Leif Rygg – spelemannen og slåttearven

Page 1

Steinar Rygg

Leif Rygg Spelemannen og slåttearven


Innhald – STEINAR, NO MÅ DU KOMA HER!

5

OPPVEKST PÅ GARD OG I EIN MUSIKKINTERESSERT HEIM Kvardag med mykje arbeid og store endringar Møte med spelemenn i oppveksten Skulen i far si tid

11 12 20 23

UT OR HEIMEN Skule, militærteneste og arbeid Til Ål – og heim att «Eg ha skjorto mi pao Voss, men sjele i Hardanger» – Øystein Velure Inspirasjon til speleglede – Knut Myrann Gamlestova på Spelarhaugen Leifen

25 25 26 28 36 37 39

SPELEMANN PÅ FULLTID Blømingstid for far – og ei stødig mor Fylkesmusikaren

45 45 48

FAR, EG OG SLÅTTANE Felespelet inn med morsmjølka Slåttane til far Sommarkveld i Jotunheimen Livsgjerning for far, ein hobby for meg Slåttetrioen – Håkon Høgemo Tango og folkemusikkgruppa Ludo

53 53 55 56 62 64 66

FAR SIN FILOSOFI Ivra for nye generasjonar Pedagogiske metodar inn i opplæringa Leif som pedagog – Berit Opheim Ulike syn på opplæring Spelemannsskulen – Håkon Asheim Nordfjord helsar! – Liv Merete Kroken & Sigrid Moldestad Far skapte eit positivt forhold til slåttemusikken Spelemannslaget

69 69 70 73 74 75 77 79 81

KAPPLEIK Barndomsminne frå kappleikar Far på kappleik Kappleikar – Knut Myrann Kunsten og alkoholen Leif Rygg och vänskapen Voss–Malung – Hans Bohm

87 87 92 94 95 98

AMERIKATURANE Oppdrag og slekt i USA

103 103


Greetings from Norway Norsk-amerikanarar si oppleving av konsertane AmeriKappleik 2003

105 106 108

FELER OG BOGAR Røstadfela 1912 Amerikafela 1912 Johan Sechman Opheim Feler av Anders Aasen Fele laga av Olav Viken 1978 Malungalinafela 1989 Hellandfela 1926 Felemakar Sigvald Rørlien Røstadfela 1923 Bogar

111 114 118 122 123 126 126 128 130 134 136

SÅ MYKJE MEIR ENN EIN SPELEMANN Folkemusikal Far som skodespelar og forteljar Arbeidsglede og overskotsmenneske – Eg ha’ nokko me må snakka om! – Nils Kvamsdal Bestefar

143 143 144 147 148 152

KULTURENTREPENØREN Landskappleiken 1991 på Voss Far sin leiarfilosofi Far og Ole Bull Akademiet Ole Bull Akademiet Praktikaren på Akademiet Energi og idealisme ved Ole Bull Akademiet Kontakt med familien til Sigbjørn Bernhoft Osa

157 160 162 167 169 170 171 173

UTGJEVINGAR Spelarhaugen Folkemusikk Utgjevingar på Spelarhaugen Folkemusikk Andre utgjevingar Glimt frå eit varig venskap – Knut Buen

177 177 178 182 186

ENGASJERT HEILE LIVET Kampen for plasseringa av monumentet «Til minne om spelemannen Ola Mosafinn og Ridande Vossabrudlaup» Ola Mosafinn

191 191 194

SISTE FASE AV LIVET TIL FAR Tankar i ettertid Minneord frå systrene Ingebjørg, Ida og Marta Er ikkje det typisk Leif? – Per Anders Buen Garnås

201 202 203 206


4


– Steinar, no må du koma her!

