I denne boka kjem vi tett på Kåre Lerum – forretnings-mannen og det samfunnsengasjerte mennesket med eit bankande hjarte for dei svake i samfunnet.Gjennom forfattar Henning Rivedal fortel Lerum ærleg og direkte om kampen for å halda på Lerum som ei familie-bedrift med adresse i Sogndal, om personlege kampar, om livet som lokalpolitikar og visjonær samferdslepolitikar, om evna til å kombinera forretningsdrift med å driva humanitært hjelpearbeid, og ikkje minst – om kjærleiken til musikken. Til saman teiknar boka opp eit bilete av eit spennande og uvanleg rikt liv som leidde fram til at Kåre Lerum i 2005 vart kåra til Riddar 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs orden. 19,9 x 25,0 cm, 184 sider, ISBN 9788279592914, NOK 349,-