samfunnsutviklinga i tidleg mellomalder. Nokre av fråsegnene kan gå attende til det munnlege lovstadiet før den fyrste nedteikninga av lova. Men før vi ser nærare på dette stadiet, er det naudsynt å drøfte opphavet og den tidlege utviklinga til det Gulatinget der Gulatingslova vart gjort gjeldande i si eldste utforming.

I

ATTENDE MOT OPPHAVET

GRUNNLEGGINGA AV GULATINGET

Den eldste kjende omtalen av Gulatinget finn vi i Are Frodes Íslendingabók frå 1120-åra. Her står dette å lese: Men då Island var vorte vidt busett, då hadde ein austrøn mann [nordmann] som heitte Ulvljot, fyrst lover hit frå Noreg ... og dei vart då kalla Ulvjotslovene.... Og dei fleste av dei vart fastsette etter det som då var Gulatingslovene, og Torleiv den spake [kloke], son til HordaKåre, hadde gjeve råd om kvar ein skulle leggje til eller ta vekk eller fastsetje på anna vis.... Alltinget vart sett etter råd av Ulvljot og alt landsfolket der det no er.41

Denne Ulvljot er kalla den fyrste rettsstipendiaten i nordisk historie, og studieferda hans til Noreg kan etter samanhengen setjast til åra kort før det islandske Alltinget vart grunnlagt. På den tida fanst då, om vi skal tru Are, Gulatingslover og dermed sjølvsagt òg eit Gulating. Etter Ares tidsrekning vart Alltinget grunnlagt omkring 930. Ryggraden i kronologien hans er funksjonsåra til dei lovseiemennene som hadde sagt dei islandske lovene fram frå grunnlegginga av Alltinget og opp til Ares eiga tid. Denne embetsrekkja sette Are i høve til nokre få absolutte årstal, og etter denne rekninga vart den fyrste ordinære lovseiemannen utnemnd i 930, etter at Ulvljot hadde gjort arbeidet sitt.42 Det er likevel uvisst om ein kan årsfeste grunnlegginga av Alltinget så presist. Det verkar mellom anna mistenkjeleg at Are gjev dei to fyrste lovseiemennene ei rund funksjonstid på to tiår kvar, det kan tyde på at han ikkje hadde noggrann kunnskap om når dei tok til i ombodet sitt.43 Ein kan då ikkje sjå bort frå at Alltinget fyrst vart skipa noko seinare enn 930, og at Ulvljots føregåande studium av Gulatingslovene skjedde tilsvarande seinare. Ein kan òg tvile på kor mykje Are to hundre år etter kunne vite om Ulvljot og ferda hans til Vest-Noreg. Det har vore hevda at han knapt

23


Þingvellir (tingvollane), der det islandske Alltinget møtte frå omkring 930 eller noko seinare, ligg i den sørvestlege delen av landet. Til venstre på biletet fører ei kløft, Allmannag já, ned mot tingsletta til høgre. I bakre enden av kløfta, på høgre side, er Lögberg (lovberget) markert med flaggstang. Her vart lovene framsagde

24

av lovseiemannen og andre saker lyste for tingfolket. På tingsletta heldt folk til i buer av torv og stein med reisverk av tre og tjald over, eller i telt. Tinget vart halde ved midsommarstid og varte i to veker. Den fyrste kyrkja på Þingvellir vart etter sagatradisjonen reist av tømmer som Olav den heilage sende frå Noreg.

hadde anna å byggje på enn eit gammalt og politisk motivert sagn som kan ha hatt ei historisk kjerne, men som òg kan ha vore oppdikta.44 Det er likevel ikkje urimeleg å rekne med at ein påliteleg munnleg tradisjon om ei så viktig hending som grunnlegginga av Alltinget kunne halde seg fram til Ares tid. Og det er