– Me ska’ ne’ pao Flesjer! Far kjem dundrande ned trappa, og eg kan høyra på stega at det er noko ekstra som står på. – Ja, men eg har prøve i morgo’, å da e’ siste sjansen te’ å få opp standpunktkarakteren! – Ja, da få’kje hjelpa! Detta hasta! Han er blid og overtalande, som berre han kan vera. Så til Fleischer’s Hotel ber det. Der ventar Sonny Anderson frå Epcot Center i Orlando. Han vil ha meg med til Florida som felespelar, og det fortare enn svint. – Can you leave tomorrow? Next week? Den nyopna norske paviljongen ved senteret trong folkemusikarar som skulle underhalda sju økter om dagen à 20 minuttar. Sonny var tydeleg annig med å få tak i musikantar som kunne koma til opninga i byrjinga av juni 1988. Far hadde sjølv turnert i seks–sju veker i USA i 1976. Det same hadde den gamle læremeisteren hans, Nils Borge, som fór over dammen allereie i 1912–14 og heldt til saman 252 konsertar. Då var det klart at unge Rygg også måtte få oppleva «Junaiten». Mor tykte det gjekk fort fram og svelgde bekymringsfullt nokre gonger over tilbodet som kom seglande. Det hadde ho all grunn til, for eg var ikkje mentalt klar. Eg var på veg inn i russefeiringa med fleire påfylgjande eksamenar. Men det var streik mellom lærarane, og me tok høgde for at det truleg ikkje vart munnleg eksamen. Så nabojenta Monica Amundsen – som òg hadde fått tilbodet – og eg drog same ettermiddag eg hadde siste skriftlege eksamen. Før avreise måtte eg skaffa visum, og her gløymde unge,

5


lovande Rygg å kryssa av for om han var galen eller ikkje. Det førte til avslag på søknaden, og mor måtte reisa til Oslo for å henta ut visumet like i førekant av avreisa. Då skulle det syna seg at far sine kontaktar og nettverk var nyttige å ha! Han hadde hatt speleoppdrag ved Utstein Kloster utanfor Stavanger sommaren før. I etterkant av konserten vart mor og far bedne i middag med den amerikanske ambassadøren og kona Barbara. Barbara hadde delt adresse og telefonnummer med mor. Mor hadde ikkje store trua på at det vart noko meir «utveksling», men her kom kontakten til nytte! Ein rask telefon til Barbara, og visum vart ordna i løpet av ei helg. Mor reiste til Oslo dagen før eg skulle fly til Florida og fekk henta ut visum. Det var knapt med flybillettar å oppdriva, så eg fekk ikkje sitja attmed Monica på turen. Det vart eige sete på Business Class over Atlanteren. I Florida vart me tekne godt imot, og me fekk leigebil i 14 dagar og eiga leilegheit. Alt låg til rette, men det var min fyrste tur på eiga hand. Det vart rett og slett for mykje på ein gong, og eg reiste heim etter tre månader – akkurat i det eg hadde byrja å finna ut av korleis eg skulle takla den nye livssituasjonen. Far sin entusiasme for folkemusikken hadde få grenser. Når det baud seg eit høve til å livnæra seg som spelemann i Florida, så måtte det gripast. Han uroa seg tilsynelatande lite, var pågåande og løyste vanskar undervegs. Slik som han var til stades for meg den gongen, var han også hundre prosent til stades for andre som søkte folkemusikken. Han møtte deg nesten alltid med eit positivt svar, sjølv om han visste det var skjer i sjøen. Entusiasmen smitta over på oss rundt han, slik at ein fekk lyst til å gjennomføra det som måtte koma. Heile livet ivra far for halda i hevd eit levande folkemusikkmiljø. Han brann for det solistiske spelet på hardingfele og dei store slåttane. Den munnlege overføringa frå person til person skulle nyttast for å ta vare på det individuelle særpreget. Han visste utmerkt godt at dei store slåttane kravde mykje av utøvaren, og var stadig på jakt etter personar til å meistra dei. Desse utøvarane var avhengige av skogen, som han sa – dei trong eit miljø rundt seg. Tidleg skjøna far at rekruttering av nye spelemenn var den viktigaste gjerninga å arbeida for. Då far døydde, såg eg tilbake på omfanget og det målretta arbeidet han hadde lagt ned.

