Norsk frukthistorie

Page 1

Norsk frukthistorie SET T FRÅ HARDANGER

Noreg ligg langt mot nord, sommaren er kort og kjøleg, og det har skapt utfordringar for fruktbøndene både med omsyn til sortsval, fruktkvalitet og plantevernarbeid. Utviklinga av fruktdyrking som næringsveg er sentral i boka, samt vegen til å finne fram til sortar som gir stor avling av god kvalitet. Sortar som har vore dyrka i Noreg er presenterte, og Måge fortel detaljert om dyrkingsmetodar, lagring, sortering, emballasje, pakking, distribusjon, omsetningsstatistikk og fruktutstillingar. Boka er den første som samlar så detaljert kunnskap om denne delen av norsk landbrukshistorie. Finn Måge (f. 1941) kjem frå garden Måge i Ullensvang. Han er pensjonert professor i fruktdyrking frå Norges landbrukshøgskole (no Norges miljø- og biovitenskapelige universitet) og har tidlegare mellom anna vore redaktør for «Årsskrift for frukt- og bærdyrking». Måge har publisert ei rekkje fagartiklar og har tidlegare gitt ut boka «Mågesoge», historia om garden Måge.

9 7 8 8 2 7 9 5 9 2 4 3 3

Finn Måge Norsk frukthistorie Sett frå Hardanger

I denne boka fortel forfattar Finn Måge den lange historia til fruktdyrkinga i Noreg. Med utgangspunkt i Hardanger tar han for seg heile det norske fruktlandet og følgjer utviklinga fram til moderne tid.

FINN MÅGE


Boka er utgitt med tilskot frå Hardanger Historielag

Grafisk design: Silje Nes Font: Farnham Text & Circular Std Papir: Munken Lynx 100 g Trykk: GPS Group © SKALD 2016 e-post: forlag@skald.no www.skald.no ISBN 978-82-7959-243-3


Innhald

Innleiing

5

Fruktdyrking og frukthandel i eldre tid

11

Emballasje, sortering, pakking

55

Frukthandel og fruktomsetning

103

Fruktlager og fruktlagring

123

Kampen mot sjukdomar og skadedyr i frukthagen

141

Klima og fruktdyrking

163

Norsk fruktdyrking etter 1900

175

Organisasjonar som har arbeidd for fruktnæringa

217

Hagebruksutstillingar

231

Fruktsortar som har vore planta i Noreg

247

Fruktdyrking på Larsabruket i Måge

291

Plommedyrkinga på Larsabruket i Måge i mi tid

363

Frukthandel i indre Sørfjorden på 1930-talet

375

Personar som handla med frukt. Mest frå Ullensvang

407

Foto og illustrasjonar

435

Litteratur og kjelder

437


14

Fruktdyrking og frukthandel i eldre tid


to grupper, nemleg søteple og sureple. Den tida epletrea blei formeira ved hjelp av frø, kunne det finnast tre av båe desse to typane.

Klostertida

Virginsk roseneple var ein lovande sort for hundre år sidan, men blei raskt borte att.

Etter år 1100 var det fleire klosterordenar som etablerte seg i Noreg, og det blei bygd mange kloster. Munkane kom frå Frankrike og land lenger nord i Europa. Nokre av dei var vegetarianarar, eller dei fasta i periodar, og dei la difor vekt på å produsere plantekost. Hagedyrking spreidde seg kring klostera. Klostera hadde også bugardar ulike stader, og slike gardar kunne bli senter for hagebruk. Mellom anna hadde cisterciensarmunkane på Lysekloster, som var etablert i 1146, ein slik bugard i Opedal i Ullensvang. Han var etablert omkring år 1200 eller litt seinare. Der planta munkane både eple, pære, kirsebær og plommer, og herifrå spreidde fruktdyrkinga seg i Hardanger. Klostera andre stader i landet fungerte på same måte. Mellom anna på Halsnøy var det lenge ein pæresort som blei kalla klosterpære, og kring klosteret på Tautra utvikla det seg eit senter for kirsebærdyrking. Ifølgje kjeldene tok munkane inn læregutar i hagane sine, og munkane hjelpte også bøndene utanfor sjølve klosterhagen. Munkane hadde kontaktar i andre land, og dei kunne skaffe planter frå utlandet til eige bruk, og dei formidla planter til andre. Formeiring av frukttre var ikkje enkelt, men munkane kunne kunsten med å pode, og dei hjelpte folk i nærområda med poding og oppal av frukttre. Den spede byrjinga på det som vi kan kalle fruktdyrking, kom i gang på denne tida. Det var mest eple, og truleg var trea spirde frå frø. Til og med frø frå eple som sjøfolk og andre reisande hadde med seg sørfrå, kunne bli sådde. Berre ein svært liten del av trea var poda. Utviklinga av fruktdyrkinga gjekk i bølgjer. Vi fekk svartedauden, klimaet varierte i periodar, reformasjonen kom, og det kom krigar og uår. Alt slikt var med på å bremse utviklinga i kortare eller lengre periodar, og folk som sleit for å brødfø seg, hadde lite overskot til nyvinningar. Lover, arveskifte, sal av gardar, gåver til kyrkja og kloster, rettstvistar og gardsnamn fortel etter kvart meir om fruktdyrkinga. Eplegardar er nemnt i dokument frå Sogndal i 1314, frå Haustveit i Ullensvang i 1365, og på Hovland i Hardanger blei det selt ein åttedel av ein eplehage i 1449. Elles er frukthagar nemnde ved arveskifte på Lofthus før år 1400, på Djønne i 1358, på Freim i Odda i 1377, og på Helleland blei tredjedelen av ein aldegard seld i 1380. Dei fleste eldre tradisjonane om fruktdyrking skriv seg frå indre Hardanger, men det finst også vitnesbyrd om fruktdyrking i rikt mon både i Sogn og andre stader i Sør-Noreg. Slike kjelder viser at det var dyrka frukt i Noreg i mellomalderen, og at dyrkinga tok seg opp i seinmellomalderen eller dei 200 siste åra fram mot reformasjonen. Kirsebær blei spreidde frå klostera, dei var lette å formei15


