Gao. Ei imaginær reise frå pol til pol

Page 1

Gao OG MAGNE SKAAR ELIN
SKAAR Ei imaginær reise frå pol til pol
INNHALD Forord 4 Prolog 8 Ei imaginær reise frå pol til pol (om ein pensjonist sitt livsprosjekt) Tur 1 32 Leikanger – 7 grader aust, 61 grader nord (om ei bygd i endring) Tur 2 52 Leikanger – Byråkratiet si høgborg (om innsikt og utsikt) Tur 3 70 Balestrand – Villavegen og naturløypene (om kultur og natur) Tur 4 92 Balestrand – Esefjorden Rundt (om organisert gåing og om samferdsle) Tur 5 108 Sogndal – Fjøra og Fjordstien (om kommunesamanslåing og bygdevandring)
Tur 6 126 Luster – Ei sogneperle (om kor vakkert det kan vera) Tur 7 148 Leikanger – Henjadalen (om i- og ao-endingar og om vasskraftutbygging) Tur 8 166 Utladalen – Frå Skåri til Vetti (om generasjonsturar og om nye venskap) Tur 9 198 Øvre Årdal – Heimbygdi (om barndom og oppvekst) Tur 10 224 Leikanger – Dagsturhytta (om aldring) Epilog 42 I mål! (og om vegen vidare) Kjelder 258 Notar 262

Far min. Eg har aldri sagt ‘pappa’. Berre ‘far’. Ikkje ‘far’n min’ (austlandsk, med lett rulle-r); ikkje ‘min far’ (bergensk, med sterk skarre-r). Berre ‘far min’ (sogning, med ordentleg rulle-r).

Denne boka skal handla mest om far min. Og litt om meg i forhold til far min. Men aller mest skal boka handla om far min sitt prosjekt om å gå seg frisk. Gao-prosjektet er berre hans. Boka om dette prosjektet, derimot, er vår.

Det heile starta slik, på tur til fots i Lundene på Leikanger i midtre Sogn ein kald påskedag i 2017, for fem år sidan:

– Far, eg har tenkt på ein ting. Eg lurer på om eg skulle skriva ei bok.

– Det har eg òg.

– (overraska): Å? Kva bok då?

– Om utviklingsøkonomi.

– (enno meir overraska): Åh!

– (etter å ha lagt ut om kvifor han har lyst til å skriva ei bok som han tenkjer kan summera opp ein del av det faglege som han har sysla med i eit langt yrkesliv som sosialøkonom i inn- og utland): Kva bok hadde du tenkt på, då?

– Ei bok om gå-prosjektet ditt.

– (tydeleg interessert): Å? Om mitt gå-prosjekt?

– Ja, du har jo gått distansen frå Nordpolen til Sørpolen på ti år. Eg tenkte kanskje det kunne vera artig å skriva ei bok om gåinga di.

– (stadig meir entusiastisk): Kanskje ikkje det hadde vore nokon dum idé. Ideen var ny for far, men ikkje for meg. Å skriva ei bok om far min, saman med far min, var ein idé eg mentalt hadde leika meg med lenge. I grunnen heilt sidan far min vart operert for magekreft i 2005; eit par år før han skulle pensjonera seg (altså lenge før eg las Linn Ullmann si bok De Urolige). Men så vart pensjonsalderen heilt annleis enn det han hadde tenkt seg. Frå å vera ein sprek idrettsmann i sine unge dagar, til gradvis å bli ein middelaldrande mann med relativt god helse, stor mage og godt humør, vart far brått sjukehuspasient. Fyrst magekreft og nesten-død. 2005. Hjarteinfarkt. Sist, hjerneslag, 2015. Og ei rekke andre plager innimellom. Inn og ut av sjukehus. Eg hadde mist oversikta over kor mange inn-og-ut. Men det verste var då far braut ankelen etter eit fall på badegolvet

4 FORORD

heime og ikkje kunne gå på fleire månader, ein gong midt i perioden mellom kreft og hjerneslag. Det var fyrste gongen han verkeleg vart nedfor. Ikkje fordi ankelbrot på nokon måte er verre enn kreft, men rett og slett fordi han ikkje kunne gjennom føra gå-programmet sitt. Det var då det gjekk opp for meg kor enormt viktig gåinga var for far min. Og det er det denne boka primært skal handla om: det å gå seg frisk. Etter at far min vart sjuk for fyrste gong for no snart tjue år sidan og fekk stabla seg på beina att, bestemte han seg for éin ting: Han skulle bli frisk. Og det skulle han bli ved å gå. Han sette seg daglege mål. Som nyoperert kunne han ikkje gå så langt. Men etter kvart som helsa tok seg opp att, la han seg på ei linje der målet var fem km per dag. Uansett årstid. Uansett vêr og vind. Uansett kvar han var i verda. Han bestemte seg like godt for å gå distansen frå Nordpolen til Sørpolen – eller ein halv gong rundt jorda. Den tidlegare sosialøkonomen rekna ut kor mange kilo meter han måtte gå per dag, 365 dagar i året, for å nå dette målet i løpet av ti år. Ti årsplanen vart lagd, nøyaktig loggført, og gjennomført. Han nådde Nordpolen i 2015. Dei einaste gongene far har teke ein pause frå dei daglege gåturane sine, er når han har vore innlagd på sjukehus eller vore for skral til å gå. Som når han har gått på krykker eller sete med gipsa fot. Broten fot? No excuse, sir! Då må ein berre gå dobbelt så langt når ein har kasta krykkene eller fått av gipsen. Så trass i diverse ufriviljuge pausar opp gjennom åra, vart planen gjennomført. Aldri i jogge- eller springefart. Berre i gå-fart. Far er no over 80, men han går framleis, i jamt, jamt tempo. Eg er overtydd om at desse daglege gå-turane er det som har redda han gjennom alle helsekneikane. Dei er hovudgrunnen til at han framleis er i live – og i tillegg nokså lett på foten.

Det er desse gåturane eg skriv om, i dialog med far min. Eg var nyfiken på kvi for dei har vore så viktige for han. Kva han har gått og tenkt på når han har rusla rundt åleine i skog og mark, ved fjord og på fjell. Oppveksten sin og gutedagane i Øvre Årdal? Alle åra han jobba i det austlege og sørlege Afrika med utviklingsøkonomi? Reisedøgna han hadde rundt omkring i fylket vårt som næringslivssjef og direktør for utviklingsarbeid i Sogn og Fjordane fylkeskommune? Eller har han konsentrert seg om augneblinken? Det han har sett på medan han går med nasen festa i lyngen, eller når han løfter blikket mot fjella rundt. Kva har alle desse turane i naturen gjort med energien hans. Med humøret. Med meininga til livet. Med livskrafta.

