Kjell Magnus Økland Kjell Magnus Økland
Stødig solgangsbris fyller fjorden. Midtfjords seglar ein flokk trebåtar. Under fokke og storsegl i moderne materialar dansar båtane lett med vinden og bølgjene. Mannskapet er levande ballast som konstant trimmar og skjøter segla. Båtane glir mjukt fram i sjøen med fart og spenst over bårene. Verken farkost eller omstende er utvikla over natta.
Den levande båten
Oselvar har gjennom fleire hundre år vore nemninga på ein klinkbygd, tradisjonell båttype frå Hordaland. Båten si soge er mykje eldre og strekkjer seg fleire tusen år attende. Undervegs er båten stadig forbetra gjennom samspelet mellom mange generasjonar av både båtbyggjarar og båtbrukarar. Både for årer, segl og motor har Oselvaren alle dei kvalitetane nymotens båtbrosjyrar lovprisar: sjødyktig, trallbar, letthandterleg, turvenleg og fleksibel. Kva er soga til Oselvaren? Korleis starta det heile, og kva har skjedd undervegs?
9 788279 592440 ISBN: 978-82-7959-244-0
Den levande båten