Mange meiner at Noreg er det vakraste landet i verda – hadde det ikkje vore for Island. Uansett kva årstid du vel å reise til Island, kan du oppleve den stadig skiftande og bergtakande naturen; frå dei nådelause kvite vinterstormane til den milde våren der lupinane dekkjer landet som ein blå brann. Fyllingsnes skriv fram eit fascinerande og varmt portrett av Island og islendingen, og vi kjem under huda på sider ved det islandske samfunnet som ikkje kjem fram i tradisjonelle reiseguidar. Saman med dei slåande fotografia til Harald Hognerud blir boka ein mangfaldig kulturhistorisk vegvisar til eventyrøya.
17,0 x 22,9 cm, 384 sider, ISBN 9788279593010, NOK 499,-