I denne kvardagsfilosofiske dagboka møter vi ein norsk familiefar på leit, ikkje berre etter snøen, men også etter dei gylne augneblinkane gøymde i ein travel kvardag. Med ettertanke, humor og melankoli løftar Gudmund Skjeldal og Kristian Finborud fram gleda over dei små stundene, nostalgien over barndomen som forsvann, lykka over den første snøen, sorga over alt ein ikkje rekk i livet – og regnet som øydelegg skispora. Med varsam penn, skildrar skiløparen og faren korleis den norske vinteren i alle former tek tak i han og livet, dag for dag.
Begrav meg i snø er fylt med lunefullt vêr, sludd og pudder, leik i snø, tung pust og gnistrande føre, mørketid og vinterlys, alt treffande illustrert av den folkekjære kunstnaren Kristian