Det kryr av spektakulær og urørt natur, vakker arkitektur, særeigne overnattingsstader og restaurantar som serverer mat og drikke i verdsklasse på Vestlandet. Og sjølv vestlendingen har mykje å oppdage i eigen landsdel, for mykje av det Noregs kanskje mest reiseglade forfattar inviterer oss med på er ein godt bevart løyndom for dei fleste. Med "Bortom allfarveg Vestlandet: 99 reisetips til ein briljant ferie" er det mogleg å planlegge ein fullstendig vestlandsferie, anten du vil reise åleine, saman med familie og vener eller vil ta med kjærasten på ein romantisk getaway. Kva med hjortebrølsafari, overnatting i hengekøyer og eksklusive designhytter kombinert med sidersmaking ved Sognefjorden ein varm sommarkveld?
Innbunden og rikt illustrert, 17,0 x 21,0 cm, 320 sider. ISBN 9788279593393 NOK 449,-