For å prøva å finna fram til kjernen i Gao-prosjektet til far, har han valt ut ti turar i indre og midtre Sogn som han ville gå med meg. Ein tur for kvart av dei åra

5

Prolog

Ei imaginær reise frå pol til pol (om ein pensjonist sitt livsprosjekt)

NORDPOLEN (DES 2015)

Leikanger, 7º aust, 61º nord

Constantine

Emden Port Harcourt Luanda

Cape Town

SYDPOLEN (JULI 2014)

År 10 År 0 År 1 År 4

År 5 År 8

Det er i skrivande stund 14 år sidan far min vart send i ambulanse med blinkande blålys til fylkessjukehuset i Lærdal for å bli hasteoperert for kreft. Han overlevde operasjonen og bestemte seg for å gå seg frisk. Sidan det har han gått. Gått og gått. Og gått. Uansett når eg ringer foreldra mine, er det alltid mor som tek tele fonen. Viss eg spør etter far, er svaret nesten alltid det same: Han er på tur; han skal akkurat til å gå på tur; han er akkurat kommen inn att frå ein tur. Når far kjem på besøk til meg i Bergen, kan han godt parkera bilen, seia kjapt hei, skifta på seg turskoa og informera om at han er tilbake om ein time eller to. Så går han. Eg har jo ikkje unngått å legga merke til at turgåing har vore like viktig for han som alkohol eller mobilbruk kan vera for andre. Ein slags dop, rett og slett. Frå sidelinja har eg observert at far går, uansett vêr og vind, og uansett kor frisk eller dårleg han måtte kjenna seg. Han MÅ berre ut og gå. Uansett. Kvifor? Ein dag tek eg spørsmålet på alvor.

Far og eg sit i stova i barndomsheimen min på Røysafeltet på Leikanger. Det er ein iskald og grå vinterdag tidleg i 2018, og me har panoramautsikt over Sogne fjorden. For nesten eitt år sidan hadde me bestemt oss for å skriva bok i lag. Ei bok om far og gao-prosjektet hans. (Eller gå-prosjektet, for dei som ikkje er kjende med sognedialekta.) Me er samde om at viss me skal skriva bok, må me gå grun dig til verks. Eg er trass alt forskar. Han er trass alt (pensjonert) økonom med lang fartstid i fylkeskommunen og med erfaringar som utviklingsøkonom i Afrika. Me har utstyrt oss med atlas, kalkulator og kaffikoppar. Og ein stabel med far sine tettskrivne almanakkar. Det skal bli ei reise i tid, geografi, historie, og mykje meir. Det fyrste spørsmålet mitt er opplagt: Kvifor byrja han eigentleg å gå? Eg har alltid trudd at det var kreften som skremde han ut i naturen, men vil gjerne høyra det frå far sjølv om korleis han kom på gao-ideen. Far må tenkja seg litt om før han prøver å rekonstruera starten på det som er vorte ein integrert del av livet hans. – Eg var på tampen av det yrkesaktive livet mitt då eg blei operert for kreft. Eg var berre 64 den gongen, men hadde faktisk – ei stund før eg fekk kreft – tenkt å pensjonera meg året etterpå. Eg hadde då hatt leiande stillingar i mange tiår, hatt eit hektisk reiseliv rundt om kring i heile Sogn og Fjordane fylke, og tenkte at det kunne vera på tide å roa ned og heller ha nokre gode år som pensjonist. Men fordi fylkeskommunen var midt inne i ein omorganiseringsprosess, vart eg bedd om

9

å sitte eitt ekstra år. Eg gjekk difor formelt ikkje av med pensjon før eg var 66, i 2006. I mellomtida hadde eg altså fått kreft. Det hadde sjølvsagt ikkje inngått i planen min.

Vart du ikkje veldig redd? spør eg. Men far var ikkje redd. Han var pragmatisk.

– Det store spørsmålet eg vart sittande med etter den dramatiske, men vellukka operasjonen, var kva eg burde gjera for å få eit godt og langt liv som pensjonist. Litt overvektig som eg var den gongen, fann eg ut at eg måtte prøva å endra livs stilen min i retning av meir fysisk aktivitet. Og då var det mest naturleg for meg å satsa på gåing. Alternativet ville jo vore å trena innandørs. Eg hadde drive ein del med gymnastikk i salar og hallar då eg var gutunge, men utelivet var likevel det store for meg i oppveksten. Eg har ikkje akkurat klaustrofobi, men å glo i veggen freista meg lite. Så eg byrja rett og slett å gå. Kvar dag.

Blei ikkje det litt kjedeleg då, lurer eg på, dette å berre gå, dag etter dag?

– Jau, eg merka jo at motivasjonen min byrja å dabba av etter kvart. Så, for å halda iveren oppe, byrja eg å tenkja i litt lengre baner. Kva om eg gjekk nokre få kilometer kvar dag; kor mange kilometer måtte eg då gå for å oppnå eit resultat eg kunne vedkjenna meg?

Konkurranseinstinktet til far hadde altså vorte vekt. Kva var eit «akseptabelt» resul tat i denne samanhengen?

– Frå fyrste dag hadde eg registrert i almanakken min kor mange kilometer eg hadde gått og kor mange høgdemeter eg hadde tilbakelagt. Etter kvart melde behovet seg for å gje gåinga ei slags meining utover gleda ved å gå. Eg var på jakt etter eit prosjekt. På ettervinteren det fyrste året med dagleg gåing, altså i 2006, fekk eg ideen om å legga dagsturane mine etter kvarandre på ei linje, men kva slags linje kunne no det vera? Kanskje boka Jorda rundt på 80 dagar, av Jules Ver ne, som eg las i tiårsalderen, svirra rundt i bakhovudet mitt og førte meg til atlaset og globusen.

Eg òg slukte jo Jorda rundt på 80 dagar ein eller annan gong då eg var lita, slik som sikkert dei fleste andre i min generasjon. Så vidt eg hugsar, var målet her å komma seg rundt ekvator. Var det det far fyrst hadde tenkt?