6


Bak dette skjulte det seg ein ukueleg vilje og pågangsmot, kombinert med ein brennande lidenskap for musikken. Eg kjende på eit behov for å verta betre kjend med far, og synleggjere alle dei mangfaldige eigenskapane hans. Far hadde evne til å tenkje på fleire plan samstundes. Slike drivarar veks ikkje på tre, men me finn dei i ulike miljø. Dei ber preg av mykje aktivitet, som stimulerer til endå meir aktivitet. Eg hugsar godt ein kommentar om far like etter bortgangen: – Ja, no vert det stille. I boka vil eg skildra leiaren, utøvaren, utgjevaren, organisatoren, salsmannen, arbeidskaren, inspiratoren og den imøtekomande person som lett fekk med seg folk. Oppvekståra var prega av ei gardsdrift nær opp til naturalhushald, og aktivt stølsliv. Utvalet av slåttane til far har ofte tilknyting til dette livet. Den munnlege overleveringa av slåttane går fleire generasjonar tilbake før far si tid, men han var framsynt og bringa den vidare. Eg vil takke mi kjære, vakre Linda. Utan hennar positive støtte, kritiske sans og velvilje til eit permisjonsår hadde denne boka ikkje blitt til. Ein må ha tid og ro til å oppsøkje folk og vere tilstades i skriveprosessen – tusen takk, Linda! Eg vil rette ein stor takk til Nils Kvamsdal, som rettleia og oppmuntra meg i skrivearbeidet. Det hadde ikkje vorte bok utan støtte frå han. Fotograf Kjell Herheim har sortert gamle arkivbilete, teke nye bilete og redigert dei alle på ein meisterleg måte. Både Nils og Kjell kjende far godt, og har såleis kunna koma med konstruktive innspel for å gjera tekst og bilete gode. Også fleire andre flinke fotografar har bidrege med sine bilete. Undervegs har eg samtala med mange personar og fått flotte historier og tekstar som skildrar far. Ikkje minst vil eg retta ein stor takk til min eigen familie og mor som har støtta meg i arbeidet. Mor er ei stor kjelde når det gjeld far, og har i heile prosessen med boka bidrege med konstruktive tilbakemeldingar. Til slutt vil eg også takka Skald forlag, som var viljuge til å gje ut boka.

7


Garden Rygg slik det var då far vaks opp. Kårhuset er nærast, hovudhuset i midten og fjosen til høgre. Foto: Privat


9


Ung, lovande og målretta spelemann. Foto: Privat

24


Ut or heimen

Skule, militærteneste og arbeid Etter snikkarskulen byrja far og kompis Olav Selland på Voss folkehøgskule. Her var ein oppteken av folkekunst, og mellom andre var spelemannen Per Berge (1887–1883) ofte innom. Av Per Berge fekk far mange Mosafinn-slåttar. Per hadde gått sju–åtte år i lære hjå Ola Mosafinn og fekk læra opp mot hundre slåttar av han. Per var kjend for si framifrå formidlingsevne av dikt og vossastubbar. Han var også fast spelemann i ungdomslaget i 60 år og kjøkemeister i opp mot tre hundre brudlaup. Året på folkehøgskulen fekk dei også undervisning av Sigbjørn Bernhoft Osa (1910–1990), med god innføring i speleteknikk. I desse åra hjelpte far også Arne Bjørndal (1882–1965) med å samla inn folkemusikk frå Vossestrand. Arne Bjørndal var ein flink utøvar på hardingfele, songar og kjøkemeister. Han er kjend for sine innsamlingar av vestnorsk folkemusikktradisjon. Desse innsamlingane med lydopptak, notenedteikningar og skriftleg materiale vart gjevne til Universitetet i Bergen, og fekk namnet Arne Bjørndals Samling. Ulikt no, var militærtenesta noko bortimot obligatorisk i far sin ungdom. Far drog av garde, og fela vart med. Fyrst bar det til Steinkjer på rekruttskule, og sidan til Skjold. I Steinkjer oppsøkte han Hilmar Alexandersen, og på Skjold fekk han god kontakt med spelemiljøet i Målselv. Heile tida oppsøkte han folk med interesse for folkemusikk, og han heldt på mange av kontaktane i ettertid. Dette var noko som kjenneteikna far.

