Northanger Abbey

Page 1



jane austen

NORTHANGER ABBEY f rå e nge lsk VED mar ie ne dregott e n sørbø

s ka l d 2022


Skrifttypane i denne boka – Skald antikva, Skald kursiv og Skald grotesk – er ut­ vikla spesielt for skalds klassikarar av skriftdesignaren Stefan Ellmer. Dei er ei indirekte omsetjing av dei ikoniske skrifttypane Nicolas Jenson utvikla i Venezia rundt 1470, med inspirasjon frå den britiske og amerikanske rørsla av uavhengige forlag som tidleg på 1900-­talet utvikla sine eigne versjonar av desse gamle skrift­ typane. Målet med skrifttypen Skald er å presentere dei nye omsetjingane i Skalds serie på ein klar, unostalgisk, open og inviterande måte, men likevel med særpreg. Utgivinga er støtta av Norsk kulturfond.

o r i gin altittel : Northanger Abbey (1817) T ekst : Jane Austen Om setj ar : Marie Nedregotten Sørbø s e r i e d esig n : Andreas Töpfer & Øystein Vidnes sats : Øystein Vidnes Illustrasj o n : Andreas Töpfer Fo n ta r : Skald antikva, Skald kursiv og Skald grotesk av Stefan Ellmer Papir : Munken Print Cream 1.8, 90 g T rykk o g in n b in din g : Livonia Print

© s ka l d 2022 www.skald.no ISBN 978-82-7959-341-6 ISBN 978-82-7959-341-6

9 7 882 7 9 5 93 41 6


Kunngj eri ng av forfattari nna Om Northanger Abbey

Dette vesle verket blei ferdigskrive i året 1803, med sikte på snarleg utgiving. Det blei selt til ein bokhandlar, det blei til og med annonsert, og forfattaren har aldri greidd å finne ut kvifor saka ikkje gjekk vidare. Det verkar forunderleg at ein bokhandlar skulle synast det var verdt å kjøpe det han ikkje synest var verdt å gi ut. Men dette nyttar det ikkje for korkje forfattaren eller lesarane å bry seg meir med, bortsett frå at dei tretten åra som er gått, gjer det naudsynt å forklare kvifor nokre delar av verket er heller utdaterte. Eg ber lesarane om å hugse på at det er tretten år sidan det var ferdig, endå fleire sidan det blei påbegynt, og at både stadar, vanar, bøker og folkemeininga har endra seg mykje i løpet av denne tida.

5



I

7


8


1

Ingen som nokon gong hadde sett Catherine Morland som lita, ville ha teke henne for å vere fødd til heltinne. Samfunnsstanden, foreldra sine eigenskapar og hennar eigen natur og gemytt var alle imot henne i lik monn. Faren var prest, utan dermed å vere vanvørd eller fattig, og ein svært respektabel mann, trass i at han heitte Richard – og pen hadde han aldri vore. Han hadde ein bra formue ved sida av to gode kall – og han var ikkje det minste tilbøyeleg til å låse inne døtrene sine. Mora var ei kvinne med sunt folkevit, godt humør og endåtil, noko som er meir påfallande, god fysikk. Ho hadde fått tre søner før Catherine, og i staden for å døy då sistnemnde blei fødd, slik alle kunne vente, levde ho vidare – fekk seks born til – og såg dei alle vekse opp rundt henne, medan ho sjølv naut godt av utmerkt helse. Ein familie med ti born vil alltid kunne kallast ein fin familie, om der er tilstrekkeleg med hovud og armar og bein til alle; men Morland-familien hadde liten rett til nemninga elles, for dei var stort sett mindre pene, og Catherine var i mange år like lite pen som dei andre. Ho hadde tynn og klossete 9