– Som du veit, Elin, har eg alltid hatt mange tal oppe i hovudet mitt. Dei fles te er omtrentlege, som at det bur godt fem millionar menneske i Noreg og vel 100 000 i Sogn og Fjordane. Men eitt konkret tal har festa seg, heilt sidan eg var ganske liten, og det er at omkrinsen på jorda rundt ekvator er 40 000 kilometer. Så eg fabulerte litt rundt dette talet, og kom på at gjennomsnittleg køyrelengd for

10

personbilar i Noreg er om lag 13 000 km årleg. Viss eg skulle prøva å komma meg rundt jorda i bil langs ekvator med eit slikt køyremønster, ville det ta tre heile år. Tre år med bilkøyring kjendest svært lenge, og ein tur frå Nordpolen til Sørpolen freista brått meir – ei elegant vriding for å halvera distansen! Det store spørsmålet var kor langt eg måtte gå kvar dag og over kor lang tid for å komma meg frå pol til pol. Etter litt att og fram festa eg meg ved eit tiårs prosjekt som ville bety at eg kvart år måtte gå 2000 km, altså tiandeparten av avstanden mellom polane. Ved å deretter dela 2000 km på 356 dagar, fann eg ut at eg i snitt måtte gå 5,5 km kvar dag. Ein slik avstand for dagen var ikkje meir skremmande enn at eg bestemte meg for eit slikt opplegg. Resonnementet er typisk far. Leika seg med omtrentlege tal, og så landa på ein konklusjon. Ideen med pol-til-pol hadde han altså komme på i 2005. Men var det ikkje litt skummelt å setta i gang med eit ti-års prosjekt, teke i betraktning av kor gammal du var allereie då du bestemte deg for dette? undrar eg.

– Eg må vedgå at tanken slo meg, at ti år er frykteleg lenge, ja faktisk meir enn halvdelen av forventa levetid for meg den gongen. Eg var over 65 år då tur programmet mitt tok til. Men eg tenkte at sidan gåing i seg sjølv er livsforlengande, ville antakeleg mi forventa levetid auka. Men same kor ein vrir og vender på det, så er ti år ein svært lang periode så seint i livet. Eg må seia eg kjende meg ganske letta då eg kom på ideen med å fastlegga ein start og slutt på gåinga mi. Då kunne eg nemleg i tillegg til hovudmålet, altså å gå frå pol til pol, registrera stadene langs gå-ruta mi og innkassera små sigrar når dei vart passerte. Dette målog delmål-opplegget mitt var truleg den viktigaste drivkrafta eller motivasjonen i gå-prosjektet mitt. I tillegg tenkte eg at fiksjonen om ein gåtur mellom polane også ville bli ei vandring i historia og geografien, og såleis ei utviding av prosjektet mitt i retning det mentale. Bak det heile låg ganske enkelt håpet om at gåinga ville gje meg eit betre og lengre liv.

Det har det definitivt gjort, tenkjer eg, og ser bort på far min, som no er 77, men som på mange måtar ser friskare og sprekare ut enn då han gjekk av med pen sjon. Han er tunnare, meir senete, har god farge i andletet etter alt utelivet. Håret

11

Tur 1 Leikanger

– 7 grader aust, 61 grader nord

(om ei bygd i endring)

Far framfor huset sitt på Røysafeltet, Leikanger, mars 2018.

32

Leikanger, påska 2018

Sognefjorden blenkjer sølv i vinterkulda. Det er mars, men kaldare enn det plar vera på denne årstida. Nede i minus 6–8 om natta. Nok ein ny klimaendrings rekord? Kald vind, men strålande sol.

Eg er heime hjå foreldra mine på Leikanger i midtre Sogn på påskeferie saman med Torstein, guten min på 11. Far og eg skal jobba med boka vår. Me har alle vore på Palmerevyen og sett Besten opptre saman med Leikanger Mannskor, som han har sunge i sidan me flytte til Leikanger på byrjinga av 1970-talet. Eg såg Palme revyen kvar påske i oppveksten. Dei siste åra har det vorte sjeldnare. Men det er framleis gøy. Far som var blant dei yngste då han byrja å synga i Mannskoret, er no blant gamlekaradn å rekna. No er han faktisk vorten den aller eldste. Ting er i endring. Det er òg bygda vår.

Far og eg gjer oss klare for vår aller fyrste offisielle tur i samband med denne boka; ein av turane han har gått aller oftast. Torstein vert overtalt til å bli med. Han er ikkje akkurat super-entusiastisk, men har teke imot oppdraget som notat-takar. På mobilen sin. Slik at far og eg kan rekonstruera samtalen vår under turen når me er komne inn att. Me startar ved huset vårt på Røysafeltet; eit byggefelt som vart utvikla på 1970-talet. Før husbankhusa kom opp, var det opne, grønkledde bøar med masse blomar og drøvtyggande, late sauer her. No er adressa Sjurli 2. Dette namnet er av nyare dato; det fanst ikkje eit einaste gatenamn i bygda så len ge eg budde heime. Til felles med dei fleste andre småkommunar rundt omkring i dette langstrekte landet, hadde bygda vår berre postadresse. Leikanger kommu ne hadde forresten frå gammalt av to postadresser, fordi det den gongen var to hovudsenter med kvart sitt postkontor: 5840 Hermansverk og 5842 Leikanger. No er postkontora nedlagde, slik som dei aller fleste postkontor i Noreg etter at folk flest gjekk over frå å skriva brev til å senda e-postar eller snappar eller fjestid. Etter kvart som brevmengda tok av, tok butikkane over posttenesta. Staten meinte det ikkje lenger løna seg å driva dei rundt 3500 postkontora som ein gong fanst. Målet var å redusera talet til 30.3 Med nedlegging av postkontor og butikkar og bensin stasjon på Leikanger – også kalla Hanehaug etter gammalt – slo ein like godt saman heile smørja og gav det eit flunkande nytt postnummer: 6863 Leikanger. Kommunen vår er i stadig endring. Det er ikkje berre postnummeret som er nytt; heile kommunen har endra seg også geografisk dei siste 40 åra. Leikanger

33

Tur 3

Balestrand – Villavegen og naturløypene (om kultur og natur)