32

Fruktdyrking og frukthandel i eldre tid


Agaeplet var utbreidd sist på det 1800 hundreåret. Dette eksemplaret er teikna i Balestrand i 1895. Gardbrukar Johannes Aga sådde frøet i 1846, treet gav fire eple i 1852 og ei tønne i 1857. Sorten er borte for lenge sidan.

Frukthausting på Tokheim i Odda, 1900.

ning. Allerede i 1852 bar dette Træ fire Æbler, og i 1857, altsaa i en Alder af 10 aar, en Tønde (139 Liter). Denne Sort fortjener at udbredes over alt, hvor Æbler dyrkes. Frugten, der holder sig til Marts eller April, faar en gjennomsnittlig Vægt af 16–20 Lod (250–310 gram).» I 1884 tok Schübeler initiativ til stiftinga av Selskapet Havedyrkningens Venner (han blei æresmedlem i 1885), som seinare endra namn til Det norske hageselskap (med kortforma Hageselskapet). Medlemsbladet til selskapet, Norsk Havetidend, seinare Norsk Hagetidend, kom med sin første årgang i 1885 og var lenge den største kunnskapskjelda for norske fruktdyrkarar. Selskapet arbeidde for hagebruket som næringsveg. Mellom medlemmene den første tida var det mange personar med fine titlar. Frå Hardanger var stamhusbesidder Hoff-Rosenkrone frå Rosendal, fotograf K. Knudsen frå Odda, forvaltar Langballe frå Rosendal, prost Stub frå Strandebarm og sokneprest Unger frå Rosendal medlemmer frå første året av. I alt var det så mange geistlege i medlemslistene at vi gjerne kan snakke om «epleprestar» liksom det tidlegare blei snakka om «potetprestar». I løpet av dei neste åra melde fleire ivrige føregangsmenn seg inn, blant anna gardbrukar Jørgen L. Børve, hagebrukslærar og politikar Kristofer Frimann Hjeltnes frå Ulvik, overrettssaksførar Lars Aga frå Utne, lærar Johannes Apold frå Odda, og gardbrukar Lars Bleie frå Nå. Dette var alle personar som var med på å utvikle fruktdyrkinga som næringsveg. Kristofer Hjeltnes grunnla Ulvik Fruktdyrkningsskole på Hjeltnes (Hjeltnes hagebruksskule) i 1901. Aga fekk reisestipend i 1897 for å studerte fruktdyrking, -konservering og -omsetning i Tyskland og Austerrike. Børve er særleg kjend for å ha vore tidleg ute med sprøyting mot sopp og insekt, og i Norsk Havetidend for 1912 var det ein fyldig omtale av Børve som fruktdyrkar. Han blei æresmedlem i Hageselskapet i 1924. Ein annan viktig person som melde seg inn i Hageselskapet, var sokneprest Olaf Olafsen (1843–1932). Han kjende ikkje til fruktdyrking då han kom til Ullensvang i 1889, men eit par år seinare var han medlem av Hageselskapet, og han skreiv straks kontrakt med selskapet om å opprette forsøksstasjon ved Ullensvang prestegard, med seg sjølv som forsøksvert. Året deretter blei tre av dei første nye fruktsortane utplanta på 33