kropp, gustenbleik hud utan farge, mørkt, pistrete hår og grove ansiktstrekk. Det får vere nok om korleis ho såg ut – hennar indre verka ikkje meir lovande for ei helterolle. Ho var glad i alle slags guteleikar, og ikkje berre likte ho cricket betre enn dokker, men også betre enn dei meir heroiske småbarnsgledene som å stelle mus, mate kanarifuglar eller vatne rosebuskar. Ho hadde verkeleg ingen sans for hagar, og dersom ho i det heile plukka blomster, var det framfor alt fordi ho likte å gjere ugagn – i det minste verka det slik sidan ho alltid helst tok dei ho ikkje hadde lov å ta. Slik var hennar natur – og evnene var like uvanlege. Ho greidde aldri å lære eller forstå noko før ho blei undervist, og somme tider ikkje eingong då, for ho var ofte uoppmerksam, og til tider tungnæm. Mora brukte tre månader berre på å lære henne å seie fram «Tiggarens bønn», og når det kom til stykket, kunne den yngre søstera Sally seie henne betre enn ho gjorde. Ikkje slik at Catherine alltid var dum, på ingen måte; fabelen om «Haren og dei mange vennene hans» lærte ho like raskt som noka jente i England. Mora ønskte at ho skulle lære musikk, og Catherine var sikker på at ho kom til å like det, for ho var veldig glad i å klunke på tangentane på det gamle utgåtte spinettet, så ved åtteårsalderen tok ho fatt. Ho lærte i eitt år og kunne ikkje utstå det, og fru Morland, som ikkje insisterte på at døtrene skulle trasse evneløyse eller avsmak for å bli danna, lét henne slutte. Den dagen musikklæraren blei sagd opp, var ein av dei lykkelegaste i Catherine sitt liv. Teiknesansen hennar var ikkje utprega, likevel gjorde ho det ho kunne i den 10


retninga når mora gav henne utsida av eit brev, eller ho fekk fingrane i ein eller annan papirlapp, og teikna hus og tre, høner og kyllingar, den eine mykje lik den andre. Skriving og rekning lærte ho av faren, fransk av mora; anlegga var ikkje framståande i nokon av faga, og ho skulka timane i begge når ho kunne. For ein merkeleg, uforklarleg karakter! For med alle desse symptoma på forderv ved tiårsalderen hadde ho likevel verken dårleg hjartelag eller dårleg sinnelag; ho var sjeldan sta, nesten aldri kranglete, og svært snill med dei små, med nokre få tyranniske unntak. Vidare var ho bråkete og vill, hata inneliv og reinsemd og elska mest av alt i verda å rulle ned den grøne bakken bak huset. Slik var Catherine Morland ved tiårsalderen. Då ho blei femten, var det ytre i betring; ho tok til å krølle håret og lengte etter ball; hudfargen hadde kome seg, trekka var mildna av fylde og farge, auga fekk meir liv, og figuren blei meir utvikla. Kjærleiken til skit gjekk over til ei dragning mot pynt, og ho blei rein og smart på ein gong. Ho hadde no nokre gonger gleda over å høyre at faren og mora kommenterte forbetringa. «Catherine er i ferd med å bli ei ganske fin jente, ho er nesten søt i dag», var ord som somme tider nådde øyra hennar; og kor velkomen var ikkje lyden av dei! For ei jente som har vore lite pen dei første femten åra av livet, er det ei meir frydefull gåve å sjå nesten søt ut enn alt ei som har vore vakker frå vogga, kan oppnå. Fru Morland var ei skikkeleg kvinne og ønskte å sjå borna bli alt dei burde vere, men tida hennar var så mykje oppteken med barslar og omsorg for dei små at dei eldre 11