70
Blomsterprakta i hagen til Villa Normann.

Balestrand, 3. mai 2018

Me er i sommarhuset til mor og far i Balestrand. Den tredje turen vår skal starta her, i tunet på ‘Lille Askelund’, eigedommen som foreldra til mor mi kjøpte då dei flytte til Balestrand frå Årdal ein gong på tidleg 1930-talet. Huset, som ligg i det som no vert kalla «Villavegen», er bygd i jugendstil, stod ferdig i 1910 og har fri utsikt over den midtre delen av Sognefjorden. Det budde folk på denne eigedommen lenge før dette huset vart bygd. Kanskje for tusen år sidan. Ein gong for mange år sidan, lenge før eg var fødd, gjorde bestefar min eit vikingfunn i hagen då han skulle planta eit epletre. Vikingfunnet vart sendt til Bergen og enda opp på Kulturhistorisk museum. Denne eigedommen, som var eit lite småbruk då eg voks opp, hadde inntil for nokre få år sidan to viktige landemerke som ein kunne sjå frå fjordsida når ein kom med ekspressbåten frå Bergen og nærma seg kaien i Balestrand: ein enorm todelt tuja og eit svært grantre. Grantreet, som var det høgste treet i Balestrand, måtte ned etter ein serie med hauststormar då ein var redd for at treet kunne velta. Den flotte, doble tujaen måtte til pers av same grunn nokre år tidlegare. Viss han hadde delt seg heilt ned til rota og velta, ville han glatt ha smadra hovudhuset. No er det ope og god utsikt i alle retningar frå alle delar av eigedommen. Bak huset ligg dei mektige Balestrandsfjella. Fjorden, som ligg eit steinkast frå huset, opnar seg vid og brei framfor oss. Eg vert aldri lei av å sjå på denne utsikta. Balestrand står øvst på lista mi over favorittplassar i verda. Her har eg vore nesten alle mine levde somrar. Far er her sommarhalvåret med mor mi og putlar på i hagen når han ikkje går på tur. I dag vil far ta meg med på ein av dei turane han har gått flest gonger i løpet av dei ti åra han har halde på med gao-prosjektet sitt.

– Kor ofte har du gått den turen me skal gå i dag?

– Dersom eg reknar alle gongene eg har gått i denne lia, vil det sikkert vera rundt tusen i løpet av tiårsperioden. Då reknar eg med alle variantar av denne ruta, same kva slags retning eg har gått i og kva slags inngangs- og utgangspunkt eg har brukt.

Med «lia» meiner far naturløypene som går på kryss og tvers og langs i skogen bak oss, ved foten av Balestrandsfjella. Han har altså gått ein variant av denne turen ca. tusen gonger. Når far seier «ca. tusen gonger», så meiner han faktisk ca. tusen gonger. Det er ikkje som når ungane seier «hundre tusen millionar» og

71

er ein stor hjortekommune. Og ikkje minst når du kjem oppover i Nordfjord. Aller mest hjort finn du på stader som Bremanger og Stryn. Når det gjeld felling, så vert dette estimert ut frå bestanden i kvart fylke. Ein skyt om lag vel 10 000 hjortar kvart år berre i Sogn og Fjordane. Kvar kommune får innvilga eit visst tal. Det skal ikkje vera for mange og heller ikkje for få. Det er eit slags kvotesystem. I Balestrand vert det kanskje skote 500 hjortar i året. Og så døyr det rundt 500 i trafikken, berre i fylket vårt. Likevel har eg altså aldri sett ein hjort, sjølv om eg har gått her tusen gonger!

Skuffelsen i røysta til far min er tydeleg. Men han har sett fuglar. Mange fuglar. Mest småfuglar. Men også nøtteskrike og hakkespett. Dei er det riktig mange av, både i Balestrand og på Leikanger. Men mest ser han tjeld og måsar nedmed fjorden. Ei og anna erle. Meiser og gråsporv. Dei vanlege. «Ugler, då?» lurer eg. «Neeeei», dreg han. Det kan jo vera fordi han mest går på tur om dagen. Turane til far startar nesten alltid ei lita stund etter frukost, slik i 10–11-tida. Kanskje han hadde sett hjort og ugler viss han hadde vandra meir nattetid, eller tidleg morgon. Dette er faktisk ein av dei tinga far angrar på: at han ikkje har komme seg ut tid legare på tur og sett verda vakna til live på morgonkvisten. Særleg om sommaren. Ein annan ting han småangrar på, er at han ikkje har teke seg tid til å setta seg ned og høyra meir på fuglane. Då ville han nok sett mange fleire.

Men som far min seier, han har vore mest oppteken av å gå. Gjennomføra. Komma i mål. Skriva inn i almanakken sin kor langt han har gått den dagen. Enno seks km nærare målet: Sørpolen – eller Nordpolen. Men det nyttar ikkje å angra på ti år med målretta gåing. Ein får heller freista å løfta blikket litt oftare på neste tur. Kanskje allereie på denne turen?

Me passerer stiane som går ned til Granlia, ein nedlagd heim for psykisk utviklingshemma, og til eit byggefelt nedanfor. Bygningane på Granlia står tom me etter HVPU-reforma, og det er godt med parkeringsplassar utanfor, for dei som har bil og er interesserte i å starta turen sin her. Like etterpå kjem me til brua over Sandegrovi. Brua er forseggjord i lokale materialar og er omkransa av høge graner. Me held fram gjennom granskogen og kjem fram til oppsida av garden Fjærestad. Eit lite kunststykke av ein trebenk ligg på ei lita hylle under eit stort grantre på oppsida av stien. Benken er ikkje så lett å sjå frå stien, så der er det oftast plass til å ta ein rast. I haust har mauren okkupert benken i form av ei maurtue under benken, som har vakse seg så stor at delar av sitteplassen er fylt av toppen av tua.

82
83
Frå natur- og kulturløypene i Balestrand.

Tur 5 Sogndal

– Fjøra og Fjordstien

(om kommunesamanslåing og bygdevandring)