GULATINGET


Skal vi tru den islandske Egils saga, var Gulatinget likevel i funksjon i fyrste helvta av 930-åra, i kongstida til Erik Blodøks. Islendingen Egil Skallagrimsson kravde då arv etter far til den norske kona si, Åsgjerd, med stønad frå venen Arinbjørn herse i Fjordane. Motparten var Berg-Onund frå Ask på Askøy, som var gift med ei halvsøster til Åsgjerd og hadde slege alt farsgodset hennar under seg. Egil skaut seg inn under Gulatingslovene og reiste sak mot BergOnund på Gulatinget. Etter samanhengen kom tinget saman på vårparten. Det samla stormenn og ei stor mengd bønder, og kong Eirik og dronning Gunnhild var til stades med mykje folk. Arinbjørn leidde ein stor flokk frå Fjordane. Han hadde eit fullsett langskip og mange bønder på småskip. Egils saga skildrar tingdomstolen på denne måten: Men då det skulle tingast om sakene til folk, gjekk begge partar dit domstolen var sett for å føre fram saksgrunnane sine.... Men der domstolen var sett, var det ein slett voll, og hasselstenger var sette ned i vollen i ein ring og snøre lagt omkring, det vart kalla veband [heilag-band]. Men innanfor i ringen sat dommarane, tolv frå Firdafylke og tolv frå Sygnafylke, tolv frå Hordafylke. Dei tre tylftene skulle der dømme i sakene til folk. Arinbjørn rådde for kven som var dommarar frå Firdafylke og Tord frå Aurland for kven som var det frå Sogn.

ikkje gjeve grunnar som er gode nok til å sjå bort frå at islendingane, som i stor mon ætta frå Vestlandet, tok ein viss lærdom av Gulatinget og Gulatingslovene då dei fekk i stand den fyrste sams ting- og rettsordninga for landet sitt. Men det er altså eit ope spørsmål om dette skjedde så tidleg som i åra før 930.

I

ATTENDE MOT OPPHAVET

For denne domstolen la Egil og Berg-Onund fram rettsgrunnane sine, og Arinbjørn stødde saka til Egil. Då Egil baud seg til å føre tolv menn som eidsvorne vitne på retten til kona si og det såg ut til at dommarane ville ta imot denne eiden, fekk dronning Gunnhild bror sin og mennene hans til å bryte ned vebanda og jage dommarane bort. Egil baud no som ein siste utveg Berg-Onund opp til holmgang, og det kunne ha vorte open strid mellom kongen og flokken til Egil og Arinbjørn om ikkje folk hadde vore våpenlause på tinget og Arinbjørn klok nok

25


KNUT HELLE

Elles skreiv han m.a. bøkene Norge blir en stat, Konge og gode menn i norsk riksstyring og Kongesete og kjøpstad, Bergen bys historie, bd. 1.

SKALD

ISBN 978-82-7959-234-1

Forfattar KNUT HELLE (1930–2015) var i ein mannsalder professor i mellomalderhistorie ved Universitetet i Bergen. Han var hovudredaktør for Aschehougs Verdenshistorie og Aschehougs Norgeshistorie og skreiv eit band om høgmellomalderen i begge desse seriane.

G U L AT I N G E T O G G U L AT I N G S L O VA

Du skal ikkje lese lenge i Gulatingslova før du veit kvar du er i landet. Her kan folk bu så høgt oppe i fjellet eller langt ute i øyane at ufarande sjø og fjell kan hindre dei i å føre lik til kyrkjegarden. Langs kysten bind hovudleia landet saman og fører til og frå andre landsdelar. Frå leia er det råd å ro og sigle på fjordane langt inn i landet. Fjordar og fjell skil bygdene frå kvarandre, og elvane kan vere vanskelege å kome over. Der går laksen opp mellom fjøre og fjell, og det er fisk, sel og kval i havet utanfor. I fjellet trugar bjørn og ulv. I boka skriv forfattaren, professor Knut Helle, om Gulatinget frå Harald Hårfagres dagar og fram til omkring 1300 då tinget vart flytt frå Gulen til Bergen. Han ser tinget som ein møtestad mellom det vestnorske bondesamfunnet og dei to offentlege maktene – kongedømet og kyrkja – som søkte å organisere samfunnet under seg i mellomalderen. Forfattaren ser den eldre Gulatingslova som eit vitnemål om tilhøva i bondesamfunnet og dei rollene konge og kyrkje spela der, før eit sterkare rikskongedøme og ei meir uavhengig kyrkje tok over og det vart trong for nye lovbøker. Ikkje berre i norsk, men òg i nordisk og europeisk perspektiv er den eldre Gulatingslova viktig av di ho speglar eit bondesamfunn som gjennom tingmennene sine opptrådde sjølvstendig i lovskiping, domsverksemd og tingingar med kongedøme og kyrkje om tiltak av sams interesse.

KNUT HELLE

G U L AT I N G E T O G G U L AT I N G S L O VA


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.