døtrene utan vidare måtte klare seg sjølve. Og det var ikkje til å undre seg over at Catherine, som av natur ikkje hadde noko heroisk ved seg, skulle føretrekke cricket, baseball, hesteriding og å springe bygda rundt ved fjortenårsalder framfor bøker – i det minste oppsedande bøker. For så sant dei ikkje gav nokon nyttig kunnskap, så sant dei berre var forteljande og ikkje reflekterande, så hadde ho ingenting imot bøker i det heile. Men frå femten til sytten låg ho i trening til heltinne; ho las alle slike verk som heltinner må lese for å forsyne minnet med den slags sitat som er så tenlege og trøystande i det omskiftelege og mangfaldige livet deira. Frå Pope lærte ho å mislike slike som Går svartkledde i hån mot sorga til natteshow og dans på torga. Frå Gray at Så mang ein blom’ må raudne for seg sjølv, Og sløse angen uti ørkenluft. Frå Thompson at det er Eit herleg kall! Å nære unge sinn, Å lære nye tankar fram å spire. Og frå Shakespeare fekk ho eit stort tilfang av lærdom – mellom anna at 12


– For den som er sjalu kan ørsmå ting bli klare prov som ord i Heilag Skrift. At Den stakkars billa som vi trakkar ned Lid kroppsleg same pine, same smerte Som kjempa når ho døyr. Og at ei ung kvinne som elskar, alltid sit som Tolmod på ein pidestall Og smiler av si sorg. Så langt var forbetringa hennar tilstrekkeleg – og på mange andre punkt hadde ho umåteleg stor framgang. For sjølv om ho ikkje kunne skrive sonettar, sette ho seg føre å lese dei, og sjølv om det ikkje var nokon sjanse for at ho skulle makte å fortrylle eit heilt selskap med eit eigenkomponert preludium på pianoet, kunne ho lytte til andre folk sine framføringar nesten utan å trøytne. Den største mangelen hennar låg i blyanten – ho kunne ikkje teikne – ikkje eingong nok til å prøve seg på ei skisse av den utkåra i profil, slik at ho kunne blitt oppdaga i forsøket. Her kom ho sørgjeleg til kort etter sann heroisk standard. Endå kjende ho ikkje til sin eigen fattigdom, for ho hadde ingen kjæraste å portrettere. Ho hadde nådd syttenårsalderen utan å ha sett ein einaste elskverdig 13


unggut som kunne vekt dei sarte kjenslene hennar, utan å ha vore opphav til ein einaste sann lidenskap, og utan å ha oppelda noka beundring bortsett frå slikt som var svært moderat og svært forbigåande. Dette var då verkeleg rart! Men rare ting kan ofte forklarast om berre årsaka blir utgreidd. Der var ikkje ein einaste lord i nabolaget; nei – ikkje eingong ein baronett. Der var ikkje ein familie imellom kjenningane deira som hadde fostra og forsørgt ein hittegut funnen utanfor døra ved eit tilfelle – ikkje ein ung mann med ukjent opphav. Faren hadde ingen myndling, og godseigaren i soknet hadde ingen born. Men når ei ung dame skal bli heltinne, kan ikkje motbør frå førti omliggande familiar forhindre henne. Noko må og vil hende for å kaste ein helt framfor føtene på henne. Herr Allen, som eigde det meste rundt Fullerton, landsbyen i Wiltshire der Morland-familien budde, blei beordra til Bath for å kurere podagraen sin, og kona, ei godlynt kvinne som var glad i frøken Morland og sannsynlegvis fullt klar over at ei ung dame må søke eventyra ute om dei ikkje hender henne heime i landsbyen, inviterte henne med. Herr og fru Morland var fulle av velvilje og Catherine full av lykke.