Emballasje, sortering, pakking

Sortering Det permanente fruktutvalet sin «Kortfattet Veiledning i Kjærnefruktens Indhøstning, Sortering og Indpakning» frå 1907 inneheldt ikkje berre forslag til kassetypar. Det var også det første forsøket i Noreg på å setje opp reglar for kvalitet på frukt som skulle omsetjast. Der blei det føreslått at kjernefrukt skulle sorterast i tre klassar etter storleik og utvikling. I samband med ei fruktutstilling eit par år tidlegare blei det skrive at sorteringa måtte bli strengare. Ikkje berre måtte dei små, misdanna og skadde epla fjernast, men frukta måtte også sorterast etter storleik i kassane. Mange slurva med sorteringa, og i utstilte fruktprøvar fanst det både markstukne eple og eple med soppflekker, og slikt var ikkje god handelsvare. I 1908 kom gartnar I. O. Nickelsen frå Fredrikstad med ei lita bok på 43 sider med tittelen «Frugts Behandling for Salg», og denne blei tilrådd av Hageselskapet som rettleiing for produsentane. Nickelsen skreiv at det dessverre var sjeldan å sjå feilfri norsk frukt i handelen. Frukta var ujamn i storleik, hadde flekker på ein større eller mindre del av overflata, og støytskader var svært vanlege. Fruktdyrkarane hadde ikkje rett forståing av kva hausting, pakking og sortering hadde å seie for omsetning og pris. Han kom med ein del praktiske råd, som dels blir omtala nedanfor. Nickelsen skreiv at norske eple berre blei sorterte i to kvalitetar, nemleg bordfrukt (taffelfrukt) og hushaldsfrukt (mateple). Dette var ikkje tilstrekkeleg. Han føreslo at ein skulle sortere ut markstukne frukter, flekkete frukter og frukter med støytskade. Deretter skulle fruktene sorterast på følgjande måte: I. Delikatessefrukt. Dei skal måle minst 24 cm i omkrins, målt over stilk og beger. Epla skal vere feilfrie og berre av beste sortar av bordfrukt. Sorteringa blei kalla: «Bordfrukt, ekstra prima vare». II. Bordfrukt. Dette er berre dei beste sortane. Bordfrukt kan delast i tre klassar etter kvalitet og storleik, men helst bør dei delast i fire klassar. 1ste kvalitet er bordfrukt, prima vare. Epla skal vere feilfrie, velforma, einsfarga, jamstore med omkrins 20–23 cm. 2nen kvalitet. Bordfrukt, rein vare. Fine og med omkrins 16–19 cm. 3dje kvalitet. Bordfrukt, secunda vare. Epla kan ha litt flekker og mindre feil, vere ujamne i storleik, men ikkje for små. 4de kvalitet. Bordfrukt, torgvare. Epla kan ha skurvflekker og mark og litt andre skader, og dei kan vere ujamne i storleik. III. Hushaldsfrukt 1ste kvalitet. Hushaldsfrukt, prima vare. 2ste kvalitet. Hushaldsfrukt, secunda vare. 3die kvalitet. Hushaldsfrukt, torgvare.

Det er ikkje sikkert at Nickelsen sine forslag blei godt mottekne i fruktnæringa, for på eit større møte på Ås i 1909 blei desse sorteringsreglane godkjende: 78

Sortering og pakking av eple på fruktlager. Avstanden mellom dei rullande banda blir større og større, og dei største epla fell sist ned på oppsamlingsbretta. Damene framme tek ut skadde frukter, og dei bak legg epla i kassar fôra med papir. På kvart brett er fruktene av eins storleik.


79


Frukthandel og fruktomsetning

Torgmål som vart brukt før vekta vart vanleg. Det fanst 3- og 5-litersmål for eple som var godkjende av Justervesenet.

bygatene til lageret oppe i byen. Det kunne bli mange tunge turar. Nokre gonger leigde dei det dei kalla dragarar. Frukthandlarane var gode vener med lasaronane og dei lause fuglane i byen. Desse heldt seg ofte rundt torget, og dei tok på seg oppgåver med å frakte varer og tomemballasje mot rimeleg betaling. Etter at frukta var trilla gjennom byen til lageret, var det ut att med vogna for å selje til kundane. Dei handlande kunne gå frå butikk til butikk og by fram frukta si – det var mange små blad-, frukt-, tobakks- og sjokoladeforretningar på første halvdel av 1900-talet – og så stilte dei seg sjølvsagt opp på torget.

Torghandel og anna handel Torghandel er ei eldgamal handelsform og har spela ei stor rolle for sal av frukt og bær. Frå tidleg var det slik at «borgarane» selde på torget frå morgonen av, men når dei avslutta for dagen, strøymde «høkerane» til med sine varer. Marknadsplassane utvikla seg ofte til tettstader eller kaupangar, og det finst torg i dei fleste av våre byar og tettstader. I mange hushald gjekk husmora eller tenestejenta til torget for å kjøpe inn til dagens måltid. Dei kunne vere der fleire gonger i veka, og torget var ein viktig marknadsplass. Her kunne dei velje og vrake mellom mange produkt til ulike prisar, og varene var stort sett friske. Produsentane stod på torget og selde sjølve, eller så kunne dei ha avtale med torgkoner, som anten var leigde eller fekk sin del av omsetninga. Den første tida blei frukta omsett i holmål, og ei skjeppe som tok kring 17 liter (om lag ein halv eplekasse) var mykje brukt. Ein setting, som var ei halv skjeppe, var også brukt. Etter kvart kom litermål i bruk for til dømes morellar, og produkt som eple og pære blei selde i trelitrar eller femlitermål. Desse målekara var kontrollerte og godkjende av Justerverket, dei hadde ei plombe som viste at dei var godkjende. Mange av torgkonene var flinke til å selje, ja det skapte seg legender om kor dyktige nokre av dei var til å fylle litermålet med morellar. Dei fekk morellane til å «stå på stilker», og fekk litermålet ein liten kakk, så fall innhaldet saman så det kunne verte plass til mykje meir. Utspekulerte torghandlarar lødde også opp produkta fint i målekaret, slik at det blei store opningar mellom fruktene. Etter kvart fekk torghandlarane vekt på bordet sitt, og då blei den typen småsvindel borte. I dag er det berre småsal som føregår på torga rundt i landet, men i tidlegare tider føregjekk det også storsal til forretningsdrivande på torget. 106


