Sunnmørsalpane er ei skattekiste for turgåarar og fjellfolk. Frå toppen av ein av dei mange tindane kan du skode utover eit alpe- og fjordlandskap du kanskje ikkje finn nokon annan stad i verda. Mange av toppane er velkjende, men det er framleis mange fjell som har vore kvite flekkar på turkartet fram til no. Bli med den lokale og fjellrøynde Pål-Are Vadstein på mindre opptrakka stiar. Boka er ein døropnar inn til dei ukjende delane av Sunnmørsalpane, der det kryr av tindar, horn, egger, niper og setrar som få kjenner til.I boka syner Vadstein også fram setrar folk flest ikkje har høyrt om og som framleis står fram i si naturlege og opphavelege form. Boka inneheld 116 fotturar, inkludert 15 setrar, i Ørsta, Volda, Sykkylven og Stranda. Rutene er rikt illustrerte og graderte etter vanskegrad. Turane passar både for erfarne fjellfolk som vil ha inspirasjon til nye ruter, og familiar som er ute etter enklare søndagsturar.
ISBN 9788279593348, 13,5 x 21,0, 384 sider, NOK 499