108
Mot Aaberge, Sogndal.

Sogndal, 23. juli 2018

Ein nokså varm, men delvis overskya julidag. Etter at dei siste sommargjestene tok ettermiddagsbåten frå Balestrand tilbake til Bergen i går, har far, mor og eg teke turen til Leikanger. Mor skal sylta bringebær. Far og eg skal gå tur. Sommarvêret har vore fantastisk! 2018 kjem til å gå ned i boka som den varmaste, turraste og lengste sommaren i manns minne. Det har vore oppe i 30 varmegrader – varmare enn Hellas. Men akkurat i dag er det overskya. Perfekt turvêr, med andre ord. Far sitt yndlingsvêr. Sogndal, som ligg om lag to og ei halv mil innover Sognefjorden, er målet. Far har vondt i den eine foten, så eg tilbyr meg å køyra. Men det er hans bil, og han er sjåfør. Etter litt att og fram vert avtalen at eg køyrer inn til Sogndal, far køyrer heim att. Kompromiss. Me fylgjer hovudvegen innover langs Sognefjorden frå Hermansverk til Sogndal på godt under halvtimen. Lite trafikk, sjølv om det er midt i fellesferien. Då me passerer Slinde, ser me over fjorden til Fimreite, der det store slaget i 1184 stod, om kven som skulle bli konge i Noreg. Like etter passerer me Ølmheim. Eg legg merke til at det er vorte breiare veg, ny gangveg. Kosta rundt 70 millionar, melder far, men dei få ungane som bur der, har heldigvis fått ein tryggare skuleveg. Stan darden på vegen har vorte forbetra i rykk og napp. Dei viktigaste tiltaka for å laga ein sikrare veg er dei to tunellane gjennom Fatlaberget og Stedjeberget. Det tjuknar til litt med bilar då me kjem inn i Sogndal sentrum, men det er ikkje mykje trafikantar der heller. Heller ikkje utanfor kjøpesenteret, men far in sisterer likevel på å parkera inne i garasjen. Det er det han plar. Dessutan er foten hans framleis vond etter to månader med verking, så me stoppar på apoteket for å hamstra litt varmesalve som skal hjelpa på den betente leggmuskelen. Det starta med ein betennelse i akillessenene, som gradvis spreidde seg oppover i leggen. Slike betennelsar oppstår visst til tider utan forvarsel. Lite å gjera med saka, seier fastlegen hans, bortsett frå å unngå å gå – særleg i bratte bakkar. Det har vore tøft for far å avstå frå dei daglege turane sine. Han er veldig ivrig på å komma i gang att. Dei siste par vekene har han prøvegått nokre småturar i kulturløypa i Bale strand, der underlaget er mjukt og stigninga nesten umerkeleg. No føler han seg klar for ein litt lengre tur.

Me startar friskt med ein bratt oppoverbakke. Opp vegen bak kjøpesenteret, opp det som heiter Leite. Pussig, for det er Leite på Leikanger òg – der me fyrst

109

det var synfaring på det nye bygget. Like ved, nær elva, ligg det som ser ut som eit flunkande nytt bygg, men som er Lærum sin gamle saftfabrikk i ny ham. Også det ein del av Høgskulen i Sogn og Fjordane. Sogndalselva renn friskt nedover på høgre hand. Vasstraumane i denne elva er ikkje tøyla enno. Enn så lenge. Me passerer elva på ei ny, estetisk vakker bru og kjem til ei gammal mølle som har nytta vasskraft i si tid. Det er bygd stiar heilt nede langs elva, så fotgjengarar og laksefiskarar er tydeleg prioriterte innimellom nye vegkryss og studentbustader i muntre fargar. Enno ei rekke med frukttre kjem til syne. Dei bognar med eple etter den solrike sommaren – mykje meir frukt enn normalt og fleire veker tidlegare modent enn normalt. Brua med bussterminalen på venstre hand før me kryssar hovudvegen som går inn til Sogndal sentrum, er noko av det som ser ut om lag slik som eg hugsar det frå tida mi på vidaregåande. Sogndal Hotell (dvs. Hotel med ein l, som det no så fint heiter), derimot, er under utbygging. Me kan ikkje gå gjennom hotellhagen som planlagt. Ein ny restaurant med svære glasvegger prydar framsida. Så no er det ikkje berre éin restaurant på hotellet, men to – OG bar. Musikken dundrar ut blant parkerte toetasjes turistbussar. Eit svært anneks på baksida er i ferd med å veksa fram mellom gravemaskiner og jordhaugar. Ikkje så sjarmerande, men det vert sikkert fint når det står ferdig. Det er heldigvis noko fint far vil visa meg: Fjordstien. Det er det som er målet for dagen. Også ukjent terreng for meg, for denne er av nyare dato. Siste biten held faktisk på å bli bygd akkurat no. Vanlegvis ville me gått gjennom hotellhagen for å komma ned til Fjordstien, seier far, men pga. ombyggingar må me gå på baksida av hotellet. Når me kjem oss gjennom byggeområdet, er me inne i gamle Sogndal igjen. Smal veg snirklar seg gjennom gammal trehusbusetnad. Så fint dei ikkje har rive desse gamle trehusa i alle fall, tenkjer eg der eg traskar bak far. Han er alltid eit hakk framfor meg, for eg må stadig stoppa for å kika på eit fint hus eller ein fin hage, eller ta eit bilete frå ein interessant vinkel.

– No må du sjå til å komma, kjem det litt irritert frå far. Det er ikkje fyrste gon gen eg høyrer dette når me er på tur. Vanlegvis er det mor han ventar på; no er det meg. Endeleg kjem me ned til fjorden. Der er det bygd ein liten park med benker og store steinar. På hi sida av Sogndalselva ligg slakteriet. For å komma dit måtte me ha gått opp langs elva, gjennom hotellhagen og vidare over brua me kryssa for ei kort stund sidan. Men det gjorde me altså ikkje.

– Vil ikkje det bli problem med at Fjordstien går rett forbi hotellet med den store utbygginga som no er på gang?

120
121
Frå Fjordstien i Sogndal.

Luster – ei sogneperle

(om kor vakkert det kan vera)

126
Solvorn. Tur 6

Luster, 25. juli 2018

Det er midt på sommaren. Me skal til Luster. Far har vore utolmodig i fleire veker etter å gå denne turen. Me har mellombels forlate sommarhuset vårt i Balestrand, der me har vore i lag dei par siste vekene, og lagt turen til Leikanger. Far og eg had de bestemt oss for å komma oss av garde rimeleg tidleg etter frukost, slik i titida. Sat i bilen halv elleve. Far foreslo at i tillegg til å ‘berre’ gå turen i Solvorn – som var hovudformålet vårt denne dagen – kunne me kanskje køyra inn til Skjolden fyrst, for at eg eg skulle få med meg meir av Luster – eit nokså ukjent terreng for meg. Far ville gjerne at dette bokkapittelet skulle handla like mykje om Luster kommune som berre om Solvorn. Eg var sjølvsagt med på det. Kunne gjerne for saka Mamma Mia II, som eg hadde tenkt å sjå på bygdekinoen i Balestrand same kveld, til fordel for ei omvising i Luster.