Torghandel

I Oslo blei omsetninga av frukt og grønt flytta frå Stortorget til Nytorget i 1912. Dette torget blei heitande Youngstorget, og frå kring 1920 blei det delt i to, slik at produsentane var på den eine sida, og handelsfolka på andre. Grossistane og større produsentar flytta så frå Youngstorget til Grønland torg i juni 1931, medan småsalet med frukt, bær og grønsaker heldt fram på Youngstorget, der det framleis er. Salstida var frå kl. 6 til kl. 9.30 om morgonen, og då kom forretningsdrivande og kjøpte inn varer. Etter kl. 10 var torget ope for detaljhandel, og det var ope til kl. 15.00. Ofte kunne frukthandlarane vere grytidleg oppe om morgonen for å selje kassevis eller en gros på Grønland torg. Utpå føremiddagen flytta dei seg over til Youngstorget og selde i smått. På torget med småsal var det helst hausteple, plommer og fin nedfallsfrukt av Gravenstein det gjekk i. Handelsfolka kunne få ei krone for ein femliter med simple eple, det som dei kalla

107


Fruktlager og fruktlagring

Vedtektene for Nå fruktlager frå 1950, og partbrevet frå ein av medlemmene.

I ein periode på godt og vel 30 år førde Gartnerhallen detaljert og god statistikk over fruktsalet. Her er vist omsetninga av eplesorten Raude Prinsar i 1965, fordelt på fruktlager, på fire sorteringsklassar og prisar som er oppnådd. Slike opplysningar fanst for mange fruktsortar. 132


TABELL 1. FRUKTLAGER I HARDANGER OMKRING 1960 Fruktlager Børve Fruktlager, Børve

A

B

C

D

E

1941

38

41

300

715

Djønno Fruktlager, Djønne

1915

25

-

-

-

Espe Fruktlager, Espe

1952

23

30

375

610

Folgefonn Fruktlager, Alsåker

1946

22

35

255

455

Hardanger Fruktlager, Kinsarvik

1954

60

60

75

530

Hardanger Fruktsamsal, Grimo

1918

45

26

120

440

Herand Fruktpakkelag, Herand

1948

18

32

5

75

Jåstad Fruktlager, Jåstad

1953

22

32

240

740

Kvam Fruktlager, Øystese

1939

137

300

500

915

Kvinnherad Pakkelag, Dimmelsvik

1951

70

70

45

95

Nå Fruktlager, Nå

1953

62

80

700

1 570

Strandebarm Fruktlager, Fosse

1950

20

20

30

55

Ullensvang Fruktlager, Lofthus

1948

7

36

750

950

Ulvik Fruktlager, Ulvik

1950

Sum A B C D E

32

75

225

780

581

837

3 620

7 930

Første driftsår Tal medlemmer ved oppstart Tal medlemmer i 1961 Lagerkapasitet i tonn omkring 1960 Omsett mengd av frukt og bær i tonn. Gjennomsnitt for åra 1958–1960

Medlemstalet ved oppstart var om lag 580, talet varierer litt i kjeldene, og det auka fram til 1961. Noko av auken skuldast at grossistane heller ville kjøpe frukt frå lagera enn frå enkeltprodusentar. Nokre fruktlager tok berre imot frukt frå dei største fruktdyrkarane i sitt område, andre tok også imot frå folk som hadde små hagar. Alle lagera i Hardanger var ei tid knytte til Gartnerhallen, og frå sist på 1960-talet blei anlegga overdregne til Gartnerhallen. Ullensvang Fruktlager gjekk ut av Gartnerhallen i 1969. I tillegg til felleslagera bygde Arnfinn Langeseter på Grimo eige fruktlager i 1962, og dette var ein periode utleigt til BAMA. Før 1980 var Hardanger Fruktsamsal og Jåstad Fruktlager slått saman til eitt lag, og Samsalet sin bygning i Grimo blei ombygd til fryselager for bær. Nå Fruktlager dreiv også saman med Jåstad nokre år midt på 1960-talet, men dei skilde lag att. Herand Fruktpakkelag vart nedlagt, og medlemmene gjekk inn i Folgefonn Fruktlager. Kvinnherad Pakkelag vart nedlagt, og Djønno Fruktlager gjekk inn i Ulvik Fruktlager. Strandebarm Fruktlager blei nedlagt, og Børve og Hardanger Fruktlager blei drive som ei eining. Talet på fruktlager blei dermed halvert på omtrent 20 år. Hardanger Fjordfrukt i Utne i Hardanger starta opp i juni 2004 og er det største fruktlageret i landet. Her kom alle lagera på vestida av Sørfjorden med i tillegg til Kvam og Ulvik. Rett nok var det ein del produsentar som sokna til Nå Fruktlager som ikkje gjekk over til Utne, og dei nyttar 133


Kampen mot sjukdomar og skadedyr i frukthagen

Røyropplegg frå ein sentral pumpestasjon kom på dei fleste fruktgardar tidleg på 1950-talet. Med visse mellomrom var det kranar der sprøytaren kopla på trykkslangen.