8


8


Merknad

For første gong ligg Jane Austens roman Northanger Abbey føre på norsk. Forfattaren skreiv seks romanar som blei utgitt i løpet av ein kort periode mellom 1811 og 1817, og Northanger Abbey kom som ein av dei to siste eit halvår etter at ho døydde. Fem av desse seks hovudverka har vore omsette til norsk tidlegare, og to av titlane til og med i fleire versjonar til ulike tider. Men Northanger Abbey har glimra med sitt fråvær, ikkje minst då Aschehoug gav ut dei fem andre – Emma, Fornuft og følelse, Overtalelse, Mansfield Park og Stolthet og fordom – i ein serie omsettingar ved Merete Alfsen mellom 1996 og 2003. I 2019 blei ungdomsarbeidet Lady Susan og romanfragmentet Sanditon omsett av Peter Fjågesund. Northanger Abbey er nett like vittig og ironisk som dei andre bøkene til Austen og fortener absolutt sin plass i livsverket hennar, også på norsk. Dessutan er dette første gong nokon av Austen sine bøker er omsette til nynorsk. Austen er eit av dei store litterære verds­ namna som hittil har mangla i den nynorske omsettingskanonen. Jane Austen fekk eit altfor kortvarig liv og forfattarskap, då ho døydde av sjukdom som 41-åring, med romanen Sanditon på beddingen. Northanger Abbey hadde ho skrive ferdig fjorten år før og selt til eit forlag som av uforklarlege grunnar aldri gav han 319


ut. Det er dette ho sukkar over i føreordet eller «kunngjeringa» si. Sjølv om ho alltid skreiv, heilt frå ho var barn, og alltid laga forteljingar til underhalding for familie og venner, var det ikkje lett å få noko på trykk. Til og med Pride and Prejudice, som no er ein av dei mest lesne og omsette romanane i verda, vart refusert – ulesen – av ein forleggar i 1797. Austen var ein ambisiøs, men i si eiga tid heilt anonym forfat­ tar. Det ambisiøse ser ein av det årelange, målretta arbeidet med skriving, omskriving, redigering, sletting og nye forsøk som ligg bak romanane. Det verkar som ho siler og vurderer og etterprøver kvart ord og kvar formulering. Dei tre tidlege romanane Sense and Sensibility, Pride and Prejudice og Northanger Abbey blei til dømes mykje forkorta og redigert før dei endeleg kom ut. Men alt arbeidet var anonymt og forfattaren ukjend; namnet hennar stod ikkje på trykk på nokon av tittelblada. No var det slett ikkje uvanleg at romanar kom ut anonymt eller under pseudonym. Sjangeren var framleis ganske ung og mistenkt for å vere lettbeint underhaldning, eller det som verre var, moralsk forderveleg. Det er difor vi finn eit varmt – og faktisk mannleg – forsvar for romanlesing i kapittel 14 i første del av Northanger Abbey. Henry Tilney hevdar at «Det mennesket, anten det er ein herre eller ei dame, som ikkje finn glede i ein god roman, må vere useieleg dum». Forfattaren uttrykker same haldning i eit brev frå 1798, der ho seier at hennar eigen familie var «flittige romanlesarar, og utan å skamme seg over det». Det er ikkje uvanleg å sjå strenge, åtvarande stemmer, og presten herr Collins i Pride and Prejudice nektar å lese høgt frå ein roman for familien Bennet. Jane Austen skreiv romanar i ei tid der romansjangeren hadde vore under utprøving gjennom mykje av 1700-talet, og den seinare såkalla realistiske romanen stod på trappene. 320