Før me sette oss i bilen som stod parkert utanfor den gamle grå garasjen deira på Røysa – eg med velutstyrt sekk, far med ingen ting bortsett frå solbriller i til felle det skulle bli sol – avtalte me at far skulle køyra inn og eg tilbake frå Solvorn. Dette fordi far hadde lyst til at eg skulle fylgja best mogleg med på alt han planla å fortelja meg medan han køyrde. Fair enough. Dette gav meg også høve til å notera i den vesle oransje boka mi ting han fortalde medan han køyrde. Eg noterte flittig til me kom inn til Skjolden. Etter det gav eg opp, høyrde i staden for berre godt etter og såg ut av glaset heile tida. Det var så mykje å festa augo på.

Køyreturen langs fjorden innover mot Sogndal – der me hadde gått på tur berre to dagar tidlegare – starta i for meg kjende omgjevnader. Ikkje ein strålande dag, enno, for det hadde regna om natta og var stadig litt overskya då me sette oss i bilen. Vel inne i Sogndal sentrum bad eg om me ikkje kunne køyra over den nye Loftesnesbrua før me sette nasen mot Skjolden. Dette var ikkje far imot, for han tykkjer brua er kjempefin. Me kommenterte konstruksjonen, sykkelstien fram til brua, den nye Fjordstien som forsvann under brua (som me vandra på hin dagen). Sjølve brua, som var bygd i Polen, kunne far opplysa (alt han veit!), minte meg litt om Atlanterhavsbrua. Ikkje akkurat like boga, men likevel mjuk i formasjonen og elegant i konstruksjonen.

Etter å ha køyrt over Loftesnesbrua tek me ein U-sving og køyrer tilbake over brua att. Me svingar så til høgre og køyrer innover mot Skjolden langs den glitrande Barsnesfjorden. Passerer Kvam på venstre og Barsnes på høgre hand,

127

Ei heilnorsk kyrkje med lange tradisjonar. Nydeleg utsikt over fjell og fjord frå kyrkjevangen utanfor, stille omkransa av ein gammal steinmur. Eg er nøgd med kulturopplevinga, men har ikkje komme meg vel utanfor steinmuren før eg ser far fresa inn på den einaste ledige parkeringsplassen utanfor den vesle kafeen der billettluka er. «No må du sjå til å komma!» er den klare beskjeden eg får. «Hopp inn i bilen!» Eg ymtar frampå om at me har tid til ein lokalprodusert is på den vesle kafeen. Eg spanderer? Uaktuelt. Her er det berre til å komma seg ned att til kaien for å rekka ferja. Om eg veit kva klokka er?? Det veit eg sjølvsagt. Men eg er for klok til å seia det. Me endar opp med å stå på Ornes ferjekai ein halvtime. Utan is. Dama på kaien sel også is frå ei lita brakke, men ho tek berre imot kontantar, og det har me ikkje med oss. Far er heldigvis blid att då ferja legg til kai. Godt ingen av oss er langsinte. Visst kan me flerra opp, begge to, men me roar oss som regel fort ned att.

Det er plass til fem bilar på ferja. Nok ein gong er eg glad for at far er sjåfør og ikkje eg. Han rygger nennsamt inn den smale traseen ved å nytta speglane flittig. Eg er imponert. Dette ville eg aldri greidd, om eg så hadde fått ein million. Enno meir imponert vert eg når den siste bilen vert klemd inn på ferja: Ein svær bubil med tyske skilt vert rygga om bord med, bokstavleg talt, millimeterklaring til både ferjevegg og døra på nabobilen. Pulsen går ned. Fin overfart med mykje vind i håret. Solvorn, det eigentlege målet for dagen, og der me skal gå Turen vår, openberrar seg. Kjem nærare. Ein fin plass, det kan eg sjå alt frå sjøsida. Eg går i land, far køyrer. Han har åtvara om at det er mange turistar og få parkeringsplas sar i Solvorn. Men me har flaks. Det lir alt så langt på dag at dei fleste turistar har drege heim til der dei held til.

Eg har aldri sett mine bein i Solvorn før. Tenk det. Fullblods sogning som aldri har vore i Solvorn. Du då, far? Far har vore her mange gonger. Fyrst jamleg i arbeidssamanheng, då han farta fjord og strand rundt fleire gonger i veka. Seinare har han og mor reist hit på gebursdagen til mor i byrjinga av juni. Dagstur, med ein tur innom hotell og galleri. Far er tydeleg stolt over å visa meg fyrste stopp på vandreturen vår: Walaker Hotell. Dette er det eldste hotellet i Noreg. Det er over 370 år gammalt, og har vore i familien Nitter si eige sidan 1690. Det er visst niande og tiande generasjon Nitter som driv det no.50 Me ser inn på ein vakker, gammal trebygning i ein bognande hage. Ro. Fred. Flotte stover. Gamle møblar, nydeleg dekte til middag i matsalen med kvite, stiva dukar og rekker med blank pussa glas. Eg forstår straks kvifor så mange – inkludert dei kongelege – tykkjer

140
141
Walaker Hotell og naustrekka i Solvorn.

Tur 8 Utladalen

(om generasjonsturar og om nye venskap)