Sprøyting med rifle med dyser. Slangen er kopla til ein kran på røyrsystemet.

Tåkesprøyte montert bak på traktoren kom utpå 1960-talet. Alt blir styrt av traktorføraren og er lettvint og greitt. Metoden stilte krav til terreng og plantesystem. 152


for sprøytevæske som tok kring 10 liter. I den kraftige luftstraumen som kom ut av tuten, blei det tilført væske frå tanken gjennom ein tynn slange. Væska blei riven opp i små dropar og følgde luftstraumen ut i treet. Med slikt utstyr kunna tre på opptil 3,5 meters høgd sprøytast effektivt. Væska i tanken kunne vere ti gonger meir konsentrert enn ved vanleg sprøyting, og ti liter tilsvarte difor 100 liter ved vanleg sprøyting. Slikt utstyr kunne brukast der det ikkje var mogeleg å kome fram med køyretøy, til dømes i små hagar. Det var tungt å arbeide med ryggtåkesprøyta. Med full tank vog utstyret kring 25 kg, og så skulle sprøytaren gå i terreng der det til og med var vanskeleg nok å føte seg utan noko på ryggen. Motoren hadde svært høgt støynivå og var plassert rett bak øyro på sprøytaren. Vidare bles han forstøva væske i sterk konsentrasjon ut berre ein meter framfor ansiktet på brukaren, og både i stille vêr og med litt vindtrekk saug sprøytaren mykje kjemisk støv ned i lungene. Den gong var det lite vanleg med øyrevern og luftmaske. På trass av slike ulemper var ryggtåkesprøyter mykje brukte, men berre for små areal og på område der det var vanskeleg å kome fram med andre sprøytemetodar. I 1960 fekk Ullensvang forsøksgard låne ei traktormontert tåkesprøyte frå Sigvart-fabrikken i Danmark. I samarbeid med Landbruksteknisk institutt på Ås sette dei i gang forsøk med å bruke slike sprøyter i bratt lende. Dette var ein revolusjon, og etter ti år eller litt meir sat dei fleste fruktdyrkarane på traktoren, og bak dei dura sprøyta som bles konsentrert væske inn i trea på båe sider av der dei køyrde. Og etter kvart lærte folk å verne seg med øyreklokker, filter framfor nase og munn eller maske og innebygde traktorhus. Den første tida var ikkje plantesystem og arrondering tilpassa køyresprøyter. Det tekniske utstyret var med på å setje fart i arbeidet med bakkeplanering, bygging av terrassar og utvikling av praktisk planting. Teknisk utstyr blei tilpassa plantinga, og plantinga blei tilpassa det tekniske utstyret. Etter kvart har tåkesprøyta utvikla seg i takt med moderne teknologi og er i dag einerådeande i frukthagar verden over.

Sprøytelag Den første tida etter at sprøytinga kom i gang, slo fruktdyrkarar seg saman og kjøpte sprøyteutstyr i lag. Det var rimelegare enn å ha eiga sprøyte, og så kunne dei hjelpe einannan med sjølve sprøytearbeidet. Lier hagebruksforening skaffa seg to sprøyter til felles bruk i 1917, og året etter fekk dei seg endå ei sprøyte, og det blei leigt inn ein person som stod for sprøytearbeidet. Dette året blei 70 hagar sprøyta, og heile 8000 tre fekk seg ein dusj. I Lier utvikla dei også si eiga sprøyte. Det var eit oljefat av kraftig metall der det blei fylt på veske, og så blei det pumpa inn luft med

153


Klima og fruktdyrking

fordi dei toler lite, og fordi dei blomstrar tidleg. Slik skade viser seg ved at griffelen er øydelagd, og det blir inga frukt. Lenger sør i Europa blomstrar frukttrea tidlegare enn hos oss, og der er det meir vanleg med frostskade i blomstringa – det kan skje i to av ti år. Skaden kan til ein viss grad hindrast med oppvarming, vatning med fine dyser eller vifter som gjev luftsirkulasjon. Men slikt er arbeidskrevjande og kostbart. Når det blomstrar her i landet, er det så langt frampå våren at vi er lite utsette for tilbakeslag med frost. På enkelte område har altså norsk fruktdyrking sine føremonar. Frost kort tid før eller etter blomstring fører til at overhuda losnar på den unge karten, og det blir froststriper på epla. Skottoppar kan vere døde når våren kjem, men skaden er som regel lite alvorleg. Sår i borken er ofte inngangsport for kreft og andre skadar, og skade i borken kan vere alvorleg. Frostringar er meir eller mindre tydelege ringar i veden, og dei kjem når unge celler utanfor og innanfor kambiet blir skadde. Feller vi eit eldre tre med frostringar, kan vi telje oss tilbake til kva år skaden hende. På stader med kalde vintrar og lite stabilt snødekke kan røter på frukttre bli skadde eller døy av kulde. Røtene tek skade når temperaturen i rotsona kjem ned til kring -10 °C. Eit snødekke vernar godt mot den type skade. Rotfrost har opp gjennom åra øydelagd mange frukthagar, særleg i dei indre fjordbygdene på Vestlandet, der det er kaldt og lite stabilt snødekke. Generelt klarar eldre tre seg betre gjennom kalde vintrar enn unge tre. Tre som har bore fram ei stor avling, er meir utsette for skade den etterfølgjande vinteren enn tre som har hatt lita avling. Det å bere fram ei stor avling tappar treet for ressursar. Grunnstamma som sorten er poda på, og som utgjer rota, kan verke inn på frostskaden også over jorda. Vekstrytmen i sort og grunnstamme skal vere den same.