Austen var altså ukjend, men ikkje berre fordi ho var kvinne. Tvert om la ho ikkje skjul på kjønnet sitt, men brukte «A Lady» som pseudonym på den første boka. Det er klart at ho nok gøymde seg bak pseudonym fordi kvinner var endå meir utsette for negativ kritikk enn menn, men som «lady» var ho elles i godt selskap. Det var mange engelske kvinnelege forfattarar før og samtidig med Jane Austen, og ser ein nøye etter på årsstatistikkane for 1785–1799, var der i dei fleste år fleire kvinner enn menn som gav ut romanar på engelske forlag. Det var helst slik at romansjangeren var så lite re­ spektert nettopp fordi det var så mange damer som dreiv med det. Dette endra seg særleg då Walter Scott kom på marknaden med den første romanen sin i 1814 og etter kvart stilte dei fleste andre i skuggen. Jane Austen spøkte med at han «ikkje har noko med å skrive romanar, særleg når dei er gode. Det er ikkje rettferdig. Han er berømt og rik nok som poet og burde ikkje ta maten frå munnen på andre folk». Sjølv om ho er vittig og aldeles ikkje bitter i det ho skriv i dette brevet til niesa, så er det også eit kjønnsperspektiv her. Med Walter Scott tok mennene over romansjangeren frå kvinnene. Mot slutten av kapittel 5 i første del av Northanger Abbey tillét forteljaren seg eit langt, trassig og heller irritert forsvar for fleire av desse kvinnelege forfattarane. Når ho skal forsvare romanen som sjanger, så er det kvinner ho refererer til. Det er romanane Cecilia (1782) og Camilla (1796) av Frances Burney og Belinda (1801) av Maria Edgeworth som står som døme på «verk der dei største åndsevnene kjem til uttrykk». På den andre sida kjem ho med spydige spark til mannlege sjangrar som historie og essay og poetane Matthew Prior, Alexander Pope og John Milton, eller helst etterfølgjarane deira som skaffar seg litterært omdømme ved å gi ut lettvinte klipp-og-lim antologiar. Austen viftar sarkastisk vekk 321


ein av dei mest omtalte publikasjonane frå hundreåret som var omme – The Spectator (tilskodaren) – tidsskriftet Joseph Addison og Richard Steele gav ut i 1711–12, og som Austen nok kjende som skinnbundne fleirbindsverk i bokhylla («denne omfangsrike pub­ likasjonen»). Ho viser ikkje meir ærefrykt for Laurence Sterne sine vidløftige forteljingar. Det er tydeleg at Austen sparkar bakover og ser framover. Ho avviser opplysingstidsskribentane og sjangrane deira, og føretrekker romanforma og den realistiske stilen, altså det som skulle kome til å bli typisk for attenhundretalslitteraturen. Ho nøler ikkje med å rette ironien sin mot ein av dei mest kjende romanforfattaren ho sjølv var vaksen opp med, Samuel Richardson, om enn utan namn. Det er han som er nemnd som «feira forfattar» ved slutten av kapittel 3 (s. 30), og som meiner at «ei ung dame ikkje har lovleg rett til å forelske seg i ein mann før han har erklært sin kjærleik». Han utbroderte dette prinsippet (anonymt) i tidsskriftet The Rambler (vandraren) (nr. 97, 1751). Austen har stor glede av å bruke romanane sine til å vise kor feil han tok; kvinner har like mykje kjensler som menn. Også i opningskapittelet listar ho opp mannlege vismenn som unge damer måtte gå til for å lære om livet. Pope er nemnd her også, og dessutan får vi klipp frå diktarane Thomas Gray og James Thompson og fleire dosar av William Shakespeare. Det mannlege blikket på livet, kjærleiken og kvinna treffer kanskje ikkje alltid så godt, og romanen gir oss eit anna innsyn i den kvinnelege tenåringspsyken. Romanen er også eit tidleg døme på ein kvinne­ leg danningsroman (ved sida av Frances Burney sine), som fortel om ein ung person som kjem ut i verda og får eit møte med røynda før ho vender tilbake til heimstade n som meir vaksen og moden. Ikkje minst set Austen implisitte spørsmål ved kva det er å bli danna, 322