166
Utladalen Naturhus.

Enno litt lengre framme i Utladalen kjem me til parkeringsplassen på Hjelle. Nesten full. Det må vera mange i dalen, kommenterer far. Det viser seg å stemma. Med éin gong me stig ut av bilen, høyrer me Hjellefossen. Oppe til høgre brusar denne fyrste av tre fossar me skal passera i dag, nedover den grønkledde fjellsida. På denne tida av året er ikkje fossane så svære som dei er i snøsmeltinga i mai–juni. Om våren kan gòvet stå over vegen og gjera forbipasserande suppeblau te. Likevel; etter ein våt august er Hjellefossen langt frå u-imponerande. Naturen kryp liksom inn i kroppane våre når me kryssar den fyrste brua og trakkar den korte, svingete asfaltvegen opp til Hjelle gard. Mørke trehus i ein hage med eple tunge tre ligg på ein terrasse med panoramautsikt til fossen. Her måtte dei nok passa godt på ungane sine i gamle dagar, tenkjer eg. Historier om folk som har dotte ut i fossen, eller gått i fossen, er ikkje uvanlege. Heller ikkje i vår familie. Like forbi Hjelle passerer me Skårabrui. Denne nye Skårabrui vart bygd, likt med dei andre bruene innover i dalen, i samband med den nye «Folkevegen» inn til Vetti, og stod ferdig seinast i 1977. Me er ved inngangen til Vest-Jotunheimen. Utladalen landskapsvernområde startar der Skårabrui endar. Her ligg Skåri. Det er her far min og eg har namnet vårt frå, sjølv om me skriv Skaar, med to a-ar. Her er bestefar min frå; far til far. Skåri var eit lite bruk skilt ut frå storgarden Hestetun i Øvre Årdal, gardsnum mer 16, og fekk bruksnummer 4. Det var ikkje rare kåri under Skåri. Men det var små plassar over alt den gongen, og armoda var nokså jamt fordelt på slutten av det førre hundreåret. Oldemor mi, Malene, fødd i 1868, miste fyrste mannen sin i ei løypestrengulukke. Strengen rauk, mannen blei slått utfor berget i Skåra bergi; eit grått, truande fjellmassiv front i front med Skåri. Med fyrste mannen sin, Olav Håkonson Hovland Skåri, hadde oldemor mi fire born. Fyrst Ola (fødd 1896) og Brita (fødd 1897). Den tredje, Håkon (fødd 1899), datt på elva Utla, drukna i Skårahølen og vart berre to år gammal. Den fjerde, fødd året etter, i 1902, fekk også namnet Håkon etter den avdøde bror sin. Same året som Håkon var fødd, vart Malene brått enke. Ho sat att åleine med tre små, farlause barn, den yngste berre eit lite spedbarn. Som så mange enker og enkemenn gjorde den gongen for å få kvardagen og økonomien til å gå rundt, gifte Malene seg opp att på Skåri. Med andre mannen sin, Nils Olson Lægreid Skår, fekk ho to born til: Anna (fødd 1905), og til slutt bestefar min, Oskar, fødd åtte år seinare, i 1913. Men ulukka fylgde Malene og familien. Den andre ektemannen, altså oldefar min under Skåri, døyd de tidleg av kreft og etterlét Malene som enke for andre gong. Bestefar min, den

173
190
Gamle Garden på Vetti i Utladalen. Far og Gro i husveggen på Vetti Gard.

for nesten tusen år sidan, men at garden vart liggande aude etter svartedauden.74 Her er det far og eg er på veg.

Det er fleire hus. Framfor dei raudmåla bygningane ligg det tre grå, umåla gamle bygningar. Når me rundar svingen opp til garden, går me forbi breisida til nok ein lang, grå, umåla bygning. Låve eller fjøs? Denne har ein nokså spesiell konstruksjon. Han er bygd oppå ein høg, lang steinmur. I staden for ein van leg yttervegg i tre er det noko som frå vegen ser ut som ein lang svalgang laga av hesjestaur, som går langs heile bygget. Eit lite, tårnliknande trebygg midt på bygningen. Og blekktak, som må vera av nyare dato. Ingen vindauge. Merkeleg bygg. Bak hovudhusa, usynleg frå vegen, ligg eit gammalt stabbur og vaglar oppå ein steinmur. Mellom hovudhusa til venstre og stabburet til høgre går det ein fin hellegang.

Det er ikkje gardsdrift her lenger, men kafé driv dei framleis om sommaren. Og overnatting for turistar. Her er faktisk sengeplass til 30. Eg gleder meg til å sjå att Vetti gard. Eit av mine klaraste barndomsminne frå somrane med bestemor og bestefar i Årdal er nettopp ein tur hit til Vetti og ei flaske iskald Solo på akkurat denne kafeen – løna for å gå heilt inn til Vettisfossen. Verken før eller sidan har brus smaka så godt som det gjorde på denne varme sommardagen i barndom mens Utladal. Denne gongen, ein kjølig haustdag eit heilt liv seinare, skal ikkje far og eg gå til Vettisfossen. Litt fordi det lid så seint på dag, men mest fordi ingen av oss eigentleg har føter eller ork til det. Me slår heller av ein prat med to middel aldrande syklistar som har pesa forbi oss opp bakken til garden. Dei er nederland ske, viser det seg, og dei lurer på om dei kan sykla inn til Vettisfossen, som ligg berre ein kilometer lengre inne i dalen. Estimert gangtid frå Vetti ca. ein time, ifylgje skilt. Far fortar seg inn og spør den utanlandske dama som står i kafeen, og kjem ut att med melding til syklistane: Nei, det er som me trudde: Vegen er nokså uframkommeleg i enkelte parti; gjørmete, smal, går delvis gjennom steinurer, i nokre parti så smalt og ulendt at folk er oppmoda om å halda seg fast i stålwire som er spent over urene. Nett som eg hugsar det frå barndommen min. Eg har gått fleire turar inn til fossen. Den siste gongen må ha vore med bestemor mi ein gong i gymnastida. Me skrella av oss på overkroppen og gjekk innunder fossen for å dusja av oss sveitten i fossesprøyten danna av vassmassane som buldra ned frå 273 meters høgde. Vettisfossen er den høgste frittfallande fossen i Nord-Europa og er vel verd eit besøk. Det å stå oppå toppen av fossen oppe på Vettismorki er eit ubetaleleg syn. Far og bestemor mi og eg gjekk ned Vettisgjelet frå Vettismorki

191

Tur 10 Leikanger – Dagsturhytta

(om aldring)

224
Dagsturhytta «Orrabui» på Kleppa.

Leikanger, 3. august 2020

Det har gått eit heilt år sidan far og eg rusla rundt på barndomstraktene hans i Øvre Årdal. Far og eg er endeleg klare til å gå den siste av dei ti turane som inngår i denne boka. Ein tur for kvart år Gao-prosjektet hans frå pol til pol vara. Planen var å gå til Stokksete, ein fin støl som ligg i Kleppa-området i Leikanger, og som ofte var målet for tvungne skiturar då eg var barn. Far valde ut denne turen – ein av favorittane hans når han har gått i nærområdet på Leikanger – og skreiv eit bakgrunnsnotat om kva han kunne tenkja seg å ta opp som tema på denne siste turen, allereie i juni for to år sidan. No er me på tampen av sommaren 2020, og me har enno ikkje gått turen. Det er fleire ting som forklarar forseinkinga. Aller viktigast er det at far har hatt mykje problem med begge føtene sine det siste året, og har fylgjeleg vore lite gangfør. Det har vore problem med akillesen og betennelse i begge kne. Slitasje, seier legen. Betennelsane har ført til belastingsskader og låsing av kne, som igjen har gjort det vondt, tidvis nesten umogleg, å gå. I lange periodar har far rett og slett lege på sofaen eller sete i ein stol og ikkje kome seg ut på sine daglege turar i det heile teke. Veldig frustrerande for ein som er van med å gå og gå. Det har dessutan vore korona, som har gjort reising vanskeleg. Det meste har stoppa opp i denne rare tida, også i forlagsbransjen. Eg må også ta ein del av skulda for at eg ikkje har vore ein hardare pådrivar for å få denne boka ferdig. Men eg har hatt eit svært travelt arbeidsår, og har ikkje kunna prioritera turgåing og skriving av ting eg absolutt ikkje måtte. No er far, bokstavleg talt, på føtene att, om dei ikkje er like raske og friske. I mellomtida har Sogn og Fjordane blitt ein del av Vestland fylke, og Leikanger del av Sogndal kommune saman med Balestrand. Koronapandemien har snudd verda ytterlegare på hovudet, og far har fylt 80. Far og mor er flytte frå huset sitt på Røysa til ei lita leilegheit som ligg på den gamle Stadheimgarden eit litt langt steinkast frå Sognefjorden.