25


Etter fyrstegongstenesta vart det agronomstudium i to år. Bror Ingebrigt hadde gått på jordbruksskulen. Kanskje var det han som inspirerte far til å velja ein slik veg. I åra på agronomstudiet gjennomførte far også skogkurs. Det skulle syna seg å vera nyttig då far i 1963 fekk jobb i Alversund – i det som no er Alver kommune – og arbeidde der i fire år som skogreisingsleiar. Etter det gjennomførte han eit årsstudium ved Stend jordskifteskule i 1966–67. I Alversund budde far den fyrste tida i paktarbustaden ved prestegarden, saman med nokre gymnasiastar. Det var eit slags bol – her var det både rotete og ikkje fullt så nøye med oppvasken, ifylgje mor. På denne tida hadde far motorsykkel, men han kvitta seg med sykkelen etter eitt år. Det vart for kaldt å køyra sykkel om vinteren! Når det galdt speling, var far som alltid oppsøkjande, og han reiste ofte til Bergen. Her møtte han Jon Rosenlid, Arne Bjørndal, Finn Vabø og Nils Furnes. Av desse lærte han gamaldansslåttar, og han spelte til dans i ungdomslaget Ervingen, ungdomslaget som held til i lagshuset Gimle i Kong Oscars gate. Frå repertoaret til far kan eg nemna På Ulrikkens topp, Jardalen og Vetterkveld, men truleg hadde han mange fleire danseslåttar frå Nordhordland og Nordfjord på repertoaret. Då eg sjølv fekk læra gamaldansslåttar hjå Finn Vabø i 1990-åra, var det fleire av desse far kunne, og som me spelte saman. Ein del av repertoaret er nok frå tida far var med i Gimle. I Gimle trefte han òg ei ung jente som hadde lagt merke til far. Det vart ingen nærare kontakt med det same, fart i sakene vart det fyrst då far vart elev på Stend jordbruksskule. Ungjenta fekk seg jobb som lærar på ungdomsskulen i Alversund i 1967. Det var sjølvsagt mor, og dei gifta seg i 1968.

Til Ål – og heim att Etter åra i Alversund bar det til Hallingdal hausten 1967, kor far vart tilsett som oppmålingsassistent. Mor kom året etter. For å få jobben var det krav om å ha bil, så i desse åra suste far rundt i Ål i ei Volkswagen «boble». Far sin leiar vart kommuneingeniøren Arthur Søgnen. Også han var spelemann frå Vestlandet, og det var difor ikkje rart at dei to raskt fann

26


Brudlaupsbilete mor og far 1968. Foto: Christian Herheim

27


44


Spelemann på fulltid

Blømingstid for far – og ei stødig mor I 1990-åra blømde far. Han vart heiltidsmusikar som fylkesmusikar frå 1991 og fekk økonomi til å kjøpa gode feler og bogar. Han var aktiv som aldri før. Han vann Landskappleiken i 1994, 1996 og 1999. CD-ane Lengt og Bjølleslåtten vart utgjevne, og far hadde nok mykje speleoverskot. Far si gode speleform var også noko journalisten Nils Kvamsdal la merke til, og han skreiv fylgjande i Avisa Hordaland frå Osafestivalen 18. oktober 1994: «Det er ofte vanskeleg å få auge på dei store kunstnarane som bur i di eiga heimbygd, men dei er der. Leif er ein av desse, og han står ikkje attende for nokon av dei som let seg høyra på avslutningskonserten.» Far bar på denne tida preg av å vera noko egosentrisk når det galdt spelinga, slik at ekteskapet fekk sine påkjenningar i løpet av dette tiåret. Det er vel kjent at kunstnarar har tendensar til å vera eksentriske. Mange lèt seg begeistra av kunstnarar og personar som dyrkar lidenskapen, slik far gjorde. Det gjev inspirasjon. Far fekk stor merksemd både som kunstnar og for alle aktivitetane han stelte i stand. Og på denne tida kjende eg det var godt å bu vekke frå Voss og ikkje vera ein del av «Prosjekt Leif Rygg». Når eg tenkjer attende på denne perioden, beundrar eg ofte mor vel så mykje som far. Ho har for meg vore utruleg tolmodig, stødig, rettferdig og ikkje redd for å seia frå om det skulle vera noko. Heldigvis var ho slik, for elles hadde eg vore uroleg og redd for den som var gift med far. Ikkje minst tenkjer eg ofte på tolmodet mor synte i samband med alle gjestene som kom innom Spelarhaugen, ofte kombinert med ein god porsjon skjenk. Kjekt for alle som kom, noko mindre kjekt for den som var vert.

