I hundre år har Firda vidaregåande skule på Sandane uteksaminert fleire tusentals elevar. I like mange år har skulen inspirert ungdom til få tru på eigne talent og eigen kunnskap – og skapt eit heilt spesielt miljø som har danna grunnlag for livslange vennskap og felles identitet på tvers av ei mangfaldig elevgruppe. Vi får bli med inn i klasseromma, opp på scena og inn på hybelen for å finne svar på kva som gjer Firda til meir enn ein skule. Boka gjer eit riss av norsk skulehistorie og innblikk i korleis ein unik skulekultur byggjer samfunns-engasjement, demokrati og livsmeistring. Forteljinga om Firda vidaregåande skule er eit sterkt vitnesbyrd om kor viktig det er å bli sett og verdsett av andre – ikkje minst læraren.
ISBN 9788279593454, 24,0 x 26,0 cm, 296 sider, NOK 499,-