Men no er altså far og eg tilbake på Leikanger og gjer oss klare til dyst. Då regnet hamra inn frå fjorden på dei store stoverutene i den nye leilegheita til mor og far i dag tidleg, såg det ikkje nett lyst ut. Eg tok meg ein frisk morgontur i fullt regnutstyr og støvlar for å ta i augesyn det nye leilegheitskomplekset frå fjord kanten, der den vesle, fine båthamna på Hermansverk ligg. Tenkte under den tett attsnørte, limegrøne regnhetta mi at å gjennomføra ein tur til Stokksete i dag, kanskje kunne bli ei utfordring. Meldinga frå far då han like etterpå kom heim frå

225

Ein skiltstolpe i vegkanten omgitt av høgreiste revebjøller viser at me er 0,5 km frå Kleppa. Fem skilt under kvarandre peikar til høgre i same retning: Kjeringi, Nyastølen, Eggja 7 km, Stokksete 2,6 km, Smørkletten 3,5 km. Dagsturhytta er ikkje nemnd på skiltet – det kunne ho kanskje vore? – men far veit at hytta ligg i same retning som alle dei andre turmåla. Ei steinete, tidvis ganske gjørmete blanding av sti og traktorveg går opp ganske bratt til høgre, med tette, mørke graner i geledd på venstre side. Det er ikkje så lett å føta seg. Nokre glatte parti, vått. Me må vassa inn i gras og blåbærlyng enkelte stader. Oppi bakken, på ei høgd på venstre side, ligg ei gammal hytte og eit par småhus. Orrasete, seier far. Han veit kven eigarane er; ukjende for meg. Fint utsyn til høgre nedover mot Kleppa og fjorden. Graset på vegen vert tettare. Traktorvegen går umerkeleg over i sti. Eit stykke oppi bakken deler stien seg. Ingen skilt. Me skal eigentleg til høgre, opplyser far, men held til venstre fyrst, for han vil visa meg flata som leiar bort til Damefall. Denne flata, som har lyktestolpar som del av lysløypa vinterstid, er kjent stoff frå barndommen. Eg greidde meg som regel greitt bort til den bratte bakken som heiter Damefall. At eg tryna når eg kom til botnen av bakkegropa, var regelen snarare enn unnataket. Namnet Damefall er ikkje gitt for ingenting, tenkjer eg. Eg kjenner meg delvis att i terrenget her, men veit at det er uendeleg mange år sidan eg har vore på desse trakter. «Det fjellet du ser der borte mellom dei mørke skyene, kallar me Kjeringi», seier far, og peikar opp mot det som ser ut som ein nokså flat fjelltopp i synsranda. Det er vel kan skje her «Kjeringi Open» startar? Dette fireetappars løpet også kalla «Vaorens vidlaste eventyr» har nemleg fellesstart frå toppen av Fremsta Kjeringi, 1314 meter over havet, og startar presis kl. 13.14 ein dag i april.85 Det har det gjort sidan 1993. Fire etappar: telemark, langrenn, springing og sykling. Verken far eller eg har nokon gong vore med på dette årvisse eventyret, men me har ved fleire høve stått på kaien nede på Hanahaug og heia når laga har komme i mål. Me skal ikkje til Kjeringi i dag. Me skal til dagsturhytta. Men me har faktisk til bakelagt andre etappe av Kjeringi Open no; langrennetappen mellom Damefall og Kleppa. Bortsett frå at me ikkje går så fort me kan på ski, men går sakte til fots, og i motsett retning. «Viss ein held fram på stien over flata, forbi Damefall, og fortset opp bakken, kjem du til Stokksete», held far fram. Sjølv om Stokksete var det opphavlege målet for dagen, hadde far tenkt å ta ei anna rute enn den me er inne på no. Me skulle gått i ein sirkel, men har bestemt oss for å gå tur-retur dagsturhytta i staden.

230
231
Turskilt på Kleppa, Leikanger.
270

Elin Skaar (f. 1965 i Balestrand) er utdanna statsvitar og jobbar som seniorforskar på Chr. Michelsen Institutt i Bergen. Ho har tidlegare publisert ei rekke fagbøker og fagartiklar om menneskerettar og demokrati i Afrika og Latin Amerika.

Magne Skaar (f. 1940 i Øvre Årdal) er utdanna utviklings økonom og har i fleire tiår hatt leiande stillingar i Sogn og Fjordane fylkeskommune. I lengre periodar har han og jobba med næringsutvikling i det sørlege Afrika. Skaar er busett på Leikanger men oppheld seg i Balestrand store deler av sommarhalvåret.

Fotokreditering

Alle foto: Elin Skaar

Alle bileta som er med i boka er tatt på dei turane som er skildra i teksten, den dagen turane er gådde.

Forfattaren har mottatt støtte frå Det faglitterære fond

Grafisk design: Silje Nes – Stipla

Font: Scala Pro Papir: Munken Pure Rough 100g

Trykk: Balto Print, Vilnius © Skald forlag, 2022

ISBN 978-82-7959-315-7

Pensjonisten Magne Skaar sette seg eit sprekt mål: å gå distansen mellom Nordpolen og Sørpolen ved å gå daglege turar i nærområdet. Det skulle ta ti år. Her inviterer han med seg dotter si på nokre av favoritt-turane sine i vakre Midtre og Indre Sogn. Samtalane deira, og geografien rundt dei, gir innsikt og utsikt, og blir til ei forteljing om å gå der du er – og ei tankereise frå pol til pol. 9 788279 593157

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.