45


Mor har jobba som rektor ved Bordalen og Skulestad skule. Ho er van til å leia, ytra seg og hevda seg. Ho har lese mykje og er skrivefør. Far las sjeldan bøker, i alle fall samanlikna med mor. I tilfelle måtte det handla om folkemusikk, eller innehalda noko som hadde samanheng med denne interessa og måla han sette seg. Mor var medlem i Venstre og med i kommunestyret på Voss i ein tolvårsperiode frå 1984. I ein av desse periodane var ho varaordførar og måtte ofte representera kommunen. I 1992 vart ho vald til å vera representant i det som skulle verta Indre Hordaland Miljøverk (IHM). Det vart til eit samarbeid mellom sju kommunar. Mor var med og fekk i stand eit reinseanlegg i Gjernesmoen. I Landslaget for spelemenn sat ho som 1. vara i 1996, og som styremedlem og nestleiar i åra 1997–2000. Når ein sat i styret, fekk ein oppdraget med å vera konferansier under Landskappleiken kvart år. Mor fekk gode tilbakemeldingar på konferansier-jobben og vart brukt ved fleire høve. Mor kunne også vera aktivt med i styre og organisering av kappleikar og folkemusikk-arrangement. Denne jobben meistra ho godt. Far takla ikkje alltid dette like godt. Han kunne stundom vera vrang i etterkant, litt irritert og sjalu. Sjølv om det ikkje var normalen, var ikkje far alltid like raus overfor mor når ho fortente ære og merksemd. Mor fortel at ein kunne merka noko liknande i andre selskap, der det ikkje handla om folkemusikk. Far var van med å vera eit naturleg midtpunkt, samtalane omhandla ofte tema han var interessert i. Dersom det ikkje var slik, kunne far streva noko med heile settinga. Han likte ikkje så godt å spela andrefiolin. Eg sjølv syntest det kunne verta nok med far sin dominans. Eg er kjempeglad for musikken han gav meg, men han vart ofte dominerande med sine prosjekt og påfunn. Dette er sjølvsagt ikkje uvanleg i forholdet mellom far og son. Men det var ikkje berre me i familien som opplevde det slik. Han styrte og dominerte mykje som leiar og organisator, og fleire kunne nok kjenna seg overkøyrde.

46


Mor valde tidleg i samlivet å gå sine eigne vegar, då ho såg at far kom til å verta nokså einsretta med interessa for folkemusikken. Ho er eit sjølvstendig menneske, og ho er og var ein respektert politikar og rektor. Foto: Horda Tidend 13.!november 1987 / Voss folkemuseum

47


Ei speløkt med far i Gamlestova – rett i ryggen og høgt opp med fela. Her er eg 14–15 år og ivrig til å spele. I denne perioden kunne eg læra ein slått eller to i veka, og far var alltid tilgjengeleg til å læra ifrå seg. Foto: Marit Hommedal


Far, eg og slåttane

Felespelet inn med morsmjølka I åtte-årsalderen byrja eg å læra å spela hardingfele. Det låg heilt naturleg til rette i heimen, og eg syntest det var kjekt å prøva. Eg starta med fela som far sjølv hadde kjøpt for 75 kroner, som tolvåring. Fela var laga av Anders Midtun (1897–1977), som var møbelsnikkar på Vinje. Han var interessert i felemusikk, og laga nokre feler ved sida av hovudverksemda si. Far selde fela, men kjøpte ho att seinare. Denne fela brukte han til han var femten år. Bestefar Lars hadde snikra felekassen. For ein åtteåring kjendest fela blytung, og det vart ikkje betre av far sine krav om å «sitja rett på stolen og halda fela høgt». Det var ei utfordring! Eg tykte at det var langt kjekkare å sparka fotball og vera saman med kompisane mine enn å sitja inne og øva på fela. Far såg eg i oppveksten sjeldan på fotballbanen. Det var for så vidt greitt, men han kunne kanskje ha fått med seg mine eigenskapar som fotballspelar ein gong imellom. Eg var ikkje så verst. Dei fyrste åra vart det heller skralt med øving, men det fine med far var at han aldri tvinga oss til å spela fele. Men det undrar meg noko at han ikkje pressa på for å gje meg generell musikkutdanning, eller få meg til å læra notar i oppveksten. Noko av det fyrste eg lærte, var Lisa gikk på skolen og Mikkel rev. Alle fingrar skulle takast i bruk, rett grep rundt bogen – med tommelen bøygd, olbogen bøygd under fela så fingrane vart rett plasserte over strengene. Det var så mykje å passa på. Den pedagogiske tilrettelegginga for småkarar som meg var på denne tida ikkje teken særleg høgde for. Slik var det for mange som ville læra seg å spela hardingfele. Vanskegraden auka etter nokre veker, og det bar fort rett over på melodiar som Nordfjordvalsen eller liknande.