Nedbør, vind og lys Nedbør tilfører vatn til plantene og er ein minimumsfaktor for plantedyrking mange stader på jorda. Eit vakse frukttre kan ta opp vatn frå eit stort jordvolum og klarar seg med lite nedbør. Før ca. 1950 var det ikkje vanleg med vatning av frukttre i Noreg. Men frukttre er ofte planta i tørkesvak jord fordi ho er varmast, og under etablering av fruktplantingar skal det vere optimale vilkår for vegetativ vekst. I dei aller fleste år førekjem det kortare eller lengre tørkeperiodar i vekstsesongen, og vatning gjev store positive utslag. Søtkirsebær trekkjer vatn gjennom skinnet når dei heng våte, og etter ei tid sprekk dei og blir verdlause. Det er stor skilnad mellom sortane, men alle sortar vi dyrkar, sprekk når dei heng våte lenge nok. I område med morelldyrking er trea i vår tid dekte med plasttak eller dyrka i plasttunnelar. Det vernar fruktene mot sprekking. Trea kan også ha nett over seg for å hindre at fuglane tek den verdfulle avlinga. 170


Dekking av morelltrea med plastfolie hindrar at fruktene blir våte, og avlinga kan reddast.

Eplesorten Prinsar kan også sprekke på treet, men det skuldast høg sommartemperatur og ikkje regnvêr.

Morellar sprekk i regnver og blir verdlause. 171


Norsk fruktdyrking etter ĂĽr 1900

Avalon

Edda

Jubileum

Mallard

Opal

Reeves


Plommesortane som er mest dyrka i dag.

TABELL 22. PLOMMEAVLING Avling av plommer i Noreg i tonn, fordelt på femårsperiodar. Etter GPS. Plommesort Avalon Edda Excalibur Jubileum Mallard Opal

1996–2000

2001–2005

2006–2010

2011–2015

0

0

12

60

48

55

60

30

0

0

32

65

0

68

115

145

75

160

215

190 231

225

310

251

Oullins

16

0

0

0

Reeves

0

14

70

167

Rivers early prolific

9

2

0

0

Valor

0

0

0

15

Victoria

215

252

215

100

Totalt

590

860

990

1000

Ved tusenårsskiftet var Opal og Victoria hovudsortrane, men Mallard og Edda klatra opp på lista, som det går fram av tabell TABELL 22. Fram mot 2015 blei Oullins heilt borte. Sorten Mallard har etter kvart fått ein viktig posisjon, og sortane Jubileum og Reeves er komne høgt opp på lista. Victoria og Opal har derimot passert toppen, og det same er tilfelle med Edda. Vi kan sjå av tabellen at fire sortar som er viktige i den siste perioden, var ukjende ved årtusenskiftet. Nye sortar stimulerer til framgang i norsk plommeproduksjon.

Nokon tre står høgt og fritt og breier ut si krone. 209


244

Hagebruksutstillingar


var ei stor utstilling med heile 110 000 besøkande. Berre på ein dag var 35 000 betalande innom. Ein av dagane var kongen, dronninga, keisarinna av Russland, dronninga av England og kongen av Grekenland innom fruktutstillinga. Av 63 som stilte ut fruktvin og saft, var heile 39 norske. Totalt var det med 168 norske utstillarar. Dei fekk fem æresprisar, 15 «store sølvmedaljar», 41 sølvmedaljar og 72 bronsemedaljar. Alle greiner av hagebruket var med, og innan frukt fekk hardingane E. G. Oppedal, V. V. Sekse og Knut Tokheim sølvmedalje for emballert frukt. P. Maakestad og H. V. Sekse fekk bronse for fruktsortar, medan O. S. Børve, J. L. Børve, K. H. Espe, Lars Lindvik, G. Maakestad, H. V. Sekse, E. Brandstveit og J. T. Utne fekk bronsemedalje for emballert frukt. Det blei halde nordisk hagebrukskongress i samband med utstillinga. Gøteborg feira sitt 300-årsjubileum i 1923, og mellom anna blei det arrangert ei stor fruktutstilling. Der møtte 80 norske utstillarar, men resultatet bar preg av at det var eit dårleg fruktår i Noreg. I 1937 var det ei storstilt nordisk hagebruksmønstring i København, og på ei nordisk fruktutstilling i Helsingfors i 1949 var det Gartnerhallen som representerte Noreg.

Nokre gonger, mellom anna ved ei nordisk utstilling i Helsingfors i 1949, var det Gartnerhallen som representerte Noreg.


