omsett av jon fos s e
9 788279 592556
joyce
James Joyces «Dei døde» (1914) blir sett på som ei av verdas beste noveller. Forteljinga som avslutta samlinga Dubliners inneheld alt som gjer Joyce til ein feira forfattar: eit sanseleg språk, bitande ironi og ei brennande interesse for det indre livet til menneska, med dei stivna konvensjonane som ytre tvangstrøyer. Joyce ønskte å gi ei sannferdig framstilling av menneska og det samfunnet dei levde i, og samtida reagerte med sjokk på dei direkte skildringane hans av alkoholisme, urett, seksualitet og generell dårskap. At Joyce ikkje heldt noko tilbake og gav eit uforfalska bilete av menneskenaturen slik han såg den, gjer verket hans friskt og gjenkjenneleg også for dei som les han i dag.
d e i døde
ISBN 9788279592556
james
joyce
jo n fo ss e (f. 1959) kjem frå Strandebarm og er no busett i Grotten, statens æresbustad for kunstnarar. Fosse debuterte som skjønnlitterær forfattar i 1983, og har seinare gitt ut både romanar, diktsamlingar, barnebøker, essay, omsetjingar og adapsjonar. Han er ein av Noregs viktigaste forfattarar og dramatikarar og har vunne ei rekkje nasjonale og internasjonale prisar.
Ein etter ein skulle dei alle verta til skuggar.
1 914
ja mes joyc e (1882–1941) er ein av dei mest framståande og nyskapande forfattarane i det tjuande hundreåret. Joyce hadde store vanskar med å få gitt ut verka sine, men var etter kvart med på å bane veg for ein friare litteratur. Innanfor den modernistiske litteraturen er James Joyce ein av dei aller største forfattarane, mest kjent for hovudverket Ulysses (1922) og novellesamlinga Dubliners (1914).
dei døde
skalds klassikarar er ein serie av
vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.