Ein gong skulle Anders bli stjernekokk, med Michelin-stjerner og hundre timars arbeidsveke. Men før han kom så langt møtte han veggen, og la kokkeknivane på hylla. No, ti år seinare, har forfattaren, hagebonden, journalisten og småbarnsfaren funne ein heilt annan måte å kokkelera på. Saman med kamerat og fotograf Marius Knutsen har han laga denne boka der dei deler triksa som gjer kvardagen til fest.
Korleis kan ein laga god mat utan store kostnadar, evig jakt på ingrediensar og med så lite som mogleg matsvinn?
I denne boka finn du alt frå forrett til dessert. Dei festlege rettane kan lagast av kven som helst, med kvardagslege ingrediensar du kan finna i nærbutikken i kvar einaste krå av landet. Og får du litt til overs, har Anders restetips til oppskriftene. Ei saftig, rå og raus kokebok som inspirerer sjølv den mest matleie i tidsklemma.
Innbunden med kvartbind i tekstil, 21,0 x 24,2, nynorsk, 152 sider, leseband
ISBN 9788279592693
kr 399,-
I sal frå 4. september 2017