262

Fruktsortar som har vore planta i Noreg


Pære Norsk pæreproduksjon er prega av mangel på sortar som er tilpassa det norske klimaet. Fleire av sortane som var dyrka for 100 år sidan, har vore med i sortimentet heilt fram til etter tusenårsskiftet. I eit kompendium frå 1938 om fruktsortar ved NLH er 82 pæresortar omhandla. Det er stort sett sortar som har vore grundig testa i Noreg. Forskar Stein Harald Hjeltnes har i dr. scient.-avhandlinga si frå 1990 utført eit litteraturstudium innan pærer, og han omtalar mange pæresortar. Gjennom tidene har vi hatt færre lokale pæresortar enn eplesortar her i landet, men likevel nokså mange. Dosent Kåre Valset gjekk gjennom det gamle pæresortimentet i 1985, og han sette då opp ei liste med 46 lokale pæresortar, dei fleste med lokale namn. Denne lista er ikkje publisert, men finst hos Nordisk genbank. Forsøksgarden Njøs i Leikanger i Sogn testa mange pæresortar, og Norges landbrukshøgskole på Ås innført 58 pæresortar frå 1870 til 1890, og heilt fram til moderne tid har mange pæresortar vore dyrka i forsøksfelta til landbrukshøgskolen. Og Tokheim i Odda (hos K. Knudsen) og Balestrand prestegard er alt nemnde som stader med mange pæresortar. I 1888 skriv Schübeler at han har registrert kring 70 pæresortar som var sende inn til fruktutstillingar. Og på ei utstilling omkring 1860 blei det presentert nær 70 pæresortar. Han skriv at mange av dei var så dårleg utvikla at dei var meir til skrekk og åtvaring enn inspirasjon for auka pæredyrking. Dette stadfestar at mange importerte pæresortar var lite tilpassa vårt klima. På 1830-talet var desse pæresortane bodne fram for sal på gartnar Nyquist sin planteskole: Beurre Blanc, Bon Cretien, Augustpære, Pundpære og Rød Silkeskjorte.

I åra 1893 til 1913, då sokneprest Olafsen hadde ansvaret for sortsforsøk på Ullensvang prestegard i regi av Hageselskapet, var desse pæresortane med:

Amanlis er mellom dei eldre pæresortane i Noreg og er ein av dei som var aller mest dyrka.

Alexander Brun, Amanlis, Bergamotte, Beurre d’Anjou, Beurre d’Hardenpont, Beurre Hardy, Beurre Six, Beurre Superfin, Bonne Louise, Borgermeister, Borupspære, Brysseler pære, Cicilinpære, Charneu, Clapps Favorite, Clara Frijs, Diels Smørpære, Dobbelt Philip, Emile d’Heyst, Esperine, Eyewood, Figenpære, Flemish Beauty, Fondante d’Automne, Fullerødpære, General Tottleben, Gratiols of Jersey, Gråpære, Høstbergamott, Juli-Dechants, Julipære, Keiserinne, Keiserkrone (Bosc), Kongepære, Larsmessepære, Liegel Smørpære, Marie Louise, Moltke, Mouille Bouche, Nouveau Poiteau, Pigon Rouge, Prins Waldemar, Ravensburg (Augustpære), Rau-pære, Red 263


Fruktdyrking på Larsabruket i Måge

Sure kirsebær av sorten Fanal har vore ein produksjon på garden i tida etter tusenårsskiftet. Det er fine tre med blanke blad, og ikkje minst er trea fine om hausten. Den gamle hengeasken krev sin plass, men lyt få stå. 294


FIGUR 6. FRUKTAVLINGAR PÅ LARSABRUKET I MÅGE Fordelt på femårsperiodar

50 tonn

Sum

40 Eple 30

20

10 Pære Morellar 0

Grendene langs Sørfjorden i Hardanger er prega av fruktplantingane.

Plomme

1934– 1936– 1941– 1946– 1951– 1956– 1961– 1966– 1971– 1976– 1981– 1986– 1991– 1996– 35 40 45 50 55 60 65 70 75 80 85 90 95 00

dei lite eller ingenting. Tre av eple, pære og plomme kunne vere planta side om side, og dei mange sortane kunne vere spreidde utover garden. Dette var upraktisk med omsyn til hausting, sprøyting og anna stell av trea. Når ein sort skulle haustast, kunne det vera eitt tre oppe på heimeteigen, eitt på Utståteigen, og to i Kallhagen, som låg ein kilometer borte. Det var berre å spenne hesten for kjerra og køyre av garde for å hauste frå dei enkelte trea. Ein føremon med sortsblandinga var pollineringa, for det var alltid pollentre i nærleiken. Sidan trea var store, kunne planteavstanden vere omkring åtte gonger åtte meter, men avstanden måtte tilpassast terrenget. For kraftig veksande eplesortar på sterk grunnstamme var det ikkje plass til meir enn 12 til 15 tre per dekar. I 1934 blei det planta åtte epletre på bruket, fire Gravenstein og fire Transparente blanche. Dei var spreidde på ulike stader. Vidare blei det planta fire plommetre av sorten Rivers Early Prolific og eitt morelltre av sorten Werder. Neste år blei det planta ni aplar og seks morelltre. I 1936 blei det planta fem epletre og tre morelltre, og det blei hogge fem tre. Dersom vi reknar med at 25 dekar var tilplanta med frukttre på den tida, og at det stod 20 tre per dekar og trea levde i 50 år, så måtte det plantast ti tre årleg for å halde oppe fruktskogen. Nyplanting var ikkje noko stort arbeid og heller ikkje nokon stor kostnad. Utpå 1950- og 60-talet kom svakare grunnstammer i bruk, trea blei mindre, og avstanden mellom trea blei kortare. Det blei då vanleg å plante 295


no reisa til Stavanger og handla, der skal Gråpærona ha vore opp i kr 70 for strokken.