53


86


Kappleik

Barndomsminne frå kappleikar Frå eg var liten hugsar eg best alle turane til og frå kappleikane me var på. Då reiste me gjerne samla. Det vil seia besteforeldra til mor, Kolbein og Borgfrid Hommedal, Sigvald og Astrid Rørlien med familie, og så me. Innimellom var det også fleire andre med i fylgjet. Eg ville ikkje sitja på med mor og far, og hoppa fort over i bilen til Sigvald. Han likte å køyra fort, og det likte eg òg. Best hugsar eg den gongen me starta saman like før Hardangervidda, på veg heim. Då me var komne til Brimnes etter litt over ein times køyring, samla det seg ein heil ferjekø mellom oss og foreldra mine. Og vel over fjorden freste Sigvald på innover mot Ulvik, og køyrde forbi dei siste bilane i ferjekøen over Ulvikahøgda. Det var ein smal veg, og enno kan eg høyra han sneia brøytestikkene. Etterpå kunne eg sjå merka etter dei på den skitne bilen. Eg får eit adrenalin-kikk av å tenkja på det den dag i dag! Det hende av og til at eg sat på med besteforeldra mine på kappleiksturane, men i forhold til turane med Sigvald var det rett og slett forferdeleg. Sigvald hadde ein flyt i køyringa, medan bestefar Kolbein anten gav full gass eller bråstoppa. Ein gong køyrde me gjennom sentrum i Sogndal, på jakt etter stemnekontoret for kappleiken. Eg kom i skade for å seia: – Her er det, like ved skiltet! Det vart sjølvsagt bråstopp – frå 60 km/t. Eg snudde meg momentant rundt for å sjå korleis bilen bak takla denne bråstoppen. Der kom Oddmund og Sylvia Dale, som var kjenningar av oss og skulle på same kappleiken. Eg har full medkjensle med dei den dag i dag. Dei brasa rett inn i bilen til bestefar, og eg ser enno føre meg det forskremde blikket til Oddmund over brilleglasa.

På scenen var far på sitt beste. Han meinte det han spelte. Foto: Knut Utler

87


FELE LAGA AV OLAV VIKEN 1978 Olav Viken (1921–2005) var felemakar frå Valdres som og laga mange langeleikar. Han laga mellom anna fire feler som alle vart stilte ut under Landskappleiken i 1978. Det er ikkje ofte ein felemakar lagar fleire feler parallelt, men det gjorde altså Olav Viken i dette tilfellet. Felene var populære, og fleire var interesserte i dei. Mellom andre hadde Sigbjørn Bernhoft Osa tinga ei av dei. Men han kom ikkje og

henta henne, og fela vart derfor vidareseld til Knut Myrann. Far kjøpte den eine av dei fire, og betalte 8000 kr. Fela brukte han ofte, og eg hugsar ho var stødig og god på andre stille. Eg hadde fela i mi eige frå slutten av 1980-åra, og fela har mellom anna vore på motorsykkeltur i Mellom-Amerika og på klatretur til Store Skagastølstind. Denne fela selde eg til Jørgen Kvam då eg overtok felene til far.

MALUNGALINAFELA 1989 Felemakar Sigvald Rørlien laga Malungalinafela i samarbeid med Hans Lisper (1946–2007) i Malung. Han gjorde denne fela ferdig i Sverige. Det var fyrste gongen det gjekk opp for Sigvald korleis ein skulle avstemma lok og botn i fela. Sigvald hadde fela med til Landskappleiken i Trysil i 1989, og far vart overbegeistra. Han kjøpte

fela for 30 000 kr, og hadde henne til han fekk høve til å kjøpa Hellandfela i 1990. Då trong far pengar til å finansiera Hellandfela, og spurde Sigvald om han syntest det var greitt å selje fela som han hadde laga. – Da e’ du so eig ho, svara Sigvald. Far selde fela vidare til Erling Jordalen.

