Etter dei fire kritikarroste og prislønna bøkene Godnattboka, Eventyrboka, Trøysteboka og Monsterboka kjem no Fantasiboka. Forfattarane har denne gongen lagt forteljingane bort frå det kvardagslege til univers fullt av fabelaktige fantasivesen. Her møter du trådsneller som snakkar, dykkarklokkar som går på land, ei skjelvande trapp og jamvel ein grublebakkedink! Fantasiboka er femte og siste bok i serien med nyskrivne, nynorske forteljingar. Bøkene er for heile familien og fungerer både til høgtlesing og sjølvlesing. Innbunden med trykt overtrekk og smussomslag med preg, leseband, 16,5 x 23,5 cm, 208 sider, nynorsk, 329,- ISBN 9788279592396