Frukthandel i indre Sørfjorden på 1930-talet

BREV FRÅ MOR 21. OKTOBER 1932

Om laurdag sender me berre nokre kassar herifrå. Johannes pakkar nå, Filippa er ferdig, dei er fine og fint pakka. Du fekk vel ein fin kasse Gravenstein frå Eirik. Den kassen skulle vera avdrag på bølgjepapp og silkepapir som han hev fengje, og så vil han gjerne vita kva prisen er for slike eple i Oslo. Me hev selt små og gule eple i Odda, Johannes var inn og fekk kr 9 for kassen. Dei i Johans ville senda deg noko små men fine eple på laurdag. Ho Maria Austbø reiser og kjøper heile tida. Ho tok heile partiet med Torsteinseple på Århus for kr 1,00 per kg, og enno ønska A. Århus at ho ville gjenge frå bodet, han kunde kanskje fått meir andre stader. Arnt Aga kom ikkje heim til bryllaupet på Aga, han var visst i sorg for eplesendinga som det gjekk gale med, endå folk seier at han hadde assurert godt. Om tysdag kom ein anvisning frå P. Vangsnes til Vikebygd, og på baksida var skrive: «Stor mangel på eple i byen». Om kvelden vart det sendt 270 kassar frå Nå, enno folk held på epla i lengste laget i haust. Johannes skriv 23. oktober at no er alle epla pakka bortsett frå Torstein. Det vert på lag 110 tredjedels kassar med Torstein, og dertil kjem C-sorteringa som eg må ha i halvkassar. Alle epla me har ståande no, stend seg, so me sender ikkje enno. Her står att tre kassar med store og fine Gravenstein, dei vil du vel ha no. Eg vil pakka ferdig her, og så vil eg pakka Torsteinsepla hans Lia-Johans. Og så kjem eg austover og vert med på å selja. Du må få tak i eit billeg losji for meg i Oslo. Dei i Johans sende Gravensteinen sin til Odda, så du fær ikkje noko derifrå. Hans har sendt tre halvkassar Gråpæra til deg som eg ikkje har ført opp på lista over det som er sendt. Mateple og anna kan eg ikkje få tak i, for Maria Austbø fer rundt heile fjorden og kjøper alt ho ser. Me har betalt frakta for alt som er sendt, både om Eide og Stavanger, og far let om at han har betalt mykje, så han ventar visst på at du sender han noko pengar snart nå. Eg skal gjera opp med dei her heime som har fått papir og slikt. Send heim 150 raude merkelappar og 50 blå.

BREV FRÅ MOR 7. NOVEMBER 1932

Ho Maria Austbø var her med helgi, ho øste med far at so fine eple og so fint pakka, måtte han Knut betala mykje for. Far tykkjer det 382


Fotoapparat var ikkje allemanns eige for 70 ĂĽr sidan. Men nĂĽr fruktblomstringa tok til sette alle fotografar film i apparatet.

383


Norsk frukthistorie SET T FRÅ HARDANGER

Noreg ligg langt mot nord, sommaren er kort og kjøleg, og det har skapt utfordringar for fruktbøndene både med omsyn til sortsval, fruktkvalitet og plantevernarbeid. Utviklinga av fruktdyrking som næringsveg er sentral i boka, samt vegen til å finne fram til sortar som gir stor avling av god kvalitet. Sortar som har vore dyrka i Noreg er presenterte, og Måge fortel detaljert om dyrkingsmetodar, lagring, sortering, emballasje, pakking, distribusjon, omsetningsstatistikk og fruktutstillingar. Boka er den første som samlar så detaljert kunnskap om denne delen av norsk landbrukshistorie. Finn Måge (f. 1941) kjem frå garden Måge i Ullensvang. Han er pensjonert professor i fruktdyrking frå Norges landbrukshøgskole (no Norges miljø- og biovitenskapelige universitet) og har tidlegare mellom anna vore redaktør for «Årsskrift for frukt- og bærdyrking». Måge har publisert ei rekkje fagartiklar og har tidlegare gitt ut boka «Mågesoge», historia om garden Måge.

9 7 8 8 2 7 9 5 9 2 4 3 3

Finn Måge Norsk frukthistorie Sett frå Hardanger

I denne boka fortel forfattar Finn Måge den lange historia til fruktdyrkinga i Noreg. Med utgangspunkt i Hardanger tar han for seg heile det norske fruktlandet og følgjer utviklinga fram til moderne tid.

FINN MÅGE


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.