126


Felemakar Hans Lisper. Foto: Håkan Olsén


156


Kulturentreprenøren

Verdi er vid, men Voss er vidare! Ei utsegn som passar Voss, og som eg tykkjer høver like godt for far. Uttrykket er ofte brukt for å beskriva Voss og vossingen. Det er eigentleg ikkje snakk om verda, men om namnet Være eller Vøre, som omhandlar nedre del av Vossavassdraget forbi Evanger og Bolstad – Vassvær eller Vassvøre. Men i dag er ordet verda så pass innarbeidd at det er slik det vert oppfatta. Det kan for så vidt høva godt til vossingen, som har ein lang tradisjon i å vera utåtvend, synleg og stadig på reis. Nabokommunane kan synast at vossingen stikk seg vel mykje fram. Innanfor turistnæringa har Voss utvikla seg og vore framoverlent. Me har fått Myrkdalen Fjellandsby, Voss ski- og turanlegg og Gondolbanen. Me har Vossa Jazz, Osafestivalen, Ekstremsportveko, Voss Cup og Orkesteret Fossegrimen. Samstundes har me eit aktivt jordbruk med fokus på lokalmat og tradisjonar. Folkemusikk-institusjonar som Ole Bull Akademiet og feleverkstaden er etablerte. Bygda har eit positivt renommé og har ikkje vore prega av fråflytting. Mange drivkrefter og personlegdomar har vore med på å utvikla Voss til den bygda me har i dag, og far var ein av desse. Mellom spelemenn i farne tider finn me Anders Øyelson Hirth (Gamlehagen), Ola Mosafinn og Sigbjørn Bernhoft Osa som markante utøvarar. Dei var synlege, utåtvende og omreisande – globetrottarar i si tid. Sigbjørn brøytte veg i ei tid der folkemusikk var svært upopulært. Han gjorde ein framifrå innsats med å nå ålmenta, tilpassa repertoar, og han hadde ei genuin formidlingsevne. Han ynskte å skapa ei forståing for folkemusikken, instrumentet og slåttetradisjonen. Far og Knut Hamre snakka mykje om det same. Ein skulle ikkje sitja heime i stova og dyrka slåttane for seg sjølv. Tallause telefonsamtalar har det blitt på far, i høve organisering av konsertar, kurs og aktivitetar. Foto: Vidar Herre

157


UTMERKINGAR FOR LEIF RYGG SIN INNSATS MED FOLKEMUSIKK Spelemannsprisen – Cd «Bjølleslåtten» Heidersmedlem Voss spelemannslag Ole Bull heidersplakett frå Ole Bull Akademiet Heidersmedlem Landslaget for spelemenn Anders Kjerland sitt minnefond Kongens fortenestmedalje i gull Rff-prisen – rådet for folkemusikk og folkedans Kulturprisen, Voss kommune Badnajazzprisen Torkjell Haugerud prisen Folkelarmprisen for dokumentasjon

1994 1996 1997 1998 2004 2010 2010 2010 2012 2016 2017

LEIF RYGG VANN L ANDSK APPLEIKEN DESSE ÅRA Lillehamar Kristiansand Rauland Vågå Oppdal

Alle bilete av Leif sine feler og bogar er tatt av fotograf Kjell Herheim, om ikkje anna er oppgitt i biletteksten. Boka er vorte til med støtte frå Norsk senter for folkemusikk og folkedans (Rff), Vekselbanken, Voss sparebank, Voss spelemannslag og Hardanger Spelemannslag.

Grafisk form: Silje Nes / Stipla as Font: GT Sectra, Favorit Papir: Munken Pure 120g, Maxi Gloss 130g Trykk og innbinding: Balto Print SKALD 2021 WWW.skald.no ISBN 978-82-7959-323-2

1977 1980 1994 1996 1999


209


Dette er ei bok om far min – den store spelemannen, livskunstnaren og den jordnære arbeidskaren. Han som kunne hogga ved frå tidleg morgon til seint på kveld, og som aldri gjekk tom for energi. Han som spelte hardingfele med slik innleving at det ikkje eksisterte noko anna rundt han, og som aldri gav opp arbeidet med å vidareføre spelet og dei gamle slåttane til nye generasjonar. Han som inspirerte alle rundt seg, slik at det einaste dei fekk lyst til å gjera, var å ta opp hardingfela og spela!

978-82-7959-323-2

SKALD


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.