kva føresetnader jentene har i høve gutane, og kor utilstrekkeleg og feilande oppsedinga og utdanninga er frå samfunnet si side. Som ein vil sjå med ein gong ein tek ein kikk på Austen sine ungdomsarbeid, var skrivinga hennar frå starten eit svar på det andre skreiv, på populære romanar eller drama, velkjende dikt, historiebøker, oppdragande bøker med meir. Og svaret var ofte parodi. Austen sin hovudperson i Northanger Abbey, Catherine Morland, er ei antiheltinne samanlikna med alle dei vakre, gåverike og hardt prøvde heltinnene som fylte dei sentimentale og gotiske romanane. Ho var også fødd i feil samfunnsstand, som prestedotter i ein barnerik familie som lever sitt kvardagslege liv, og der faren slett ikkje er ein valdeleg adelsmann og mora slett ikkje er død. Catherine er eit satirisk motstykke til Emmeline i Charlotte Smith sin roman med same namn frå 1788. Vi kjenner att til dømes omtalen av heltinna si danning (ho les dei same poetane som Catherine), forventa kunstnarlege gåver og følsame natur. Og ikkje minst er Austen si bok eit forsvar for romanskriving og romanlesing og slik eit skarpt motsvar og ei utfordring til Charlotte Smith. Smith er ikkje mellom forfattarane som er nemnde i Northanger Abbey, men er ei av dei som «viser forakt for den sjangeren dei sjølve bidreg til» og «ikkje eingong lèt heltinna si få lov til å lese slikt» (s.38–39). Kanskje kjende Smith seg nøydd til å stemme i «med sine største motstandarar» for at boka skulle bli den bestseljaren ho av økonomiske grunnar trong å skrive. Men Austen vel motsett strategi og lykkast både med å styrke omdømmet til romanen og med å fornye sjangeren. Eit halvt hundreår før Austen hadde Charlotte Lennox skrive satirisk om romantisk forvirra og sjølvopptatte heltinner i Den kvinnelege Quijote (The Female Quixote, 1752). Austen las boka 323


fleire gonger, som vi ser frå breva hennar. Begge desse forfat­ tarane er glade i parodien, men Lennox utleverer si parodiske heltinne, medan Austen har skapt eit realistisk portrett av ei fornuftig ung dame som etter kvart finn ut kva som er fiksjon, og kva som er verkeleg. Catherine innser også at mellommen­ neskelege drama nokre gonger kan vere vel så sterke som dei dramatiske ytre hendingane ein finn i gotiske romanar. Der Lennox skildrar ei sjølvbevisst skjønnheit, skriv Austen om ei heilt vanleg jente. Jane Austen utviklar ei eiga sjangerblanding i Northanger Abbey ved å mikse parodien med den nye røyn­ domsnære romanen som ho sjølv er den fremste representanten for i første del av hundreåret. Den mest synlege parodien i Northanger Abbey ligg i Catherine si lesing av Mysteriet på Udolpho av Ann Radcliffe (1794). Denne svært populære gotiske romanen er brukt som gjennomgåande motiv i boka, og hovudpersonen tolkar røynda i lys av dei drama­ tiske hendingane og mørke personane ho les om der. Gotiske forteljingar er framleis populære bøker og filmar i vår tid, og parodien er difor ikkje utdatert. Austen gir oss ironiske versjonar av typisk gotiske personar og hendingar, eller motiv som borger, stormar og brå død. I Northanger Abbey er mellomalderklosteret modernisert og komfortabelt; den autoritære godseigaren er ikk­ je mordar sjølv om han er småleg, snobbete og sneversynt, og dei mystiske dokumenta i den hemmelege skuffa er vaskerirekningar. Austen gir oss realistiske problem og kvardagslege forklaringar. Likevel forkastar ho ikkje Radcliffe og deler kanskje heller Henry Tilney si tidlege leseoppleving. Han har lese alle bøkene, seier han, og hugsar enno spenninga og lesegleda (s. 127). Men igjen er Austen sin eigen strategi heilt annleis enn forfattarkollegaens. 324


«Rett nok var alle bøkene til fru Radcliffe festlege […] men det var kanskje ikkje der ein skulle leite etter menneskenaturen» (s. 243). Menneskenaturen finn ein nettopp i Jane Austen sine romanar, som alle er studium av samspelet mellom folk som ofte strevar med å forstå livet og kvarandre. Dessutan gjer ho det motsette av dei som skriv om eksotiske plassar som «Alpane og Pyreneane», og held seg i staden «midt i England» (s. 243–244), fordi ho vil skrive om det livet og den tida ho kjenner. Vi legg merke til at Austen var så oppsett på å skrive samtids­ litteratur at ho nærast ber om orsaking for at Northanger Abbey, då den endeleg kom på marknaden, var tretten år gamal, så ho var redd nokre delar var «heller utdaterte». Kva slags føreord ville ho ha gitt romanen i dag, når den er over to hundre år gamal? «Samtidslitteratur» er sjølvsagt alltid ei flyktig klassifisering; på få år går den kvaliteten ut på dato og blir erstatta med «historisk interessant», «bilete av si tid» eller i dei beste tilfella «klassikar». Som Austen var veldig klar over, vil aktualitet snart bli historisitet. Ho var difor generelt også tilbakehalden med å tidfeste eller aktualisere romanane sine. Det som ofte hender, er at det som opphavleg var samtidsromanar, får eit skjær av historisk roman rett og slett fordi tida går. Og fordi det som var daglegdags for lesarar då romanen kom ut, blir eksotisk for seinare tiders lesarar. Det nyttar ikkje å stoppe denne prosessen. Det som ein gong kjem inn i tida, blir fanga i den, det gjeld bøker så vel som folk. Difor vil vi i dag måtte lese Austen som historisk interessant, bilete av si tid og klassikar, ikkje som ein av oss, her og no. Men det er då verdt å merke seg at det var det ho ein gong var, då bøkene kom ut, ein av dei, nabodama, som skreiv om deira liv slik dei kjende det. Det er denne sjangeren Austen skreiv i, og slik ho såg på sine eigne 325


romanar. På den eine sida var dei relativt tidlause, altså lite spesifikt tidfesta, på den andre sida samtidige, aktuelle og attkjennelege. Kva språkstil passar til å formidle ein to hundre år gamal samtidsroman til norske lesarar i dag? Det nyttar ikkje å få dette til å likne 1817-språk. Det ville uansett bli ein kunstig og ufull­ stendig rekonstruksjon og mest sannsynleg eit amalgam av ulike språktider. Og nynorsk kunne det sjølvsagt ikkje blitt – det er eit halvt hundreår for tidleg – og knapt nok norsk. I 1817 brukte norske forfattarar dansk, og sjølv hundre år seinare vil til dømes Sigrid Undset sin norsk verke gamalmodig på oss i dag. Sant å seie moderniserer vi – omset for den del – våre eigne klassikarar til nyare språkformer. Så det er liten grunn til å tvinge Austen tilbake til eit gamalt språk. Ei omsetting vil naturleg høyre til i si tid, same kva språkval ein gjer. Eg ser det slik at eit moderne språk er det som ligg nærast Jane Austen sin stil, det var nemleg det ho brukte sjølv. Marie Nedregotten Sørbø Vo l da , a p r i l 2 02 2


A n d re bø ker i s eri en : fr an z kaf ka : Forvandlinga og andre forteljingar (2016) mary Sh e lley : Frankenstein, eller den moderne Prometevs (2016) j am es j oyce : Dei døde (2017) g ustave f lau b ert : Madame Bovary (2017) ro b ert m usil : Tre kvinner (2017) sa m u e l b ec kett : Fyrste kjærleik og annan kortare prosa (2018) G e rtru d e Stein : Alice B. Toklas’ sjølvbiografi (2018) Geo rg Bü chn er: Lenz (2018) ste fa n zw eig : Sjakknovelle og andre tekstar (2019) j o h a n n wo l fgan g vo n g o ethe: Valskyldskapane (2019) e m i ly b ro n të: Stormfulle høgder (2019) A n to n ts j e kh ov: Dama med hunden og andre forteljingar (2020) AHMET MITHAT: Felâtun bey og Râkım efendi (2020) lu i gi p i r a n dello : Ein, ingen og hundre tusen (2020) virg in ia wo o lf : Til fyret (2021) Fu m i ko H ayashi: Lausgjengar. Notat frå eit ustadig liv (2021) w i lliam fau lkn er: Framom døden (2021) f ran z kaf ka: Prosessen (2022)



Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.